Arkiv for mai 2011

Direktoratisering

Av Oddvar Flæte, Publisert måndag 23. mai 2011

På 1990-tallet auka talet på direktorat og tilsyn sterkt. I perioden 2007-2010 hadde 39 direktorat  ein vekst i årsverk på 12,8 %. Da er det ikkje teke omsyn til omorganiseringar og nye etableringar.

Wikipedia definerer eit direktorat som eit statleg forvaltningsorgan som har myndigheitsoppgåver med heile landet som verkefelt. Alle tilsynsorgan blir rekna som direktorat.

Stortinget sine drøftingar og vedtak går først til departementa før det i mange tilfelle går vidare til eit direktorat. Direktoratet skal i si faglege rolle utvikle, forvalte og formidle kunnskapen om sitt fagområde/fagfelt.

Eit direktorat vil aldri makte å ha oversyn over lokale forhold. Derfor vil dei oftast stå for standardisering, forskrifter og reglar. Dei er eit mellomledd med mykje makt og tolking. Dei er opptekne av styring, risikovurdering og avviksrapportering. Og som mellomledd sklir dei ofte unna ålmenta sitt fokus.

Direktorata blir fagleg sterke på sine område. Men dei har verken som oppgåve å ivareta heilskapssyn eller ta særlege regionale omsyn. Tunellsynet gir utfordringar nedover til fylkesnivået og kommunesektoren.

Eg trur direktoratiseringa bør stanse opp. Fleire oppgåver bør gå direkte frå departement til dei regionale statlege ledda. Oppgåver som mange av direktorata har, bør overførast til fylka. Fylkesmannen skal gjennomføre dei vedtak som Storting og regjering fastset. Fylkesmannen skal utvise skjønn, men skal også halde seg innanfor den ramma som blir gitt. Eg meiner at oppgåver også bør overførast direkte til fylkeskommunane slik at dei reelt kan fungere som utviklingsaktør.

I mine 17 år som fylkesmann har vi fire gonger vore gjennom omfattande utgreiingar om fylkesnivået. Eg saknar eit tilsvarande skarpt lys på direktorata.

Ei undersøking som Difi la fram i vår tok føre seg Utdanningsdirektoratet si styring av Fylkesmannen. Det går fram av denne at det er ulikt detaljeringsnivå mellom sektorane i styringa, noko som blir stadfesta i ei undersøking gjort av NIBR i 2009.

NIBR meiner det førekjem ein viss konkurranse mellom sektorkreftene ”for å sikre sin styringslinje og sin krone helt ut”. Det blir hevda at denne utviklinga bidreg til auka detaljstyring av Fylkesmannen og i neste omgang kommunesektoren.

Fylkesmannen skal vere både sektormynde og samordnar av statlege føringar. Handlingsrommet til ein fylkesmann er likevel sterkt avgrensa. Berre innan miljøsektoren er det 70 sider med generell styringsinformasjon og 15 nye sider som er fylkesspesifikke.

Direktorata og tilsyna sin vekst fremjar verken ein god dialog mellom Stortinget og innbyggjarane eller kommunane. I Norge er vi opptekne av at kommunane skal vere ein grunnpilar i folkestyret. I dag står kommunane for mykje av gjennomføringa av det Stortinget fastset. Men ein god dialog føreset også at stat og kommunar behandlar kvarandre med respekt og med likeverd som mål. Og at gjensidig tillit får større fokus enn kontroll.

Fylkesmennene kan vere ein skilnad. Eit aktivt samspel med ein utviklingsorientert fylkeskommune kan vere ein skilnad. Desse to i aktivt samspel vil vere ein vinn-vinn-situasjon for eit fylke.

På kommunekonferansen i Balestrand den 30. mai vil nett balansen mellom statleg styring og kommunalt sjølvstyre stå sentralt. Kommunalministeren, KS-direktøren og rådmannen i Flora vil utfordre oss til felles tenking.

Nordavind frå alle kantar?

Av Haavard Stensvand, Publisert torsdag 12. mai 2011

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) presenterte nyleg ein rapport om “det nasjonale risikobildet”.

Dei fleste tema som vert omtalt er veldig aktuelle for vårt fylke òg. Naturhendingar er gitt brei merksemd, og Sogn og Fjordane har gjennom tida hatt sin del av ekstremvêr og skred. Klimaendringane gir all grunn til å tru at det i framtida oftare vert dagar med sterk nedbør, som igjen vil gi auka problem med t.d. flaumar og jordskred. Andre tema som er omtalt i rapporten har vi òg erfaringar med. Eksplosjonen ved Vest Tank i 2007 er nemnt spesielt.

Direktør Jon A. Lea i DSB presiserer at rapporten syner kva som kan skje i Noreg, ikkje kva som vil skje. Det kan vere ei nyttig påminning. Det er ein fare for at vi som arbeider med samfunnstryggleik vert litt blenda av kor utsett samfunnet kan vere i gitte situasjonar. Når arbeidskvardagen handlar om å tenkje på fare for skred, flaumar, straumbort og ulykker, kan det vere lett å verte som Kjell Aukrust sin Ludvik. Aukrust omtalar figuren som “personleg pessimist” og hans bodskap til omverda er alltid “Det er fali’ det!”.

