Arkiv for mars 2012

Vi treng marknadsføring av dei verna vassdraga!

Av Nils Erling Yndesdal, Publisert måndag 26. mars 2012

Miljøvernstyresmaktene brukar for tida mykje ressursar på informasjon om, og forvaltning av, nasjonalparkar og andre viktige naturverna område. No i desse dagar er alle dei nye nasjonalpark- og verneområdeforvaltarane på plass i Gaupne, Fjærland, Sandane og etter kvart Aurland. I Sogn og Fjordane har vi i mange år hatt heile tre nasjonalparksenter i tilknyting til Jostedalsbreen, eit spennande sjøfugl­senter er under ferdigstilling på Værlandet i Askvoll, og det er løyvd statlege midlar til verdiskapingsprosjekt innan naturvern både i Luster, i Nærøy­fjorden og i HAFS-regionen.  Det har aldri tidlegare vore løyvd så mykje pengar til naturvernområda.

Stortinget har gjennom handsaming av fleire verneplanar vedteke vern av heile 388 vassdrag. 36 av desse vassdraga ligg i Sogn og Fjordane. Den norske vassdrags­naturen er eineståande i verdssamanheng. Det er nok å nemne døme som Stryne­vassdraget, Gaularvassdraget og Vettisfossen i Utladalen. Vassdragsvernet er primært eit vern mot kraftutbygging, men vernet inneber også at det skal takast spesielle omsyn ved andre typar inngrep.

Medan det for dei naturverna områda er eit godt etablert apparat for formidling og informasjon, er dette så og seie fråverande for dei verna vassdraga.

Kvifor skal det vere slik?

I Gaular kommune har det i fleire år vore arbeidd med å få dei verna vassdraga på dagsordenen. Ein av ideane har vore å få på plass eit nasjonalt senter for verna vassdrag i tilknyting til Gaularvassdraget. I år vert vegen over Gaularfjellet offisielt opna som ein av dei 18 nasjonale turistvegane i Noreg. Det ville såleis vore eit framifrå tidspunkt til også å setje fokus på verdiane som er i fosseheimen i Gaularvassdraget.

Eg har sjølv vore med i diskusjonar og planlegging i den lokale gruppa som har arbeidd med planar om eit nasjonalt senter for verna vassdrag. Gruppa har hatt god støtte og oppfølging frå kommunen, fylkeskommunen, vegstyresmaktene sitt nasjonale turistvegprosjekt og frå reiselivsnæringa. Det har også vore mange møte og anna kontakt med departement og politiske nøkkelpersonar sentralt.

Likevel er det vanskeleg å få forståing hos sentrale styresmakter for at vi må infor­mere og skape positiv merksemd om verdiane i dei verna vassdraga. Formelt sett er det Olje- og energidepartementet og NVE (Noregs vassdrags- og energi­direktorat) som har det overordna ansvaret for dei verna vassdraga. Eg meiner det er på høg tid at det i eit samarbeid mellom vassdrags- og miljøvernstyresmaktene vert satsa på meir marknadsføring av dei eineståande verna vassdraga våre!

Norges minste

Av Torkel Hofseth, Publisert tysdag 20. mars 2012

Når det gjeld aktivitet i skogen, målt i tal kubikkmeter hogd, er Sogn og Fjordane aller minst i landet. Vi er altså ikkje berre eit lite skogfylke, men det minste skogfylket. Når det gjeld produktivt skogareal er vi ikkje like små, der er vi blant dei 8 minste.

Fleire av fylka med om lag same produksjonspotensial som oss, har mykje større skogareal. Saman med nabofylket i sør har vi faktisk suverent høgast produksjonsevne per daa skogsmark i heile Norge. Når det gjeld skogsmarkas evne til å produsere kubikkmeter per år, er vi altså på topp i landet!

