Arkiv for mars 2011

Lokalmedisinske sentra i samhandlingsreforma

Av Per Steinar Stensland, Publisert onsdag 30. mars 2011

Det er ikkje alle pasientar som treng sentralsjukehus- eller regionsjukehusbehandling. Eit helsetilbod på eit nivå mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta vil kunne hjelpe mange pasientar med vanlege sjukdommar, og det er dette samhandlingsreforma handlar om. Reforma, som kjem ved årsskiftet, kan vere vegen fram mot ei betre kommunehelseteneste.

Ei av dei planlagte nyskapingane i samhandlingsreforma går under fleire namn: Lokalmedisinsk senter, intermediæravdeling, distriktsmedisinsk senter og sjukestove. Dette er heildøgns helseinstitusjonar som kommunane skal drive. Her skal ein kunne leggje inn pasientar før, i staden for, eller i etterkant av eit sjukehusopphald for meir avansert undersøking og behandling enn det som til vanleg blir gitt på ein sjukeheim. Tilbodet er ikkje minst aktuelt for sjuke eldre som kan få plass her for observasjon og avklaring på om dei treng sjukehusinnlegging. Ein stor del av framtidas rehabiliteringsarbeid er tenkt lagt til desse institusjonane. Summen av oppgåvene føreset tilgang på hjelpemiddel  som røntgen, CT og laboratorium. Slike einingar vil også gje høve til å desentralisere andre funksjonar.

Det er ikkje nok å setje av tre rom i tilknyting til sjukeheimen, og på den måten vise til at kommunen har skipa eit lokalmedisinsk senter. For å kunne etablere slike institusjonar trengst eit betydeleg befolkningsgrunnlag. Dei første utgreiingane foreslo minst 15-25 000 menneske som grunnlag. Fleire stader i landet ser vi at kommunar slår seg saman i vesentleg større einingar for å kunne rekruttere fagfolk og sikre robust drift. Størrelsen blir eit kompromiss mellom sikker drift og rimeleg nærleik til tenester. Kommunane i fylket bør snarast komme i gang med å planleggje berekraftige kvalitetsinstitusjonar.

Ved etablering av dette nye nivået kan det vere fare for at det oppstår gråsoner der økonomiske og ikkje medisinsk-faglege grunnar vert styrande for overføring av pasientar mellom nivåa. Kritiske suksessfaktorar i etablering av reforma er mellom anna klåre avtaler mellom kommunar og helseføretaka som sikrar pasientbehandling på fagleg rett nivå samt klåre avtaler for samarbeid mellom kommunar og helseføretak om drift av alle aktivitetane på dei lokalmedisinske sentra.

Vanlege sjukdomar er vanlegast, også hjå dei eldre. Pasientar med vanlege sjukdommar skal i framtida sleppe å alltid måtte reise til sentralsjukehus- eller regionsjukehus for å få den behandlinga dei treng. Eit rimelegare mellomnivå kan ivareta omsyn til både kvalitet og økonomi. Tidlegare var dette ansvar for helseføretaka sine lokalsjukehus. No vil styresmaktene at kommunane skal styrkje si eiga primærhelseteneste. Det er ei stor utfordring å starte planlegginga når detaljane i ordninga ikkje er vedtekne. Men reforma kjem ved årsskiftet.

Nasjonalparkane i siget

Av Nils Erling Yndesdal, Publisert torsdag 17. mars 2011

I år etablerer vi lokale nasjonalparkstyre eller verneområdestyre for alle dei fire nasjonalparkane og andre større verneområde i Sogn og Fjordane. Styra, som er politisk samansette, har ansvar for å ta vare på og forvalte dei flottaste naturjuvelane våre.

Dei fleste kjenner til områda Jotunheimen, Breheimen, Jostedalsbreen og Nærøyfjorden. Her har vi nasjonalparkar, landskapsvernområde og verdsarvområde. Styra som no vert etablert vil òg få ansvaret for meir ukjende verneområde. Mellom anna Bleia natur­reservat med den sjeldne planten urvalmuen, og Nordheimsdalen naturreservat med eit mangfald av ulike furuskogtypar. Du finn nærare omtale av verneområda på Miljøstatus for Sogn og Fjordane.

