Arkiv for november 2011

Kven skal definera rammene for statleg styring?

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert måndag 28. november 2011

I det siste har det vore reist kritikk mot statleg styring av kommunane.

Ei hovudoppgåve for Fylkesmannen er å rettleia og føra tilsyn med kommunane, i tillegg til å vera klageinstans for kommunale vedtak. Når fylkesmannen kjem til at ein kommune ikkje har følgt lov eller forskrift, inneber det ei form for statleg styring av kommunane.

Fylkesmannen byggjer denne styringa på lover vedtekne av Stortinget, på forskrifter vedtekne av regjeringa eller der det er meir rom for skjønn, på retningslinjer og instruksar gjevne av departementet eller direktorat. Dersom Stortinget eller regjeringa meiner at fylkesmannen går for langt i å endra kommunale avgjerder, kan spelereglane endrast. Det står Stortinget  fritt til når som helst å endra lovverket slik at kommunane får større sjølvstende. Like eins står det regjeringa fritt innanfor lovverket, til å endra forskrifter og retningslinjer for skjøn for å oppnå det same.

Når Stortinget eller regjeringa ikkje kjem med framlegg om gjennomgripande endringar, må dette takast til inntekt for at fylkesmennene i hovudsak styrer kommunane i tråd med dei rammene som dei øvste folkevalde ønskjer.

Høgre har kome med eit framlegg om å oppretta ein særskilt forvaltningsdomstol, nærare bestemt ein lokaldemokratidomstol. Framlegget går ut på at denne domstolen skal koma med bindande avgjerder dersom ein kommune er misnøgd med statleg styring. Framlegget har fått tilslutningar frå Bergens Tidende på leiarplass sjå “Domstol for demokratiet” og “Verden på hodet”.

Stortinget står fritt til å oppretta ein lokaldemokratiomstol. Spørsmålet er om det gagnar demokratiet at det vert overlate til utnemnde dommarar å definera rammene for korleis staten skal styra kommunane, i kryssingspunktet mellom juss og politikk. Utnemnde dommarar er ikkje underlagde demokratisk kontroll, og det kan hevdast at Stortinget fråskriv seg ansvaret dersom dei overlet oppgåva til dommarar.

Eit anna moment som må vurderast, er kor mykje meir byråkrati og bruk av tid det medfører dersom ein skal innføra eit nytt nivå for å ta endelege avgjerder i spørsmål der kommune og stat har ulike syn. Somme meiner at det er eit uheldig særmerke for Noreg i motsetnad til i andre nordiske land, at det alltid skal førast omkampar om store offentlege avgjerder. Ei oppretting av ein forvaltningsdomstol slik det er skissert, institusjonaliserer omkampar der kommune og stat har ulike syn på eit spørsmål.

Det grunnleggjande spørsmålet er likevel: Skal Stortinget og regjeringa framleis ha det heile og fulle ansvaret for å definera rammene for kor mykje staten skal styra kommunane? Eller skal ein del av ansvaret overlatast til oppnemnde dommarar?

Budd på det verste

Av Haavard Stensvand, Publisert måndag 14. november 2011

Eit søk på nettet gir massevis av tips til å verte betre i sykling, langrenn, fotball eller kva som helst anna idrett; “bli betre med mental trening”, “du vert ein betre syklist ved å trene styrketreningsøkter i tillegg til uthaldenheitstreninga” og “..eit viktig prinsipp innan trening er å trene på det du vil verte god på…”. Mange tilsynelatande svært gode tips, og heilt sikkert nokre mindre gode.

Vi som korkje har talent eller vilje til å hevde oss i noko som helst innan sport og idrett, får trøyste oss med tipsa i kategorien “nokre få minuttars gange kvar dag gir god helseeffekt”, og velrenommerte BBC si melding om at “ny forsking viser at all form for mosjon har ein helsemessig gevinst, uansett kor ofte ein trenar”.

Det er nok ingen tvil om at fornuftig trening er bra, uansett kva nivå du er på, eller har lyst til å kome på.  Den same bodskapen har relevans for veldig mange andre sider av livet òg. Ikkje minst når vi skal handtere ei oppgåve litt utanom det vanlege, gjerne under stressande forhold. Å trene på å takle ein uvant situasjon er på mange måtar kjernen i alt beredskapsarbeid. Ein viktig del av treninga er å førebu seg gjennom å lage ein plan. Planen må m.a. handle om korleis oppgåvene skal fordelast mellom spelarane på laget, og korleis vi skal kommunisere både internt og med dei som er rundt oss.

Denne veka møtest Fylkesmannen, Helse Førde og nesten alle kommunane i fylket for å trene saman på å takle utfordringar knytt til helse- og sosialtenester. Helsedirektoratet har laga ei øving med eit scenario som vil utfordre deltakarane på målet for all helseberedskap; å verne innbyggjarane si helse, og å oppretthalde tilbodet om nødvendig helsehjelp under kriser og katastrofar.

Krisa kan t.d. vere at det er svært dårleg vêr og at straumen vert borte. Det er ikkje noko ukjent problemstilling i eit fylke der det i vinter omkom to menneske i eit hus som vart teke av sørpeskred, og der 40-50 menneske måtte evakuere frå husa sine ei julinatt, fordi eit ekstremregn laga ein gedigen flaum.

Både Balestrand kommune og Stryn kommune har altså ferske erfaringar med ekstreme situasjonar.  Ingen veit når eller kvar noko vil skje neste gong. Det vi veit er at ting vil skje, og at det vil vere utfordrande å takle situasjonane når dei kjem. Men treninga vi skal gjennom denne veka vil vere eit bidrag til å gi både kondisjon og, ikkje minst, mental styrke til å møte utfordringane.

