Arkiv for mars 2010

Ny sesong

Av Oddvar Flæte, Publisert fredag 26. mars 2010

Sjeldan har det lege betre til rette: Direkte opprykk til eliteserien.

Alt det ytre er på plass for Sogndal. Treningstilhøve, lovande lokale spelarar, trenarar med sterk identitet til klubben – og svake treningsresultat. Det siste er eit bevis på at her tenkjer laget langsiktig. Sist forsesongen gjekk godt,  gjekk det dårleg i serien. Sogndal er i rute.

Vi trufaste bur oss på ny sesong. Billettane er sikra til ut oktober. Det er utruleg kor optimistiske vi fast betalande  er ved oppstart. Medgangssupporterane kjem først når det lir mot sommar.

Sjølv har eg ladd opp med intense studiar av strategi og taktikk. Eg har late meg blende av eit analyseverktøy som syner alt du har gjort. Ikkje eit spark kan bortforklarast. (Takk og pris for at riksrevisor Jørgen Kosmo ikkje har fått tak i verktøyet.) Og om du trudde dommaren har blingsa, så kan du med stor visse etterpå slå fast – jau, dommaren hadde rett! Etter at du har skrike og meint det motsette på sidelina.

Trenaren festar alt på tape og kjem med forklaringar og tankar som det er vanskeleg å finne når vi sit på tribuna.

Fotball er ein av dei godkjende lidenskapane. Aggresjon, fortviling, glede og jubelbrøl kjem støytvis ut på ein kamp. Det er knapt noko så mange kan identifisere seg med, som eit fotballag som vinn. Men den ekte kjærleiken kjem fram når dei taper. Det har vore nødvendig å syne den dei siste åra.

Yngve, no fotballpresident, reiv seg tidvis i håret og sukka då han kommenterte økonomien. – Vi driv ein butikk der vi er heilt avhengige av godlunet og viljen til ei gjeng med ungsauer. Det er langt på veg dei som bestemmer kva botnlina vil syne.

Og så veit vi alle at det knapt er nokon anna enn nett desse gutane som kan marknadsføre fylket vårt betre. Gløym tenketank, Nils R. Når det går godt med Sogndal, er det ein fryd å kommentere fotball i Oslo. I Bergen er dei tvisynte, gler seg med oss når det går bra eller dårleg med Brann. Og det gjer det jo vanlegvis.

Sogndal sin mest trufaste sponsor har lagt alt til rette for opprykk i år. Styreleiar Kåre Lerum i Fjærlandsvegen har lova at bompengane er borte frå 20. november – 2 veker etter at vi har spelt siste kampen i førstedivisjon.

Neste sesong kan heile fylket samlast på Campus Fosshaugane. Slik sett er denne sesongen ein formalitet! Ranheim er første offeret –  5. april på vår eiga oppvarma heimebane.

Stao no pao!

Best på elektronisk kommunikasjon

Av Solfrid Helvik, Publisert måndag 22. mars 2010

I løpet av dei siste åra har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vore pådrivar for å få utvikla ei sikker løysing for elektronisk sending av dokument mellom offentlege verksemder (Best-prosjektet). Saman med fleire leverandørar, kommunane i fylket og fylkeskommunen, har vi fått på plass ei løysing som gjer at vi sikkert og enkelt kan kommunisere elektronisk i offentleg sektor.

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud seier at ” vi må utnytte IKT sitt potensial til å effektivisere både offentlig sektor og næringslivet – slik at vi jobber smartere, lever grønnere og yter gode offentlige tjenester. For å lykkes med disse prioriteringene er det behov for en offensiv og bevisst nasjonal IKT-politikk” (les heile talen)

Når offentlege verksemder og forvaltninga skal sende sensitiv informasjon seg imellom, kan ein ikkje bruke vanleg e-post. Informasjonen må sendast elektronisk på ein så sikker måte at utanforståande ikkje kan få tak i sendingane. Ved å nytte elektronisk dokumentutveksling kan offentlege verksemder sende saker elektronisk til kvarandre på ein sikker måte. Alle sendingar blir dessutan loggførte, og vi får stadfesta at mottakar verkeleg har fått meldinga. Fordelane med dette er at vi sparer portoutgifter og arbeid på arkiva som sender og mottek posten. På denne måten sparar vi tid og miljøet. Med spart postgang vil òg sakshandsamingstida bli redusert. Slik vil denne løysinga ikkje berre komme offentleg sektor til gode, men gje miljøvinstar og betre tenester til innbyggjarane.

