Arkiv for desember 2009

O jul med ditt avfall…

Av Grete Haugan, Publisert tysdag 22. desember 2009

Auka velstand fører til auka forbruk, og auke i forbruket fører til at vi alle produserer meir avfall. I 2008 kasta kvar innbyggjar i Noreg 434 kg avfall, medan tilsvarande tal for 1992 var 237 kg. Også mengda av det farlege avfallet aukar frå år til år.

I jula når forbruket nye høgder, og under juletreet ligg det gåver av alle slag.

Mykje av det vi kjøper er godt emballert. Sjå på alt som ligg igjen på stovegolvet etter at gåvene er pakka ut – julepapir, gåveband, papp, isopor og plastemballasje. Mykje av dette kan gjenvinnast til nye materialar dersom det vert sortert og levert på riktig stad.

Mange julegåver inneheld stoff som gjer dei til farleg avfall når vi skal kaste dei. Kor mykje tenkjer vi på dette når vi handlar julegåver til borna og til bestemor?

Under juletreet har det dei siste åra lege mykje elektroniske og elektriske julegåver. Drillar, mp3 spelarar, mobiltelefonar, stegteljarar, ”blinkesko”, dokker som kan snakke og radiostyrte bilar. Og romjula og januar månad har tradisjonelt vore høgsesong for å kaste EE-avfall og batteri, i tillegg til enorme mengder plastemballasje, papp og papir. Eg ser at vi stort sett er flinke til å levere inn store, plasskrevjande elektriske apparat som TV, PC og vaskemaskiner til gjenvinning. Men mykje småelektrisk/batteridrive utstyr hamnar framleis i søppelsekkar, og vert deponert/brent som restavfall. Når EE-avfall og miljøskadelege batteri ikkje vert gjenvunne, tapar miljøet dobbelt opp. Metall og komponentar som kan brukast om att går tapt, dessutan kan miljøgifter i avfallet kome ut i naturen.

Eg er oppteken av at vi tenker miljø og bruksverdi når vi skal gi gåver. Dette kan vi gjere ved å velje nokre få produkt med god kvalitet framfor mange rimelege som ryk etter kort tids bruk. Då får vi mindre farleg avfall i heimane våre og mindre farleg avfall å kvitte oss med. Og skal vi alle ha som nyttårsforsett å bli flinkare til å levere avfallet på rett måte?

Eg vil få ynskje dykk alle ei god jul, med von om at 2010 vert eit godt år for gjenvinning av avfall i Sogn og Fjordane!

Bodskapen skal fram

Av Anne Gro Fredheim, Publisert torsdag 17. desember 2009

Fylkesmannen skal sikre at innbyggjarane får dei rettane og tenestene dei har krav på. Vi ønskjer å vere ein garantist for rettstryggleik. Ein føresetnad for demokrati og rettstryggleik er at folk forstår det språket vi nyttar. Fylkesmannen samarbeider tett med kommunane, og i løpet av eit år har vi også kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar. Det kan handle om skilsmisse, førarkortsaker, tilskotsordningar, ulike typar klagesaker, bygdeutvikling, erstatning etter rovviltskader og fri rettshjelp – for å nemne noko.  Dersom mottakaren ikkje forstår innhaldet i brev og dokument, har vi ikkje gjort jobben vår godt nok. Så enkelt – og så vanskeleg – er det.

Vi har mange tilsette med lange fagutdanningar. Felles for alle er at språket er den viktigaste arbeidsreiskapen vår. Vi skal skrive enkelt, poengtert og målretta. Difor sender vi tilsette på kurs for å heve den språklege kompetansen, og difor drøftar vi dagleg språk og formuleringar med kvarandre. Dei siste åra har vi jobba mykje med språket vårt. Språkarbeidet er likevel noko vi aldri kjem til å bli ferdige med. Vi ønskjer å skrive lett og kort, men må samstundes vere presise – også juridisk sett. Andre gonger strevar vi med balansen mellom nødvendig fagspråk og uheldig stammespråk.

Fylkesmannen er langt frå aleine om å ønskje at offentleg informasjon skal bli lettare å lese. Media er ein viktig mottakar for mykje av informasjonen vi sender ut, og kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas sa for kort tid sidan at den største språkutfordringa til NRK er å avbyråkratisere nyhendespråket. Alle fylkesmannsembeta har vore deltakarar i eit felles språkprosjekt det siste året, og som statlege etatar får vi også svært god hjelp frå Språkrådet. Nettstaden for betre og enklare språk i det offentlege er til stor nytte for oss som ønskjer å skrive rett og lett. Når kampen mot uforståeleg byråkratspråk er vunnen, skal du som mottakar bruke kortare tid på å forstå innhaldet i brev og dokument frå det offentlege.