Tenk deg at i Førde sit barnebarnet til ein skogeigar som planta 50 dekar med gran for 70 år sidan.  Når ho høgg dei 3535 kubikkmetrane som skogen har produsert, sit ho igjen med 459 550 kroner. For samanlikningas skuld har eg  tenkt  at  skogeigarbarnebarnet også hadde ei bestemor i Grue (det er forresten Norges nest største skogkommune). Bestemora her planta også 50 dekar gran. Her kan barnebarnet innkassere 100 kr meir per kubikkmeter tømmer, fordi terrenget var så lettdrive. Valet om å hogge ville vere relativt enkelt. Men  – då barnebarnet fekk oppgjer for tømmeret  i Hedmark, fann ho ut at totalen der vart vesentleg lågare enn det ho fekk i Sogn og Fjordane, faktisk berre kr 257 600. Dette skuldast eine og aleine skilnaden i den naturgjevne produksjonsevna i dei to fylka, og det trass i at hogstkostnadane i Sogn og Fjordane var mykje høgare.

Eg har slått opp på Statistisk Sentralbyrås heimeside. Av nasjonalrekneskapen finn eg ut at verdiskapinga, det er forresten det same som bruttoproduktet, i skogsektoren er 1454 kr pr kubikkmeter hogd tømmer. Eg vel å kalle dette samfunnsnytta. Samfunnsnytta av at skogeigarbarnebarnet hogg dei 50 dekarane i Førde er difor kr 5 139 890.

No er det slik at treslaga utnytter jordas naturlege produksjonsevne veldig forskjellig. Hjå ein og same skogeigar her i fylket vil furu produsere 23 kubikkmeter pr daa på 70 år. Bjørk og or, som er dei vanlegaste lauvtreslaga, vil produsere det same. Grana vil produsere 70 kubikkmeter på 70 år. Det er fordi ho nytter den naturgjevne produksjonsevna mykje meir optimalt enn dei andre treslaga. Og dette er faktisk heile bakgrunnen til at det er drive omfattande plantingar av gran på Vestlandet.

Med litt hovudrekning reknar eg ut at samfunnsnytta, målt i skogproduksjon,  av å plante til eit dekar skogsmark i Sogn og Fjordane ligg litt i overkant av kr 100 000. Det er difor lett å forstå kvifor staten syns det er smart å gje tilskot til skogsvegar, skogkultur og skogsdrift. Sjølv om verdien for skogeigaren berre er omtrent ein tidel av dette, er avkastinga likevel god.

Mange er kritiske til gran på Vestlandet. Grana passar kanskje heller ikkje inn i alle område der naturvern og naturgjeve biologisk mangfald må prioriterast. Men der det er høve til å plante gran, er det for meg vanskeleg å forstå at det ikkje er positivt å utnytte markas produksjonsevne. Mange fleire av skogeigarane i fylket kunne ha planta til 100 dekar av skogen sin og sikra barneborna sine ei inntekt på nesten ein million kroner. Kvifor i all verda gjer dei ikkje det?

«Dagmar» – ikkje berre ei plage

Av Tore Sønnesyn, Publisert måndag 12. mars 2012

Saman med Helsedirektoratet laga vi i november i fjor til ei øving der Fylkesmannen, kommunane og Helse Førde trente på å handtere ekstremvêr. Scenarioet hadde vi med vilje lagt opp litt i overkant av kva vi trudde var reelt. Nokre av deltakarane kommenterte i ettertid at øvinga ikkje vart heilt realistisk, og at så mange hendingar aldri kunne komme på same tid i fylket vårt.

Nokre få veker seinare kom «Dagmar». Ikkje berre vart det nesten skummelt likt det vi øvde på, men uvêret fekk enda større konsekvensar enn det vi la opp til under øvinga i Loen.

Det har no gått over to månadar sidan «Dagmar» var på besøk, og dei fleste av oss har fått ho litt på avstand. Herjingane i romjula sette likevel djupe spor; både i innbyggjarane og i oss som skal planleggje beredskapen i fylket. Det positive med slike hendingar er at vi får auka merksemd på beredskap. Frå fleire av kommunane har vi høyrt utsegn som at «vi trudde ikkje at vi kunne bli utan straum så lenge», «vi trudde ikkje at telenettet var så avhengig av straum», «vi må endre planverket vårt» og «vi må sikre oss sjølve betre».

