Arkiv for april 2010

Hjarteleg velkomne

Av Anne Gro Fredheim, Publisert tysdag 27. april 2010

Tretten nye statsborgarar deltok på statsborgarseremonien som Fylkesmannen arrangerte laurdag. I alt 78 nye statsborgarar var inviterte, alle desse har sidan august 2009 fått norsk statsborgarskap.  

Sogn og Fjordane treng alle som éin. Vi treng alle dei innbyggjarane vi kan få, og innvandrarar som busette seg i fylket i 2009 utgjorde faktisk bortimot halvparten av tilflyttarane til fylket. Helsinga til alle desse er ganske enkelt: Takk for at du kom! Takk, viss du vil bli verande her! 

Det er i den siste helsinga utfordringa ligg. Ingen kan skulde Sogn og Fjordane for å vere ein smeltedigel. Diverre treng ein ikkje komme særleg langvegs frå for å oppdage at det tek tid å bli skikkeleg integrert i lokalsamfunna våre. NRK fortalde i dag at Sogn og Fjordane har berre éin kommunestyrerepresentant med innvandrarbakgrunn. Det er sjølvsagt ikkje godt nok. Ansvaret ligg både hjå innvandrarane sjølve og vi som har vakse opp her.

Vi som har vakse opp her, må bli flinkare til å ta vel i mot og inkludere innvandrarar. For vi treng tankane, ideane, arbeidskrafta og mangfaldet dei nye innbyggjarane tek med seg. Dei som kjem hit, må tore å engasjere seg, tore å ta initiativ. Vi treng innbyggjarar som ser ting frå ein annan vinkel, og som stiller spørsmål ved inngrodde sanningar.

Dei 13 nye statsborgarane som deltok på seremonien i helga, har gjort Noreg til sitt land. Det tyder ikkje at dei skal gløyme verdiane og kulturen frå fødelandet sitt. Vi ber dei heller vere stolte over bakgrunnen sin, og bruke han til å skape gode, fleirkulturelle samfunn i fylket vårt. Vi treng lokalsamfunn der døra er høg og porten vid.

Korleis syte for god kvalitet i barnehagane?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert måndag 12. april 2010

Dei seinare åra har vi hatt ei omfattande barnehageutbygging. Frå 2003 til 2008 auka talet på barn som går i barnehage med nesten 30 prosent. I same periode har personalet auka med heile 40 prosent. Foreldrebetalinga er redusert med 40 prosent i kommunale barnehagar og 48 prosent i private sidan 02. Frå 2009 vart det lovfesta ein individuell rett til barnehageplass. Det har med andre ord vore ei rivande utvikling når det gjeld tilbod og pris.

Tida er no komen for å fokusere på kvaliteten av tilbodet. Stortinget vedtok nyleg meldinga  Kvalitet i barnehagen, og mange tiltak er sette i verk. Regjeringa har definert følgjande som mål for kvalitet: Sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, styrkje barnehagen som læringsarena og alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap. Barnehagen sitt personale står sentralt, og meldinga seier det så sterkt som dette: ”Personalets faglige og personlige kompetanse er barnehagens viktigste ressurs og en forutsetning for at barnehagen skal være en god arena for omsorg, lek, læring og sosial utjevning.”

Tilsette i barnehagen er ei mangfaldig gruppe samansett av førskulelærarar, personar med anna pedagogisk utdanning, personar med barne- og ungdomsarbeidarfag frå vidaregåande skule og assistentar. Styrar og pedagogisk leiar har ansvar for at den pedagogiske verksemda blir planlagt, gjennomført, dokumentert og vurdert i tråd med føringane i barnehagelova og rammeplanen.