Når Noreg sine fremste utøvarar innan ekstremsport i Oppdrag Sognefjorden i beste sendetid på NRK boltrar seg i spektakulær natur, skjønar vi at dette er god reklame. Det er også god reklame for Sogn og Fjordane når verneområda våre får svært god omtale på Miljøverndepartementet sin første store nasjonalpark­konferanse for dei nye styra.

Fylkesmannen skal no tilsetje fagfolk med rett kompetanse, og desse skal leggje til rette for at ordførarar og andre politikarar kan gjere ein god jobb i nasjonalparkstyra. Fagfolka (nasjonalparkforvaltarar eller verneområdeforvaltarar) skal ha kontor nært knytt til verneområda. Førebels er det avgjort at Norsk Bremuseum i Fjærland og Rådhuset til Luster kommune i Gaupne skal få nasjonalparkforvaltarar. Eg håpar og trur at Sogn og Fjordane vil få ytterlegare tre slike stillingar, plassert rundt om i fylket.

Eg er overtydd om at dei nye forvaltarstillingane, og framfor alt dei nye styra, vil bidra til at naturskattane våre vert godt ivaretekne framover. Og eit godt samspel med dei fem – seks godt etablerte lokale naturoppsynsstillingar i fylket vil vere viktig. Oppgåvene er mange: Informasjon, skjøtsel, tilrettelegging og marknadsføring. Det vil også vere høve til å leggje til rette for verdiskaping knytt til næringsutvikling så lenge dette ikkje går ut over dei verdiane i nasjonalparkane.

Oppmodinga mi er: Sjå mulegheitene som ligg i verneområda. Sjå mulegheitene i dei lokalt forankra styra. Ver stolt av naturkvalitetane våre! Ved å forvalte naturområda våre for framtida, vil denne unike ressursen auke i verdi; eit stort ansvar og endå større mulegheiter.

Læring og tilsyn med kommunane

Av Oddvar Flæte, Publisert tysdag 8. mars 2011

Eg har bladd i gamle papir og funne ei gild  formulering frå kommuneøkonomiproposisjonen i 2001: ”En forutsetning for modernisering og effektivisering av kommunal sektor er at den statlige detaljstyringen reduseres og at kommunen blir gitt større muligheter for selvstendig prioritering og valg tilpasset lokale forhold.”

Statsvitar Øyvind Østerud som leia den store makt- og demokratiutgreiinga rundt tusenårsskiftet,  peikar på at tilsyna spelar ei stadig større rolle i forvaltninga. Endringa skjedde særlig på 1990-tallet.  – Ulike tilsyn har fått ein domstolliknande karakter der dei tolkar eit lovverk, sier Østerud. Og han legg til: – Der politikarane før dreiv med direkte styring, er det nå dei statlege tilsyna som har fått ein viktigare rolle.

Fylkesmannen  rapporterer til tolv departement og fleire direktorat og tilsyn. Der blir det lagt auka vekt på tilsyn – dei fleste i høve kommunale organisasjonar. I 2010 har vi utført 100 tilsyn retta mot det kommunale systemet. Metodikken som blir nytta er ulik.

Eg er oppteken av at tilsyn skal bidra til læring og endring hos tenesteytarane. Gode læringsprosessar handlar om mål, korrigering, rettleiing og ros. Det er få som trur at påpeiking av avvik åleine gir varig læring. Eg trur modernisering og effektivisering av kommunal sektor handlar om medvitne og lærande organisasjonar. Men det startar hos dei folkevalde. Det er dei som lagar lovene, gir høve til forskriftsstyring, krev tilsyn og vektlegg avvik.  Og det er dei som burde prioritere og seie kva dei vil vere opptekne av i si oppfølging.

Men noko blir borte på vegen frå Storting via departement via direktorat og/eller tilsyn via fylkesmenn til kommunane. Sjølve lærings- og utviklingsprosessen blir på vegen avløyst av eit fokus på å finne avvik. Direktorat og tilsyn er i mindre grad opptekne av korleis vi som underliggande organisasjonar skal bli betre. Dei er opptekne av styring, risikovurdering, rapportering  og at dei kan syte for å møte kritikk med avviksrapportering.

