Innlegg av Gunnar O. Hæreid
Gunnar er assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane. Han er jurist, og har tidlegare arbeidd som advokat hjå Regjeringsadvokaten, konstituert lagdommar i Hålogaland lagmannsrett og hjå Sivilombodsmannen. E-post, Heimeside

Fylkesmannen – éi dør til staten for kommunane

Publisert torsdag 29. juni 2017

I kommunereforma og regionreforma vert det diskutert kva oppgåver som skal liggja kvar, stundom utan prinsipielle tankar om kvar oppgåvene høyrer til. Hovudprinsipp for fordeling av oppgåver i offentleg forvaltning har vore:

-  kommunane yter dei viktigaste tenestene som direkte gjeld innbyggjarane, til dømes grunnskule, barnehage, omsorgstenester

-  fylkeskommunane har ansvar for områda som er for store for kommunane, til dømes regional samfunns- og næringsutvikling, fylkesvegar, kollektivtrafikk og drift av vidaregåande skular

-  fylkesmennene følgjer på vegner av staten opp kommunane med initiativ, rettleiing, tilsyn og klagehandsaming, for å sikra likeverdige tenester i samsvar med fastsette standardar i lov og forskrift

- sektororgan i staten har ansvaret for landsfemnande oppgåver som toll, skatt, mattryggleik, politi, kriminalomsorg, kraftutbygging (både vatn og vind), domstolar, sjukehus og riksvegar

Hovudprinsippa er enkle, men praktiseringa og grensedragingar byr på problem. Til dømes har fylkeskommunen og fylkesmannen på planområdet fått felles rettleiingsansvar overfor kommunane. Og mange har vanskar med å skilja mellom ansvaret fylkeskommunane har for dyr det kan jaktast på, som hjort og elg, og ansvaret fylkesmennene har for dyr det ikkje kan jaktast på, som ulv og jerv.

Frå paneldebatt på Fylkesmannens kommunekonferanse i mai 2017 med f.v. statssekretær i KMD Kristin Holm Jensen, ordførar i Førde Olve Grotle, fylkesmann Anne Karin Hamre, ordførar i Hyllestad Morten Askvik og fylkesrådmann Tore Eriksen.

Frå paneldebatt på Fylkesmannens kommunekonferanse i mai 2017 med f.v. statssekretær i KMD Kristin Holm Jensen, ordførar i Førde Olve Grotle, fylkesmann Anne Karin Hamre, ordførar i Hyllestad Morten Askvik og fylkesrådmann Tore Eriksen.

Fylkesmennene på Vestlandet fekk i desember 2016 utarbeidd ein rapport som drøftar kva oppgåver som eigentleg burde høyra under fylkesmennene. Bakgrunnen er mellom anna at fylkesmennene får tilbakemeldingar om at kommunane har dårlege erfaringar med direkte linjer til statlege sektororgan, fordi sektororgana ikkje kjenner kommunane og ikkje klarar å sjå samanhengen med andre oppgåver kommunane har ansvar for. Her har fylkesmannen eit fortrinn, med god kjennskap og relasjon til kommunane og dei mange oppgåvene dei utfører. Difor rår rapporten til å leggja ansvaret for å følgja opp slike sektoroppgåver til fylkesmannen, til dømes regionkontora til IMDi, rettleiings- og utviklingsoppgåvene frå Utdanningsdirektoratet, regionalt bustadsosialt arbeid frå Husbanken.

I juni sette regjeringa ned eit ekspertutval som skal føreslå oppgåver som kan styrka samfunnsutviklarrolla til fylkeskommunen og gje betre tenester for innbyggjarar og næringsliv. Utvalet følgjer opp regionreforma, der Stortinget nyleg vedtok å gå frå 19 til 11 fylke frå 2020.

I diskusjonane om organisering av offentleg forvaltning er det viktig å halda på oversiktlege prinsipp. Prinsippet om at kommunane skal ha éi dør til staten gjennom fylkesmennene, kan vera eitt av dei.