Korleis står det så til med kompetansen? I Noreg er 33 prosent av personalet pedagogar. Dette er noko mindre enn nabolanda våre Sverige (52) og Danmark (37). Departementet ønskjer å auke delen tilsette med barnehagefagleg og barnefagleg kompetanse. Noreg er det einaste av 25 undersøkte OECD-land som verken har 50 prosent pedagogar eller 80 prosent tilsette med barnefagleg kompetanse. Skal dette kunne skje, må vi truleg gjere noko med pedagognorma i barnehagelova sjølv om dette er ei minimumsnorm,  vi må auke utdanningskapasiteten og vi må styrkje vilkåra for dei som har utdanna seg for arbeid i barnehage gjennom løns- og arbeidsvilkår, kvalitetsutvikling og rettleiing av nyutdanna.

Ei påtrengjande lokal utfordring er å fylle dei pedagogstillingane vi allereie har med kvalifisert personale. I Sogn og Fjordane i dag er ca. 12 prosent tilsette på dispensasjon. Variasjonen mellom kommunane er stor. 11 av kommunane har ingen midlertidige dispensasjonar, medan dei 15 andre varierer frå 5 til 31 prosent. Spørsmålet er om kreativiteten og innsatsen er stor nok hos barnehageeigarane. Er det umogleg å skaffe utdanna pedagogar, eller handlar det om mangel på menneskeleg og økonomisk ressursinnsats? Eg reknar ikkje med at nokon lenger meiner at alle er skikka til  å passe barn, men eg lurer likevel på om dette er eit område som fortener meir merksemd dersom barna våre skal få gode vilkår for læring og utvikling den tida dei er i barnehagen.

Få ressursar til barnevern

Av Oddvar Flæte, Publisert tysdag 6. april 2010

Etter at statsbudsjettet vart lagt fram, skreiv eg ein blogg om at ramma til kommunane var auka slik at det ville gi rom for 400 nye stillingar i barnevernet, tilsvarande  7-8 stillingar i vårt fylke.

Når vi nå har gått gjennom budsjetta til kommunane, finn vi  nedslåande resultat. Det er samla budsjettert med ein auke på 3-4 årsverk samstundes som Vik og Bremanger har reduksjonar tilsvarande 1,5 årsverk. Regjeringa si føring med å auke rammetilskotet tilsvarande 7-8 årsverk , syner at lokale prioriteringar vil det annleis.

Utviklingstrekka i vårt fylke syner ein auke i tal barnevernssaker på 64 % sidan 1997. Sakene er blitt meir tidkrevjande og meir komplekse. Tal barn i alderen 0-20 år per saksbehandlar, syner eit gjennomsnitt for vårt fylke på 580,4 medan landssnittet er 477,7.

Kommunane sitt svar på dette er at dei legg bort fleire saker. Talet har auka kraftig frå 2008 til 2009. Medan snittet på landsplan er 18 %, er det hos oss 20,3. Nokre kommunar skil seg ut: Vågsøy legg bort 53 % av sakene, Førde 46 % og Flora 34 %. Altså tre av dei største kommunane våre.

Fylkesmannen i Oslo og Akershus gjekk gjennom saker som vart lagt bort hos dei og kom til at 65,5 % av desse burde ha vore undersøkt. Rettstryggleiken til barnevernsbarn vart ikkje respektert.

Kjennemerket i vårt fylke er skepsis til samarbeid over kommunegrenser, lite samarbeid på tvers av etatane, få eller ingen meldingar frå dei som burde vere viktige samarbeidspartar som helsestasjon, barnehagar, skule og helseteneste.

Dette fylket står for ei rad med gode haldningar og verdiar. Eg trur ikkje det er slik vi ønskjer at det skal vere. Derfor får  vi i fellesskap gjere eit krafttak for å hjelpe nokre av dei svakaste i samfunnet.

Fylkesmannen vil framover auke talet på tilsyn, utfordre til samarbeid på tvers av kommunegrenser ved også å yte midlar til utgreiing  og gi bøter til dei som ikkje overheld fristar.

Ein studie basert på registerdata frå 120000 barnevernsbarn syner at det går vesentleg dårlegare med desse også som vaksne. Mykje av grunnlaget blir lagt dersom vi ikkje tek arbeidet med barna på alvor.

Slik kan vi ikkje ha det her i fylket!