Arkiv for januar 2012

Er det ein samanheng mellom politisk engasjement og kvaliteten i skulen?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert onsdag 18. januar 2012

Fylkesmannen, KS og Høgskulen i Sogn og Fjordane har utfordra skuleeigarane i fylket på å engasjere seg sterkare i utviklinga av grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Dette har vi gjort gjennom å invitere til eit utdanningsprogram som skal vare eit år. Målet med programmet er å gi kunnskap og reiskapar til hjelp i det lokale arbeidet med å utvikle eigne skular. Vår ambisjon er å skape ein møteplass der dei som har ansvar for skulane får høve til å vidareutvikle ein  lokal praksis for å analysere, motivere og setje mål  til beste for elevane sitt  faglege, sosiale og kulturelle utbytte.

Vi har fått svært god respons! Skuleeigarane har tatt utfordringa, og om to veker startar vi opp med deltaking frå 20 kommunar og fylkeskommunen. 19 ordførarar eller varaordførarar har meldt seg på i tillegg til andre kommunestyremedlemmer, rådmenn og skulefagleg ansvarlege i kommunane.  Dette tolkar vi som eit uttrykk for at dei ønskjer å auke kunnskapen om utfordringar og moglegheiter når det gjeld politisk styring av skulen. Det skal bli svært spennande å sjå om verda ser annleis ut etter gjennomføringa av dette programmet.

Det har vore reist mykje kritikk mot kommunane for manglande prioritering av skuleeigaransvaret. Det har vore uttrykt uro for mangel på kapasitet og kompetanse på kommunenivå til å gjennomføre den nye læreplanreforma «Kunnskapsløftet» etter intensjonane, og det blir med jamne mellomrom retta kritikk mot lokale styresmakter si manglande oppfylling og oppfølging av elevane sine rettar i tråd med opplæringslova. Nasjonale myndigheiter uttrykker til tider tvil om kommunane klarer oppgåva dei har fått tildelt, og nokon spør om kommunesamanslåing er svaret på utfordringa.

Er det storleiken på kommunane som er problemet, eller er det slik at lokal- og fylkestingspolitikarar landet over ikkje ser korleis dei kan vere med å påverke kvaliteten på skuletilbodet, og difor overlet ansvaret og arbeidet til profesjonane? Er det slik at sidan Stortinget vedtek læreplanane, så ser ikkje lokalpolitikarane korleis dei kan engasjere seg i innhaldet i skulen og relevansen av dette for elevane?

At det er behov for eit større politisk engasjement for meir enn skulebygg og plassering av desse, er det ikkje tvil om. Spørsmålet er om vi har lagt nok vinn på å vise korleis lokalpolitikarar kan engasjere seg og kva som er dei reelle behova. Er det mogleg for lokalpolitikarar å  inspirere, motivere og leggje til rette for  innsats i skulane våre?  Dette er spørsmål vi ønskjer å belyse i dette programmet, og vi er svært spente på om våre folkevalde og dei administrativt ansvarlege finn svar som duger for dei i deira arbeid for å skape gode skular i fylket vårt. Eg vil tru at einkvar skuleeigar vil like å oppleve at ein gjennom målretta arbeid kan vere med å gjere ein forskjell. Det er vår ambisjon å vise at det er mogleg!

Fylkesmannen som ressurs for fylket

Av Christian Rekkedal, Publisert måndag 9. januar 2012

Etter kvart kommuneval er det alltid nokre av innbyggjarane våre som får nye og spennande utfordringar. Eg tenkjer på dei som planlagt, eller mindre planlagt, har fått plass i eit kommunestyre eller i andre kommunale utval. Våre eigne folkevalde får vere med på å ta viktige avgjerder, men først av alt treng dei innsikt i ansvar, roller og det regelverket som dei skal forvalte.

Kommunane sin interesseorganisasjon KS har eit godt opplegg med sitt generelle Folkevaldprogram 2011-2015. I tillegg arrangerer Fylkesmannen no på nyåret eigne fagdagar for folkevalde. Vi starta i Sogn 4. januar, skal til Sunnfjord og HAFS-regionen 11. og 12. januar, medan Dagmar bles nordfjordmøtet til ut i neste månad. Desse møta utfyller KS sitt Folkevaldprogram og handlar om samspelet mellom kommunane og Fylkesmannen. I tillegg blir det også dei første større møta mellom kommunane og ny fylkesmann og ny assisterande fylkesmann.

Fylkesmannen er mest kjent for vår hovudrolle som er å informere om og å gjennomføre Staten sin politikk i fylket, vere klageinstans for kommunale vedtak, og kontrollere kommunar og enkeltbedrifter. Vi får oppdragsbrev frå 12 departement med tilhøyrande direktorat, og oppgåver på eit vidt spekter innan helse- og sosial, miljøvern, utdanning og barnehage, landbruk, kommunal økonomi og samfunnstryggleik. Dersom vi skulle ha gjort dette grundig, kunne vi ha brukt fleire dagar på å liste opp og formidle lover, regelverk og føringar.

