Arkiv for mai 2012

Fylkesmannen tek Sjumilssteget – til beste for barn og unge i Sogn og Fjordane

Av Bodhild Therese Cirotzki, Publisert tysdag 29. mai 2012

Media fortel historier om barn og unge som ikkje får det tilbodet dei har rett på. Det kan vere retten til god omsorg, fullverdig helsehjelp eller tilhøve i barnehage og skule som ikkje er tilrettelagt godt nok. Korleis er det for barn og unge å vekse opp i trivselsfylket Sogn og Fjordane?

Sjumilssteget er eit prosjekt som hjelper kommunane å setje søkjelys på oppvekstvilkåra for barn og unge. Det er eit felles løft for å gjennomføre FNs barnekonvensjon ute i kommunane, og gir kommunane handlingskompetanse og metodar for skape eit meir barnevennleg lokalsamfunn. FNs barnekonvensjon legg føringar for det lokale arbeidet med barn og unge, og vart vedteken av FNs generalforsamling 20.11.1989. Barnekonvensjonen er ratifisert av nesten alle land i verda og inneber at nasjonale styresmakter må følgje dei ulike artiklane i konvensjonen. Barnekonvensjonen er også førande for kommunal verksemd. Konvensjonen er utforma utan omsyn til korleis kvart enkelt land eller lokale styresmakter vel å organisere sine tenestetilbod, og inneber difor ei plikt til å tilpasse lovgiving og praksis i samsvar med konvensjonen. Kommunane må sørgje for at rettar som må løysast i fellesskap mellom ulike kommunale tenester til barnas beste, blir organisert slik at samarbeidet fungerer.

Dei fleste barn klarer seg godt med den omsorga dei får heime. Det er likevel mange barn som har behov ut over dette og som ikkje får gode nok tilbod frå enkelttenester, eller som ikkje får tenester som er samordna på en slik måte at det heilskaplege behovet hjå barna blir dekte.

På lik line med resten av landet viser ulike forskingsrapportar at trivselsfylket Sogn og Fjordane og har utfordringar med å ivareta barn og unge. Erfaringa er at fleire kommunale tenester i liten grad melder frå om barn som har det vanskeleg. Barnehagane, skulane og delar av helsetenesta er blant dei tenestene som sjeldan melder til barnevernet. Mangel på slike meldingar kan føre til at nødvendig hjelp kjem så seint at det ikkje lenger er nok med enkle hjelpetiltak kring barnet.

Etter innføring av retten til barnehageplass i 2009 har 91,9 % av barna i alderen 1 til 5 år barnehageplass i Sogn og Fjordane. Dette legg til rette for å kunne gi barn eit godt tilrettelagt tilbod. Fleire barn og foreldre som treng hjelp, kan få det. Forsking viser at tidleg kartlegging og tiltak i barnehagen og skulen, vil ha stor innverknad for sjansen til å lukkast seinare i livet.

Gode oppvekstkår, å førebygge problem og sikre god helse hjå barn er eit av dei viktigaste ansvarsområda til samfunnet. Difor er det eit overordna mål for Fylkesmannen at kommunane skal kunne auke si evne til å sikre at barn deltek i samfunnsutviklinga og at kvart barn og kvar familie får nødvendige og tilstrekkelege tilbod frå dei ulike tenestene i kommunen.

Å få reise til ei perle

Av Haavard Stensvand, Publisert onsdag 16. mai 2012

Winston Churchill kalla i si tid Uganda «den Afrikanske perla». Mest truleg skuldast det at han såg at landet er svært vakkert, med grøne dalar, store sjøar og høge fjell. Både styresmaktene og turistnæringa i Uganda prøver å utnytte kallenamnet til å marknadsføre landet som turistmål. Dette året vert dei godt hjelpt av Lonely Planet, som har plassert det som nummer éin på lista over «Best in Travel»-landa for 2012.

I mars fekk eg vere med i ein liten norsk delegasjon til Uganda, saman med nokre tilsette i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Utanriksdepartementet (UD). Bakgrunnen for besøket var at norske styresmakter ønskjer Uganda som eit afrikansk pilotland for samarbeid om førebygging av humanitære katastrofar. DSB skal gi faglege råd til UD om korleis Noreg og Uganda kan samarbeide innanfor område som førebygging og handtering av naturulykker, og klimatilpassing. I dette er det òg interessant å sjå om regionale og lokale erfaringar frå Noreg kan overførast til Uganda.

Ein av lærdomane frå turen er at trass store skilnadar mellom Uganda og Noreg, er det veldig viktige likskapar. Innanfor ein del sentrale tema i arbeidet med samfunnstryggleik, som t.d. klimaverknader, naturulykker, førebygging og beredskapsplanlegging, tenkjer vi mykje meir likt enn eg trudde på førehand.

Vi var på eit besøk hjå styresmaktene i distriktet Bulambuli. Det ligg inntil nasjonalparken Mount Elgon, på grensa til Kenya. I dei bratte liene og fjellsidene er det i regntida store problem med jordskred, og seinast i fjor vart fleire titals menneske drepne då store skred sopte vekk hytter og skur der det budde folk. Både lokale styresmakter og sentralregjeringa var veldig opptekne av korleis det kan gå an førebyggje at skreda tek liv, og ønskjer svært gjerne å ta del i norske erfaringar.

Vi var òg på besøk ved fleire fakultet med Makerere universitetet i Kampala. Det er ein av dei eldste og mest prestisjefylte utdanningsinstitusjonane på det afrikanske kontinentet. Vi var der m.a. for å sjå om det er område knytt til samfunnstryggleik som det kan vere aktuelt å samarbeide med norske utdannings- og forskingsinstitusjonar om. På dette området er nok heller ikkje Noreg og Uganda så ulike; det ligg truleg viktige gevinstar i å få til ein betre flyt av kunnskapar og erfaringar mellom akademia og forvaltninga.

Reisa til Uganda var for meg òg ei utfordring for gamle førestillingar og oppfatningar av Afrika. Kall dei gjerne fordommar. Hadde eg for eit halvt år sidan vorten spurt om kva det første eg tenkte på når nokon sa «Uganda», ville eg truleg ha svart «Joseph Kony» eller «Idi Amin». Eg ville ikkje kunna fortelje at Kampala vert rekna som ein av dei aller tryggaste byane du kan reise til i Afrika. Og eg ville i alle fall ikkje visst kor venlege og imøtekomande ugandarane er.

Kanskje Sogn og Fjordane kan verte eit pilotfylke for å lære korleis ugandarane får gjester til å kjenne seg så velkomne? I så fall kan fylket verte ein endå trivelegare stad å reise til for turistar. Kan hende resultatet vert så godt at Lonely Planet skriv om det i 2013-utgåva?