Kommunane sitt ansvar for beredskapsplanlegging er slått tydelegare fast i ei lov som vart gjort gjeldande frå 1. januar 2010. Lova fekk ei forskrift i fjor haust, og no er rettleiaren komen. Han skal vere med og hjelpe kommunane til å forstå dei nye lovkrava, og å setje dei ut i livet.

Alt no ser vi at mange kommunar har starta ein prosess med å lage heilskaplege analysar av risiko og sårbarheit (ROS-analysar), fornye beredskapsplanane, og å lage eigne øvingar for å bli betre på handtere kriser. Dette skjer ikkje berre på grunn av dei nye lovkrava, men òg fordi kommunane sjølve ser kor viktig det er å vere førebudde. Alt arbeidet som no blir lagt ned, vil gjere sitt til at fylket står sterkare neste gong vi kjem opp i ekstraordinære situasjonar, anten det er ekstremvêr eller andre hendingar som råkar oss.

Denne veka samlar vi kommunane på Skei for å diskutere ulike beredskapstema. Den første dagen blir det to hovudtema; radon/stråling og kraftforsyningsberedskapen i fylket. Den andre dagen vil for det meste gå med til å snakke om beredskapsplanar og ROS-analysar. Målet er at vi, saman med kommunane og andre beredskapsaktørar, skal løfte beredskapen i fylket til eit enda høgre nivå.

Spons ein fjordhest

Av Christian Rekkedal, Publisert tysdag 6. mars 2012

NRK melde nyleg at fjordhesten er på lista over norske husdyrrasar som i følgje Norsk genressurssenter er trua. I denne samanheng er det ei mager trøyst at han ikkje er åleine, men saman med til dømes dølahest, vestlandsk fjordfe, vestlands raudkolle og kystgeit. Alle desse har opphav i eller finst spesielt her i fylket. Vi har dei siste åra støtta desse rasane med pengar frå regionalt miljøprogram, men i lengda er dette truleg ikkje nok.

Det er for lengst historie at fjordhesten var den viktigaste trekkrafta på gardsbruk, og oppsvinget og interessa på 1980- og 90 talet som populær fritidshest og turistsjarmør er no avløyst av ein bølgjedal.  Det er no berre om lag 5000 fjordhestar her i landet og det blir berre fødd 200 føl pr år, ei halvering på 15 år. Fjordhesten har no sine sterkaste tilhengjarar i mange andre land, og tel på verdsbasis rundt 70 000 dyr. Vi har altså outsourca fjordhesten til utlandet, til liks med mangt anna vi ikkje lenger finn lønsamt her i landet. No er det faktisk entusiastane i England, Nederland og USA som sikrar det genetiske mangfaldet til denne norske urhesten.

Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid gjer ein viktig jobb for å ta vare på interessa og avlsarbeidet på fjordhesten. Dei tilbyr ei rekkje kurs i bruk av fjordhesten og organiserer interessa gjennom Norges Fjordhestlag. Her er kurs i dressur, riding, køyring, fjellturar og stell av hesten i stall og krybbe. Kunnskapen finst, organisasjonen finst, men den generelle interessa for fjordhest er altså ikkje høg nok.

Kva er svaret på denne utfordringa?
Eg har dessverre ikkje svaret. Men eg veit at vi kan ikkje akseptere at fjordhesten skal forsvinne frå fjordfylket. Dette flotte dyret må vise att andre stadar enn i kommunevåpenet til Gloppen og Eid.

Regjeringa har nettopp lagt fram ei ny melding til Stortinget om landbruk, og sterkare satsing på næringsutvikling i bygdene er eit svært sentralt tema. Kunnskap, kultur, tradisjon og lokale ressursar kombinert med innovasjon skal vere med på å skape nye arbeidsplassar som erstatning for dei som forsvinn. Her ligg kanskje også ei ny framtid og aukande interesse for fjordhesten? Nye bruksmåtar, nye typar hesteeigarar, nye måtar å eige ein hest på, og ikkje minst; nye måtar å tene pengar på fjordhesten?

Har du gode forslag, vil det vere ein framifrå måte å sponse fjordhesten på!