Arkiv for april 2011

Tar kommunane og fylkeskommunen ansvar for nyutdanna lærarar?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert tysdag 12. april 2011

Det er eit stort behov for nyrekruttering til læraryrket i åra som kjem. Politikarane har sett i verk ulike tiltak i håp om å få fleire til å ønskje seg inn i læraryrket, og å få lærarane til å bli i yrket. Eitt av tiltaka er ny nivådelt grunnskulelærarutdanning, eit anna er rettleiing for nyutdanna lærarar. Sjølv om  søkjartala til utdanninga har auka mykje dei siste åra, er det framleis ei utfordring å avgrense  fråfall  både  i utdanninga og i dei første åra i yrket.

Internasjonal forsking viser oss at det første yrkesåret betyr mykje for korleis ein utviklar seg som lærar. Ein rapport frå OECD, Teachers Matter (2005), viser oss at nye lærarar treng støtte i den første fasen.  Oppfølging det første året i yrket aukar sjansen for at læraren framleis er lærar etter fem eller ti år (Guarino mfl. 2006). Denne kunnskapen bør få konsekvensar for korleis kommunen som skuleeigar legg til rette for at skulane kan ta i mot nyutdanna på ein god måte. Det blir viktig kva oppgåver dei nyutdanna får, kven dei arbeider saman med og korleis samarbeidet blir organisert og korleis rettleiing blir tilrettelagt.

Kunnskapsdepartementet og KS har inngått ein avtale om å gi eit rettleiingstilbod til alle nytilsette nyutdanna lærarar i grunnskular og vidaregåande opplæring frå hausten 2010. Partane er samde om at det er behov for systematisk rettleiing og oppfølging dei første åra i arbeidslivet. Departementet skal syte for at høgskulane tilbyr vidareutdanning i rettleiing og støtte til erfarne lærarar som skal vere rettleiarar for dei nye. Kommunane og fylkeskommunen skal syte for at dei nyutdanna får tilbod om rettleiing frå ein erfaren kollega.

Vi er no inne i første året med ordninga, og spørsmålet er om alle nytilsette nyutdanna i Sogn og Fjordane har fått tilbod om ei systematisk rettleiing som er tett på undervisninga både når det gjeld tid og stad? Den enkelte kommune/fylkeskommune avgjer sjølv korleis dei organiserer tilbodet, men det er eit arbeidsgjevaransvar å ta utgangspunkt i den nyutdanna sitt behov for rettleiing og for å organisere rettleiinga på ein god måte. Å få hjelp til å reflektere over eigen praksis vil bidra til at nyutdanna lærarar raskare kjem inn i det pedagogiske og praktiske arbeidet. Gevinsten for skuleeigar ved å ha ei god rettleiarordning vil kunne vere å rekruttere og behalde dyktige lærarar. Ei god rettleiarordning er med andre ord ei vinnarsak for alle partar i skulen. Her skal det bli spennande å følgje utviklinga i fylket!