Arkiv for oktober 2010

Budsjett og økonomiplanar – innbyggjarane sitt engasjement

Av Kåre Træen, Publisert fredag 22. oktober 2010

Kommunen skal kvart år vedta eit budsjett og rullere ein fireårig økonomiplan. Dette er heimla i kommunelova. Forskrifter  for budsjettarbeidet har minimumskrav om økonomisk informasjon, informasjon som m.a. skal ut til innbyggjarane. Økonomiplanen har ikkje tilsvarande forskriftskrav, og kommunane står dermed noko friare i utforming av sine dokument.

For tenester som skule, omsorg, barnehage er det særlover som regulerer korleis innbyggjarane skal varslast og involverast i større enkeltsaker. Men betyr det at budsjett- og økonomiplanarbeidet er mindre viktig for innbyggjarane? Slett ikkje! Det er i prosessen fram mot vedtak i budsjett og økonomiplanar det blir gjort endringar og (om)prioriteringar i tenestene til deg og meg. Dokumenta i plan- og budsjettarbeidet gjev rammer og er i stor grad styrande for tenestenivået dei nærmaste åra.

Formannskapet sitt forslag til budsjett og økonomiplan skal leggjast ut til offentleg gjennomsyn i 14 dagar før saka går til kommunestyret. Bakgrunnen for dette er at innbyggjarane skal kunne kome med innspel og merknader før kommunestyret behandlar og gjer vedtek. Fylkesmannen går gjennom budsjett og økonomiplanar for alle kommunane i fylket, og gjennomgangen viser at det er store forskjellar i korleis kommunane gjev og framstiller informasjon til innbyggjarane. Slik må det til ei viss grad også vere, for det er ikkje eit mål eller krav at kommunane skal ha lik utforming av dokumenta.

Ei kartlegging av tal innspel og merknader som kommunane fekk for budsjett 2010 og økonomiplan 2010 – 2013 viser at talet ikkje er høgt. Til saman 115 innspel  fordelt på 26 kommunar, gjev eit snitt på 4,4 innspel per kommune. Lag og organisasjonar var dei klart mest aktive, deretter selskap/verksemder og til sist privatpersonar. Denne rekkjefølgja er ikkje overraskande, ettersom innspel knytt til visse type saker kan vere vanskelege å fremje som privatperson.

Ein uformell leik med tal viser at kommunane her i fylket av sine inntekter fordeler nesten 7 milliardar kroner til drift av administrasjon og tenester til innbyggjarane. For kvart budsjett og økonomiplan blir det gjort endringar  som påverkar tenestene til innbyggjarane. Kvifor er det då slik at kvar kommune i snitt får inn berre ei handfull innspel i dette viktige arbeidet? Er det vi som innbyggjarar som ikkje forstår at det er i budsjettarbeidet vi må komme på bana, eller er det kommunane som skriv dokumenta på ein slik måte at vanlege innbyggjarar melder pass? Og kva tykkjer politikarane om at det er så langt mellom innspela i dette viktige arbeidet?

Sikkert og spennande?

Av Haavard Stensvand, Publisert måndag 11. oktober 2010

Valkampen framfor kommune- og fylkestingsvalet nærmar seg. Det skal nok mykje til for at ikkje samferdsle, helse, skular og eldreomsorg vert viktige valkampsaker. Samfunnstryggleik vert ganske sikkert ikkje det.

Kanskje det burde vere annleis? Ikkje det at eg reknar med at nokon vert ordførar fordi han eller ho har tankar om korleis den nye beredskapsplanen for kommunen skal vere. Eller korleis ein risikoanalyse for eit aktuelt bustadområde kan lagast. Men kanskje tryggleik likevel fortener større plass. Ikkje minst som eit viktig argument når vi skal få folk til å kome til oss, anten det er som nye innbyggjarar eller turistar.

Tryggleik er eit grunnleggjande behov hjå alle menneske. Vi må ha ei visse for at vi ikkje vert slått ned når vi er ute, at huset vi bur i ikkje er ei brannfelle, at det ikkje vil gå snøskred når vi skal på skitur osb. Det er ikkje lett å vite om den opplevde tryggleiken alltid er den same som den faktiske. Det er uansett opplevinga som er avgjerande for livskvaliteten.

