Anne Karin Hamre
Innlegg av Anne Karin Hamre
Anne Karin er fylkesmann i Sogn og Fjordane. Ho er statsvitar, og har tidlegare arbeidd som journalist, høgskulelektor og assisterande fylkesmann. E-post, Heimeside

Takk til fylkeslegen vår

Publisert fredag 29. juni 2018

I dag er det siste arbeidsdagen til fylkeslege Per Stensland før han byrjar eit nytt tilvære som pensjonist, etter over 40 år som lege i Vesterålen, Botswana, Sogndal og til slutt som fylkeslege hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Vi har mykje å takke Per for, og eg vil særleg trekkje fram tre eigenskapar:

Breiddekunnskapen og eit brennande engasjement for distriktsmedisin
Det er ikkje opplagt at unge legar vil til Sogn og Fjordane for å gjere karriere. Per Stensland har bidrege godt med å leggje tilhøva til rette, gjennom nettverk og kurs for turnuslegar, ALIS-prosjektet, pilotprosjekt om legevakt i distrikt, eit langvarig engasjement i Nasjonalt senter for distriktsmedisin Ikkje minst har han vore ein tydeleg talsmann for distrikta sine føresetnader og behov i dialogen med nasjonale styresmakter. Det var heller ikkje tilfeldig at det var han som i ein kronikk i Aftenposten frå 2017 sparka i gang debatten som framleis går, om fastlegeordninga er i ferd med å bryte saman. For dette langvarige arbeidet og sterke engasjementet for distriktsmedisinen vart han i 2014 heidra med Anders Forsdahls minnepris, etter nominasjon frå Universitetet i Bergen. Nominasjonen vart avslutta med desse orda: «Han har sterke kontaktskapande eigenskapar og er eit usedvanleg raust medmenneske og kollega».

Parallelt med legearbeid og spesialisering i samfunns- og allmennmedisin, har Per Stensland drive med forsking og fagutvikling, og vart i 2013 professor ved Universitetet i Bergen.

Per er flink med folk
Per Stensland har heile vegen vore oppteken av at godt legearbeid òg handlar om god kommunikasjon med pasienten, og dette var tema for doktorgradsavhandlinga hans frå 2003. Då Helsedirektoratet opna for prosjekt for å styrke brukarinvolvering i tilsynssaker, var Per raskt frampå for å få etablert eit slikt prosjekt her i embetet. Å møte folk ansikt til ansikt, lytte til dei og snakke med dei, krev ressursar, men det gir folk ei betre oppleving, sjølv om utfallet av saka kanskje ikkje blei som dei hadde håpa på.

Ein bidragsytar i leiinga av embetet
Per Stensland har evna til å tenkje heilskap og å ha det store overblikket. Difor har eg personleg sett stor pris på å ha han med i leiargruppa, og å ha han som diskusjonspartnar i vanskelege saker. Han har teke initiativ til å utvikle arbeidsmåtane våre, til dømes korleis læringseffekten av tilsyn kan aukast. Han har òg vore aktiv i å søke samarbeid på tvers av avdelingane våre og med andre etatar, mellom anna for å styrke arbeidet med helseberedskap og arbeidet for utsette barn og unge.

I dag tek vi farvel med ein klok, varm og raus kollega. Takk for engasjementet og arbeidet for å gje folk i Sogn og Fjordane eit likeverdig helsetilbod, og lukke til som pensjonist, Per!

IMG_3926

Ytringsfridom, ytringsansvar og leiarskap hjå kommunepolitikarar

Publisert tysdag 27. februar 2018

Folkevalde i kommunen har fleire roller. Ombodsrolla er særs viktig, og handlar om at dei folkevalde skal representere lokalsamfunnet, og lytte og vere i dialog med innbyggjarane. Dei folkevalde har òg ei leiings- og styringsrolle – dei skal saman finne gode løysingar, ta avgjerder og bidra til ei målretta og positiv utvikling av det lokalsamfunnet dei er valde til å styre. I tillegg har dei folkevalde eit overordna arbeidsgjevaransvar for alle tilsette i kommunen, og eit direkte arbeidsgjevaransvar for rådmannen. Til dette ligg eit ansvar for å følgje opp at rådmannen som ansvarleg leiar av administrasjonen, når avtalte mål, men òg å sikre at rådmannen sjølv har eit forsvarleg arbeidsmiljø.

