Anne Karin Hamre
Innlegg av Anne Karin Hamre
Anne Karin er fylkesmann i Sogn og Fjordane. Ho er statsvitar, og har tidlegare arbeidd som journalist, høgskulelektor og assisterande fylkesmann. E-post, Heimeside

Skuleresultat – ingen grunn til å kvile på laurbæra

Publisert tysdag 5. januar 2016

Den store merksemda om skuleresultat dei siste åra, har gjort mange stolte over fylket vårt. Så lenge det har vore publisert statistikk om grunnskulepoeng og nasjonale prøvar, har Sogn og Fjordane lege i landstoppen saman med Oslo og Akershus. Den vanlege forklaringa er at elevar sine skuleprestasjonar heng saman med utdanningsnivået til foreldra, men dette gjeld ikkje for Sogn og Fjordane.

Mange nasjonale medium har sett søkelys på Sogn og Fjordane-paradokset. Nettartikkelen der kunnskapsministeren synte til Sogn og Fjordane, vart likt og delt på sosiale medium av svært mange frå fjordfylket.

Det er gjennomført eit stort forskingsprosjekt, Lærande regionar, for å finne forklaringar på kvifor elevane i Sogn og Fjordane presterer så mykje betre enn elevar i andre distriktsfylke. Her blir det peikt på fleire forklaringar, som ein sterk tradisjon for lærarutdanning, meistring av både nynorsk og bokmål, stort foreldreengasjement i skulen og ein sterk samhandlingstradisjon mellom aktørane på skulefeltet.

Kulturar og tradisjonar som ikkje vert haldne ved like, varer ikkje evig. Gode skuleresultat krev høg merksemd og hardt arbeid heile tida. I skuggen av forskingsprosjektet og alle lovorda om Sogn og Fjordane, har det vore ei utvikling som gjer at vi for all del ikkje må lene oss tilbake og bli for sjølvgode. Gapet mellom Sogn og Fjordane og det nasjonale snittet for skulepoeng, har vorte mindre. Fylket har halde seg på same nivå, men fleire andre fylke har løfta seg. Nasjonale prøvar syner at stadig fleire 5. klassingar i fylket, særleg gutane, er på det lågaste meistringsnivået i lesing. I fjor var 30,1 prosent av elevane på dette nivået, og vi er her blant dei dårlegaste fylka. Vi ser òg at det er store skilnader mellom skulane i fylket.

Leseforståing er ein grunnleggjande dugleik i alle fag, og det er heilt avgjerande at kommunane våre tek den negative utviklinga på alvor. Det må byggast ein kultur for å bruke skuleresultata til å betre undervisninga og til å lære av dei beste skulane, og kommuneleiinga må ha oversyn over stoda i skulane. Vi må aldri undervurdere kor viktig god leiing er, verken den faglege, administrative eller politiske leiinga av skulane våre.

KS, Høgskulen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte i 2012 programmet Den gode skuleeigar, med god deltaking frå kommunane og fylkeskommunen. Målet med programmet var å gje folkevalde og administrativt tilsette auka kunnskap og ferdigheiter i å styre skulane. Dette arbeidet, som starta i Sogn og Fjordane, har danna mal for tilsvarande program i mange andre fylke.

Sidan sist har vi fått mange nye folkevalde og nye administrativt tilsette, og vi planlegg difor ein ny runde med Den gode skuleeigar. Eg oppmodar alle kommunane om å melde seg på, og ber ordførarar og rådmenn om å prioritere å delta. Utan at vi held ved like den gode kulturen og fyller på med kunnskap, risikerer vi at det som i dag er Skulefylket Sogn og Fjordane, forvitrar.

Asylsituasjonen: No må heile landet trå til

Publisert måndag 9. november 2015

Den store asyltilstrøyminga sidan i sommar har sett heile forvaltninga på ein hard prøve. Utlendingsforvaltninga og særleg kommunane i Østfold og Finnmark er hardt pressa. Kapasiteten i akuttmottaka i aust og i nord er sprengd, og no må resten av landet takast i bruk til raskt å skaffe asylsøkjarar tak over hovudet. Alle fylkesmenn har saman med kommunane kartlagt innkvarteringsmoglegheiter. Likevel har ikkje dette gitt nok kapasitet. No har vi fått eit nytt oppdrag om å kartleggje bygg som kan gje plass til så mange som 1000 personar i ein akuttfase. Vi håpar på eit like godt samarbeid med kommunane i denne kartlegginga som den førre, og vi håpar kommunane og innbyggjarane i fylket forstår kor vanskeleg situasjonen er.

