Arkiv for desember 2011

Treng vi ei minimumsnorm for kor mange lærarar det bør vere på ein skule?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert måndag 12. desember 2011

Kunnskapsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om lovendring som skal sikre større grad av likskap og likeverd i landet når det gjeld tal på lærarar i skulane våre. Departementet ønskjer å prøve dette ut på ungdomstrinnet før det blir evaluert og eventuelt utvida til andre trinn. Bakgrunnen er ei regjeringserklæring der det m.a. står at regjeringa  ønskjer å “legge til rette for flere lærere gjennom styrket kommuneøkonomi og ved å endre opplæringsloven for å sikre en maksimumsgrense for tallet på elever per lærer på hver skole”.

Lærartettleiken i Noreg er høg samanlikna med andre OECD-land, men det er store skilnader mellom kommunane og mellom skulane. Gevinstane med ei slik ordning er at det kan bli enklare for lærarane å støtte elevane i læringsarbeidet. I tillegg kan det bidra til betre arbeidsforhold som i sin tur kan medverke til at lærarane står lengre i arbeid framfor å velje tidlegpensjon.  Det kan også gjere det enklare å leggje til rette for kontinuerleg etter- og vidareutdanning for lærarane utan at det går for mykje ut over elevane.

Kunnskapsdepartementet nemner sjølv det som kan vere ulempene og ber høyringsinstansane gi tilbakemeldingar på dette. Det blir behov for fleire lærarar dersom minimumsnorma skal innførast. Kommunane vil få kompensert for dei økonomiske kostnadene, men vi kan få eit rekrutteringsproblem. Dersom det ikkje er nok lærarar å rekruttere, kan skuleeigarane måtte tilsetje ufaglærte, og då blir det ikkje den styrkinga av opplæringa som departementet tenkjer seg.

Innvendingane mot forslaget viser at det er frykt for innskrenking av det lokale handlingsrommet. Departementet presiserer at nasjonale krav til lærartettleik ikkje stiller krav til den faktiske gruppestorleiken, men sikrar ressursar. Andre stiller spørsmål ved om dette vil vere eit bidrag til å styrke kvaliteten. Opplæringslova seier at klassane, basisgruppene og gruppene ikkje må vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Dette gjeld i dag og vil gjelde vidare. Det er dessutan kommunane si plikt å stille til disposisjon dei ressursane som er naudsynte for at krava skal kunne oppfyllast.

Ansvaret som følgjer av lova, inneber at skuleeigarane må syte for at det er tilstrekkeleg med lærarressursar til at alle krava i opplæringslova og forskriftene til lova kan oppfyllast på ein forsvarleg måte.  Treng vi då ei slik nasjonal norm, eller er krava i lova så tydelege at skulane alt no blir sikra dei ressursane som trengst for å gi alle elevar ei tilpassa opplæring ut frå evner og føresetnader? Mi oppmoding til skuleeigarane er å nytte høvet til å seie kva dei meiner om lovforslaget.