Publikum på ei kvar fotballbane har ei forventning om at laget skal vere best når det gjeld – det skal levere varene. Innbyggjarane i ei kvar kommune må ha lov til å forvente at laget gjer sitt beste for å levere livsnødvendige tenester, sjølv om stormen rasar og skredet har tatt vegen. La oss trene på det.

IKT som endringsverktøy

Av Jørn Stenehjem, Publisert måndag 7. november 2011

Alle organisasjonar nyttar i våre dagar IKT som eit sentralt hjelpemiddel. IKT er i dei fleste endringsprosessar eit sentralt tema. Det er sjeldan vi høyrer om store endringar, eller reformer, som blir gjennomført utan at IKT er sentralt. Er IKT eit verktøy for å gjennomføre vedtekne endringar, eller er IKT drivar av endringa?

Svaret på spørsmålet mitt er sjølvsagt ikkje eintydig. Min påstand er likevel at IKT er for lite nytta som drivar, men i stor grad blir nytta til å gjennomføre endringa utan å vere premissleverandør for endringa i seg sjølv.

I privat næringsliv har IKT vore eit viktig verktøy for effektivisering og endringsleiing. Eit døme kan vere omgrepet Lean som kjem frå det japanske industrikonsernet Toyota. Lean er i kortform ein moderne serieproduksjonsmetode som ikkje ville vere muleg utan avanserte IT-løysingar.

Kan IKT vere ein premissleverandør for endringar også i det offentlege? Sjølvsagt! Om det offentlege, på alle nivå, ønskjer å gjere gjennomgripande endringar må IKT inn på eit tidspunkt der reforma framleis er på planstadiet. Lånekassen og Skatteetaten er store lokomotiv i slike satsingar. Desse to etatane har gjennomført store gjennomgåande endringar der IKT har vore nytta som ein premiss. Det er sikkert mange meiningar om prosessar og resultat av satsingane, men alle kan vere samde om at for brukarane har endringane vore ein suksess.

Finst det slike suksesshistorier også på eit lågare forvaltningsnivå? Nei, diverre. Kvifor ikkje? Min påstand er at dei lokale forvaltningsnivåa manglar den naudsynte visjonen og gjennomføringsevna som trengs. Og kanskje midlane. Men midlane finst heilt sikkert om nokon set i gang å leite etter dei. Direktoratet for forvaltning og ITK (Difi) har laga ein rapport, Digitalt førstevalg, som analyserer utfordringane for endring med IKT som premiss. Her er det og eksempel som kan vere interessant lesing for mange.

Så utfordringa til oss i Sogn og Fjordane blir: Finst det nokon som har visjonen, og evnene? Som ønskjer å vere i front med IKT?

Er vi klare for meir mangfald i Sogn og Fjordane?

Av Anne Karin Hamre, Publisert fredag 4. november 2011

Har du nokon gong invitert ein innvandrar heim til deg? Eller prøvd å få ein innvandrar med på ein sosial aktivitet i heimbygda di? Kanskje du tenkjer at integreringsarbeid ikkje er ditt ansvar. Ifølgje Integreringsbarometeret meiner åtte av ti nordmenn at innvandrarane sjølve har ansvar for å bli integrert.

Sogn og Fjordane si største utfordring er at folketalet veks for lite og har ei uheldig alderssamansetjing. Dette gir oss eit krevjande utgangspunkt i den kampen som vil handle om arbeidskraft framover, fordi det vert stadig fleire eldre i høve til dei i yrkesaktiv alder i heile landet. Kva er det som gjer at folketalet trass alt aukar litt i fylket vårt? Jau, det er i hovudsak innvandring.

NRK Sogn og Fjordane laga i fjor ein programserie om innvandrarar og innvandring, og om kvifor så mange av innvandrarane som kjem til Sogn og Fjordane, flytter herifrå etter eit kort opphald. Dei som vart intervjua, peika på fire barrierar for integrering; mangel på jobb, språkproblem, lite nettverk, og at lokalbefolkninga i Sogn og Fjordane ikkje synte veldig stor interesse for å bli kjende med innvandrarane.

Vi går glipp av ressursar, mangfald og nytenking om vi ikkje satsar meir på å inkludere innvandrarar som kjem til fylket vårt.

Etter eit innlegg eg heldt om dette temaet på It-forum i Balestrand, fekk eg fleire tilbakemeldingar om at også norskfødde tilflyttarar synest det tek tid å finne seg til rette her, særleg dei som ikkje har barn i skulealder. Sjølvsagt har dei som flytter hit ansvar for å ta initiativ sjølve. Men eg meiner også at kvar og ein av oss har eit ansvar for at dei som vel å flytte til Sogn og Fjordane trivst og blir verande. Med Framtidsfylket i spissen har vi snakka og jobba mykje med profilering av jobbmoglegheiter og rekruttering til fylket. Kanskje skal vi snakke meir om kva som skal til for å halde på folk?

Vi i det offentlege har sjølvsagt eit stort ansvar for å rekruttere og behalde. Men eg vil også appellere til kvar og ein: Prøv av og til å sjå heimstaden din med blikket til ein innflyttar. Inviter den nye naboen inn på kaffi. Du risikerer ikkje noko meir enn eit nytt venskap. Sjå til Island, dit turistane no strøymer til som følgje av folkedugnaden for å snu stemninga etter oskeskya. Tenk om vi alle kan bli like gode ambassadørar for Sogn og Fjordane!