Kva tiltak som skal gjennomførast for å avgrense talet på asylsøkjarar på sikt, er opp til regjeringa og Stortinget å avgjere. Men vi pliktar å ta hand om dei som alt har kryssa grensene våre.

Nasjonale styresmakter har til no vore varsame med å bruke ordet krise. Uansett om vi nyttar omgrepet «krise» eller «ein ekstraordinær situasjon», krev asyltilstrøyminga handlemåtar vi kjenner frå beredskap og krisehandtering. På alle nivå er det trong for handlekraft, samordning og leiing langt utover det vanlege. Det treng kommunane, som no går inn i ei krevjande tid, med raske mottaksetableringar og heilt nye krav til busetjing og integrering.

Samstundes må kommunar i dei regionane som til no ikkje har vore vertskap for akuttmottak, forstå at trykket må fordelast. Ordførarar har ei ombodsrolle og kan stille kritiske spørsmål på vegner av innbyggjarane. Men ordførar og andre folkevalde har òg eit ansvar for å syne leiarskap og formidle den ekstraordinære situasjonen vi no er i.

Eg ber særleg om forståing for kor avgjerande det er at vi klarer å ta hand om dei einslege mindreårige asylsøkjarane. Pr. no er det etablert mottak for denne gruppa på Skei, i Sogndal og i Førde, og eit omsorgssenter for barn under 15 år i Florø. Fleire mottak er under etablering, og om kort tid kan det bety nær 500 fleire barn og unge i fylket. Når opphaldsløyve er gitt, treng dei ein kommune å bu i. Fleire vil trenge ein fosterheim. Eg håpar kommunane vil stille opp for desse barna.

Fylkesmannen kallar inn kommunane til telefonmøte førstkomande onsdag om asylsituasjonen. Dagen etter møter vi UDI, IMDi, Bufetat, Husbanken, Politiet, Nav, fylkeskommunen og KS til eit møte om korleis vi på regionalt nivå kan samarbeide til beste for kommunane. Vi har laga ein nettstad der vi samlar informasjon om asylsituasjonen. 16. og 17. desember inviterer vi kommunane til ei samling, der regionale etatar vil informere om asylmottak og busetjing av flyktningar. Sogn og Fjordane har gode tradisjonar for å løfte i flokk. No trengst det at vi hentar fram denne evna.

Bli med på dugnad for regnskogen!

Publisert fredag 16. oktober 2015

18. oktober får du besøk av ein bøssebærar som ber om pengar til TV-aksjonen. I år går pengane til Regnskogfondet, som jobbar med å berge dei siste store områda med regnskog i verda. Sjølv om regnskogområda ligg lang borte frå oss, påverkar dei livet vårt meir enn vi kanskje trur.

Regnskogen pumpar varm luft frå ekvator opp til oss her i nord, og bidreg til å skape det klimaet vi kjenner. Regnskogen bremsar klimaendringane på grunn av evna til å lagre milliardar av tonn med karbon. Menneske over heile verda har fått behandling med medisinar som er laga av planter frå regnskogen. Dette biologiske skattkammeret rommar det desidert rikaste plante- og dyrelivet i verda, og 260 millionar menneske lever i regnskogområda.

Regnskog - Foto Antoine Hubert

No er regnskogen under hardt press. Gruvedrift, oljeutvinning, kvegdrift, vegbygging, kraftutbygging og palmeoljeplantasjar har gjort at dette eineståande økosystemet er vorte halvert i løpet av dei siste 50 åra. Konsekvensen er at viktige artar vert utrydda, klimaendringane skjer raskare og mange menneske misser livsgrunnlaget.

Når verda no opplever ei enorm flyktningkrise, vil mange kanskje tenkje at regnskogen er eit mindre viktig føremål å støtte. Men om vi ikkje klarer å stogge raseringa av regnskogen, bremse klimaendringane og dei verste scenarioa i FN sitt klimapanel slår til, vil det bli uleveleg i mange delar av verda som no er tett busett. Då vil vi oppleve ei klima-flyktningkrise av ufattelege dimensjonar.