Ein stor og vanskeleg arbeidskonflikt i barnevernstenesta har ridd Sogndal kommune som ei mare i mange år. Ein rapport frå Arbeidsmiljøspesialistene (AMS) har kartlagt årsaker til at konflikten oppstod, og vart langvarig og vanskeleg å løyse. Sogndal kommunestyre handsama 11. januar rapporten og oppfølging av forbetringsområda som var trekte fram. Kommunestyret vedtok ei orsaking til alle involverte tilsette for at tiltak for å løyse konflikten ikkje hadde verka. Kommunestyret ønskjer vidare å etablere gode rutinar og retningsliner for konflikthandtering, betre dokumentasjon av møte og samtalar i arbeidsmiljøsaker, revidere varslingsrutinar og få ei ny vurdering av tre varslingssaker ved setjerådmann. I siste vedtakspunktet seier kommunestyret seg glad for at granskingsrapporten frå AMS og ein rapport frå Arbeidstilsynet tyder på at arbeidsmiljøet i Sogn barnevern i dag er godt. Fire parti fremja mistillitsframlegg mot rådmannen. Framlegget fall med 12 mot 13 røyster.

Etter så lang tid med interne konfliktar og uheldige mediesaker, var det grunn til å tru at politikarane etter vedtaka 11. januar ville ha merksemda på å gjennomføre forbetringstiltaka og på å gjere dagens barnevernsteneste best mogleg rusta til å hjelpe utsette barn og unge og familiar. Kva mål og tiltak skal kommunen ha for å sikre ei god barnevernsteneste og eit godt og trygt arbeidsmiljø i kommunen framover? Kva system må vere på plass for å sikre at kommunestyret får den informasjonen det treng om stoda og for å ta i vare den overordna styringa? I staden vart resultatet av spørjetimen i Sogndal kommunestyre 15. februar, full splid mellom dei politiske fløyene om handlingar og informasjon i saka som formelt var avslutta 11. januar.

Sogndal. Foto: Anne Gro Fredheim.

Sogndal. Foto: Anne Gro Fredheim.

Enkelte prøver å gjere debatten om samarbeidsklimaet i etterkant av dette kommunestyremøtet til ein debatt om dei folkevalde sin ytringsfridom. Ingen dreg i tvil at dei folkevalde har rett, dei har til og med ei openberr plikt, til å ytre seg. Det er særleg viktig at folkevalde engasjerer seg og gir ei stemme til dei innbyggjarane som ikkje når fram med si eiga stemme. Men med ytringsfridom følgjer det òg eit ansvar for å tenkje gjennom kva forum ytringa vert sett fram i, kva form ytringa skal ha, og korleis ytringane verkar på andre. Det gjeld særleg ytringar frå talarstolen i høgste organet i kommunen – kommunestyret.

Eg meiner debatten no bør dreiast over på kva som er godt leiarskap. Opp gjennom åra har vi sett fleire døme på at dårleg samarbeidsklima mellom dei folkevalde og mellom politikarar og administrasjon på sikt går ut over både tenester og omdøme. Sogndal er region- og skulesenter og ein kommune i vekst. Kommunen har lang tradisjon for god økonomistyring som gir handlingsrom for store satsingar, og med det gode føresetnader for å lukkast med å utvikle kommunen. No skal kommunen slå seg saman med to andre kommunar, og bør nytte mykje merksemd på denne prosessen. I staden ser vi konflikt og manglande tillit. Kommunestyret må samla ta ansvar, og legge til rette for at tilliten kan byggjast opp att. Utan tillit og samarbeid blir det inga god utvikling for kommunen, men derimot fare for at innbyggjarane får eit dårlegare tilbod framover enn dei med rette kan forvente.

Godt nytt år, Sogn og Fjordane!

Publisert onsdag 3. januar 2018

Vi har lagt bak oss eit innhaldsrikt år i Sogn og Fjordane. Nokre av hendingane eg vil sjå attende på med glede, er dei tre besøka til H.M. Dronning Sonja. Først opninga av Loen Skylift i mai, så besøket til United World College i Fjaler i september for å markere mangfald og inkludering i utdanning, og då ho i november delte ut sin eigen skulepris til Firda vidaregåande skule på Sandane.

H.M. Dronning Sonja opna Loen Skylift i Stryn 20. mai 2017

H.M. Dronning Sonja opna Loen Skylift i Stryn 20. mai 2017. Foto: Loen Skylift.

