Arkiv for mai 2010

Eldreomsorg og asylpolitikk

Av Bjørn L. Tønnesen, Publisert tysdag 25. mai 2010

Bror min er fødd i 1937. Normalt skulle eg, eller ei eller ein med mine genar, blitt fødd rundt 1940 – 1941, men til liks med svært mange andre unge familiar fann foreldra mine ut at dei, på grunn av urolige tider og krig, fekk sjå tida litt an. Denne blandinga av storpolitikk og diskusjonar i heimen enda med at eg kom til verda i august 1944. Det var tydelegvis mange familiar som tenkte som foreldra mine, for talet på fødde var 62 241 i 1944, om lag 5000 fleire enn året før. Så gjekk det litt ned att i 1945, til jubelåret 1946 med nærare 71 000 fødde, det høgste talet så langt eg har greidd å finne statistikk for, dvs attende til 1735.Også i 1947 og 1948 kom det fleire enn normalt til verda, før det stabiliserte seg på vel 60 000 i mange år.

Dei store kulla på slutten av og like etter krigen kjem etter kvart til å banke på dørene i eldreomsorga i kommunane, og diskusjonen har alt gått i mange år om kor godt samfunnet er rusta til å ta i mot oss. No veit vi ikkje sikkert kor stort omsorgsbehovet vil bli, men ifølgje ein rapport frå Statistisk sentralbyrå blir den store utfordringa å skaffe nok helsefagarbeidarar med utdanning frå vidaregåande opplæring (hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar).

Korleis kan vi så sikre oss nok hender til å gje omsorg? For kort tid sidan hadde media oppslag der det kom fram at ein del av uføretrygdinga skuldast tap av arbeid. Er det mogleg å gje ein del av dei som mister arbeidet ei opplæring som kan gje grunnlag for arbeid i omsorgssektoren?

Dei siste åra har vi hatt stor arbeidsinnvandring, med svenskar og polakkar som dei største gruppene. Det kan vere dristig å basere seg på dette som ei løysing sidan mange land i åra framover får høg vekst i tal eldre. Men også andre innvandrargrupper er opplagt aktuelle for omsorgssektoren, på ulike nivå i hierarkiet. Særleg jentene søkjer utdanningar som helsefagarbeidar, sjukepleiar og lege.

Men så er det alle asylsøkjarane vi sender ut av landet. Ei ung afrikansk kvinne jobbar ved ein sjukeheim her i distriktet. Ho likar jobben og får gode tilbakemeldingar, men har no fått endeleg avslag på søknad om opphald og må reise i løpet av sommaren.

Mitt postulat er følgjande: Etter opprivande politiske diskusjonar blir det om 5-10 år bestemt at asylsøkjarar som er i gang med utdanning på omsorgssektoren eller som har fått arbeid, skal få opphaldsløyve. Det avgjerande argumentet viste seg å bli at vi treng alle hender som vil hjelpe oss.

Internasjonalt og nasjonalt naturmangfaldår – er vi med i Sogn og Fjordane?

Av Nils Erling Yndesdal, Publisert onsdag 19. mai 2010

Året 2010 har FN peikt ut som internasjonalt naturmangfaldår. I Noreg blir dette følgt opp av Miljøverndepartementet og m.a. Direktoratet for naturforvaltning, Statens naturoppsyn og fylkesmennene.

I naturmangfaldåret blir alle oppfordra til å samarbeide og gjennomføre gode tiltak for naturen. Auka bevisstgjering om naturmangfald kan gje betre forståing for kva som trengst for å nå nasjonale og internasjonale mål.

Verda står ifølgje ein ny rapport frå Konvensjonen for biologisk mangfald overfor dramatiske endringar dersom vi ikkje raskt lukkast med å stoppe tapet av naturmangfald.

Miljøvernminister Erik Solheim har understreka at alle nasjonar og sektorar må gjennomføre nødvendige tiltak.

I samband med FN sin internasjonale biomangfalddag torsdag 20.mai, blir det ei rekkje lokale arrangement i heile landet. Her i fylket blir det tematur med skuleelevar i den rike lindeskogen i Flostranda naturreservat i Oppstryn.  

Fylkesmannen arrangerer tidleg i juni kurs for kommunane og andre om den nye lova om forvaltning av naturens mangfald (naturmangfaldlova). Kommunane er dei viktigaste aktørane for å planleggje og forvalte natur. Miljøvernministeren har i fleire saman­hengar under­streka kor viktig det er at forvaltning av naturen blir basert på god kunnskap. Kunnskapsbasert forvaltning står også svært sentralt i den nye natur­mang­fald­lova og i plan- og bygningslova. Eg håpar difor at dei som arbeidar med planlegging, landbruk, naturforvaltning og næringsutvikling i kommunane lærer seg mest mogleg om fag og regelverk knytt til natur og naturmangfald. Det er framleis plass til fleire på kurset i Førde 1. og 2. juni!  Vi held ope for påmelding ut denne veka.

På 1990-talet fekk kommunane øyremerkte midlar frå staten til eigne miljøvernleiarar. Dei siste åra har kommunane fått desse midlane til fri disposisjon. No er det knapt ein miljøvernleiar att i Sogn og Fjordane. Fleire er uroa for om kom­mun­ane våre prioriterer miljøvern generelt, og biologisk mangfald spesielt, høgt nok. Det viktigaste er etter mi meining ikkje om kommunen har eigen miljøvernleiar eller ikkje. Men kommunen må  – anten i eigen kommune eller ved bruk av inter­kommunalt samarbeid – ha tilsette med kunnskap og kompetanse. Vidare må det setjast av tid til å bruke denne kompetansen, og politikare må gjere seg nytte av kompetansen når dei skal fatte vedtak. Eg vonar såleis at lokalpolitikarane, spesielt no i naturmang­fald­året 2010,  ser ansvaret dei har for å ta vare på naturmangfaldet i kommunen sin.