Regnskogfondet jobbar med å redde dei siste store områda med regnskog i verda. Pengane frå årets TV-aksjon skal gå til konkrete prosjekt i Brasil, Peru, Indonesia, Papua Ny-Guinea og DR Kongo. H:M Kong Harald har synt stort engasjement i arbeidet for å berge regnskogen, og er i år høg beskyttar for TV-aksjonen. Folk i Sogn og Fjordane har tradisjon for å støtte sterkt opp om TV-aksjonen. Eg håpar de tek godt i mot bøssebærarane på søndag!

Har du tid til ein flyktning?

Publisert måndag 7. september 2015

Flyktningkrisa og bilete av desperate menneske på flukt over Middelhavet, vekkjer sterke kjensler. Når vi ser bilete av døde barn på strendene, er det vanskeleg å vere passiv. Mange reiser til Hellas for å hjelpe. Flyktningmottaka fløymer over av innsamla klede og leiker. Lag og organisasjonar samlar inn pengar. Det vert oppretta facebook-grupper der dei som vil bidra, kan melde seg.

Det er avgjerande at alt dette engasjementet vert møtt på ein god måte, og omsett til eit krafttak for flyktningar. Her må kommunar, frivillege organisasjonar og flyktningmottak på bana og fortelje korleis folk kan bidra. Mottaksleiaren for Jølster mottak har lagt ut ei konkret liste på facebooksida Refugees welcome to Sogn og Fjordane. Øvst på lista står menneskelege ressursar – menneske som kan setje av tid. Tid til å ta med nokon på fjelltur, bærtur, fisketur, spele kort og arrangere bakekveld.

Mange stadar har Røde Kors ei ordning med flyktningguidar, som er vegvisarar i lokalsamfunna for flyktningar. Vi veit at norsk- og samfunnskunnskap er avgjerande for integrering og arbeid. Men introduksjonsprogrammet gir ofte ikkje nok trening. Altfor mange flyktningar saknar nokon å snakke norsk med, og dei saknar hjelp til å knekke alle dei sosiale kodane som er sjølvsagde for dei som er fødde og oppvaksne i Noreg. Difor trengst det fleire møteplassar og menneske som har tid å avsjå.

Talet på einslege mindreårige asylsøkjarar som kjem til Noreg har auka sterkt i år. Vi har fått eit mottak for denne gruppa på Skei i Jølster, og 1. oktober skal eit mottak vere klart i Førde. Einslege mindreårige asylsøkjarar har rett på ein representant, som er ei form for verje. Fylkesmannen har ansvar for å rekruttere verjer. Dei som kan tenkje seg å ta på seg dette viktige vervet, må difor ta kontakt med oss.

Noreg må bu seg på å ta i mot eit aukande tal flyktningar framover. Når så mange no ønskjer å bidra, må kommunar, lag og organisasjonar fortelje kva som trengst og kvar folk kan ta kontakt. Bruk nettstaden, sosiale medium og media!

Vestnorsk fjordlandskap – 10 år med verdsarv

Publisert måndag 24. august 2015

I 2005 vart Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjordområdet og Geirangerfjordområdet -innskrive på Unesco si verdsarvliste. Bakgrunnen er den særeigne kvartærgeologien og at dei er mellom verdas vakraste fjordlandskap, med heilt eineståande kvalitetar. Sjølv ein innfødd vestlending som meg vert bergteken når eg ferdast i desse landskapa. Vestlandsfjordane er òg fleire gonger vorte kåra til verdas beste reisemål av National Geographics.

Verdsarv er den delen av verda sin natur- og kulturarv som har så stor verdi for menneska, at FN har bestemt at dei skal takast vare på slik at òg komande generasjonar skal få oppleve dei. Noreg har åtte verdsarvstadar. I vårt fylke har òg Urnes stavkyrkje verdsarvstatus. Å ha område som ekspertar har kåra til heilt unike i verdssamanheng i fylket vårt, gjer oss stolte. Men denne statusen forpliktar.

