Arkiv for juni 2010

God sommar!

Av Oddvar Flæte, Publisert tysdag 29. juni 2010

Sommaren er endeleg her – og ferietida likeeins. Ferietid er fisketid, fjellturar, jordbær med is og lange, late dagar.

Ferietid gjer også at mange har mykje meir tid til å vere på nett, men bruk no endeleg ikkje for mykje av sommaren framfor skjermen! Fylkesmannsbloggen tek i alle fall ferie. Vi har blogga om stort og smått sidan hausten 2009, og nett no er vi i gang med å evaluere møtet vårt med sosiale medium. Når pærene mognast har vi avgjort om vi skal blogge vidare eller ikkje.

Nyt sommaren her og no – og hugs at vi er så heldige å bu i eit av verdas vakraste reisemål.

God omsorg har sin pris

Av Anne Karin Hamre, Publisert torsdag 10. juni 2010

Folk flest har høyrt om eldrebølgja. Men vi har og ein sterk auke i talet på unge brukarar av helse- og sosialtenester. Menneske som staten har definert som ”ressurskrevjande brukarar”. Eit kaldt omgrep som gir negative assosiasjonar.

For kommunane i Sogn og Fjordane vart eigendelen knytt til såkalla ressurskrevjande brukarar som kommunane får statlege tilskot til, kraftig auka på fem år. Medan eigendelen for 20 av kommunane våre var 8,8 millionar i 2005, var den auka til 22 millionar i 2009. Talet på brukarar auka frå 98 til 138 i same perioden. Når ein liten kommune får ansvar for ein brukar som krev sju-åtte tilsette og gir to-tre millionar i auka utgifter, merkast det i budsjettet.

Årsakene til auken er samansette. Betre medisinsk behandling gjer at fleire overlever sjukdom og ulukker, men må leve med funksjonshemmingar som gjer at dei treng mykje hjelp i kvardagen. I ein rapport om temaet, seier mange kommunar at dei er vortne betre til å registrere tenestemottakarar som gir utgifter over grensa som utløyser tilskot frå staten. Same rapport seier og at overgang frå familiebasert omsorg til omsorg i kommunal bustad for unge mottakarar, er årsak til auka ressursbruk i mange kommunar.

Dei som har særleg tunge omsorgsoppgåver kan søkje kommunen om omsorgsløn. Direktøren i Helsetilsynet, Lars E. Hanssen, er uroleg for at ordninga med omsorgsløn vert praktisert på ein slik måte at det går ut over rettstryggleiken for pleietrengande og pårørande. Helsetilsynet har kartlagt ordninga med omsorgsløn, og har funne store variasjonar i kommunane si praktisering. Det er særleg foreldre til funksjonshemma barn som opplever at ordninga vert handtert tilfeldig og urettvis.

Omsorgsløn er den sosiale tenesta som har flest klager. Vi har fleire saker der pårørande ynskjer å pleie sine næraste. Men lite tilbod om avlastning og avslag på omsorgsløn eller løn til så låge satsar at timebetalinga ligg langt under det ein tenåring får i sommarjobben, gjer at mange må kaste inn handkleet og overlate ansvaret til kommunen. Kommunen må gjere same jobben til ein langt høgare pris, og strevar ofte med å få tak i kvalifiserte folk.

Omsorgsløn er ingen lovfesta rett, og det er mykje opp til kommunane kvar lista skal leggjast. Men det må vere lov å stille spørsmål om ei rausare haldning både til kompensasjon for tungt omsorgsarbeid og til avlastningstilbod kan gjere kvardagen betre for mange menneske – og samstundes  spare kommunen for pengar i det lange løp?

Lovbestemte planar – ulik evne til gjennomføring

Av Oddvar Flæte, Publisert tysdag 1. juni 2010

KS, fylkeskommunen og Fylkesmannen har gått i gjennom dei ulike plankrava som kommunane har lovkrav på. I ein sluttrapport går det fram at 15 plankrav er direkte heimla i lov eller forskrift. I tillegg eksisterer det også ei rekkje indirekte forventningar og krav til at kommunane har planar innan ulike sektorar og fagområde. Ikkje overraskande syner det seg at kommunen har eit ressursproblem. Dei fleste meinar sjølve at dei har tilstrekkeleg kompetanse.

Men svært få kommunar har spisskompetanse innan alle fagområde. Dette tilseier at det er små og ressurssvake kommunar som vil ha dei største utfordringane med å følgje opp krav og forventningar frå Storting og regjering.

I sum ligg folketalet i våre 26 kommunar på drygt 107.000 – 4000 færre enn Bærum.

Tala illustrerer at kompetanse- og kapasitetsgrunnlaget i dei minste kommunane og dei største vanskeleg kan samanliknast. Skoen trykkjer dermed ikkje likt i alle landets kommunar. I alle høve dersom lovkrav og forventningar til kommunen som forvaltningsorgan legg opp til at ”one size fits all”.

Undersøkinga vår syner at kapasiteten er for liten, kvaliteten kan betrast og at det er behov for betre samarbeid og læring.

På kommunekonferansen sist veke, la Høgskulen fram ei skisse til opplæringstilbod som var godt motteken. Hovudutfordringane som var identifisert var kommunal planstrategi, prosessleiing og klimatilpassing.  Det vart trekt fram behov både for prosesskunnskap, leiaropplæring, prosjektleiing og fagspesifikke område.

Planarbeidet blir ofte neglisjert til fortrengsel for det dagelege arbeidet. Men spørsmåla bli da også hengande:

Kva skjer med samfunnsutforming og arealplanlegging i ein kommune når utarbeiding av samfunnsdel og arealdel må vike for viktige daglege gjeremål?

Kva skjer med tryggleiken og tenestetilbodet i ein kommune som må prioritere mellom utarbeiding av smittevernplan eller lokale læreplanar for opplæring?

Korleis kan ressurssvake kommunar få fram gevinsten som ligg i gode planprosessar? Og korleis kan ein sikre at detaljplanar vert utarbeidd på lik line med overordna planverk?

Det blir altså betre – Høgskulen vil tilby opplæring, kommunane vil sjå etter samarbeidsløysingar. Kommunane ser alvoret ved at dei ikkje er gode nok på plansida og vår eigen høgskule stiller opp.

Men det alvorlege spørsmålet er dette: Lagar Stortinget lover som kommunane skal effektuere og som på sikt gir ulike rettar for innbyggarane?