Radiobjøller som den gode hyrding?

Av Christian Rekkedal, Publisert onsdag 12. mai 2010

I Verran i Trøndelag har dei i fleire år prøvd ut elektronisk overvaking av beitedyr i utmark ved hjelp av radiobjøller. Det er ein liten dings på bjølleklaven som med jamne mellomrom sender radiosignal om kartposisjon via mobilnettet. Bonden kan dermed sjå på PC-kartet heime kvar dyra går hen, og om enkelte eventuelt ikkje har rørt seg på nokre timar. I så fall kjem det eit dødsvarsel. Beitetilsynet kan bli lettare og det blir enklare å finne att daude dyr.

I juni blir om lag 200 000 sau og lam her i fylket sendt på utmarksbeite fram til september. 10 000 av desse dyra kjem ikkje heim att, men daudar på grunn av sjukdom, fallulykker eller blir offer for rovvilt. Dette er eit altfor høgt tal både med tanke på velferda for dyra, driftsøkonomi og gardbrukarane sine sterke ynske om å ta vare på dyra sine.

Bønder som har dyr på beite, skal passe på dei gjennom beitetilsyn minst ein gong per veke. I område med store tap har ein prøvd nærmast dagleg tilsyn, utan at det har gjeve dokumentert nedgang i tapstala. Beiteområda er for store og kuperte til at ein kan sjå eller finne att alle dyra på alle tilsynsturane. Dessutan er slikt tilsyn tidkrevjande og kostbart. Det er usikkert kva som er årsaka til tapstala. Freda rovdyr kan forklare noko, men truleg ikkje meir enn 10 – 20 % av tapet. Sjukdommar som alveld, infeksjonar frå flått, flugemakk og innvollsnyltarar tek fleire husdyr på beite enn ørn, bjørn, ulv, jerv og gaupe. Men vi veit for lite om desse sjukdomane, noko som no blir følgt opp på sentralt hald gjennom forsking.

I sommar blir slike radiobjøller prøvd ut på 225 dyr i nokre beiteområde i Sogn og Fjordane, som ein del av eit nasjonalt beiteprosjekt. Føremålet er å teste utstyret i ulikt terreng, med varierande mobilforhold og prøve å kartleggje tapsårsaker. Moderne teknikk kan delvis erstatte overvakinga frå tidlegare tiders gjeting, og gje kunnskap til beste for både dyr og menneske. Men vi veit samtidig at dette ikkje er ei lettvint løysing. Det er kostbart og den samvitsfulle bonden og gode hyrdingen må framleis passe på dyra sine ved tilsynsturar i terrenget. Men teknikken kan gjere jobben lettare og meir interessant. Det å kunne sitje heime på kjøkkenet og sjå på PC-en kvar dyra beiter, samtidig som ein sjølv et frukost, er både rasjonelt og fasinerande.

Menneske og teknologi – gamal vane vond å vende

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 4. mai 2010

Fri rettshjelp er ei ordning med gratis juridisk rådgjeving og advokathjelp i samband med rettssaker. Hovudvilkåret er årsinntekt under ei viss grense, for tida 246 000 kroner for einslege og 369 000 kroner pr. husstand. Uavhengig av inntekt og formue, går det an å få fri rettshjelp i særskilte saker. Nokre døme er saker om tvangsekteskap, kvinnemishandling og i barnevernssaker for Fylkesnemnda for sosiale saker. 

Skiftande regjeringar har vore opptekne av å bruke IKT som verktøy for å effektivisere offentleg sektor. I 2005 lanserte moderniseringsministeren  eNorge2009, ein plan som den seinare fornyingsministeren overtok. Eit viktig mål var at publikum og næringsliv kunne få utført fleire tenester via nettet.

Vi tok politikarane på ordet. Ved hjelp av midlar frå Forskingsrådet og Justisdepartementet og Advokatforeninga som støttespelarar, utvikla vi ei fullelektronisk løysing for å handtere søknader og vedtak frå advokatar knytt til fri rettshjelp. Løysinga var klar i 2008, og Fornyingsdepartementet gav oss ansvaret for å drifte og vidareutvikle løysinga på vegne av alle fylkesmannsembeta. Vi har gjennomført ei rekkje kurs for advokatane, og i følgje Advokatbladet gir løysinga advokatane ein enklare kvardag. Og enda viktigare; løysinga gjer at dei som søkjer om fri rettshjelp får eit raskt svar på søknaden sin.

Etter våre vurderingar kan staten spare inntil 10 mill. kroner årleg på å ta i bruk løysinga fullt ut. Føresetnaden er då at minst 95 prosent av rettshjelpssakene vert handsama elektronisk, og at både advokatar og fylkesmannsembeta tilpassar arbeidsmåtar og rutinar til den nye ordninga. Å endre gamle arbeidsmåtar skjer ikkje over natta. I løpet av fjoråret steig talet på elektroniske saker frå 34 til 50 prosent, og vi synest det går for sakte.

Vi har føreslått for Justisdepartementet at den elektroniske løysinga vert obligatorisk for advokatar. Men har førebels ikkje fått gehør. Vi har stor forståing for at innbyggjarane må få velje om dei vil bruke internett eller brev når dei sender saker til det offentlege. Men når det handlar om saker mellom næringsaktørar og forvaltning der begge partar er vande med å bruke internett og elektroniske system, blir det vanskeleg å ta ut gevinstar når nye og gamle saksbehandlingsmåtar får lov til å leve side om side.

Skal politikarane få ein meir effektiv sektor med hjelp av IKT, er nokre gonge mild tvang det einaste rette for å få fart på sakene!