På tur opp den bratte Rimstigen frå Bakka ein sommardag, slo det meg kor travel båttrafikken nede på Nærøyfjorden var. Sognefjorden har mange fjordarmar som er langt fredelegare enn verdsarvfjorden. Turiststraumen gir inntekter og livsgrunnlag for dei som skal bu i verdsarvområda heile året, men set samstundes naturen og miljøet under press. Støy og ureining frå cruiseskipa er kjelder til irritasjon for mange fastbuande. Dei store selskapa prøver i aukande grad å få hand om guiding og transport på land.

Berekraftig turisme og besøksforvaltning var tema for eit seminar i Flåm førre veke, som samla deltakarar frå næring, politikk og forvaltning. Fanny Douvere, som koordinerer dei marine verdsarvområda hjå Unesco, og to representantar frå Glacier Bay i Alaska, vitja òg Nærøyfjordområdet. Glacier Bay har mykje til felles med Vestnorsk fjordlandskap. Dei imponerte med måten dei har stilt miljøkrav til cruiseselskapa, og krav om avgrensingar på trafikken. Vissa om at kvalitetane i Glacier Bay er i særklasse, gjer at dei let selskapa konkurrere om å få innpass. Deira utfordring er at cruiseselskapa har hand om heile verdikjeda, det er lite lokal involvering og verdiskaping, og ikkje heilårsbusetnad i området.

Noko av det som gjer det vestnorske fjordlandskapet så særmerkt, er at folk bur her og set sitt preg på landskapet. Slik må det òg vere i framtida. Vi må sikre at lokale verksemder får sin del av verdiskapinga frå turismen. Vi må aldri kome dit at lokalsamfunna vert tomme kulissar for turistindustrien. Men vi har noko å lære av amerikanarane når det gjeld sjølvtillit. Verdsarvfjordane våre er eineståande, og då må vi tore å stille krav til miljøomsyn og bruk av lokale verksemder.

Bilde av Nærøyfjorden frå Beitelen. Foto Tom Dybwad

Bilde av Nærøyfjorden frå Beitelen. Foto Tom Dybwad

På tide å ta grep om kommunereforma

Publisert torsdag 5. februar 2015

Kommunereforma er no i full gang over heile landet. Her i fylket har det i haust vore mange samlingar med informasjon og diskusjon om reforma, både i felles formannskapsmøte og i dei enkelte kommunestyra. No går vi inn i ein ny og krevjande fase. Kommunane er i ferd med å gjere vedtak om kven dei skal utgreie samanslåing med, og så kjem prosessen med å utgreie korleis to, fem eller ni kan sameinast til ein kommune.

Det er ei rad vanskelege spørsmål som skal vurderast. Korleis kan tenestetilbodet organiserast i ein større kommune? I kor stor grad kan ein spreie funksjonar mellom dei gamle kommunesentra? Korleis sikre det lokalpolitiske engasjementet i ein større kommune med større avstandar? Er det aktuelt med kommunedels- eller grendeutval, og kva oppgåver og mynde skal dei i tilfelle ha? Korleis involvere medarbeidarar og tillitsvalde i prosessane? Kva skal namnet på den nye kommunen vere? Vegen mot ein ny kommune er ein rettleiar med aktuelle spørsmål og råd i arbeidet med å vurdere kommunesamanslåing.

Det er vanskeleg å sjå føre seg korleis min kommune vil bli om 50 år. Det er naturleg å vere oppteken av kva ein har i dag og kva ein vil misse ved ei kommunesamanslåing. Ofte er det mindre diskusjonar om fordelane ved ei samanslåing. Kommunar har ulike styrkar. Nabokommunar kan ha ulik folketalsutvikling, skilnader i inntekter og ulikt næringsgrunnlag. Kan det tenkjast at gevinstane ved å slå seg i hop og kople dei sterke sidene til ulike kommunar er større enn ulempene ved ei samanslåing? Kan ein ny kommune verte meir attraktiv for tilflyttarar og næringsliv og ei betre motvekt mot utflytting og sentralisering?

Nokre av kommunane våre har valt å gå breitt ut med mange moglege samanslåingsalternativ. Vårt råd til kommunane med mange ulike alternativ, er å raskt få avklart om dei andre kommunane er interesserte i å gå vidare med forpliktande utgreiingar saman med dei. Fleire enn to alternativ vert krevjande å utgreie, og er ikkje tilrådeleg.

