Arkiv for september 2010

Barnevern 3

Av Oddvar Flæte, Publisert torsdag 23. september 2010

Ikkje trudde eg at eg skulle komme til å skrive tre bloggar om barnevern. Men det er faktisk tredje gongen eg må setje emnet på dagsorden. Denne bloggen er spekka med tal:

Oppsummeringa for første halvår 2010 i Sogn og Fjordane syner at fleire kommunar slit med å oppfylle fristane og har mange barn utan tiltaksplanar. I første halvår 2010 mottok 736 barn ulike former for hjelpetiltak. Det er ein auke på 68 barn i høve siste halvåret. Førde kommune toppar med 99 barn.

Totalt manglar 229 barn i fylket tiltaksplanar. Ja, dei manglar rett og slett ein plan frå kommunen for kva tiltak dei vil setje i gong! Det kom inn 383 nye meldingar dette halvåret. Meldingar om 383 barn som ikkje har det så godt som barn skal ha det.

Men kommunane svarar med 59 fristbrot – ein auke på 37 %. Og her er det Flora som toppar.

Statsbudsjettet for 2010 la til rette for 400 nye stillingar i det kommunale barnevernet. Dersom kommunane i Sogn og Fjordane hadde følgt opp, ville dette ut frå folketalet gi om lag 8 stillingar. Fylket kom samla ut med ein auke på 4,09 stillingar.

Barnevern slit med små kompetansemiljø der nærleik til brukarane ikkje berre er ein føremon. Hjå Fylkesmannen trur vi det er verd å sjå nøye på dei samarbeidsmodellane som vi finn i Hafs-området og kring Sogndal.

Sidan primo juni, har vi prøvt å stimulere Nordfjord med å løyve til saman 600.000 kroner dersom tre kommunar går saman om barnevern. Vi har lova å løyve 100.000 kroner når tre kommunar gjer vedtak om å starte opp ei utgreiing, 200.000 kroner når det er gjort vedtak om ei samarbeidsform og 300.000 kroner når samarbeidet tek til. Vi har forplikta oss til å sende pengane innan to veker etter at søknaden er komen inn og der kommunestyra stadfestar formelt at dei vil gå inn i desse prosessane.

I møte med einskildkommunar har vi understreka at det er viktig at dei har kapasitet til å følgje opp alle barn som kommunen har eit ansvar for, slik at vi ikkje får ein offentleg omsorgssvikt på toppen av vanskelege heimeforhold. Vi har informert om at Statens helsetilsyn planlegg landsomfattande tilsyn for 2011 der tilsynstemaet vil bli bortlagde undersøkingssaker. Og endeleg: I møte med kommunar har vi understreka kor viktig det er at barnehage, skule, barnevern og sosialtenesta kommuniserer godt.

Vi ønskjer å løyve midlar i heile fylket berre det er vilje til å byggje opp. Men vi treng vilje til samarbeid – til beste for barna.

God jakt!

Av Christian Rekkedal, Publisert tysdag 14. september 2010

10. september starta hjortejakta og fram til jul skal det skytast bortimot 12000 hjort her i fylket. I nokre område er det uforsvarleg mykje hjort, både av omsyn til beiteskade på eng, frukthagar og skogen, og for trafikken. Det blir i gjennomsnitt påkøyrd over ein hjort pr dag her i fylket, eit altfor høgt tal både for trafikktryggleik og dyrevelferd. Men eg vil likevel fokusere på at hjortestamma er ein svært god ressurs for både trivsel, friluftsliv, mat og næringsutvikling. Førstehands kjøtverdi av desse dyra utgjer åleine ca 40 mill kr, og legg vi til det jegerane elles kjøper av utstyr og tenester, blir omsetningsverdien langt høgre.

