Arkiv for februar 2012

Tyngdekrafta rår

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 28. februar 2012

Bergen jobba hardt for å få flytta nye Eksportfinans frå Oslo. Men byen midt i det eksportretta Vestlandet lukkast ikkje. Kvifor er det så vanskeleg å gjere det som NOU-en om kompetansearbeidsplassar tilrår –å fordele kunnskapsarbeidsplassar betre utover landet for å fremje vekst og verdiskaping?

Kunnskapsjobbane i næringslivet er ei viktig drivkraft for utvikling. Samstundes bidreg offentlege arbeidsplassar til breidde og variasjon i arbeidsmarknaden, og offentlege verksemder etterspør varer og tenester frå det lokale næringslivet. Ei jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar har lenge vore eit politisk mål, og retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar slår fast at nye statlege verksemder skal lokaliserast utanfor Oslo.

I takt med at dei fleste lokale og regionale statsetatane har fått større nedslagsfelt, har mange stader med einsidige arbeidsmarknader frå før tapt viktige arbeidsplassar. Dette har gått stilt og roleg føre seg, i motsetnad til støynivået då sju statlege tilsyn og 800 arbeidsplassar vart flytta ut av Oslo. Høg merksemd frå sentrale tillitsvalte og media, karakteriserer denne prosessen. Vi har fått fleire evalueringsrapportar som følgje av tilsynsutflyttinga, som Difi sin rapport om dei menneskelege sidene. Eg vil tru at nedlegging av statlege kontor i kommunane og flytting av statlege oppgåver frå fylkeskontor til større regionkontor, også har hatt sine menneskelege sider. Desse prosessane har gått føre seg i langt mindre robuste arbeidsmarknader enn Oslo.

Ideen om betre spreiing av statlege arbeidsplassar er ikkje ny, men historia stadfestar at dette er vanskeleg å få til. Som ein del av den første maktutgreiinga studerte professor Harald Sætren ein 20 år lang prosess der det opphavlege målet var å flytte ut statsinstitusjonar frå Oslo.[1] Ved inngangen til 1960-talet var biletet mykje det same som vi ser i dag; ein kraftig vekst i talet på arbeidsplassar i Oslo, sentralisering og pressproblem i hovudstaden. For å bøte på denne ubalansen, vart det lansert eit program for å flytte statlege institusjonar ut frå Oslo. I løpet av dei neste 20 åra var to utval i sving for å utgreie utflytting, Ingebretsenutvalet og Grandeutvalet. Undervegs i prosessen antyda styresmaktene at det kunne bli aktuelt å flytte nærare 20 000 arbeidsplassar ut frå hovudstaden. Då kommunalministeren i 1981 sette sluttstrek for utflyttingsplanane, var det ikkje komme til meir enn om lag 2000 nye arbeidsplassar utanfor hovudstaden. Oslo hadde hatt ein tilvekst på 15 500 statlege arbeidsplassar i åra 1961-78, og talet på statlege institusjonar i hovudstaden auka frå 180 til 290 i same perioden.

Ei av forklaringane Sætren trekkjer fram, er manglande politisk leiarskap. Statsrådane i dei ulike departementa var meir lojale mot sektorinteresser i eige departement, enn å følgje opp utflyttingsplanane. På grunn av liten utgreiingskapasitet i dei to utvala, fekk institusjonane sjølve oppdraget med å utgreie utflytting. Det synte seg vanskeleg å produsere balanserte utgreiingar som kunne gje endringar i eigen organisasjon. Eitt døme var Statens sprengstoffinstitutt, som kom med 104 argument mot flytting, og ikkje eitt einaste for. Ei av dei viktigaste forklaringane Sætren trekkjer fram, er interessegruppe-politikk. Arbeidstakarorganisasjonane , sentralforvaltninga, Oslo-media og utflyttingsskeptiske politikarar i regjering og Storting danna eit breitt, godt organisert og ressurssterkt interessefellesskap, medan tilhengarane av utflytting var lausare organiserte og geografisk spreidde.

Sogn og Fjordane er storprodusent av fornybar energi, og tilhøva ligg godt til rette for senter for datalagring og -drift. Vi har mellom anna verksemda Local Host, som etablerer datasenter i den nedlagde olivingruva i Eid kommune. Det statlege eigedomsselskapet Entra Eigedom etablerer eit stort datasenter på det sentrale Austlandet. Difi startar samstundes arbeidet med å greie ut ein felles IKT-driftsorganisasjon i staten. Dersom ein slik driftsorganisasjon vert ein realitet, bør ikkje det sentrale Austlandet vere den opplagde lokaliseringa. I alle fall ikkje om NOU-en om kompetansearbeidsplassar skal takast på alvor.


[1] Harald Sætren: Iverksetting av offentlig politikk. Universitetsforlaget, 1983.