Fleire regionar har engasjert ein prosjektleiar for det felles utgreiingsarbeidet. Samstundes inneber kommunereforma ein stor jobb for kvar kommune, som det må setjast av ressursar til. Ikkje minst med tanke på alle som skal involverast i prosessane framover; innbyggjarane, næringslivet, medarbeidarar og tillitsvalde. Fleire kommunar planlegg no folkemøte om reforma, og det er viktig at folk engasjerer seg i debatten om framtida til kommunen sin.

Fylkesmannen si rolle er å vere tilretteleggjar for kommunereform-arbeidet i fylka. Vi skal bidra med råd og rettleiing, men det er kommunane som eig og skal gjennomføre prosessane. No er det tid for å ta eigarskap og syne leiarskap.

Gir heilgardering betre beredskap?

Publisert tysdag 4. november 2014

I dagane før storflaumane på Vestlandet førre tysdag, sende NVE ut både varsel om flaumfare og om jord- og flaumskredfare på oransje nivå for Sogn og Fjordane, og raudt for elva Vosso i Hordaland. Flaumane, og konsekvensane av dei, vart katastrofale. I ettertid har NVE fått kritikk i media for at dei ikkje sende ut varsel på raudt nivå i Sogn og Fjordane. Kor vidt eit raudt varsel ville ha ført til ein betre beredskap hjå kommunane, er noko av det evalueringsarbeidet må finne svar på. 

I mediesakene om varsling i dagane etter storflaumane, seier fleire ordførarar at det kjem for mange beredskapsvarsel frå statlege styresmakter. Vi har tidlegare fått liknande meldingar frå ordførarar og rådmenn, og vi forstår dei. Dei siste åra har det vore ein stor auke i omfanget av varslingar og rapporteringskrav.

Fylkesmannen tek i mot beredskapsvarsel og rapporteringskrav frå fleire ulike styresmakter, som skal formidlast vidare til kommunane. Vi formidlar òg meldingar om utfall i teletenestene. Før det kraftige regnvêret i dagane før flaumen, har vi dette året fått og formidla vidare om lag 30 varsel. Av desse var 12 varsel om fare for flaum eller jordskred på gult nivå, i eit år som har vore svært tørt fram til dei siste vekene.

Vi har vore i dialog med NVE om terskelen for når det skal gå ut myndigheitsvarsel via fylkesmennene og ut til kommunane. Framlegget vårt er at varsel om flaum og jordskred på gult nivå kan gå ut via yr.no, medan varsling via fylkesmennene først skjer når det er fare for hendingar som tilseier oransje og raudt nivå, og skjerpa eller stor beredskap. Vi vil òg ta opp omfanget av varsel og rapporteringskrav med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

I tida etter 22. juli-kommisjonen sin rapport har det vorte ei auka merksemd om risiko og beredskap. Det er bra. Rapporten utløyste òg ein debatt om forvaltningspolitikk.  Er det nok tillit mellom forvaltningsnivåa, eller er det frykta for å gjere feil som rår? Evnar den sentrale staten å skilje mellom stort og smått i sine føringar og rapporteringskrav?

Eg trur diverre ikkje at det har skjedd så mykje på dette området, trass alle fine ord om meir tillit og handlekraft. På beredskapsområdet ser det ut til å gå feil veg. Frykta for kritikk fører til at alle som har ansvar for å varsle om uønskte hendingar, heilgarderer seg. Det totale omfanget for kommunane vert uhandterleg. Risikoen er at varsla som strøymer inn på e-post og SMS blir oppfatta som søppelpost, og at det ikkje vert reagert raskt nok den dagen det verkeleg er krise.

Vi kjenner alle fabelen om han som ropte «Ulv! Ulv!» ein gong for mykje.

Robek-paradokset

Publisert onsdag 11. juni 2014

Vi har no fem Robek-kommunar i Sogn og Fjordane. Kommunar som anten har eit budsjett eller ein økonomiplan i ubalanse, eit oppsamla underskot som ikkje vert dekt inn i løpet av to år eller ikkje følgjer vedteken plan for å dekke eit underskot, vert melde inn i Robek-registeret. Robek-kommunar treng godkjenning frå Fylkesmannen av lånevedtak, budsjettvedtak og av vedtak om å gjere langsiktige leigeavtalar.