Vi lever i eit alt for trygt samfunn til å kunne late tanken på det farlege få øydeleggje kvardagen. Det er likevel viktig å ta på alvor tilrådingane som rapporten kjem med. På viktige område går det an å gjere val som bidreg til å redusere risiko, eller omfanget av skaden dersom ei hending skulle skje. God arealplanlegging og rett dimensjonering vil vere viktige tiltak for å gjere lokalsamfunn meir robuste i møtet med ulike påkjenningar. Beredskapsplanlegging og system for varsling er døme på tiltak som kan redusere negative konsekvensar.

På dei fleste område har kommunane ei sentral rolle med både førebygging og beredskap. Fylkesmannen har for nokre dagar sidan skrive til naudetatane og Statens vegvesen, og minna dei på kommunane si viktige rolle når det skjer alvorlege hendingar. Vi har peika på at det difor er viktig å varsle kommuneleiinga tidleg når noko skjer. Kommunane må på si side syte for å ha interne rutinar for varsling til leiinga frå sine eigne operative mannskap, t.d. i brannvesenet, legekontoret eller teknisk vakt. Kommuneleiinga må få høve å skaffe seg god oversikt tidleg, og til å setje i verk nødvendige tiltak.

Den før omtalte Ludvik er i følgje Aukrust “ … et B-menneske med utpreget høysnue og tydelig angst for gjennomgripende forandringer”. Ein kommune med ein velfungerande beredskap vil bidra til å ta bort mykje av grunnlaget for Ludvik og alle andre sin redsel. Det er for mange andre viktige ting å bruke tida si på enn å vere redd. Ludvik er t.d. svært glad om blomar, og syter samvitsfullt for at dei får nok vatn på varme dagar. Med full sommarvarme allereie i mai er nok det noko fleire enn han bør drive med, sjølv om det kan gi litt rennande nase.

Best i verda

Av Christian Rekkedal, Publisert sundag 1. mai 2011

Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane har som visjon at vi skal utvikle Berekraftige naturopplevingar i verdsklasse. Planen har tre hovudmål; auka verdiskaping, auke i tal gjestedøgn og altså eit meir berekraftig reiseliv. Oppfølginga av planen skal skje i nært samarbeid mellom Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Fylkesmannen, og underteikna har fått oppdraget med å leie arbeidsgruppa som skal sjå på berekrafta. Eg har ein mistanke om at det ikkje blir lett, og lurer også på kor godt dette er forankra i reiselivsnæringa.

At vi har eit reiselivsprodukt i verdsklasse har vi høyrt om tidlegare, ikkje minst gjennom kåringa til National Geographic, og det blir brukt mykje pengar på å lokke turistar frå fjerne himmelstrok hit til fjordfylket. Men visjonen er altså at vi fram til 2025 skal utvikle dette til også å vere berekraftig både globalt og lokalt. Med tradisjonell tankegang med hovudfokus på flest mogeleg kjøpekraftige utlendingar (og dei fleste rike kjem etter kvart frå Kina og andre fjerne land), blir berekraftmålsettinga ikkje lett å oppfylle. Det gir assosiasjonar til svanemerka BMW, økologiske grønsaker flyborne frå Sør-Amerika og andre innebygde motsetningar.

Men viss vi fokuserer meir på innhaldet i reiselivsprodukta, kan det opne seg nye perspektiv. Når målet er fleire gjestedøgn så treng ein kanskje ikkje få hit mange fleire turistar viss vi får dei som kjem hit til å bli her eit døgn lenger. Landsgjennomsnittet på opphald er 1,7 døgn, medan turistane i gjennomsnitt oppheld seg berre 1,4 døgn her i fylket. Dei reisande reiser altså raskare i rurale strok enn i byane. Kan det ha samanheng med tilrettelegginga av dei store turiststraumane? Diverse rundreiser av typen ”Norway in a nutshell” med utgangspunkt i Bergen og Oslo (eller ein cruisebåt) og der fylket vårt blir meir kulisse frå eit bussvindauge enn ein plass for aktivitet og opplevingar ? I verste fall blir vi med på pakkedugnaden medan kassaapparatet står i byen.

Vi må spele meir aktivt på dei unike opplevingane som finst i fylket, og gjennom tettare marknadsføring og samarbeid få dei reisande til å bli eit døgn ekstra. Opplev Sognefjorden på NRK gav oss til dels skræmande stunt, som er og skal vere for ein liten elite av ekstremsportutøvarar. Men det synte også at her er unik natur tilgjengeleg for folk flest og med lokal mat frå fjorden og småbruka på land. Ein treng ikkje vere ekstrem for å få oppleve ekstrem natur eller få ei kjensle av å ha opplevd noko stort på nært hald. Eg har til dømes hatt stor glede av å stoppe i Romsdalen og sjå på klatrerutene i Trollveggen, i trygg avstand nede i dalbotnen. Det same kan seiast om kjensla ved korte fotturar, unike kulturopplevingar, å sjå og høyre om historiske bygningar eller få god naturinformasjonen på bresentra.

Vi må tore å setje oss høge mål, og kanskje er ikkje berekraftig reiseliv i verdsklasse så uoppnåeleg likevel. Men då trur eg vi må flytte fokus frå det hastige ”Norway in a nutshell” til det sunnfjordske livsmottoet om både å kunne nyte og yte, og roe ned ved å ete først.