16 av kommunane i fylket samhandlar no med Fylkesmannen på denne måten, og fleire kommunar er snart klare til å nytte løysinga. Utfordringane har vore mange, men kommunane har stått på og heile tida ønskt å vere med på å utvikle løysinga. Det arbeidet kommunane i fylket har bidrege til, har gjeve oss ei løysing som no blir teken i bruk i offentleg sektor i heile landet. Så då kan vil vel seie at vi er best på elektronisk kommunikasjon?

Køyr debatt

Av Christian Rekkedal, Publisert måndag 15. mars 2010

Som midlertidig austaføring må eg stole på lokale media sine nettsider, pluss det vesle som kjem i riksmedia, for å følgje med i kva som skjer i Sogn og Fjordane. Sjukehusdebatten dominerer, og det er ikkje berre lekkert. Hovudfokus er striden og usemja, ikkje innhaldet i det komande helsetilbodet. Det er eigentleg ganske trist, og i desse dagar skal vi vere glade for at riksmedia ikkje bryr seg så mykje om kva som skjer der vest.  

Noko som ikkje viser att i nettmedia er landbruksdebatten. Unntaket er forslaget om å gje pinnekjøt eit beskytta norsk merke, nett som fransk champagne. Merkeleg nok er delar av kjøtbransjen ikkje interessert i dette. Dei er redde for at uekte varer ikkje lenger kan seljast som norsk pinnekjøt. Men det er nettopp skilnaden mellom ekte og uekte varer som er poenget. Det skal vere skilnad på champagne og anna musserande vin, mellom ekte italiensk raudvin og druesaft blanda med heimebrent, og mellom pinnekjøt og ”salta og tørka lammesider”.

Fredag 5. mars deltok eg på eit stort landbrukspolitisk møte i Bergen, med landbruks- og matministeren i front og over 100 deltakarar. Tema: Innhaldet i den nye stortingsmeldinga om landbruket. Signala statsråden fekk med seg, var unisone på eit punkt. ”Vi må få ei stortingsmelding med klare målsetjingar, og som ikkje sprikjer for mykje.” Men innhaldet var det naturlegvis meir usemje om. Det er stor skilnad i driftsforhold og råd frå småbrukaren i Oppstryn til bonden på Jæren, frå ei fjellbygd til ”eit lite stykke Danmark” som han sjølv formulerte det. Skal hovudfokus for landbrukspolitikken vere matproduksjon åleine, eller matproduksjon i kombinasjon med landskap, reiseliv, opplevingar og busetnad? Svaret på dette vil vere avgjerande for mange.

Det mest positive med møtet var den felles forståinga av at landbrukspolitikk som anna politikk handlar om å velje, og det å ikkje gjere konkrete val, kan vere verste valet. Vi treng ei avklaring sa ein bonde frå Vik. ”Viss de ikkje ønskjer at eg skal halde fram med 10 kyr og 30 sauer, så vil eg gjerne vite det slik at eg kan finne på noko anna.”

Ministeren gav ikkje noko svar, han kom for å lytte. Men han var tydeleg på at svaret ikkje berre kan bli å auke den økonomiske ramma. Det handlar også om å prioritere innanfor ramma.

Mat og helse, to grunnleggande vilkår for eit velorganisert samfunn. Svært ulikt, men kanskje likevel med nokre felles problemstillingar?

Køyr debatt – om innhaldet!

Tilpassing til ei endra framtid

Av Oddvar Flæte, Publisert måndag 8. mars 2010

Vi er i vårmånaden mars.  Skliande på isen bortetter vegen, grip eg meg å lengte etter lågtrykk. Regn, varme og vekst.

Ved slutten av denne unormale vinteren, sit vi og drøftar intenst innhaldet i ein NOU om klimatilpassing som skal leverast til hausten. Vi skal sjå dei lange linene – kva vil skje utover i dette hundreåret. Mykje er usikkert, men det er tydeleg at vi går mot ein varmare klode. Vi kjem visseleg til å få fleire kalde vintrar, men variasjonar i vær vil alltid vere der.