Det er naturleg å tenkje at det helst er kommunar med tronge rammer som vert innmelde i Robek. Slik er det ikkje i Sogn og Fjordane no. Alle Robek-kommunane er kraftkommunar med inntekter høgt over gjennomsnittet. To av dei, Vik og Bremanger, har vore i Robek sidan 2008 som følgje av Terra-saka. Årdal kommune vart innmeld i 2013 fordi dei ikkje greidde å dekke inn eit stort underskot i løpet av to år, og hadde vedteke ein økonomiplan i ubalanse. Same år vart Lærdal kommune meld inn fordi politikarane hadde vedteke ein økonomiplan som ikkje synte dekning for alle utgiftene. Høyanger kommune vart innmeld i år av same årsak.

Desse tre kommunane har lite frie fondsmidlar, som kan tene som ein buffer når ikkje alt går som planlagt. Samstundes har vi fleire andre kommunar som trass lågare inntekter, har klart å setje til side pengar og opparbeide seg solide fond. Denne figuren syner kommunane sine inntekter korrigert for variasjonar i utgiftsbehov, og at det er store variasjonar i det handlingsrommet kommunane har – eller burde ha.

Diagrammet viser kommunanes frie inntekter inklusiv eigedomsskatt og konsesjonskraftinntekter, korrigert for variasjon i utgiftsbehov. Kjelde: Kommuneproposisjonen 2015.

Diagrammet viser kommunanes frie inntekter inklusiv eigedomsskatt og konsesjonskraftinntekter, korrigert for variasjon i utgiftsbehov. Raudt er Robek-kommunar. Gult er kommunar med økonomiske utfordringar, og grønt er kommunar med ganske sunn økonomi. Kjelde: Kommuneproposisjonen 2015.

 

Likevel har vi den paradoksale situasjonen at kommunar med nøkterne inntekter går i balanse, opparbeider seg frie fond, og klarer å skaffe seg eit handlingsrom, medan fleire av dei rikaste kommunane strevar med økonomien. Dette fortel at ein god kommuneøkonomi ikkje berre dreiar seg om pengar, men òg om god og langsiktig planlegging, kompetanse og leiing. Og ikkje minst – om politikarar som tek ansvar. Når politikarane vel å ikkje vedta framlegg frå administrasjonen om korleis kostnader kan kuttast eller inntekter aukast, er det politikarane sitt ansvar å leggje fram alternative tiltak for å få økonomien i balanse.

Etter gjennomgang av rekneskapa for 2013, får kraftkommunane mest sannsynleg selskap av fleire kommunar i Robek-registeret for Sogn og Fjordane. Utviklinga i kommuneøkonomien går med andre ord ikkje i rett retning i fylket vårt.

Sårbare barn – sårbart barnevern

Publisert tysdag 18. mars 2014

BTMagasinet hadde laurdag ein gripande artikkel om ein oppvekst prega av rus, vald og omsorgssvikt for tre søstre i Bergen på 70- og 80-talet, og kva skadar dei no slit med som vaksne. I same artikkel fortel forskarar at omfanget av barnemishandling er langt større enn det som vert fanga opp av det offentlege hjelpeapparatet. Omsorgssvikt og mishandling i barndomen aukar sterkt risikoen for psykiske problem og dårleg fysisk helse i vaksenlivet.

Mange såg omsorgssvikten dei tre søstrene vart utsette for. Men det tok lang tid før nokon greip inn. Det same ser vi diverre i mange andre saker. Sogn og Fjordane er ikkje noko unntak.

Sjumilssteget i Sogn og Fjordane handlar om tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid til beste for barn og unge. Eitt av innlegga på Sjumilsstegkonferansen førre veke handla om den viktige og vanskelege meldeplikta. Alle offentleg tilsette har plikt til å melde frå til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert utsett for alvorleg omsorgssvikt, vald eller overgrep. Diverre vegrar mange seg for å melde i frå, og dei som melder i frå ventar ofte for lenge. Det kjem få meldingar frå helsestasjon og barnehagar.

Mot til å seie i frå, betre kunnskap om regelverk og symptom hjå utsette barn er viktig. Samstundes er det avgjerande at dei som jobbar med barn og unge har tillit til det apparatet som skal handtere ei uromelding om eit barn som har det vondt. Kan vi vere trygge på at barnevernet har den kapasiteten som trengst?