Gledeleg var det òg at Lærdalselvi endeleg vart friskmeld, etter 20 års kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Fornybarfylket Sogn og Fjordane tok i 2017 nye steg på vegen mot det grøne skiftet, med hydrogenprosjektet, satsing på el-ferjer og opninga av Lefdal Mine Datacenter, med energi frå vasskraft. Eg er særs nøgd med at initiativet frå Fylkesmannen om å skipe til ein nasjonal konferanse om klimaomstilling, er vorte eit årvisst arrangement som samlar deltakarar frå heile landet. Konferansen er eitt av svært mange døme på godt samarbeid på tvers av sektorar og verksemder i fylket vårt om store og viktige samfunnsutfordringar.

Geir Jakobsen i Mattilsynet overrakte mandag 30. oktober 2017 friskmeldingsvedtaket for Lærdalselva til klima- og miljøminister Vidar Helgesen og fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane. Foto: Eivind Røhne.

Geir Jakobsen i Mattilsynet overrekte 30. oktober 2017 friskmeldingsvedtaket for Lærdalselva til klima- og miljøminister Vidar Helgesen og fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane. Foto: Eivind Røhne.

Diverre fekk vi i året som gjekk nok ei stadfesting på at klimaet er i endring. Ekstremregnet 24. juli førte til storflaumen som råka bygdene Utvik og Breim hardt. Vi må berre bu oss på at vi oftare kjem til å oppleve slike hendingar, og planleggje for å avgrense skadane.

Anne Karin Hamre ser på skadane flaumen har påført i Utvik. Foto: Haavard Stensvand.Anne Karin Hamre ser på skadane flaumen har påført i Utvik. Foto: Haavard Stensvand.

2017 var året der Stortinget og regjeringa gjorde vedtak i mange av strukturreformene i den offentlege forvaltninga – kommunereforma, regionreforma og endringar i den regionale staten.

Vi står no på terskelen til det siste året som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Det er lagt tre politiske føringar for samanslåinga med embetet i Hordaland: Det nye embetet skal ha delt lokalisering, talet på tilsette i Sogn og Fjordane skal vidareførast som i dag, og Leikanger skal vere hovudsetet for det nye embetet – noko som m.a. inneber at fylkesmann og assisterande fylkesmann skal ha kontorstaden sin der. Til påske skal nytt organisasjonskart og avdelingsleiarar i det nye embetet vere avklart. I tillegg skal ei rekkje system, rutinar og arbeidsmåtar samkøyrast før det nye embetet er etablert 1. januar 2019. Frå den datoen vert Lars Sponheim fylkesmann for det nye embetet.

Det nye embetet og etter kvart den nye fylkeskommunen som vert etablert 1. januar 2020, skal tene eit stort fylke med 630 000 innbyggjarar, store geografiske avstandar, mange kommunar (frå 59 i dag til 43 frå 2020) og eit mangfaldig næringsliv. Noko av styrken til Sogn og Fjordane er det gode samarbeidet som er etablert mellom ulike verksemder for å løyse samansette samfunnsoppgåver, som klimaendringar, beredskap, utsette barn og unge, integrering og folkehelse. Dei formelle nettverka som er etablerte, som Forum for skule- og barnehageutvikling og IT-forum, må vi ta med oss og utvikle vidare i eit nytt storfylke.

Det vert òg avgjerande at vi kan stille med leiarar som ønskjer å bidra til å utvikle det nye storfylket, og som kan vere med å konkurrere om leiarstillingar med større spennvidde. Difor har fylkesordføraren og eg teke initiativ til eit leiarutviklingsprogram, som vi ønskjer å utvikle saman med sentrale aktørar i fylket.

Endeleg må vi som er i omstilling vakte oss så vi ikkje blir for innovervende i alt endringsarbeidet, og alltid ha med oss at vi er til for innbyggjarane og samfunnet. Eg ønskjer alle i Sogn og Fjordane eit godt nytt år!

TV-aksjonen 2017: Håp og skule for barn i konfliktområde

Publisert tysdag 17. oktober 2017

I Noreg er retten til skulegang og vidare utdanning noko vi tek for gitt. Diverre er det ikkje slik for mange barn som lever i land råka av krig eller konflikt. I Syria er det 1,7 millionar barn som ikkje får skulegang. Krigen har gjort ein tredel av skulane i landet ubrukelege. For dei som framleis har ein skule å gå til, er skulevegen ofte for farleg. Tenk på kva det ville bety for Noreg om dei vel 1,2 millionar barna og ungdomane våre ikkje fekk gå på skule.