Vi trur Norge er eit relativt robust land når det gjeld klima. Men det blir likevel annleis når det uvanlege blir det normale. Vi må lære oss å planlegge under uvisse, ja, det kan jamvel bli ein premiss i samfunnsplanlegginga.

Det treng ikkje bety endring i ansvarsforhold, men det vil krevje auka kompetanse. Det vil stille krav til prioritering av økonomi. Det vil stille krav til langsiktig tenking om arealbruk. Det vil stille krav til ei ryddig arbeidsdeling. Det vil stille krav til politisk mot.

Truleg vil kommunane bli sett under sterkt press for endå betre samfunnsplanlegging. Og ein god byråkrat er ikkje i glad i uvisse som premiss.

Problema er globale, men tilpassinga vil måtte skje lokalt: Meir nedbør gir større råteskader. Meir og intenst regn krev større røyr for å få det bort. Høgare havnivå gir mindre areal. Meir skred gir mindre areal. Og meir omsyn til matjorda gir også mindre areal. Lukkeleg blir den som har god plass når det skal planleggast.

Men meir varme gir også lengre vekstsesongar. Både jord- og skogbruk vil få betre veksttilhøve samstundes som flåtten går ei lysare framtid i møte. Pollensesongen vil bli lengre.

www.nou-klimatilpassing.no handlar om å tilpasse seg ei utvikling som du ser vil akselerere. Du må ta avgjerder nå om noko du trur vil skje om 30 år. Du må jamvel bruke midlar til noko som du sjølv ikkje vil ha glede av – på kort sikt.

Maktar vi å løfte blikket?

“Alt vatn skal vere godt”

Av Gunn Helen Henne, Publisert måndag 1. mars 2010

Stort sett tek vi godt vatn som ein sjølvsagt ting i Sogn og Fjordane.  Men vatn er faktisk ein knapp ressurs i verda, sjølv om vi til vanleg ikkje merkar så mykje til akkurat det her på nedbørsrike Vestlandet.  Vi registrerer likevel at det no blir meldt om den lågaste grunnvasstanden på 30 år  langs kysten. Her har alt mange mista vassforsyninga si.

Menneska nyttar vatn til rekreasjon, drikkevatn, matlaging, vasskraft, utsleppsstad for ureining og mykje anna. Godt vatn er ei investering i framtida, også her i fylket.

Men kva er eigentleg godt vatn? Klårt og fint? Greitt å bade i? Leveleg for fisk? Og kva veit du om vatnet der du bur? Vil du dele det du veit med oss?

Vassdirektivet frå EU er fastsett som forskrift i Noreg. Målet er at ”alt vatn skal vere godt”, innan visse tidsfristar. ”Godt” viser til livet i vatnet, innhald av miljøgifter, kjemisk kvalitet, og i nokre tilfelle også om det er nok vatn att (t.d. i samband med kraftutbygging). ”Vatn” er alle elvar, innsjøar, kystvatn og grunnvatn – frå minste sildrebekken til største fossefalla, frå grunnaste badevika til djupaste fjordane.

Stryn var først ute. No skal det gjerast ein stor jobb i resten av fylket med å få oversikt over kor godt vatnet er, kva som påverkar det, og kva tiltak som kan setjast inn dersom det ikkje er godt nok i dag.

Sogn og Fjordane vart eigen vassregion frå årsskiftet, med fylkeskommunen i ei samordnande rolle. Fylkesmannen har spesielt ansvar for miljøvern- og landbruksfaglege tilhøve. Også lokale interesser vil få ei viktig rolle.

Veit du om kunstige vandringshinder for fisk, eller stader med mykje groe og grønske, dårleg lukt eller anna ”miljøgriseri” i vatn, eller har det vore store endringar i vassmiljøet lokalt i løpet av manns minne?

Vi må alle spele på lag for å få fram den kunnskapen som finst om vatnet i fylket. Dette blir grunnlaget for lokale tiltaksplanar, som vidare skal samlast i ein forvaltningsplan for vatn for heile fylket. Vi treng innspela dine for å få eit godt resultat. Det blir etter kvart mogleg å sjekke på nettet om vi har fått med oss det viktigaste.

Lokalt engasjement er viktig for å få fram det ”alle veit” som bur i området, men som kan vere ukjent for oss i miljøvernforvaltninga som arbeider med å sikre at ”alt vatn skal vere godt”.