Fjellfolk og naturopplevingar i verna natur

Av Nils Erling Yndesdal, Publisert tysdag 14. februar 2012

I beste sendetid på sundagskvelden viser NRK1 for tida serien «Fjellfolk». Etter å ha sett første episoden, er det god grunn til å vere stolt av det programskaparane Arve Uglum og Torje Bjellås har laga.

Eg synest også vi kan vere stolte av at naturen generelt, og den verna naturen spesielt, i Sogn og Fjordane blir synt fram på ein framifrå måte. Vi har i den første episoden sett fjellfolk på bading og breklatring i Nigardsbreen naturreservat, på brevandring i Jostedals­breen nasjonalpark, på hjortejakt i flotte haustfargar i Mørkridsdalen landskapsvern­område, og vi har fått innblikk i drifta av ei turistforeiningshytte i utkanten av Jotunheimen nasjonalpark. I neste episode skal vi også få del i spennande padling på ein verdsarvfjord i Nærøy­fjorden landskapsvernområde.

TV-programmet viser både fjellfolk som har naturen som yrke, og fjellfolk som brukar naturen i fritida. Naturen og dei fleste verneområda i Sogn og Fjordane har plass til fleire av båe desse kategoriane av brukarar.

I den statlege satsinga av «Naturarven som verdiskapar» er det gode døme på korleis naturopplevingar i verna natur kan utviklast i samspel med næringsaktørar innan reiseliv, lokalsamfunn, forvaltning og kunnskapsinstitusjonar.

I Sogn og Fjordane har vi tre prosjekt som i ein femårsperiode får statlege tilskot til å skape gode døme på verdiskaping med natur som den viktigaste råvara:

  • I kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen: «Kystarven»

Sogn og Fjordane sin visjon for reiselivsutviklinga fram mot 2025 er «Berekraftige naturopplevingar i verdsklasse».

Eg vonar at TV-seriar som «Fjellfolk», statlege satsingar som «Naturarven som verdiskapar» og prioriteringane i reiselivsplanen for Sogn og Fjordane, kan føre til at vi kan utvikle det naturbaserte næringslivet samstundes som naturverdiane vert ivaretekne.

Vern av natur inneber altså at områda også vil kunne brukast eller vere tilgjengelege for fastbuande og besøkande. Reiselivsnæringa vil kunne bruke naturområda til verdiskaping og vekst, men i nasjonalparkane og andre verna område må bruken i endå større grad enn i naturen elles skje på naturen sine eigne premissar!

Melding av feil gir læring

Av Per Steinar Stensland, Publisert måndag 6. februar 2012

All helseteneste må utvikle ein meldekultur. Ei ny regelendring vil gjere dette lettare.

Uønskte hendingar

er ein del av praktisk medisinsk arbeid. Det er knapt mogeleg å fjerne dei heilt, men vi må lære av dei for å redusere førekomst og uønskte konsekvensar.  Studiar tyder på at uønskte hendingar førekjem ved 4–10 % av alle sjukehusinnleggingar, og at ca. 13 % av desse hendingane fører til døden. Ein kan dele uønskte hendingar i systemfeil, som er hyppigast, menneskelege feil og hendelege uhell, jamvel om grensene ikkje alltid er klåre.

Pasienttryggleik

har fått aukande internasjonal merksemd. Jamvel om meldesystem ikkje kan gi noko komplett bilete av risiko for pasientskade, trur ein likevel rapportering av feil er eit sentralt verkemiddel for å avdekke tryggleiksproblem.

I 1992 fekk vi meldeordning til Helsetilsynet for uønskte hendingar i sjukehus. Det er eit leiaransvar å sikre slik rapportering. Ein prinsipiell utfordring ved denne meldeordninga er at den har læring som hovudmål, samtidig som den er knytt til tilsynet sitt sanksjonssystem . Den som meldar kan teoretisk verte straffa for det. Dette er i strid med internasjonal kunnskap om lærings- og rapporteringssystem og det bidreg truleg til låge meldetal i Norge. Tilrådingane går ut på at meldesystema må etablerast i eit ikkje-straffande miljø. Ein tilrår også at dei mindre alvorlege hendingane vert behandla konfidensielt der det er mogeleg. Avdelingane som har vist størst reduksjon av feil i Norge, har utvikla ein slik meldekultur.

Ny ordning

Frå 1. juli 2012 skal difor meldingar om feil i sjukehus ikkje gå til Fylkeslegen, men til Kunnskapssenteret i Helsedirektoratet. Ved å legge meldeordninga hit, vil informasjonen i meldingane berre kunne brukast til å kartlegge risiko for og årsaker til at skader oppstår. Formålet vil være å førebygge skade. Ein venter at talet på meldingar vil auke.

I Helse Førde har tala på meldingar auka monaleg dei siste åra. Eg les dette som indikasjon på utvikling av kvalitetsarbeidet.