Skulen gir barn framtidsmoglegheiter og ein sosial fellesskap. Tapt skulegang er eit stort tap for kvart enkelt barn, men det er òg eit stort tap for eit land når ein heil generasjon ikkje får utdanning.

Aksjonsgruppa for TV-aksjonen 2017

Fylkesaksjonskomiteen: F.v.: Åshild Kjelsnes, Vibeke Johnsen, Arve Osland, Silje Hagenlund, Anne-Marie Baugstø-Hartvigsen, Anne Karin Hamre, Ellen Havellen og Martin Igland Malkenes. Foto: Privat

TV-aksjonen NRK 2017 går til UNICEF sitt arbeid med å gje utdanning til barn som lever i land råka av krig og konflikt, Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan. Pengane som vert samla inn, skal gå til å utdanne lærarar, etablere skular og til lærebøker og skuleutstyr. Målet er å gje utdanning til minst 470 000 barn i dei fem landa, og at dette skal få verknader for langt fleire. Dei som har fått utdanning, har betre føresetnader for å gje eigne barn ein god start i livet. Barn som får skulegang, kan etter kvart bidra til familien sin økonomi, til å utvikle lokalsamfunnet og til å byggje opp att landet. Ei investering i utdanning, er ei investering i framtida til eit land.

Sogn og Fjordane har alltid utmerka seg med stor gjevarglede, og eg håpar innbyggjarane er rause i år òg. På vegner av fylkesaksjonskomitéen oppmodar eg alle om å ta godt i mot bøssebærarane som kjem på vitjing søndag 22. oktober, og om å gje til eit viktig føremål!

Akutt respons – til beste for barn og unge

Publisert tysdag 10. oktober 2017

I februar i år skreiv eg eit blogginnlegg om at ingen kommunar i Sogn og Fjordane hadde ei formalisert ordning med barnevernsvakt etter kontortid. Akuttberedskap i barnevernet vart sett på dagsordenen på KS sin strategikonferanse i februar og på barnevernsleiarsamlinga i april. Fylkesmannen sette av skjønsmidlar som kommunane kunne nytte til arbeidet med å få på plass ei slik ordning.

Kommunane Eid, Gloppen og Stryn var først ute med felles akuttberedskap, som starta opp 3. april. Det inneber at desse kommunane har ei beredskapsvakt som kan kontaktast etter vanleg arbeidstid når det skjer noko som gjer at barnevernstenesta må inn med strakstiltak. Selje kommune skal slå seg saman med Eid kommune, og tek sikte på å gå inn i dette samarbeidet.

Sidan vi ikkje har mange akutte hendingar her i fylket og ei vaktordning er kostnadskrevjande, har mange av kommunane valt å samarbeide om ei barnevernsvakt. Kommunane Flora, Førde, Naustdal, Jølster og Gaular jobbar i lag for å få på plass ein akuttberedskap i år. Det same gjeld HAFS-kommunane – Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. I Sogn er kommunane Balestrand, Høyanger, Leikanger, Sogndal, Luster, Vik og Årdal i gang med eit felles arbeid om å få etablert ei ordning med akuttberedskap i løpet av 1. kvartal 2018, medan kommunane Lærdal og Aurland vil etablere ei eiga vaktordning. Kommunane Bremanger og Vågsøy har sett i gang eit arbeid der dei kartlegg fleire alternativ, anten å etablere eiga vaktordning eller å kople seg på samarbeid i nabokommunane. Gulen kommune deltek i eit samarbeid med andre kommunar i Hordaland, og Hornindal kommune med kommunar på Sunnmøre.

Barnehage-samværsrett-omsorg1

Fylkesmannen set kvart år av ein del av skjønsmidlane til prosjekt og satsingar for å løyse viktige behov i fylket. I år var akuttberedskap i barnevernet eit prioritert satsingsområde, og vi har fordelt litt over ein million kroner til dette arbeidet.

Blogginnlegget frå februar vart avslutta med følgjande oppmoding:

«Målet må vere at vi ved utgangen av 2017 er langt betre rusta til å hjelpe barn, uansett når på døgeret krisa skjer». Status er at alle kommunane i Sogn og Fjordane har sett i gang eit arbeid for ein betre akuttberedskap, og fleirtalet av kommunane vil ha ei ordning på plass i løpet av 2017. Fylkesmannen er ofte ute med peikefingeren når vi meiner at kommunane ikkje følgjer opp nasjonal politikk og statlege pålegg. No er det på sin plass å gje ros til kommunane for akutt respons på utfordringa med å få på plass ein akuttberedskap.