Landbruket og bygdene treng denne ressursen både til auka næringsinntekter og til den sosiale verdien jakta skaper. Grunneigarane har gjennom sine eigne organisasjonar arbeidd godt med å betre organisering av jaktvalda dei siste åra, og vi har støtta dette med bygdeutviklingsmidlar. Med 12000 små landbrukseigedomar har dette vore heilt nødvendig både for den lokale forvaltninga, jaktorganisering og næringsutvikling i tilknyting til jakta. Det finst no fleire godt tilrettelagt pakketilbod med overnatting, mat, jaktguiding og tilrettelagt naturoppleving for den meir betalingsvillige delen av jegerane. Dette kostar sjølvsagt flesk, men med så mange fellingsløyve bør det også vere god plass til slike eksklusive jaktpakkar. Jakt er likevel ein aktivitet som dei fleste kan delta i til ein overkommeleg pris. I mange jaktvald ynskjer dei å få med fleire jegerar, særleg yngre folk og gjerne også fleire kvinner.

Sjølv om vi bur midt i hjortefylket har det ofte vore vanskeleg å få kjøpt hjortekjøt i butikkar og restaurantar. Men fleire stadar er det no laga mindre kjøtmottak med kjølelager der skrottane kan henge til mørning, kombinert med at Mattilsynet kan sjekke og godkjenne kjøtet for sal. Hjortekjøtet blir dermed også tilgjengeleg for dei om ikkje går på jakt.

Men på eit område kan jakta blir betre; fleire av jegerane bør trene meir skyting.
Som medlem i det lokale skyttarlaget arrangerer vi skytetrening og jaktprøve for jegerar. Kravet er å plassere 5 skot innanfor ein 30 cm blink på 100 m avstand. Det burde ikkje vere vanskeleg med dagens utstyr, men litt for mange strevar og eg kan ikkje forstå anna enn at dette kan føre til unødvendig skadeskyting. Samtidig er svaret enkelt; leit fram børsa tidlegare på sommaren og tren meir. Jakt skal forgå slik at ”viltet ikke utsettes for unødige lidelser” og skal jaktturisme bli ei framtidsretta bygdenæring må dette lovkravet følgjast.

God jakt !

Klare for ny giv

Av Oddvar Flæte, Publisert torsdag 9. september 2010

Det er eitt år sidan vi kasta oss ut i dei sosiale media – utan heilt å vite om dette skulle ende som eit mageplask eller ikkje. Det har vore både interessant og lærerikt. Vi har fått både ris og ros, og før sommaren var vi framleis usikre på om vi ville halde fram eller ikkje.

No har vi tenkt oss om. Vi har jamvel fått hjelp hjå Direktoratet for forvaltning og ikt til å sortere pluss og minus. Det er ikkje mange offentlege kontor i bloggverda, difor har vi stort sett måtta gå opp løypa sjølv. I løpet av dette året har vi lagt ut 53 blogginnlegg på fylkesmannsbloggen, og til saman har vi fått 163 kommentarar til desse innlegga.  Fylkesmannsbloggen har hatt om lag 11 400 unike gjester innom, det samla talet på besøk er i underkant av 52 000, og talet på sider som er viste er over 160 000.

Det er nettopp aktiviteten på bloggen som gjer at vi vel å halde fram. Målsetjinga med bloggen vil som før vere å formidle statleg informasjon, setje dagsorden og invitere til dialog. Vi lovar ikkje at vi greier å leggje ut noko nytt kvar veke, men nytt kjem det, og vi vil veldig gjerne at omverda engasjerer seg. Faktisk vil vi slå eit slag for å halde liv i dei gode debattane! Vi ser gjerne meir engasjement frå fagmiljøa i fylket, og vi vonar at fagmiljøa ikkje er redde for å komme på bana sjølv om det aktuelle blogginnlegget vårt ligg noko tilbake i tid. Ein tredel av dei som har blogga hjå oss, melder nemleg at respons på bloggen gjorde at dei fekk eit meir nyansert syn på saka. Ønsket om dialog – eller meiningsutveksling med håp om å skape forståing og å jamne ut motsetningar – er noko vi meiner alvor med.