Den normative modellen fungerer truleg i avgrensa grad.   Eg trur ikkje Stortinget primært er opptekne av avvik. Eg trur Stortinget er meir opptekne av  at forvaltninga er lærande organisasjonar.

Eg trur både folkevalde, stat og kommune bør ha læring som rettesnor. Det er  forbetring som gir framgang og utvikling. Eg trur vi kunne ha redusert den statlege detaljstyringa ved at kommunane blir gitt større mulegheiter for sjølvstendig prioritering og val tilpassa lokale forhold. Eg trur det er for mange direktorat og tilsyn som utviklar tunnelsyn for sine fagområde. Heilskapssynet som både Storting og regjering skal stå for, har skrinne vilkår i eit direktorat.

Truleg ville kommunane fungere betre som tenesteleverandørar om vi fekk bidra meir til rettleiing og fornying enn kontroll og tilsyn. I det minste burde alle tilsyn ha høve til samstundes å gi rettleiing.

Da kunne vi markere 10-årsjubileet for kommuneøkonomiproposisjonen med: Ja, offentleg sektor vil stå fram også som ein lærande organisasjon!

Mobbing – skule- eller samfunnsproblem?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert torsdag 3. mars 2011

Eit læringsmiljø som fremjar helse, trivsel og læring står høgt på den nasjonale politiske dagsordenen. Regjeringa har difor i samarbeid med interesseorganisasjonar og partar i arbeidslivet vedteke eit nytt manifest mot mobbing for perioden 2011-2014. Målet er at alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. Kunnskapsministeren oppmodar alle ordførarane i landet om å vedta eit lokalt manifest for å styrkje  forplikting og engasjement.

Mobbing er ikkje berre eit skuleproblem. Vedvarande negativ eller vondsinna åtferd kan finne alle stader der menneske samlast og ikkje har klare normer for respektfull og inkluderande åtferd. Ubalanse i styrkjeforhold både fysisk og psykisk kan leggje grunnlag for trakassering og krenkjande ord og handlingar. Det er særleg alvorleg når dette rammar barn og unge som i mindre grad enn vaksne kan forsvare sine interesser og sin integritet. Vi veit at krenkjande åtferd kan redusere mennesket si oppleving av verdi og dermed skade utviklinga av ei positiv sjølvkjensle.

Vi har alle eit ansvar for å seie ifrå og stoppe mobbing når vi ser eller høyrer om dette. Eit særleg ansvar har dei som til dagleg arbeider i skular og barnehagar og bidreg i fritidsaktivitetar. Vi har framleis utfordringar når over fem prosent av elevane seier at dei blir mobba éin eller fleire gongar i veka. Det er likevel slik at det viktigaste og vanskelegaste arbeidet er å førebyggje mobbing. Her må skulane og barnehagane arbeide systematisk og langsiktig for å skape eit klima prega av respekt og inkludering. Dette handlar om å skape læringsmiljø der alle opplever meistring og der alle får delta i samhandling og aktivitetar som styrkjer evna til omsorg og empati. Ifølgje den generelle delen av læreplanen er sluttmålet for opplæringa  å oppmuntre den einskilde til å realisere seg sjølv på måtar som kjem fellesskapet til gode – å fostre til menneskelegdom for eit samfunn i utvikling.

Det er mitt ønske at alle ordførarane i Sogn og Fjordane engasjerer seg i dette arbeidet i samarbeid med dei som til dagleg har ansvar for at barn og unge. Fylkesmannen vil som ein del av dette viktige arbeidet også i år føre tilsyn med at skulane driv eit godt førebyggjande arbeid, stoppar krenkjande ord og handlingar og samarbeider godt med elevar og føresette gjennom  til dømes rådsorgana i skulane. Det er kommunane som må syte for at dette blir gjort på ein forsvarleg måte, og til hjelp i dette arbeidet har Utdanningsdirektoratet mellom anna laga ein rettleiar i arbeidet mot mobbing og definert kjenneteikn på eit godt læringsmiljø.