Lover og regelverk er heilt grunnleggjande for folk sin rettstryggleik i eit velfungerande samfunn, og politikarane vil etter kvart få rikeleg med kjennskap til og erfaring med desse.  Men i tillegg er det også svært viktig å kjenne bakgrunnen og motivasjonen for reglane, kvifor dei er innført og korleis dei kan brukast for å skape ei positiv framtid.

Fylkesmannen skal vere ein rettleiar og støttespelar for kommunane, vi skal fremje fylket sine interesser og ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter. Vi har ein visjon om å vere ein ressurs til beste for innbyggjarar, samfunn og livsgrunnlag. Det er dette som blir hovudinnfallsvinkel i vårt første møte med kommunepolitikarane i 2012. Vi tek opp tema som utviklingsarbeid, planlegging og forvaltning, og tenesteyting innan helse og utdanning. Like viktig som å formidle gode råd til kommunane, er det å få tilbakemelding og forventningar til Fylkesmannen. Det er difor sett av god tid til diskusjonar.

Fylkesmannen har vi ei rekkje viktige oppgåver i grensesnittet mellom statleg og kommunal politikk. Skal vi utvikle dette fylket vidare, må dette samspelet vere godt og vi ser fram til å møte kommunane no ved starten på eit nytt år under overskrifta Fylkesmannen som ressurs for fylket.

Godt nyttår til eit fylke som stod han av

Av Anne Karin Hamre, Publisert måndag 2. januar 2012

Det vart ei hard romjul for svært mange innbyggjarar i Sogn og Fjordane.

Ikkje før hadde Berit foke forbi, så slo Dagmar til med full kraft. Rett over midnatt julaftan sende vi ut varsel til kommunar om ekstremver – storm og høge bølgjer. Første juledagskvelden dirra glasrutene over heile Sogn og Fjordane, taksteinar rulla, tre knakk som fyrstikker, bølgjene gjekk høgt, og lause ting susa gjennom lufta. Det vart mørkt, og mange stader forsvann dekninga på telefonen.

Dagmar har ført til store skadar i eit granfelt i Selje kommune

Andre juledag kom med regn og vind, og det rasa på alle kantar. Nær 30 vegar var stengde denne dagen. Veldig mange var dermed heilt isolert, utan straum og høve til å få kontakt med omverda.

Eg har i veka som har gått lært meg å setje enno meir pris på fylkesberedskapsrådet. Her møttest alle etatar på regionnivå som var involverte i krisa til jamlege, effektive telefonmøte for å få eit felles situasjonsoversyn, og bli samde om prioriteringar og tiltak. Samstundes var det krevjande å drive godt informasjonsarbeid med avgrensa moglegheiter til både å få inn og nå ut med informasjon.

Vi opplevde at kommunane handterte situasjonen under dei vanskelege føresetnadene, at liv og helse hadde 1. prioritet, og at dei hadde god oversikt over kven som trengde ekstra tilsyn. Som ein kommunelege sa, – vi kunne ikkje senke skuldrane før vi var trygge på at folk hadde det bra. Samstundes er det tydeleg at krisehandteringa fungerte best i kommunar som over tid har jobba godt med beredskap, og som var tidleg ute med tiltak då dei vart varsla om ekstremværet.

Ordførar Ottar Nygård og fylkesmann Anne Karin Hamre på synfaring i naustområde i Ervika, som fekk store skadar

Denne krisa har lært oss ei lekse om kor sårbare vi er. Så lenge vi har sikra oss med aggregat som forsyner oss med naudstraum, og tilstrekkeleg drivstoff, kan vi leve utan straum ei stund. Men vi kan ikkje leve med å vere utan kommunikasjon med omverda i dagevis. Det er ikkje godt nok at telefonsambandet dett ut rett etter at straumen går, slik det skjedde fleire stader i fylket vårt. Dei svakheitene som dagane med Dagmar har avdekt i straum- og telesambanda, må løftast til nasjonalt nivå. Læring og forbetring føreset grundig evaluering, og vi har kalla inn kommunar, regionale etatar og representantar for nasjonale styresmakter til eit første evalueringsmøte på Skei 6. januar.

Vi menneske har ei velsigna evne til å gløyme raskt. I mediebiletet er det no heilt andre saker enn stormen på Vestlandet som dominerer. Men er det éin ting vi kan vere sikre på, så er det at fylket vårt kjem til å bli råka av ekstremver igjen. Når vi summerer alle flaum- og skredhendingane i Sogn og Fjordane i løpet av 2011, tilseier dei at vi må jobbe jamt og trutt med beredskap heile tida. Ikkje berre når det kjem ei Dagmar som prøver å feie oss over ende.

Men Dagmar har i alle fall synt at folk i Sogn og Fjordane er nøkterne, praktiske og hjelpsame, og at vi har vore ute ein vinterdag før. Eg ønskjer dykk alle eit godt og fredfylt 2012!