Usynlege kvinner i fjordfylket
Av Anne Karin Hamre, Publisert onsdag 30. september 2009Kvifor er kvinnene så lite synlege i mediebiletet i Sogn og Fjordane? Kvifor vert to lesarinnlegg av to kvinner om Badeland i Luster illustrert med eit bilete av to mannlege kommunestyrerepresentantar? Er det heilt ok at vi berre har to fylkessynsarar med ganske lik ståstad som heiter Arnestad og Aarebrot?
Slike spørsmål vart drøfta på seminaret om kvinner, menn og media på Tørvis hotell i Luster måndag kveld. Journalist Marit Rein frå avisa Nordlys fortalde om Farvel Taliban – prosjektet deira som handla om å doble talet på kvinnelege kjelder frå 20 til 40 prosent, og at det skulle vere ei kvinne på kvar einaste førsteside. Og kvinna skulle ikkje vere ”kakepynt”. Så lenge sjefredaktøren hadde fokus på dette, var prosjektet vellukka. Til og med sportssidene fekk eit kvinneløft. Diverre forsvann mykje av gløden då redaktørfokuset skifte over på omstilling og nedbemanningar.
