Arkiv for september 2011

Opne data skaper verdiar

Av Svein Helge Steinsåker, Publisert torsdag 22. september 2011

I land som USA og Storbritannia har samspelet mellom openheitskultur og teknologiutvikling resultert i omfattande initiativ for å gjere offentlege data tilgjengelege. Slike trendar har ein positiv smitteeffekt, og gode døme og erfaringar frå det store utland har medverka til fleire spennande initiativ også her heime.

Offentlige verksemder sit på store mengder data, og utviklinga innan digital informasjonsteknologi gir oss no nye muligheiter for betre tilgang, deling og gjenbruk. Dette gir store muligheiter for næringsutvikling og verdiskaping. EU-kommisjonen estimerer faktisk at verdipotensialet for vidarebruk av offentlige data i Europa ligg på over 200 milliardar kroner.

For næringslivet bør det difor vere interessant å sjå nærare på korleis ein ved å kople saman ulike datasett kan utvikle nye applikasjonar, produkt  og tenester. Dette er eitt av mange spennande tema vi får høyre meir om på IT-forum sin konferanse i Balestrand neste veke.

Nøkkelen til vellukka vidarebruk av data er å gjere det enklare å finne og laste ned relevante datasett frå offentlig sektor. Det er difor særs oppløftande at Data.norge.no vart lansert som nasjonal datakjeldekatalog denne veka.

Data.norge.no skal på sikt gi ei samla oversikt over offentlige datasett som er tilgjengelige for vidarebruk, slik at  brukaren sjølv kan setje saman eksisterande datasett på nye måtar. Dette er nesten som å handle hos IKEA: Data.norge.no publiserer, medan kunden monterer sjølv.

Offentlige verksemder kan registrere sine eigne datasett i kjeldekatalogen, og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ser fram til å sjekke inn på dette datahotellet. Vi har også søkt om deltaking i eit toårig INTERREG-prosjekt, der vi ønskjer å sjå nærare på korleis vidarebruk av offentlige data kan bidra til innovasjon og samhandling.

Grunnprinsippet for å publisere data er at vi ikkje alltid veit korleis ulike datasett kan kombinerast og nyttast på nye og kreative måtar. Data som isolert sett er av liten interesse, kan få nytt liv i kombinasjon med andre typar data.

Både vegen og reisemålet vert til medan ein går. ”Kvar skal vi gå i dag”, spurte Kristoffer Robin? ”Ingen stader”, svarte Ole Brumm. Og så gjekk dei dit…

Dannings- og nytteperspektivet i skulen

Av Åslaug Krogsæter, Publisert onsdag 7. september 2011

Hendingane 22. juli sette folket vårt på prøve. Erfaringane etterpå viser at møtet med eit slikt åttak på menneske og verdiar fekk fram det beste i både folk og politisk leiarskap.  Tida framover vil vise om dette har endra noko i det norske samfunnet, og det skal bli interessant å følgje debattane framover.

Som utdanningsdirektør finn eg det på sin plass å spørje kva rolle den norske skulen kan og bør ha for å demme opp for framandfrykt, intoleranse og inhumanitet. Kanskje er tida moden for å gje større merksemd til formålet og verdigrunnlaget som skulen er tufta på? Kanskje bør det sterke fokuset på resultat i større grad supplerast med ei breiare forståing av skulen sine oppgåver?

Skulen skal i tråd med formålsparagraf og læreplan ivareta både danning og nytte, individet og fellesskapet sine behov. Skal samfunnet fungere til beste for individa, må den enkelte oppleve å vere inkludert i samfunnet på ein slik måte at ho eller han kjenner seg verdsett og får brukt sine evner til nytte for andre.

Den norske skulen er demokratibyggjande i både form og  innhald. Skulen skal inkludere alle uavhengig av kjønn, sosial bakgrunn, økonomi, rase og religion. Slik eg ser det, er dette samfunnets viktigaste arena for å utvikle forståing, toleranse, respekt og demokrati. Spørsmålet mitt er om vi godt nok veit å ivareta denne arenaen og gi den vilkår for å vektlegge, utvikle og styrke verdiane som dannar grunnlaget for det opne og frie samfunnet vi ønskjer å leve i. Det store spørsmålet er korleis vi best kan demme opp for marginalisering og utstøyting til skade for individet og samfunnet.

 Ifølgje den generelle delen av læreplanen for grunnopplæringa er den viktigaste pedagogiske oppgåva å formidle til barn og unge at dei er i stadig utvikling, slik at dei får tillit til eigne evner og anlegg. Eg veit ikkje om alle gode tiltak og ambisjonar er forankra i at dette er hovudoppgåva til lærarar og skuleleiarar. I lys av debatten etter 22. juli er det kanskje tid for å drøfte vilkåra for korleis vi kan oppfylle skulen sitt breie samfunnsmandat. I læreplanen er det formulert slik: ”Opplæringa må rettast ikkje berre mot faginnhald, men også mot dei personlege eigenskapane ein ønskjer å utvikle, ved å forme ut omgivnader som gir rikt høve for barn og unge til å utvikle medvite samfunnsansvar og handlingskompetanse for rolla som vaksen.”