Frå ord til handling

Av Jorunn Felde, Publisert fredag 11. desember 2009

I fleire av organisasjonane eg har arbeidd har vi snakka mykje om at vi må ”gå frå ord til handling”. Mange organisasjonar har store flotte dokument med tankar og vyer for korleis vi som tilsette skal vere og kva som skal skje i organisasjonen, men så er det ikkje alltid slik at vi klarar å leve opp til det vi har sagt at vi skal gjere. Det er lett å skyve ansvaret og seie at ”nei, dette har ikkje eg noko med, gå til leiaren min – ho har ansvaret”. For å klare å gå frå ord til handling må alle, både leiarar og medarbeidarar, vere villige til lære og gjere endringar i handlingsmønsteret sitt.

Ei endring eg vil fokusere på i 2010, er leiarskap og medarbeidarskap. Som leiar er eg medarbeidar med nokre ekstra roller.  Eg har stor tru på at dersom vi alle –  både medarbeidarar og leiarar – i fellesskap er ansvarlege for resultata, ja, så vil vi også prestere betre. Vi vil og vekse dersom vi i endå større grad bestemmer oss for å lære av kvarandre og deler endå meir av den kompetansen kvar og ein av oss har. Det andre eg vil gjere noko med, er å leie dei eg jobbar saman med til sjølv å finne løysingar på problemstillingar. Det gjev stor meistringsfølelse og mykje motivasjon å ta tak i utfordringar når vi ikkje kan skyve på ansvaret. Kva har du sett deg som mål i 2010?

IKT-samarbeid? Look to Sogn og Fjordane!

Av Anne Karin Hamre, Publisert fredag 4. desember 2009

Sogn og Fjordane har hatt mange friske lokaliseringsdebattar. Men heldigvis finst det også gode døme på at vi klarerer å samarbeide, og det jamvel på tvers av fogderigrenser.

Så vidt eg kjenner til, har ingen andre fylke klart å stable på beina eit tilsvarande IKT-samarbeid som spleiselaget IT-forum. Dette samarbeidet, som neste år feirar 15-årsjubileum, femner om ei rad offentlege og private verksemder. Det fylkesdekkande samarbeidet gjennom IT-forum har bidrege til at fylket har teke del i ei rekkje nasjonale og internasjonale prosjekt, og har gitt oss naudsynt infrastruktur. Sidan 2003 har samarbeidet utløyst nær 150 mill. kr til breibandutbygging, og vi har no 97,5% breibanddekking.

For tida har vi fire fylkesdekkande prosjekt som demonstrerer at Sogn og Fjordane framleis er IKT-fylket. I KS-prosjektet Miside-løftet, er målet å heve kvaliteten på alle kommuneportalane i fylket, og leggje til rette for meir sjølvbetjening på nett for publikum. www.forde.kommune.no er eit godt døme på vellukka omlafting av heimesider. I 2011 skal dei kommunale heimesidene i Sogn og Fjordane liggje godt over landsgjennomsnittet på kvalitetsmålingane til Direktoratet for forvaltning og IKT.

Alle kommunane, fylkeskommunen, høgskulen, Fylkesmannen og Vestlandsforsking har delteke i Digitalt skulesamarbeid i Sogn og Fjordane. Skulane har fått på plass digitale læringsplattformar, og høve til å kommunisere og dele kunnskapar mellom skular og skuleslag. Prosjektet har kursa lærarar i å nytte IKT i undervisninga og i sosiale medium, som er ein del av elevane sin kvardag.

Prosjektet Fylkesdekkande IT-tenester for helse i Sogn og Fjordane handlar om å få til ein meir effektiv informasjonsflyt i helsevesenet. I staden for papir i posten, arbeider prosjektet med å få på plass ei sikker, elektronisk meldingsutveksling mellom Helse Førde, legekontor og omsorgstenesta.  Dei fleste legekontora i fylket skal vere klare til å sende og motta meldingar før nyttår. I same gate ligg eDokument-prosjektet, der Fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunane samarbeider om løysingar for å kunne sende dokument elektronisk på ein sikker måte.

Alle desse prosjekta er krevjande. Mange deltakarar skal koordinerast, dei tekniske løysingane skal fungere, persontryggleiken skal ivaretakast, og folk må jobbe på nye måtar. Samarbeidsprosjekta har gitt oss erfaringar og kunnskapar i å gjennomføre komplekse prosjekt som mange andre fylke bør vere interesserte i å ta del i. 

Ja, det har jamvel ført til at vi har fått eit statleg direktorat der 70-80 tilsette har dette fylket som utgangspunkt for nasjonal IKT-utvikling.