Nye tider i kommune-Noreg

Publisert onsdag 14. juni 2017

Etter ein lang debatt og ei særs spennande avstemming, vedtok Stortinget 8. juni ny kommunestruktur for landet. Då kommunereforma starta i 2014, hadde vi 428 kommunar. Vedtaket i Stortinget reduserer talet på kommunar med 74, til 354 kommunar.

I Sogn og Fjordane er 12 kommunar, altså nær halvparten, involverte i fem kommunesamanslåingsprosessar. Det betyr at 56 prosent av innbyggjarane i fylket får ein ny kommune. Alle prosessane har vore ulike. Jølster, Gaular, Førde og Naustdal kom tidleg i gang, medan nye Kinn kommune vart vedteken heilt på tampen og med det særtrekket at Flora og Vågsøy har ein kommune på over 800 kvadratkilometer mellom seg.

Vegen vidare er no at Fylkesmannen skal kalle inn til felles kommunestyremøte, der hovudtema er namn på den nye kommunen, kor mange representantar det nye kommunestyret skal ha, og samansetjing og funksjon for fellesnemnda som skal førebu samanslåingane 1.1.2020.

Vi har kalla inn dei fire Sunnfjordkommunane til møte på Skei 21. juni. Dagen etter vert det felles kommunestyremøte for Balestrand, Leikanger og Sogndal i Balestrand på føremiddagen, og for Eid og Selje på Eid om ettermiddagen. Felles kommunestyremøte for Flora og Vågsøy vert i august, medan det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som kallar inn til felles kommunestyremøte mellom Volda og Hornindal. Etter at kommunestyra har gjort vedtak om namn, fellesnemnd og representantar og nytt kommunestyre, vert vedtaka sendt over til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Om kommunane ikkje kjem til semje på alle punkt, tek departementet avgjerd.

Når kommunane har gjort like vedtak om fellesnemnda, kan nemndmedlemmene starte arbeidet med å byggje den nye kommunen. Det er ein stor jobb som skal gjerast. Ein heilt ny organisasjon skal utformast, og tilsette skal takast i vare med omsyn til rettar og involvering. Budsjett og heile det mangfaldige kommunale planverket skal samordnast. Det same skal ymse administrative system, ikkje minst på arkiv- og IKT-sida. Interkommunale samarbeid må vurderast. Kommunane må informere godt heile vegen til alle som vert påverka av samanslåingsprosessen – tilsette, lag og organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar.

Kommunekartet slik det ser ut i dag.

Når mange kommunar no går inn i omfattande prosessar som krev tid og merksemd, må staten ta omsyn. Internt har vi starta ei drøfting av korleis vi skal leggje opp kommunedialogen og det kommuneretta arbeidet, der vi både tek  omsyn til kommunar som skal slå seg saman, og  til at vi får ein struktur med større strekk i feltet. Mange kommunar vert større, men vi vil framleis ha mange små kommunar som på mange område er avhengige av interkommunalt samarbeid. Dette er tema som vi vil drøfte med kommunane framover. Sidan Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1.1.2019 vert slått saman med Fylkesmannen i Hordaland, vert kommunedialogen òg eit viktig tema i drøftingane vi skal ha med dei fram mot samanslåinga.

Eg ønskjer alle våre 12 kommunar som no går inn i eit stort arbeid med kommunesamanslåing, lukke til. Vi er budde på å bidra med råd og rettleiing.

Frivillige er nøkkelen til god integrering

Publisert tysdag 9. mai 2017

Lokalsamfunna våre endrar seg i takt med auka innvandring. Distriktskommunar som for 10-15 år sidan var utan innvandrarar, er no blitt multikulturelle og internasjonale. For eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane, har innvandringa gjort at vi har snudd ei negativ folketalsutvikling.

Innvandrarar representerer nye idear, arbeidskraft som vi treng, og eit spennande mangfald. For å få fram dette potensialet, er det nokre barrierar som må forserast. Dei handlar om språk, kultur, kunnskap, uro for det som er framandt, mangel på møteplassar, og prioriteringar.

