Arkiv for august 2011

Fylket treng ein snuoperasjon i omsorgssektoren

Av Per Steinar Stensland, Publisert onsdag 24. august 2011

Tal sjukeheimsplassar i Sogn og Fjordane har gått tilbake frå 1200 til knapt 1100, syner rapportering frå kommunane i perioden 2004 til 2010. I den same perioden har talet omsorgsbustader auka frå knapt 700 til 750, men dei siste fire åra har det ikkje vore nokon auke. Utviklinga stemmer dårleg med regjeringas tiltak for å styrkje omsorgstenesta. Omsorgsplan 2015 seier nemleg at landet skal ha 12 000 nye heildøgns omsorgsplassar og 12 000 nye årsverk i den kommunale helse- og omsorgssektoren innan 2015. 12 000 nye plassar og årsverk over ein femårs periode på landsplan tilsvarar ca. 50 årleg i Sogn og Fjordane.

I staden for å auke tal heildøgns omsorgsbustadar har vi hatt ein reell tilbakegang i fylket vårt. Mange kommunar har riktig nok planar om utbygging av omsorgsplassar, men det vil undre mange at utviklinga har vore negativ over ein lengre periode. Alminneleg retorikk går ut på at tilboda stadig vert betre. Jamvel om heimetenester vert utbygd, kan vi neppe seie at desse tala gir inntrykk av at kommunane har satsa tilfredsstillande på dette feltet.

Tal omsorgsplassar og tal årsverk er sentrale indikatorar for kommunane si måloppnåing i omsorgssektoren, og tala på årsverk i pleie og omsorg er heldigvis meir positive. Det har vore ein jamn vekst i årsverk frå 2007 til 2010. Det siste året har veksten vore godt over måltalet.
Men det kan sjå ut til at kommunane har problem med å fylle sektoren med personell som har relevant fagutdanning. Dei fleste kommunane har fallande andel årsverk med fagutdanning i brukarretta teneste, og dette gjeld også for fylket som heilskap. Ved inngangen til ei samhandlingsreform der kommunane skal ta på seg fleire og meir komplekse helse- og omsorgsoppgåver, gir dette eit utfordrande utgangspunkt.

Mangelen på tilsette fagfolk gjeld også legar. Talet legetimar per veke per bebuar i sjukeheim var meint å skulle auke med 50 % i perioden 2005-2010. Vårt fylke hadde lågare utgangspunkt enn landet elles og også låg vekst. Gjennomsnittleg har sjukeheimane i vårt fylke dermed den dårlegaste legebemanninga i landet, (0,26 legetimar per bebuar per veke, mot 0,36 legetime som gjennomsnitt for landet, dvs.  28 % lågare).

Som oppsummering: Kommunane har bygd ned talet heildøgns omsorgsplassar, dei har tilsett meir personell, men av desse er det færre som har fagutdanning. Samhandlingsreforma gjer det naudsynt å styrkje satsinga.

Vanskelege vindkraft-vurderingar

Av Anne Karin Hamre, Publisert fredag 19. august 2011

Fylkesmannen sender i dag regional plan for vindkraft over til Miljøverndepartementet, der vi ber departementet  vurdere endringar i planen. Vi støttar satsinga på fornybar energi. Det er bra at fylkeskommunen har laga ein regional plan for vindkraft, men Fylkesmannen meiner at den vedtekne planen opnar for utbygging nærast uavhengig av påvist konfliktpotensial.

Saman med nasjonale føringar vil ein regional vindkraftplan kunne vere retningsgjevande og til god hjelp når Fylkesmannen gir høyringsuttale til søknader om vindkraftutbygging. Då er det viktig at den regionale vindkraftplanen inneheld ei tydeleg avklaring mellom areal der vindkraftutbygging er lite konfliktfylt, og areal der utbygging i langt større grad vil råke viktige miljø- og andre samfunnsinteresser. Vi meiner den vindkraftplanen fylkestinget har vedteke, opnar for ei altfor omfattande utbygging langs kysten i Sogn og Fjordane.

Den regionale vindkraftplanen legg opp til ei utbygging på 1000 MW innan 2025. Ei prosjektgruppe med deltakarar frå fylkeskommunen, Fylkesmannen, alle regionråda og Fiskarlaget førebudde det faglege grunnlaget for vindkraftplanen, med vekting av ulike fagtema og ein poengskala der aktuelle utbyggingsareal fekk ei inndeling etter lite, middels og stort konfliktpotensial. I framlegget til prosjektgruppa hadde 38 område stort konfliktpotensial, medan dei andre 68 områda hadde lite eller middels konflikt. Desse 68 områda kunne gje ein produksjon på 5000 MW, altså langt meir enn målet om utbygging.