For ein innbyggjar i Detroit eller St. Louis som tenkjer seg utanlands, kan kanskje håpet om å sleppe å oppleve kriminalitet vere det avgjerande argumentet for å leggje ferien til Sogn og Fjordane. Ingen kan garantere at det ikkje skjer vedkomande noko her òg. Men vi må kunne ha lov til å seie at sjansen ikkje er så stor i eit fylke som berre har ein tredel så mange lovbrot som i Oslo, rekna per 1000 innbyggjarar.

Kommunane har fått eit mykje tydelegare krav på seg om å jobbe med samfunnstryggleik. Endringane i den såkalla sivilbeskyttelseslova pålegg dei å gjere analysar av risiko og sårbarheit. Dei skal og lage ein strategi for oppfølging av funna, m.a. korleis risiko kan førebyggjast.  Det kan t.d. handle om å redusere faren for skred i eit bustadområde, eller å planleggje for korleis pleie- og omsorgstenesta skal kunne fungere om straumen vert borte under eit uvêr.

Kanskje fylket skal prøve å verte best her òg? Vi ser at innbyggjarane er flinke til å førebyggje at det skjer uønskte hendingar. Brannstatistikken viser t.d. at det er berre halvparten så mange bustadbrannar i Sogn og Fjordane som i Aust-Agder, mens folketalet er om lag likt.  Og Aust-Agder peikar seg ikkje spesielt dårleg ut samanlikna med alle dei andre fylka.

Når den enkelte får til å gjere sitt nærmiljø tryggare, bør det vere ei spennande oppgåve å gjere det same med fellesmiljøet.  Og så kan kanskje slagordet som skal selje fylket verte ”Sogn og Fjordane – sikkert og spennande”?

Portalsykja

Av Anne Karin Hamre, Publisert fredag 1. oktober 2010

På same måte som det finst eit nasjonalt kompetansesenter for mangt og mykje, har vi fått ein jungel av offenlege portalar og nettstader. Bakgrunnen er nok eit oppriktig ønske om å gjere offentleg informasjon enklare tilgjengeleg for folk, men eg er ikkje sikker på om ressursbruk og resultat står i stil med intensjonane.

Siste skot på stamma er www.evalueringsportalen.no. Det er Senter for statlig økonomistyring (SSØ) som skal opprette denne tenesta før nyttår. Fylkesmennene har saman med andre statlege verksemder fått brev frå SSØ med pålegg om å grave djupt i arkiva våre etter evalueringsrapportar. Alle evalueringar vi har bestilt sidan 2005, og dei viktigaste sidan 1994. For kvar rapport skal det registrerast opplysningar i eit skjema som inneheld 18 punkt, inkludert ei oppsummering av rapporten. Sidan våre evalueringar kan vere arkiverte under andre overskrifter enn ”evaluering”, inneber dette at mange fagfolk med lang fartstid i organisasjonen må i sving med å leite fram rapportar i tillegg til arkivpersonalet. Dette oppdraget kjem i tillegg til eit utal rapporteringskrav og spørjegranskingar frå sentrale statlege institusjonar.

Samstundes strevar vi med å få nok ressursar til kjerneoppgåvene våre, som mellom anna  handlar om rettstryggleiken til folk. Som tilsyn i barnevernet, klagesaker innan skule, helse og sosial og fri rettshjelpssaker. Og vi strevar med balansen mellom løpande saksbehandling og nok tid til å gjennomføre den rettleiinga og opplæringa som kommunane etterspør i plansaker, kommunalrett og økonomiforvaltning.

Eg trur evalueringsportalen og liknande tenester som baserer seg på at mange verksemder skal levere innhald, får store utfordringar med å skape eit komplett oversyn og å halde tenesta levande. Svært mange av dei rapportane evalueringsportalen etterspør, er nok alt publiserte på nettet. Skal det offentlege klare å balansere informasjonsoppgåvene med andre viktige oppgåver, må det gjerast ein stor jobb med felles spelereglar slik at informasjon kan utvekslast på tvers av ulike nettstader. På teknisk språk heiter dette interoperabilitet, som er eitt av prinsippa for ny IKT-arkitektur i staten.

Det er Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)   som skal få oss til å jobbe etter desse prinsippa. Difi administrerer forresten ikkje mindre enn tre nettstader for offentlege innkjøp; Doffin.no, Anskaffelser.no, og Ehandel.no. Ikkje enkelt for innkjøparar som frå før har eit komplisert regelverk å orientere seg i, å halde seg oppdatert. Kanskje Difi kan starte med å rydde i eige hus?