Arkiv for februar 2010

Tid for evaluering

Av Oddvar Flæte, Publisert måndag 22. februar 2010

Sidan starten i september har 15 personar i embetet lagt ut 37 bloggar og fått 142 kommentarar. I tillegg har vi sett i gong debattar på fleire andre nettsider. Det meste har vore fagstoff som vi har forsøkt å formidle på ein noko lettare måte enn det vi elles klarer.

Men det er slett ikkje ukomplisert. Vi har fått kritikk for at vi er både synsande, politiserande og upassande. Og vi er veldig klare på at om det rokkar ved truverde til embetet, så er dette noko vi ikkje skal halde fram med. Vi har ivrige grensevakter og vi lyttar nøye til kva dei seier.

Da vi starta opp, sa vi at vi ville evaluere til sommaren. Den eksterne evalueringa av fylkesmannsbloggen skal gjennomførast av eksterne som arbeider med kommunikasjon.

Oppgåva vi gir bort, stiller m.a. spørsmåla:

- Er bloggen med på å synleggjere nasjonal politikk?

- Er bloggen med på å aktualisere viktige spørsmål i fylket?

- Syner embetet breidde i innlegga på fylkesmannsbloggen?

- Er det behov for ein overordna strategi for å nyansere biletet av embetet?

 

- Er embetet blitt betre på dialog? Kven er det vi kommuniserer med via bloggen, og kven kjem ikkje på bana?

- Kan bloggen bidra til å styrkje ytringsfridomen til den einskilde i fylket?

- Har embetet større truverde enn før, eller er truverdet vårt redusert?

- Er vi for lite positive i vår tilnærming til tema i bloggen?

 

- Speglar fylkesmannsbloggen dei oppgåvene, embetsoppdraget og den rolla fylkesmannsembetet har?

- Har sakene vi bloggar om aktualitet?

- Er embetet innanfor rammene til statens kommunikasjonspolitikk?

 

- Er det behov for rutinar for oppfølging av respons/diskusjon?

- Er det behov for retningsliner eller fleire brukartips?

- Korleis er balansen mellom blogging, twitter og heimesida til embetet?

 

- Har embetet enda opp som ”fylkessynsar”?

- Har embetet blitt politisk?

 

Kritiske spørsmål, vanskelege spørsmål. Så langt er vi det einaste embetet som bloggar og der leiinga jamvel nyttar Twitter som informasjonskanal. Kanskje det er feil, kanskje eit embete ikkje er rigga til å ta unna debattar som utviklar seg heile døgeret?

Vi ønskjer å få tilbakemeldingar, dei vi leiger inn vil ønskje det same. Dei skal gi oss ein rapport som summerer deira syn. I juni tek vi oss i alle fall ein pause med blogging.  Så vil vi vurdere tilbakemeldingane om vi bør komme tilbake til hausten.

Men fram til da: Vi køyrer på!

Kunnskap kryssar grenser

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 16. februar 2010

Hadde det ikkje vore kjekt å sitje på kafé i Jostedalen og følgje debatten i Litteraturhuset? Studere entreprenørskap ved Harvard Business School frå heimen i Stryn? Sjå dei to interessante innlegga frå konferansen i Oslo på pc-en i staden for å reise dit og oppleve at samla sett var ikkje konferansen verdt pengane og tidsbruken?

Heather Broomfield har kombinert jobb og familieliv i Leikanger med mastergradsstudiar ved Universitetet i Edinburgh. All kommunikasjon med universitetet og medstudentar har gått via nettet. I jobben hjå Innovasjon Norge leiar ho no eit forprosjekt som handlar om å ta i bruk nettet til å formidle og dele kunnskap. Det inneber å synleggjere spennande nasjonale og internasjonale studietilbod på nett, å formidle kurs og konferansar via nettet, og å leggje til rette for fleire videomøte.

Gevinstane er openberre. Vi sparer tid, pengar og miljø, og fleire får høve til å delta. Vi får fleire valmoglegheiter, auka fleksibilitet og kan enklare knyte kontaktar over landegrensene. Sjølvsagt skal vi ikkje slutte å møtast. Men mange opplever for høg reisebelastning i ein møte- og konferansetung arbeidskvardag.

No ser arbeidsgruppa i prosjektet på nasjonale og lokale tiltak som kan formidlast via nettet. Litteraturhuset, Forskingsrådet, departement, bransjeorganisasjonar og lærestader vert kontakta for å få dei til å gjere informasjon og  kunnskap meir tilgjengeleg for heile landet med hjelp av teknologien . Det same gjeld regionale arrangement. Folk skal kunne følgje med på neste presentasjonen av Næringsbarometeret og haustkonferansen til IT-forum på nettet. Kunnskap kryssar grenser vert forresten hovudtema på denne konferansen.

Kva gjer vi så her hjå Fylkesmannen? Vi har sett oss som mål å erstatte 30 fysiske møte med videomøte i år. Reisebudsjettet skal haldast på 2009-nivå. Vi skal kringkaste minst to av konferansane våre via nettet. Når kommunane ynskjer møte med oss, får dei tilbod om videokonferanse. Første planleggingsmøte for dronningbesøket i Fjaler vart gjennomført som treparts videokonferanse mellom Fjaler, Førde og Leikanger. Ordførar Arve Helle var strålande nøgd med eit effektivt møte, og at han slapp å bruke heile dagen på bilkøyring mellom Fjaler og Leikanger. Denne veka følgjer IT-medarbeidarane våre eit webinar – seminar på nett – herifrå, saman med deltakarar over heile verda. Vi ser fram til å hauste erfaringar med nye kommunikasjonsformer!

