Arkiv for januar 2010

Skulenedlegging

Av Åslaug Krogsæter, Publisert måndag 25. januar 2010

Fylkesmannen har fått i oppdrag å kartleggje årsakene til skulenedlegging dei siste åra.

No skal eg ikkje forskottere kva kartleggingane kring om i landet vil avdekkje, men eg trur vi vil få ein god del svar som peikar på samansette årsaker. Dårleg økonomi gjer at mange kommunar ikkje ser seg råd til å ha skular i alle bygdelag, men lågt elevtal åleine kan også gje grunn til å vurdere samanslåing.

I Sogn og Fjordane er det store avstandar og lite folk, og skulestruktur og storleik blir deretter. Barn i Bygde-Noreg har krav på ein like god skule som barn i meir sentrale strok, og spørsmålet er kva som er tenleg skulestorleik. Opplæringslova seier at grunnskulane ikkje bør ha meir enn 450 elevar, men lova seier ingenting om nedre grense. Krava som er nedfelte i lov og læreplan krev høgt kompetente og engasjerte leiarar og lærarar. Det er vanskeleg å stette desse faglege krava om skulane blir for små, og det er til tider også vanskeleg å rekruttere kvalifiserte pedagogar. Skulane blir svært sårbare om det er få om det totale ansvaret.

Kva gir så best kvalitet av store eller små skular? Det er ikkje noko fasitsvar på dette, og kvaliteten må difor vurderast kontinuerleg. God skuleleiing er viktig, det same er fagleg og sosial kompetanse hjå lærarane. Samstundes veit vi at heimane også spelar ei avgjerande rolle for i kva grad ungane lukkast i skulen. Desse faktorane, og ikkje minst samspelet dei i mellom vil bestemme korleis kvaliteten blir.

Eit anna moment som etter mi vurdering ikkje får nok merksemd, er elevane sitt læringsmiljø. Ungane skal gjennom skulegangen få ei fagleg, personleg og sosial utvikling. Dette er avhengig av eit godt samspel med andre, og vi veit at ei god utvikling er avhengig av at ungane har gode vener. Er det til dømes eit greitt utgangspunkt å vere den einaste guten av fem elevar på trinnet sitt?

Mange partar har legitim interesse i debatten om oppretthalding eller nedlegging av skular, og la oss difor vere grundige og respektfulle i dei debattane som truleg vil kome. Mi oppmoding er at vi heile tida må ha  fokus på kva som er best for ungane våre. Nostalgiske tankar om kvite små skulehus for 40 år sidan gagnar ikkje framtida.

Effektueringskommunen

Av Oddvar Flæte, Publisert måndag 18. januar 2010

Smatt på ordet – effektueringskommune. Det var historikaren Yngve Flo som nytta det i eit innlegg ved inngangen til dette hundreåret. Han spurde om styringssignala i sum er i ferd med å redusere den lokale handlingsfridomen monaleg meir enn det som tidlegare vart rekna som akseptabelt. I staden for å ta i bruk lokalpolitikken, vart kommunane dei som skulle spreie velferdsgoda til andre.

Men velferdsgoda har endra seg. I dag finn vi dei i første rekke som rettar til innbyggarane. Rettane bind i prinsippet kommunane til å gi ytingar av ein viss kvalitet og karakter i høve til innbyggjarane.

Rettane gir sterkare føringar frå staten til kommunane enn standardkrav fordi dei gir permanente prioriteringar. Når kommunane får oppdrag som på mange område er avgrensa til å gjennomføre statlege vedtak, kan det vere på sin plass å spørje om kommunal servicegrad skal oppfattast som ei politisk eller juridisk sak.  

Statsvitaren Anne Lise Fimreite har spissformulert spørsmålet slik: Er domstolane og embetsverket  i ferd med å bli eit forbrukarvern mot politisk vær og vind og eit vern for individet mot kommunen og fylkeskommunen; slik kommuneinstitusjonen historisk var eit vern for innbyggjarane mot det sentrale embetsverket?

I ei undersøking som NIBR gjorde for KS i 2008 vart det slått fast at i snitt 73 % av sakene på kommunestyremøta har ei tilknyting til EØS-regelverk. Vedtaka som kjem ut av EU-systemet gir ei rad med føringar og påbod som kommunane må løyse – ikkje drøfte. Det er oftast lite høve til lokal tilpassing.

Eg har tidlegare peika på at mange av dei store reformene vil bli krevjande å gjennomføre for kommunane dersom dei ikkje aktivt samarbeider. Fleire av reformene krev både planarbeid og kompetanse som dei mindre kommunane ikkje har, men som må finnast i eit fellesskap.

For staten er det viktig å ta omsyn til rettstryggleiken til den einskilde, likskap og likeverd og ei best muleg utnytting av offentlege ressursar. Men staten skal også sjå til nærleik og lokaldemokrati. Og fylkesmennene skal sjå til at lokaldemokratiet fungerer innanfor rettsstaten sine prinsipp.

Har summen av desse endringane endra balansen mellom nasjonal og lokal styring? Stortinget og EU vedtek, men er det kommunen si fremste oppgåve å gjennomføre vedtaka til beste for innbyggjarane? Kva meinar politikarane er kommunen sin meirverdi og korleis vil ein i så fall styrkje denne?