Feiring av statsborgarseremonien 1. april 2017. Foto: Oskar Andersen

Feiring av statsborgarseremonien 1. april 2017. Foto: Oskar Andersen

Godt integreringsarbeid er eitt av dei viktigaste samfunnsprosjekta i Noreg i dag. Her spelar kommunane og frivillige heilt avgjerande roller. Politisk og administrativ leiing i kommunen må prioritere dette. Alle sektorar må involverast. Integrering høyrer like mykje heime i plan og næring som i sosialtenesta. Kommunen må lage møteplassar, og leggje til rette for at frivillige kan gjere ein innsats.

I arbeidet med å lage mangfaldige og inkluderande lokalsamfunn trur eg det er det viktig å sjå etter kva vi har felles. Loveleen Brenna, samfunnsdebattant og tidlegare leiar av foreldreutvalet for grunnopplæringa, er oppteken av dette. Ho snakkar godt om kva som bind oss saman, og korleis vi ofte har meir kunnskap enn vi trur. Vi må berre bruke han:

- Vi likar alle å lære nye ting, å meistre

- Vi vil gjerne bli sett og akseptert for den vi er

- Vi vil gjerne høyre til, vere ein del av eit fellesskap

- Vi vil vere til nytte, og oppleve at nokon treng oss

I dag møtest tilsette i offentleg sektor og frivillige for å diskutere korleis fysisk aktivitet kan bidra til betre inkludering i barnehage, skule og i fritida. På konferansen i Sogndal vil Robin Dale Oen fortelje om glede og utvikling gjennom meistringsopplevingar. Saba Berhane er ei av mange mødrer som er engasjert i frivillig arbeid. Ho vil fortelje om kvifor det er viktig for henne å bidra til fellesskapet. Flora handball og Kaupanger fotball har arbeidd godt med inkludering, og vil bidra med erfaringar.

Sogn og Fjordane er eit fylke med lange og gode tradisjonar for frivillig innsats. No må vi mobilisere alle som ønskjer å bidra til at innvandrarar får brukt ressursane sine i lokalsamfunna våre. Det offentlege må leggje til rette, men vi er heilt avhengige av frivillig innsats. Dette klarer vi!

Betre akuttberedskap i barnevernet

Publisert onsdag 8. februar 2017

Den kommunale barneverntenesta har ansvar for at barn får naudsynt hjelp og vern. På dagtid er det oftast lett å få hjelp, men på kveldstid og i helgane må det vaktordningar til.

Under halvparten av kommunane i landet har ei formalisert ordning med operativ barnevernvakt etter kontortid. Ingen av kommunane i Sogn og Fjordane har ei slik ordning.

Nokre kommunar har uformelle bakvaktordningar med telefonnummer som politiet kan ringe etter kontortid. I andre kommunar har ikkje politiet hatt nokon å kontakte om dei har stått overfor ei krise med eit barn som treng hjelp. Eit barn eller ein ungdom som treng akutt hjelp, må få det frå nokon med utdanning og erfaring.. At det i mange tilfelle blir politiet eller ein barnevernleiar på fritida som må handtere ein vanskeleg situasjon, er ikkje ei haldbar ordning. Vi må få på plass ein betre akuttberedskap for barnevernet i fylket vårt.

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne har i fleire brev til kommunane understreka at barn har rett til hjelp i akutte krisesituasjonar uavhengig av kvar i landet dei bur, og mint om at kommunane har ansvar for å ha ein tilstrekkeleg beredskap etter kontortid. Fleire kommunar i vårt fylke har teke kontakt med Fylkesmannen for å få konkretisert kva ein tilstrekkeleg beredskap inneber. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har kome med ei klargjering, der dei seier at alle kommunar må ha ei formalisert ordning med tilstrekkeleg og rett kompetanse også etter vanleg kontortid.

Barn med koffert.

Små kommunar, høge kostnader og ulike behov, gjer at ei døgnopen barnevernvakt med spesialkompetanse i kvar kommune er vanskeleg å få på plass. Då må kommunane i det minste ha ei formalisert bakvaktordning slik at andre instansar er sikre på å nå nokon med barnevernfagleg kompetanse.

Vi tok i fjor haust kontakt med alle kommunane for å høyre korleis dei arbeider med å få på plass ein betre akuttberedskap. Fleire kommunar i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord er i gang med å utgreie interkommunale vaktordningar. Samstundes har vi fleire kommunar som ikkje er kopla på desse prosessane. I vårt fylke er interkommunalt samarbeid einaste løysinga, og framover vert det viktig å sikre at alle kommunane tek del i samarbeida om akuttberedskap. Det vil òg vere viktig å dra nytte av erfaringar frå andre fylke vi kan samanlikne oss med, t.d. Barnevernvakta i Steinkjer og omegn, som fleire kommunar i Nord-Trøndelag etablerte i 2014.