Oslo suger

Av Christian Rekkedal, Publisert måndag 8. februar 2010

Eg hospiterer for tida i den sentrale forvaltinga i hovudstaden og kan etter berre to veker på eit vis stadfeste mange sin fordommar om at Oslo suger. Eller syg som det heiter på nynorsk. Hovudstaden har ei imponerande tiltrekningskraft på folk, bedrifter og kapital frå heile landet! Eg møter enkelte som bruker halvannan time til jobb kvar veg, kvar dag, og som gjer det frivillig. Dyktige folk som kunne ha fått seg arbeid med mindre pendleavstand, men som likevel brukar 3 -4 timar av døgnet på veg til og frå arbeid. Eg undrast kvifor?

”Det er liksom her i byen det skjer”. Den store arbeidsmarknaden, jobbvariasjon, karrieremuligheiter, spennande oppgåver, kort sagt å vere i og ein del av det store sentrum.

Dette er gode svar og samtidig illustrerer det utfordringa i vår evige debatt om folketalsutviklinga i fjordfylket.

Sist veke var eg på Fylkesmannen sin stand på Framtidsfylket si karrieremesse i Oslo. Her presenterte 37 bedrifter og organisasjonar seg for 180 unge som har eller kan tenkje seg ei tilknyting til Sogn og Fjordane. Dette er både langsiktig profilering av kva jobbmuligheiter som finst i fylket, og kortsiktig rekruttering for dei som er på jakt etter folk akkurat no. Aller best fungerer det på stand når dette kan kombinerast.

Eg møtte mange unge med interesse for det som skjer i (heim)fylket, nokre på klar jakt etter jobb, andre for å sondere terrenget til ”kanskje seinare”, nokre studentar som lurte på kva fagkombinasjonar som er etterspurd her vest, og nokre heilt framande og nysgjerrige som knapt nok kjenner til fylket. Det som overraska mange, meg sjølv inkludert, er den variasjonen og til dels tyngda som finst i arbeidsmarknaden i fylket vårt. Eit av våre reklamebanner har tittelen ”Landbruk – meir enn berre Dagros”. Byt ut Landbruk med Sogn og Fjordane. Her var mellom anna teknologiske bedrifter, bank og finans, reiseliv, media, grunderar, forsking, trainee-program, og sjølvsagt offentleg tenester og forvalting.

Karrieremessa illustrerte at Framtidsfylket er noko meir enn eit slagord og ein logo. Så kanskje kan vi oppleve at også Sogn og Fjordane syg og lokkar, om ikkje anna enn ved hjelp av ein sval austavind av folk med heimlengt og/eller ønske om nye utfordringar.

Samråd om landbruk

Av Christian Rekkedal, Publisert måndag 1. februar 2010

Det skal lagast ei ny stortingsmelding om norsk landbrukspolitikk, og Landbruks- og matdepartementet inviterer til regionale samråd om landbruk. Vår sjanse til å gje ministeren gode råd frå Vestlandet er i slutten av februar i Bergen, og Vestlandet er i denne samanheng dei fire fylka frå Rogaland til Møre og Romsdal. Det blir ikkje lett å gje eit samrøystes råd frå vest, til det er utfordringane og til dels motsetningane for store.

Rogaland er det desidert tyngste jordbruksfylket i denne regionen med størst produksjon, mest vekst i produksjonen og best driftsøkonomi. Det er også det fylket i landet som får størst del av overføringane, målt per fylke, per bruk og i tillegg aukar mest. I andre enden av skalaen er Hordaland og Sogn og Fjordane; minste bruka, dårlegast driftsøkonomi og med stadig mindre del av overføringane. Landbruket er svært viktig for busetnad og sysselsetjing i mange bygder og kommunar, men den uttalte målsetjinga om levande landbruk over heile landet er under sterkt press.

Kommentator Erling Kjekstad i Nationen stiller spørsmål om kva veg norsk landbrukspolitikk vil gå: nytt opptrappingsvedtak som på 1970-talet, eller bortimot fullt frislepp av produksjon og politiske målsetjingar om å styre landbrukspolitikken ? Vi kan i denne samanheng gjerne lytte til erfarne kommentatorar i Nationen, dei har som regel innsikt og kjennskap til kva diskusjonar som går.

Mindre produksjonseiningar er forklaringa NILF gir på den på den dårlege driftsøkonomien i jordbruket på Vestlandet (minus Rogaland). Skal dette rettast opp, må ein enten overføre vesentleg meir pengar, stimulere til større gardsbruk eller kanskje ein kombinasjon. Også i landbruket ligg det altså an til ein strukturdebatt, eit ikkje ukjent tema på denne bloggsida.

Men den langsiktige utviklinga har kontinuerleg gjeve oss færre og større gardsbruk. ”Eg veit godt om det, men likar det ikkje”, som han sa predikanten som vart spurt om vindrikkinga i Kanaan. Vi har ei årleg rituell sjølvplaging ved presentasjonen av brukstala. Spørsmålet er om vi ikkje heller bør fokusere på volum, areal og sysselsetjing.

Mjølkeproduksjonen er økonomisk svært viktig for jordbruket her vest, og trass i  at tal mjølkebruk er halvert siste 12 åra, er produksjonsvolumet siste åra ganske stabilt på grunn av fylkesvise mjølkekvoter. Men gjennomsnittsbruket på ca 14 kyr burde ha vore minst dobbelt så stort for å forsvare ei ny driftsbygning, så på lang sikt har vi eit stort problem. Det vil også få konsekvensar for landets største meierianlegg på Byrkjelo med sine over 100 tilsette, og dei to gode slakteria i Loen og Førde. Dette er heilt sentrale utfordringar for landbruket på Vestlandet.

Statsråden inviterer til samråd. Kva råd skal vi gje han?