Arkiv for februar 2011

Trehundremeterskogen – bra for helsa!

Av Merete Larsmon, Publisert måndag 21. februar 2011

Landbruksareal er viktig for helsa, melder Landbruks- og matdepartementet. Naturen som treningsarena betyr meir for fleire.

Nasjonalt råd for fysisk aktivitet har fått kartlagt aktivitetsprofilen til befolkninga og konkluderer med at landbruksareala våre er viktigare for folkehelsa  enn nokosinne.

Areal som landbruket forvaltar, har gjennom lang tid blitt utvikla og ligg vel til rette for fysisk aktivitet og friluftsliv nettopp fordi desse areala ligg i randsona der folk likar å ferdast, og fordi det er so langt dei kan nå i løpet av ein trimtur i kvardagen. Landbruket kan sjølv medverke ved å merkje og rydde stiar, ridestiar og skogstell der folk ferdast, og bruke av midlar som blir forvalta av kommunane til dette arbeidet. Turar i skog og mark er det viktigaste lågterskeltiltaket for betring av folkehelsa. Tiltak her vil soleis ha størst effekt på sikt. Undersøkingar viser at  helsa til dei som har eit grøntområde innafor ein avstand på 300 meter er betre enn helsa til dei som bur i større avstand til grøntområde. Det går ei ny grense ved ein kilometer. Dette er kjernefunn i ei stor undersøking ved Københavns Landbruksuniversitet utført av Ulrikka Stigsdottir. Undersøkinga kan nok overførast til norske tilhøve og til og med til trivselsfylket vårt, tør eg påstå. Sidan 2007 bur det fleire menneske i byane enn i distrikta.

Det er nedslåande når kartlegginga til Nasjonalt råd for fysisk aktivitet viser at den fysiske forma går ned og gjennomsnittsvekta går opp! Fysisk aktivitet i fritida har auka, men framleis er ein fjerdedel av Noregs folk  inaktive. Dei mest aktive er menn, kvinner og menn med høg utdanning og høgare løn. Vel ein fjerdedel stettar dei minimumstilrådingane til fysisk aktivitet. Det er soleis mest å hente ved at dei moderat aktive blir meir aktive og at dei inaktive kjem i aktivitet. Tendensen er at fysisk aktivitet i stadig større omfang finn stad utanfor idretten sine anlegg og organisasjonar. Auka utvikling av lågterskeltilbod som tursti/turløype, privat helsestudio/treningssenter, vekt-/styrketreningsrom og lysløype vil ha mykje større effekt på folkehelsa enn det å byggje fleire spesialanlegg for dei få. Det er spesielt viktig å ta innover seg kva tilbod ei stadig eldre folkegruppe treng for å få god helse. Nærnaturen må få høgare status i helsearbeidet, og her har landbruket ei viktig oppgåve å leggje til rette i lag med riktig samarbeidspartnarar – til felles beste!

Trygge tenester – også i dårleg ver

Av Haavard Stensvand, Publisert onsdag 16. februar 2011

Diskusjonane om det framtidige tilbodet i spesialisthelsetenesta rasar som aldri før. I nokre tilfelle kan både argumenta og engasjementet tyde på standpunkta er basert like mykje på kjensler som på fornuft og realitetar. Det er vel heller ikkje til å unngå når temaet er organiseringa av ei offentleg teneste som i ytste konsekvens handlar om liv og død.

Diskusjonane om organiseringa av helsetenestene i kommunane har så langt hatt eit mykje lågare støynivå. Dette kan kanskje endre seg noko etter kvart som arbeidet med å gjennomføre samhandlingsreforma går framover.

Kommunane har ansvar for gode og forsvarlege helse- og sosialtenester til alle som treng det, uavhengig av alder og diagnose. Rammevilkåra er ulike frå ein kommune til ein annan. Det er t.d. variasjonar i kommuneøkonomien, og for nokre kommunar kan store avstandar gjere det ekstra utfordrande å yte gode nok tenester.

I delar av året vil vêret òg gi ekstra utfordringar for helse- og sosialtenestene. Det er difor nødvendig at kommunane har tenkt gjennom korleis tilbodet innan t.d. pleie og omsorg  skal kunne oppretthaldast òg på dagar med sterkt snøfall, stor skredfare, vegstengingar og brot på forsyninga av kraft og teletenester. Helse- og sosialberedskapslova pålegg kommunane å analysere kor sårbare tenestene er for t.d. uvêr. Med bakgrunn i slike analysar må det så gjennomførast førebyggjande tiltak som kan gjere tenestene mindre utsette og meir robuste.