Akuttberedskap i barnevernet er tema på strategikonferansen til KS i dag, og vi følgjer opp med å invitere fagfolk og leiarar i alle kommunane på barnevernleiarsamlinga 19. april til å drøfte korleis dette best kan organiserast i vårt fylke. Fylkesmannen er innstilt på å bidra med skjønsmidlar til å etablere av ordningar med barnevernvakt. Målet må vere at vi ved utgangen av 2017 er langt betre rusta til å hjelpe barn, uansett når på døgeret krisa skjer.

Støtte til Vestlandsregionen

Publisert måndag 28. november 2016

I 2013 feira vi at Sogn og Fjordane hadde vore eige fylke i 250 år. Tre år seinare diskuterer vi samanslåing med Hordaland og Rogaland til ein stor vestlandsregion. For alle med varme kjensler for dette vakre og mangfaldige fylket vårt, er dette ei stor og vanskeleg sak. Kva vinn vi, og kva taper vi ved å gå inn i ein større region? Kvifor skal vi inn i noko større? Vi, som ligg i rett ende av dei fleste statistikkar som handlar om livskvalitet, og som er robuste fordi vi klarer å samarbeide?

Sist gong det bles ein regionvind over landet, var på byrjinga av 2000-talet. Vestlandspolitikararar ville samle Vestlandet til eitt rike, for å ta opp kampen mot sentraliseringa av makt til Oslo. Det vart arrangert vestlandskonferansar, og begeistringa for regionprosjektet var stor i starten. Så kom lokaliseringsdiskusjonane, og det heile braut saman.

I tida som har gått, har Oslo og resten av det sentrale Austlandet hatt ein kraftig vekst, og balansen mellom dei ulike landsdelane er vorten skeivare.

Vi har eit spennande og variert næringsliv på Vestlandet, men vi treng eit større mangfald. Straumen av nyutdanna frå universiteta og høgskulane på Vestlandet over fjellet mot aust, er framleis stor. Mediemakta og premissgjevarane finn vi stort sett i Oslo. Her vert dei fleste deltakarane i viktige råd og utval henta frå. Og her finn vi departementa og dei fleste direktorata og tilsyna.

E 39 bidreg til større bu- og arbeidsområde og til å binde Vestlandet tettare saman. Men det er framleis mykje ugjort. Nyleg plasserte ei undersøking Hordaland og Sogn og Fjordane på botn i vegkvalitet. Det stod ikkje veldig mykje betre til i Rogaland.

Skal vi få til meir satsing på infrastruktur, næringsutvikling og på å byggje attraktive bu- og arbeidsområde på Vestlandet, treng vi meir samarbeid som er tufta på fastare strukturar enn t.d. Vestlandsrådet.

Kart over den nye vestlandsregionen. Foto: Skjemdump frå NRK

Kart over den nye vestlandsregionen. Foto: Skjemdump frå NRK

Det hadde nok vore logisk først å få avklart ein framtidig kommunestruktur og oppgåver til nye regionar før det vart teke stilling til å endre dagens fylkeskommunar. Men politikken blir ofte til gjennom kompromiss, slik er det òg med regionreforma.

Dei vala vi gjer, må ta utgangspunkt i at det er eit fleirtal på Stortinget som ønskjer færre og større fylkeskommunar. Vi må òg ha med oss at det er ei rekkje andre strukturprosessar som vert gjennomførte uavhengig av regionreforma.

Stortinget har vedteke ei regionreform, og regjeringa har som utgangspunkt at landet skal delast inn i om lag ti folkevalde regionar. Det skjer samstundes ei rekkje strukturprosessar i den regionale staten, der folketal er eit viktig prinsipp for korleis strukturane skal leggjast. Sidan 1990-talet har ei rekkje regionale statsetatar gått frå ei fylkesinndeling til ein regioninndeling. I dag er det berre att Fylkesmannen, Nav og Innovasjon Norge som femner om Sogn og Fjordane. Strukturen for fylkesmannsembeta og Nav sine regionkontor er under utgreiing, og begge utgreiingane peiker så langt mot ein regionmodell der Sogn og Fjordane ikkje vert ei eiga eining. Dersom det vert utfallet, kan det svekke grunnlaget for å oppretthalde Sogn og Fjordane fylkeskommune.