Kommunane våre rapporterer om auke i talet på saker i barnevernet, og at sakene stadig vert meir alvorlege og komplekse. I desse dagar sender vi brev til mange kommunar som har brote tidsfristar i barnevernssaker. I 2013 hadde 19 kommunar brot på tidsfristar. Noko som betyr at det tek altfor lang tid å undersøkje saker som gjeld barn som har det vanskeleg. Om lag 70 barn mangla tiltaksplan, sju fosterbarn mangla tilsynsførar og
46 fosterbarn fekk ikkje godt nok tilsyn.

All forsking på området viser at tidleg innsats gjev betre utviklingstilhøve for barn i risiko. I denne stoda er det svært urovekkande at Bufetat brått varslar at dei vil leggje ned Sogn og Fjordane barn- og familiesenter, eit fylkesdekkande og statleg finansiert  tilbod der familiar med barn i alderen 0-3 år skal få hjelp. Grunnen er reduserte økonomiske rammer.

Dette handlar om dei mest utsette borna våre. Dei kan få varige skadar om dei ikkje får rett hjelp i tide.

Eg trur dei som jobbar i barnevernet står på som best dei kan. Men fleire stader høyrer vi om tidspress, sjukemeldingar og arbeidsmiljøproblem.

Ei god og stabil leiing er avgjerande for at barnevernet skal fungere. Samstundes må den øvste leiinga i kommunen vere tett på. Det gjeld både rådmannen og kommunepolitikarar. Teieplikt og fagleg autonomi er ikkje til hinder for at tilstanden i barnevernet kan vere drøftingstema i kommunestyret. Helst fleire gonger i året.

Vi helsar jakta på tidstjuvar velkomen

Publisert tysdag 4. mars 2014
Regjeringa har pålagt alle statlege verksemder å fjerne tidstjuvar i eiga verksemd til neste år, og å rapportere innan 1. september 2014 kva vi sjølve har tenkt å gjere. Dette er eit godt initiativ. Vi ser fram til å halde fram med å bidra til forenkle og fornye offentleg sektor.
I Difi-rapporten 2013:11 om direktorata si rolle i gjennomføringa av nasjonal politikk, vert det synt til at direktorata i perioden 2003-13 har hatt ein vekst i talet på tilsette med 23 prosent, og departementa 16 prosent. Fylkesmennene har lege stabilt,  trass i fleire oppgåver og auka forventningar. Difor har effektivisering og fornying lenge vore ein naudsynt del av kvardagen vår. Fylkesmennene har samarbeidd om å utvikle digitale løysingar, til dømes elektronisk løysing for fritt rettsråd og partistøtte. I desember 2012 vart nye fylkesmannen.no lansert, og 18 embete fekk nye heimesider til ein total prosjektkostnad av 3,7 mill. kroner. Eg trur ein skal leite lenge for å finne ei portalløysing for så mange verksemder til ein slik pris. Samstundes er det viktig å utvikle fylkesmannsportalen med fleire og betre løysingar for brukarane våre, t.d. elektroniske skjema.
På oppdrag frå Fornyingsdepartementet (FAD)  koordinerte vi i 2011 ei kartlegging og vurdering av nye elektroniske tenester som kan utviklast for fylkesmennene, både for å effektivisere eiga verksemd og levere betre tenester. Vi  håpar  Kommunal- og moderniseringsdepartement snart set av ressursar slik at vi kjem i gang med dette viktige arbeidet.
Oppdraget om å fjerne tidstjuvar gir òg rom for å peike på pålegg og regelverk som gjer oppgåveløysinga meir tungvint. Vi håpar at kommunane får same høve til å gje tilbakemelding. Det held ikkje å spørje statlege styresmakter enkeltvis om kva føringar og rapporteringskrav som kan kuttast for å frigjere ressursar til den eigentlege jobben med å yte gode tenester til innbyggjarane. Eit departement eller direktorat ser ikkje kvar for seg summen av krav og forventningar som vert stilt.
Etter eit møte med Forskingsrådet om forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor, har vi, i samarbeid med KS, fylkeskommunen og Nav, teke initiativ til eit prosjekt for å kartleggje statlege rapporteringskrav til kommunesektoren. Hausten 2013 fekk vi tildelt midlar frå regionalt forskingsfond Vestlandet til forprosjektet Rapporteringskrav mot kommunane: eit nedanfrå-og-opp-prosjekt. Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking skal gjennomføre forprosjektet, som skal munne ut i  eit offentleg innovasjonsprosjekt som har til siktemål å føreslå enklare og betre rapporteringsordningar mellom staten og kommunesektoren.
Vi ser fram til å føreslå kva tidstjuvar som kan kuttast . Eg kan nemne at vi i 2008 sende eit brev til FAD om store ressursar til rapportering, der vi la ved eit samla oversyn over rapporteringskrava frå dei ulike oppdragsgjevarane våre. Eg vil tru det meste av innhaldet stadig er aktuelt. Difor vil eg gjere merksam på at jakta på tidstjuvar skaper store forventningar om at det faktisk skjer endringar, ikkje minst for føringar, pålegg og krav som kjem frå den sentrale statsforvaltninga.