Historikaren har sett namn på det han tykkjer å sjå: Effektueringskommunen – er det den utviklinga vi ønskjer eller er det berre slik det er nøydd å bli?

Eldrefylket

Av Anne Karin Hamre, Publisert måndag 11. januar 2010

Folk i fjordfylket er spreke og lever lenge. Samstundes flytter fleire unge ut enn inn til fylket. Dermed er Sogn og Fjordane det fylket med desidert flest eldre i høve til resten av befolkninga. Alle kommunar unnateke Førde, Flora, Sogndal og Eid har kraftig overvekt av eldre, særleg dei aller eldste. Dersom vi skal ha ambisjon om å auke folketalet i fylket på sikt, må det hard innsats til. Elles blir vi færre når dei eldste ikkje lenger er blant oss.

Det syner rapporten Demografi og næringsutvikling i Sogn og Fjordane frå Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR), som har sett på folketals- og næringsutvikling i fylket i åra frå 2000 til 2008. I denne perioden er det berre fem kommunar som har auka folketalet; Førde med 11 prosent, Sogndal med fem og Flora, Eid og Stryn med ein prosent kvar. Lærdal og Hornindal har balanse, medan dei andre 19 har opplevd redusert folketal. Heile elleve kommunar har hatt ein langt sterkare nedgang i folketalet enn periferikommunane elles i landet.

Eit lyspunkt er at heile 20 kommunar har hatt nettoinnflytting av småbarnsfamiliar i åra 2004-2008. Det er interessant å sjå at det særleg er nabokommunane til regionsentra Førde og Sogndal – Jølster, Gaular, Naustdal og Leikanger – småbarnsfamiliane kjem flyttande til. Kanskje bustadprisane i Førde og Sogndal spelar ei rolle her? Solund er den kommunen som har størst prosentvis auke i tilflytta barnefamiliar. I ein liten kommune skal det lite til før utslaga vert merkbare, men Solund har jobba godt med rekruttering siste åra.

Slike positive trekk kan vere ei trøyst når vi ligg på eldretoppen og fødselstala i fylket går ned fordi  20- og 30-åringane vert færre. Mellom 2004 og 2008 vart det fødd seks prosent færre born i fylket enn i førre fireårsperioden.  NIBR drøftar i liten grad tiltak, men nemner satsing på innvandring, rekrutteringsframstøyt mot dei barnerike omlandskommunane til Bergen, subsidierte studielån og lågare skatt og arbeidsgjevaravgift. Sist subsidierte studielån vart lansert som tiltak for å auke tilflyttinga, meinte mange det ville stemple fylket som stakkarsleg og debatten stilna raskt.  Men det biletet NIBR presenterer for oss, er så alvorleg at vi treng ein grundig og fordomsfri debatt om kva som skal til for å snu trendane.

Videokonferansar

Av Oddvar Flæte, Publisert måndag 4. januar 2010

Det burde vere greitt.  Argumenta er mangfaldige: Klima, reisetid, installert utstyr og  effektivitet.

Klimaet står høgt på dagsordenen i det offentlege ordskiftet. Flyturen Sogndal-Oslo har eit gjennomsnittleg CO2-utslepp på 48,5 kg per person. Bil og tog kjem i tillegg. Vi snakkar om klimaet, men nyttar i mindre grad verkemiddel.

Som arbeidsgivar registrerer eg at staten har så gode ordingar for avspasering ved reiser at eit dagsmøte i Oslo gir rett til å avspasere ein heil arbeidsdag i etterkant. Det er dei sentrale forhandlingane i hovudstaden som har gitt slike resultat. Dei gjer det monaleg dyrare å drive ei forvaltning med store avstandar enten du skal på tilsynsbesøk i eige fylke eller ha kontakt med sentraladministrasjonen.

Men det er tungt å få til videokonferansar. Møte som varer mindre enn eit par timar, vil til vanleg  kunne fungere også når ein sit fleire hundre mil frå kvarandre. Videokonferansar duger ikkje i alle saker, og ikkje utan ein viss møtedisiplin. Men praktisk ligg det til rette ved at mange organisasjonar har skaffa seg utstyret, nokon også direkte på pc-en. Og det kan lett kombinerast med framsyning av lysark.

Som brukar ergrar det meg å reise til hovudstaden på ein times møte fordi dei som inviterer til møte ikkje er van med å nytte utstyret. Og som vegrar seg dersom du foreslår det. Dersom du har ei vanskeleg sak der du også treng litt velvilje, er det ikkje viseleg  å argumentere for lenge.

For det er gjerne i hovudstaden vankunna rår. Det står ikkje på utstyret, men det skortar ofte på evne og vilje til å nytte videokonferansar som eit effektivt hjelpemiddel. Det er kjekt å fly med Widerøe, men det er dagar da flyturane blir så humpete at vi landar på heilt andre flyplassar enn det som var planlagt.

For 2010 ønskjer eg meg at leiarane i departementa går føre og inviterer til videokonferansar kvar gong møta skal vare mindre enn to timar. Og vidare – at dei fast overfører konferansar som også fleire i ein organisasjon kan ha nytte av. For klimaet og effektiviteten si skuld.