På mange måtar beklagar eg det, fordi eg meiner Sogn og Fjordane på veldig mange område demonstrerer at vi står oss godt som eige fylke. Vi er handlekraftige og ubyråkratiske. Ei ny administrativ eining sett saman av tre tidlegare fylke, byr heilt klart på ein risiko for at vi kan verte meir byråkratiske og mindre handlekraftige. Likevel er det viktig at dette fylket deltek aktivt i debatten og i utforminga av det nye Vestlandet, ikkje minst for å halde dette fylket samla inn i ein større region.

Etter å ha vege fordelar og ulemper opp mot kvarandre, konkluderer eg med å støtte intensjonsplanen om ein vestlandsregion med ei desentralisert forvalting .

Ein viktig føresetnad for ei vellukka samanslåing, er at byane i vest forstår at dei er avhengige av omlandet sitt, og klarer å byggje bru mellom by og land. Viss Bergen og Stavanger blir seg sjølve nok, vil vi aldri lukkast.

Klimafylket Sogn og Fjordane

Publisert onsdag 24. februar 2016

2015 vart det tredje våtaste og det tredje varmaste året i Noreg sidan 1900. I vår region merkar vi alt fleire dagar med regn, at regnet vert meir intenst, oftare og kraftigare flaumar, fleire jordskred og færre dagar med snødekke i låglandet.

Hjå Fylkesmannen jobbar vi med eit prosjekt vi har kalla Klimaløftet. Måla er ambisiøse. Vi vil bidra til betre rettleiarar og planleggingsverktøy for kommunane. Vi vil styrke samarbeidet med ulike kompetansemiljø i fylket. Vi vil arbeide for at Sogn og Fjordane markerer seg som klimafylket nasjonalt, og delta i internasjonalt klimasamarbeid. Vi er på god veg.

Saman med Vestlandsforsking, som er prosjektleiar, deltek vi i eit arbeid om å utvikle eit nettbasert verktøy for korleis omsynet til klimasårbarheit kan handterast i arealplanprosessane i kommunane. Prosjektet Klimaverktøy for kommuneplanleggjarar er finanisert av Norges forskningsråd sitt KLIMAFORSK-program.

Skader etter flaumen i Flåm i 2015. Foto: Christian Rekkedal/FMSF

Skader etter flaumen i Flåm i 2015. Foto: Christian Rekkedal/FMSF

Høgskulen i Sogn og Fjordane har klima som tema i fleire studieprogram, og har brei støtte i fylket i arbeidet med å etablere ei masterutdanning i klimatilpassing.

Saman med KS, Vestlandsforsking og tre regionar i Romania deltek vi òg i eit internasjonalt samarbeid om å utvikle strategiar og handlingsplanar for å tilpasse oss til eit klima i endring. Tidlegare har vi saman med fylkeskommunen, Flora kommune og Vestlandsforsking delteke i det internasjonale klimatilpassingsprosjektet Clim-ATIC, der vi m.a testa ut ny teknologi for å gje informasjon til folk i eit kriseråka område.

Regionale verksemder i Sogn og Fjordane, som Fylkesmannen, fylkeskommunen, Vestlandsforsking, Høgskulen, Statens vegvesen, NVE, Norsk Bremuseum og Red Cross Nordic United World College har gode tradisjonar for å samarbeide og byggje kunnskap om klimaendringar. No går vi saman om å arrangere ein nasjonal konferanse om klimaomstilling. Korleis skal vi planleggje for eit endra klima, kva inneber det grøne skiftet i praksis, og korleis skal Noreg bidra til å følgje opp Paris-avtalen? Dette er sentrale tema på konferansen i Sogndal 3. – 4. mai, med spennande innleiarar som Helge Drange frå Bjerknessenteret, Kristin Halvorsen frå CICERO senter for klimaforskning og Karen O’ Brien frå Universitetet i Oslo. Vi tjuvstartar 2. mai med klimaekskursjon frå Sogndal til Fjærland, og innlegg om korleis klimaendringar påverkar landbruket og klimautstillingar ved Bremuseet og elevar frå UWC.

Eg oppmodar alle som er interesserte i klimaomstilling om å setje av desse mai-dagane, og delta i drøftingar om viktige tema som handlar om framtida vår!