Arkiv for oktober 2011

Brukarstyrt forsking eller forskarstyrte gissel?

Av Christian Rekkedal, Publisert onsdag 19. oktober 2011

Forsking og kunnskapsbasert utviklingsarbeid (FoU) er svært viktig for utvikling i samfunnet, og samla tildeling over statsbudsjettet til FoU i 2011 er på ca. 23 mrd. kroner. Midlane blir tildelte gjennom til dømes det nasjonale Forskningsrådet, regionale forskingsfond, og forskingsmidlar under ulike departement.

Her er mi historie frå kvardagen. Dei ulike forskingsfonda har søknadsfristar om våren og om hausten, til dømes Forskingsfond Vestlandet no den 12. oktober. Det er viktig å kunne vise til samarbeid med brukarinteresser. I veka før desse fristane blir Fylkesmannen regelmessig invitert til å ta stilling til meir eller mindre gode prosjektidear på kort varsel, med ønske om fagleg og økonomisk støtte. Initiativet til sokalla brukarstyrte innovasjonsprosjekt skjer altså ikkje på grunnlag av næringa og/eller forvaltninga sine eigne behov og prioriteringar, men ut frå FoU-miljøa sin ståstad og deira framlegg. Ære vere aktive FoU-miljø, men det bør vel ikkje vere slik?

I statsbudsjettet for til dømes Landbruks- og matdepartementet er det i 2012 forslag om 590 mill. kroner til diverse FoU-aktivitet på landbruks- og matområdet. Mykje er bunde opp i basisløyvingar og grunnforsking. Men her er også betydelege midlar som ulike forskingsmiljø kan søkje på, dersom dei kan syne til godt samarbeid med brukarinteressene.

Brukarstyrte innovasjonsprosjekt skal medverke til at forskinga blir meir konkret nyttig for ulike sektorar i samfunnet; auka verdiskaping i næringslivet, betre miljø, og betre forvaltning og tenesteyting i det offentlege. Men fungerer det slik i praksis? Er ulike delar av næringslivet, interesseorganisasjonar og offentlege etatar aktive nok, og har dei kapasitet til å matche forskinga med bestilling og pengar?

Samarbeidsrådet for landbruket på Vestlandet har drøfta dette og ynskjer å kome i ei meir offensiv rolle. Landbruket er i sterk endring og det er stort behov for forsking og utvikling. Vi må bli flinkare til å definere dei viktigaste problemstillingane og der vi treng meir kunnskap, vi må prioritere betre, samarbeide meir over fylkesgrensene og utfordre FoU-miljøa på næringa sine prioriteringar. Viss dette går som planlagt, vil landbrukssektoren både bli langt betre til å definere forskingsbehov, og dermed også bli ein betre samarbeidspartnar for FoU-miljøa.

Treng vi legar i heimfylket?

Av Per Steinar Stensland, Publisert måndag 10. oktober 2011

fastlegeDistriktsfylket Sogn og Fjordane har ei legedekning som befolkninga ikkje bør godta. Dette gjeld både i og utafor sjukehus. Samhandlingsreforma gir auka behov for legar. Turnustenesta kan verte avvikla innan eit par år. Dette gjer situasjonen meir alvorleg.

Ubalanse sjukehus – fastlegar
Årleg vekst i sjukehustenesta er langt større enn heile ressurstilgangen til fastlegeordninga. I 2010 arbeidde berre ein fjerdedel av yrkesaktive legar i fastlegepraksis. For perioden 2003-2009 var auken i legestillingar i sjukehus 25 % mens fastlegestillingane auka med 12 %. Dei fleste nyutdanna legane har ønske om å jobbe i sjukehus. Dette tyder at utgangsposisjonen for fastlegetenesta er dårleg og at skeivutviklinga held fram.

Legerekruttering i Sogn og Fjordane
I distrikta er situasjonen i fastlegetenesta vanskelegare enn i resten av landet. I Sogn og Fjordane har auken i talet på kommunelegar i perioden 2000-11 vore under 10 %. Det er ein merkbar forgubbing av kommunelegar: Nær 30 % er eldre enn 55 år, noko som resulterer i at 20 % ikkje køyrer vakt.
For 10 år sidan var nær 20 % av stillingane heilt ledige. No er nær 20 % korttidsvikarar, og jamvel om det no er legar på plass, representerer stadige skifte eit kvalitetsproblem.

Samfunnsmedisin
Berre halvdelen av kommunane har kommuneoverlege som kan gje leiinga råd om samfunns-medisinsk planlegging.

Turnustenesta
Turnustenesta kan stå for fall, og det kan skje alt om få år. Turnustenesta er i dag viktigaste rekrutteringskjelda for nye legar i fylket.

Kva er vist å verke rekrutterande til legetenesta i distrikt?
Internasjonale undersøkingar viser at dei to viktigaste elementa er å utdanne lokal ungdom og å leggje utdanninga ut av dei sentrale sjukehusa og ut i distrikta. Men også insentiv og lønnssystem blir lagt vekt på.

Kva no?
To tredeler av unge legar er i dag kvinner. Vil dei velje Sogn og Fjordane eller Finnmark utan trekningsbasert turnus? Samhandlingsreforma krev fleire legar enn no i heile landet. Oppretting av nye stillingar i sentrale strok vil gjere det like vanskeleg som før å få legar til distrikta.

Korleis tenkjer kommunane om denne utfordringa? Treng dei faste legar?
Kan fylket stå saman om å finne løysingar?

Ønskjer lokalpolitikarane eigentleg ein plan?

Av Nils Erling Yndesdal, Publisert måndag 3. oktober 2011

Plan- og bygningslova legg opp til at utbygging primært skal skje på bakgrunn av godkjende planar og ikkje gjennom enkeltsaker lausrive frå arealbruken elles. I lova er slike enkeltsaker definerte som dispensasjonar.

Statistikken viser at kommunane her i fylket ikkje følgjer opp målsetjinga i plan- og bygningslova.

I perioden frå 2007 til 2010 var det ei kraftig auke i talet dispensasjonssaker som Fylkesmannen har fått på høyring. Medan vi i 2007 registrerte 201 saker, er tilsvarande tal i 2010 heile 334. Dette er ein auke på 66 %.

I den same perioden var det ein reduksjon på 15 % i talet på saker som gjeld kommuneplanar og detaljplanar.

I siste kommunestyreperiode er det berre 8-9 av dei 26 kommunane i fylket som har revidert kommuneplanen sin.

Påstanden min er at både kommunane og fylkesnivået brukar for mykje tid på dispensasjonar og for lite tid på overordna arealplanlegging. På ei samling for planmedarbeidarane i kommunane denne veka vil Fylkesmannen leggje fram ei skisse til korleis vi i fellesskap kan prioritere annleis. For å få til dette må vi også få med dei nye lokalpolitikarane.

Ofte opplever vi at administrasjonen i kommunen tilrår å leggje vekt på bindande arealbruk i vedteken plan, medan det politisk blir gjort vedtak om å gje dispensasjon. Dette gjeld ikkje minst i strandsona. Det kan sjå ut til at det er lettare å seie ja enn nei.

Er det slik at lokalpolitikarane våre heller ønskjer å ha fridom til gje dispensasjon i enkeltsakene  enn å vere bundne opp av ein plan?