Regjeringa har pålagt alle statlege verksemder å fjerne tidstjuvar i eiga verksemd til neste år, og å rapportere innan 1. september 2014 kva vi sjølve har tenkt å gjere. Dette er eit godt initiativ. Vi ser fram til å halde fram med å bidra til forenkle og fornye offentleg sektor.

I Difi-rapporten 2013:11 om direktorata si rolle i gjennomføringa av nasjonal politikk, vert det synt til at direktorata i perioden 2003-13 har hatt ein vekst i talet på tilsette med 23 prosent, og departementa 16 prosent. Fylkesmennene har lege stabilt,  trass i fleire oppgåver og auka forventningar. Difor har effektivisering og fornying lenge vore ein naudsynt del av kvardagen vår. Fylkesmennene har samarbeidd om å utvikle digitale løysingar, til dømes elektronisk løysing for fritt rettsråd og partistøtte. I desember 2012 vart nye fylkesmannen.no lansert, og 18 embete fekk nye heimesider til ein total prosjektkostnad av 3,7 mill. kroner. Eg trur ein skal leite lenge for å finne ei portalløysing for så mange verksemder til ein slik pris. Samstundes er det viktig å utvikle fylkesmannsportalen med fleire og betre løysingar for brukarane våre, t.d. elektroniske skjema.

På oppdrag frå Fornyingsdepartementet (FAD)  koordinerte vi i 2011 ei kartlegging og vurdering av nye elektroniske tenester som kan utviklast for fylkesmennene, både for å effektivisere eiga verksemd og levere betre tenester. Vi  håpar  Kommunal- og moderniseringsdepartement snart set av ressursar slik at vi kjem i gang med dette viktige arbeidet.

Oppdraget om å fjerne tidstjuvar gir òg rom for å peike på pålegg og regelverk som gjer oppgåveløysinga meir tungvint. Vi håpar at kommunane får same høve til å gje tilbakemelding. Det held ikkje å spørje statlege styresmakter enkeltvis om kva føringar og rapporteringskrav som kan kuttast for å frigjere ressursar til den eigentlege jobben med å yte gode tenester til innbyggjarane. Eit departement eller direktorat ser ikkje kvar for seg summen av krav og forventningar som vert stilt.

Etter eit møte med Forskingsrådet om forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor, har vi, i samarbeid med KS, fylkeskommunen og Nav, teke initiativ til eit prosjekt for å kartleggje statlege rapporteringskrav til kommunesektoren. Hausten 2013 fekk vi tildelt midlar frå regionalt forskingsfond Vestlandet til forprosjektet Rapporteringskrav mot kommunane: eit nedanfrå-og-opp-prosjekt. Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking skal gjennomføre forprosjektet, som skal munne ut i  eit offentleg innovasjonsprosjekt som har til siktemål å føreslå enklare og betre rapporteringsordningar mellom staten og kommunesektoren.

Vi ser fram til å føreslå kva tidstjuvar som kan kuttast . Eg kan nemne at vi i 2008 sende eit brev til FAD om store ressursar til rapportering, der vi la ved eit samla oversyn over rapporteringskrava frå dei ulike oppdragsgjevarane våre. Eg vil tru det meste av innhaldet stadig er aktuelt. Difor vil eg gjere merksam på at jakta på tidstjuvar skaper store forventningar om at det faktisk skjer endringar, ikkje minst for føringar, pålegg og krav som kjem frå den sentrale statsforvaltninga.