Arkiv for juli 2011

Fornyingsarbeid som verkar

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 5. juli 2011

Programstyret for fornying av offentleg sektor og IKT har nyleg tildelt 5,8 mill kroner til 13 kommunale fornyingsprosjekt. Mellom prosjekta er digitalt planregister for Nordfjord-kommunane, politikarportal for 11 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn og eit prosjekt om etter- og vidareutdanning av lærarar i vaksenopplæringa for alle kommunane i fylket, som Flora kommune skal koordinere.

I programstyremøta brukar vi å få presentasjonar av prosjekt som har fått midlar tidlegare. Denne gongen hadde vi besøk av Arne Kringlen, som er prosjektleiar for interkommunalt plansamarbeid i Sunnfjord. Kommunane Jølster, Førde, Gaular, Naustdal og Flora er i praksis eit felles bu- og arbeidsområde, og det er fornuftig å tenkje planlegging på tvers av kommunegrensene. Vi reknar med at andre kommunar er interesserte i å høyre meir om dette prosjektet, og kjem difor til å leggje opp til formidling frå planprosjektet på samlingar for kommunane.

Fylkesmannen har sidan 2004 sett av skjønsmidlar til fornyingsprosjekt i kommunane. I 2006 etablerte fylkeskommunen Fornying av offentleg sektor og IKT som eitt av fem regionale utviklingsprogram. Fylkesmannen og fylkeskommunen vart samde om å slå saman dette programmet med vårt fornyingsarbeid. Vi samarbeidde om ein programplan, og fekk oppnemnt eit programstyre med representantar for KS, fylkeskommunen og Fylkesmannen. Dette er eitt av fleire døme på eit godt samarbeid mellom Fylkesmannen og fylkeskommunen i vårt fylke.

Sidan 2006 er det kvart år sett av mellom 2,5 og 3 mill kroner frå det regionale utviklingsprogrammet og 5-7 mill kroner av skjønsmidlane til kommunalt fornyingsarbeid. Til saman er det løyvd 51 mill kroner til 117 prosjekt, dei fleste er interkommunale samarbeidsprosjekt. Legg vi til at vi stiller krav om 50 prosent eigeninnsats, er det nytta meir enn 100 mill kroner til arbeid med omstilling og fornying i kommunane dei siste fem åra.

Arbeidet med å forbetre kommunale nettstader er eit godt døme på at fornyingsmidlane har ein effekt. Då Norge.no (seinare DIFI) starta med kvalitetsvurderingar av offentlege nettstader, kom ikkje kommunane i Sogn og Fjordane særleg godt ut. Vurderinga legg vekt på tilgjenge, brukartilpassing og innhald. Då fornyingsarbeidet starta i dei åtte kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn i 2008, hadde dei til saman 17 stjerner i DIFI si kvalitetsvurdering. Ved prosjektslutt i 2010 hadde dei oppnådd til saman 39 stjerner. Alle kommunane i fylket har jobba med nettstadene sine. I 2008 hadde kommunane våre i snitt 41 prosent av total poengsum. I 2010 var dei oppe i 73 prosent, og berre Akershus hadde betre resultat enn Sogn og Fjordane. Godt jobba!