Arkiv for juni 2011

Ny fylkesmann

Av Anne Karin Hamre, Publisert torsdag 16. juni 2011

I dag tek eg til som fylkesmann i Sogn og Fjordane. Eg er glad for den store tilliten eg har fått, men samstundes svært klar over kor krevjande denne jobben er. Det er få avgjerder eg har nytta så lang tid på i livet mitt som avgjerda om å søkje denne leiarstillinga. Når eg no sit her på fylkesmannskontoret eg har overteke etter Oddvar Flæte, er eg glad for å ha jobba nært saman med ein framifrå leiar som han i 13 år. Oddvar har eg lært mykje av. Eg er og så heldig å ha med meg 120 dyktige medarbeidarar. Som ein annan avtroppande fylkesmann, Kåre Gjønnes, sa i talen sin på fylkesmannsmøtet førre veke: – Utan medarbeidarane sine er ein fylkesmann ingenting!

Difor brukar vi å seie at vi er 120 fylkesmenn her i embetet. I det ligg ei forventning om at ein medarbeidar hjå Fylkesmannen ser heilskapen, og ikkje berre sitt eige fagfelt. Fylkesmannen har ansvar for ei rekkje sektoroppgåver innan landbruk, miljøvern, helse, sosial, beredskap og utdanning. Vi får oppdrag frå og rapporterer til 12 ulike departement og ei rekkje direktorat og tilsyn. Samstundes har vi eit viktig ansvar for å samordne staten si samla verksemd i fylket, og eg meiner det er fornuftig å samle mange sektorområde under ein hatt.

Det er mange viktige oppgåver å ta fatt på framover. Her vil eg nemne nokre:

  • Vi har starta eit arbeid der vi ser på korleis vi kan få meir læring ut av samhandlinga med kommunane. Tilsyn er eitt av verkemidla for å sikre kvaliteten på kommunale tenester. Men kontroll åleine treng ikkje gje det beste resultatet. Eg er forundra over dei som meiner Fylkesmannen bør bli ein rein tilsyns- og kontrollinstans. Vi har mange verkemiddel i verktøykassa – rettleiing, rådgjeving, opplæring og læringsnettverk som i rett kombinasjon med tilsyn kan gje betre resultat. For å sitere direktør Ellen Hambro i Klima- og forureiningsdirektoratet; målet må vere å hjelpe kommunar og verksemder med å halde buksa oppe. Ikkje ta dei med buksa nede.
  • Samhandlingsreforma har som mål at folk skal få betre helsetenester der dei bur. Kommunane får meir ansvar for både førebygging, og helsetenester til dømes for dei som har kroniske lidingar. Reforma inneber meir samhandling og avtalar mellom kommunar og mellom kommunar og helseføretak, og her vil Fylkesmannen prøve å bidra til gode prosessar.
  • Vi skal jobbe for å halde posisjonen vår som IKT-fylket. Det er kanskje ikkje så mange som veit at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har ei IKT-utviklingseining med 10-12 medarbeidarar som jobbar med nasjonale oppdrag. Nett i dag har vi møte med Fornyingsdepartementet for å drøfte satsingar framover.

Og sist, men ikkje minst, er eg oppteken av å få ein dugande assisterande fylkesmann på plass. Stillingsutlysinga er like om hjørnet, og her håpar eg at vi får mange gode søkjarar til ein spennande og viktig jobb!