Etter at fylkesutvalet endra poengskalaen og planen hadde vore på høyringsrunde, vedtok fylkestinget i juni vindkraftplanen. Her er talet på område med stort konfliktpotensial redusert til 19 i høve prosjektgruppa sitt framlegg. Sjølv om utgangspunktet er å skjerme desse områda, opnar planen for ei utbygging også i dei mest konfliktfylte områda. Dette punktet ber vi Miljøverndepartementet om å ta ut.

I den nye plan- og bygningslova vert regionale planar som hovudregel endeleg vedtekne av fylkestinget. Denne regelen har eitt unntak. Når statlege styresmakter meiner at viktige delar av planen er står i motstrid til omsyn dei er sette til å ivareta, kan dei be departementet vurdere å gjere endringar i planen. Denne retten tek Fylkesmannen i bruk. Vi ønskjer ein regional vindkraftplan som kan forplikte oss når vi skal uttale oss om utbyggingssøknader. Det vil tene næringslivet. Men då må vi ha ein plan med skarpare prioriteringar, som skjermar konfliktareal og som styrer utbygginga mot dei minst konfliktfylte områda.

Vi treng fleire jobbar for høgt utdanna!

Av Anne Karin Hamre, Publisert onsdag 10. august 2011

Folketalsutviklinga er ei utfordring for Sogn og Fjordane. Ved inngangen til år 2000 låg folketalet på 107 589, ti år etter var vi 107 080 innbyggjarar. Samstundes har landsveksten i same perioden vore på 8,5 prosent. Ein annan urovekkjande trend er alderssamansetjinga. Vi har fleire eldre, og færre i aldersgruppa som får barn enn landssnittet. Dermed dalar talet på barnefødslar i mange av kommunane våre. Klarer vi ikkje auke tilflyttinga, vert dette dramatisk på sikt. Den vesle, positive auken i folketalsutviklinga for fylket samla sett sidan 2007, skuldast i hovudsak innvandring.

Innvandrarane er ein stor ressurs for fylket. Vi har alle ein jobb å gjere med å inkludere dei som kjem til fylket frå andre land, for det syner seg at altfor mange innvandrarar vel å flytte ut av fylket att. Samstundes må vi jobbe for auka tilflytting. Då er interessante jobbar det viktigaste trekkplasteret. Arbeidsplassar for høgt utdanna har vi for få av i fylket. Difor er det positivt at regjeringa har utgreidd korleis kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar kan fordelast betre over heile landet.

Siste tiårsbolken har talet på statstilsette i Oslo auka med 17 prosent, medan auken i Sogn og Fjordane har vore skarve ein prosent. Utflyttinga av statlege tilsyn og 800 arbeidsplassar frå Oslo har fått mykje merksemd. Særleg dei negative sidene ved utflyttinga. Det har vore mindre merksemd rundt flyttinga av arbeidsplassar frå distrikta som følgje av regionalisering av ei rekkje statlege etatar, som Statens vegvesen, Skatteetaten og fleire tilsyn.

Det bør ikkje vere sjølvsagt at dei fleste nye statlege arbeidsplassane vert lagde til hovudstaden. Ei større spreiing av desse arbeidsplassane over heile landet, vil gje ein meir variert arbeidsmarknad, auka tilflytting til regionane og bidra til å styrke næringslivet. Det kan opne for å etablere klynger og nyskaping i skjeringspunktet mellom offentlege verksemder, næringsliv og organisasjonsliv, slik vi har sett døme på ved Campus Fosshaugane i Sogndal. I tillegg må det satsast sterkare på breibandsutbygging over heile landet og betre kommunikasjon innan bu- og arbeidsområde.

I debatten rundt tilsynsflyttinga var det hevda at det kunne bli vanskeleg å få tak i rett kompetanse i distrikta. Erfaringane frå Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde og Difi i Leikanger, syner at desse verksemdene rekrutterer godt og har bidrege sterkt til å få høgt utdanna folk til å flytte til Sogn og Fjordane.

I høyringsfråsegna vår til NOU 2011:13, Kompetansearbeidsplasser – drivkraft for vekst i hele landet, seier vi at det bør lagast ein nasjonal strategi som definerer vurderingar og omsyn som skal liggje til grunn for lokalisering av nye statlege arbeidsplassar. Og at denne strategien må setjast ut i livet – ikkje berre hentast fram i festtalane.