I ein del tilfelle er det ikkje mogleg å førebyggje at ei hending skjer, eller å hindre at følgjene kan verte store. Difor er det nødvendig at kommunane har ein beredskap for korleis ulike situasjonar skal handterast, og at det er øvd på dette.

I ei undersøking som Fylkesmannen har gjort i vinter ser vi t.d. at det er ein del kommunar som ikkje har nødstraumsforsyning på alders- og sjukeheimen. Ut frå resultatet av undersøkinga meiner vi og at planane for å handtere straumbrot i helse- og sosialtenestene ikkje er gode nok i ein del kommunar.

Vi håpar og trur at konferansen som Fylkesmannen og Helsedirektoratet har invitert til denne veka kan vere eit steg på vegen til å betre på dette. Liv og helse skal vernast og sosiale tenester skal oppretthaldast på både godvêrsdagar og når storm og nedbør slår til. Det kan det kanskje vere på sin plass at vi frå tid til annan minner kvarandre om. I sin ytste konsekvens handlar jo òg kommunale tenester om liv og død.

Løva og lammet

Av Christian Rekkedal, Publisert tysdag 1. februar 2011

Her i fylket var det ca. 200 000 sau og lam på beite siste sommar, og statistikken viser at ca. 10 000 av dei ikkje kom heim att i haust. På landsplan er det tilsvarande talet kring 1,9 millionar sau og lam på utmarksbeite og ca. 120 000 av desse dauda. Dette er eit altfor høgt tapstal, både for dyrevelferd og driftsøkonomi.

Dei siste åra har eg leia styringsgruppa i eit nasjonalt beiteprosjekt der vi samlar kunnskap om tapsårsaker og prøver ut ulike tiltak for å redusere beitetapa. Det har vore mest fokus på elektronisk overvaking ved hjelp av radiobjøller, men vi har erfart at tapsårsakene er komplekse. Dei freda rovdyra har fått mest merksemd, og er også det som skaper dei skarpaste diskusjonane i media. Men forklaringa er meir samansett. Av desse 120 000 tapte dyra vart det søkt om rovvilterstatning på ca. 53 000, og det vart dokumentert eller sannsynleggjort at freda rovvilt var skuld i tapet av om lag 33 000 dyr. Dette er eit høgt tal og rovviltproblema skal ikkje bagatelliserast, men dei fleste beitedyra døyr altså av andre årsaker.

Her i fylket er freda rovvilt stort sett observert i indre Sogn, men vi har til dels like store prosentvise tap i midtre og ytre delar av fylket. Beitelaga melder til dømes om problem med flått, rev, flugemakk, sjukdom og laushundar. Vi ser også at det er stor variasjon mellom beiteområde med like vilkår, mellom besetningar i same område, og delvis er det samanfall mellom høge beitetap og låg slaktekvalitet. Alt dette tyder på at vi kan redusere tapa ved å auke den totale kvaliteten i sauehaldet. Vi har i samarbeid med beitenæringa laga ein strategi for å redusere tap av lam på utmarksbeite. Hovudgrepet er å analysere tapsårsakene i det enkelte området og på det enkelte gardsbruk, og sette inn tiltak deretter. I dette arbeidet er det også viktig å involvere veterinærkunnskapen i Mattilsynet, kombinert med god agronomi og godt dyrestell.

Den konkrete og årsaksbaserte tilnærmingsmåten vår vart godt motteken på ein nasjonal  beitekonferanse. Der fekk vi også høyre om diverse måtar å styre beitedyra og rovdyra bort frå kvarandre i ”tid og rom”, og om at det no blir forska meir på flåttborne sjukdomar på sau og lam. Ingen av desse løysingane på store beitetap er enkle å gjennomføre på kort tid. Eit grunnleggande vilkår er dessutan at dei ulike interessene i beitebruks- og rovvildebatten finn ein arena for sakleg diskusjon og samhandling. Mi erfaring er at dette går fint så lenge vi alle aksepterer at norsk natur må ha plass til både rovvilt og beitedyr, og vi kan konsentrere oss om å finne praktiske løysingar. Løva og lammet kan neppe leve saman i harmoni, men ulike interesser kan lære seg å leve saman.