Ansvar og roller rundt cruisetrafikk

Publisert torsdag 1. juni 2017

Cruisetrafikken gjev gode inntekter for næringslivet rundt om i fylket. Samstundes kan cruisetrafikken føra til utfordringar med utslepp til luft og sjø, og stor og konsentrert folketilstrøyming. I hovudsak er det opp til kommunane gjennom plan- og bygningslova å regulera om det skal vera cruisetrafikk, gjennom å avsetja eigna areal for kaiar og andre samferdselstiltak. Men kommunane kan ikkje styra trafikken i seg sjølv.

Den lokale hamneeigaren styrer kva trafikk som skal koma inn, ut frå kapasitet og visse likskapsprinsipp.

Fylkesmannen skal først og fremst passa på at kommunane held seg innanfor rammene i lov og forskrift på dei ulike fagfelta, og tek i vare både kommunale, regionale og nasjonale interesser i planane sine. Fylkesmannen skal ikkje overstyre kommunane i korleis dei lokalt vil prioritera rammevilkåra for cruiseturisme, så lenge dei ikkje bryt med nasjonale reglar og føringar som Fylkesmannen skal følgja opp.

Cruiseskip. Foto: Pixabay

Cruiseskip. Foto: Pixabay

Kommunane har som plan- og bygningsstyresmakt ansvar for å fastsetja arealbruk i eit område gjennom kommuneplan og reguleringsplan. Når kommunen opnar for cruiseskiptrafikk eller andre aktivitetar, må både plussider og minussider vurderast. Alle interesser, til dømes private borgarar, føretak, næringsorganisasjonar, representantar for born,  statlege instansar som Fylkesmannen og Vegvesenet, skal få koma til orde i ein ordna prosess. Kommunestyret tek endeleg avgjerd og skal vurdera verknader for samfunnet, det vil seia både økonomi, folkehelse, miljø, estetikk, trivsel og tryggleik. Men kommunen kan berre fastsetja kor stort areal som skal takast i bruk og til kva føremål, og ikkje kor mange cruisebåtar som skal takast inn. Mindre tiltak som ikkje er vesentleg i strid med planføremålet, er det mogleg å gje dispensasjon til så sant fordelane er klart større enn ulempene.

Avgjerder om arealbruk ligg i kjerneområdet for det kommunale sjølvstyret. Sjølv om det er høve til å klaga til Fylkesmannen over vedtak om reguleringsplanar, vil Fylkesmannen berre oppheva planen dersom det er gjort feil i handsaminga. Fylkesmannen kan ikkje oppheva planen ut frå sitt eige eventuelle ønske om å ha mindre cruisetrafikk. I dispensasjonssaker for tiltak som stør opp under reguleringsplanen, kan Fylkesmannen internasjonale krav. Kommunane har små høve til å stilla eigne krav. Til dømes har kommunane ikkje høve til å setja eigne krav for utslepp av kloakk og gråvatn frå cruisebåtar som seglar inn og ut av internasjonalt farvatn. Kommunelegen kan likevel leggja ned forbod mot aktivitetar som medfører akutt helsefare.

I ein nyleg utgjeven rapport frå Sjøfartsdirektoratet går det fram at det i Flåm til tider kan vera innhald av nitrogenoksid (NOx) som kan ha negativ verknad for helsa. I tillegg bidreg NOx, saman med sot/røykpartiklar og vassdamp, til danning av røykskyer i fjordane. Kartlegginga til Sjøfartsdirektoratet viser vidare at det i liten grad er utslepp til sjø i fjordane frå cruiseskipa, men at det vert sleppt ut noko kloakk og gråvatn frå lokal skipstrafikk. Sjøfartsdirektoratet har føreslege ei rekkje nasjonale tiltak for å kunna ta meir omsyn til miljøet, til dømes reinsesystem for NOx, høve til å regulera trafikk og fart og forbod mot ulike former for utslepp.

Misnøye med lokale følgjer av cruisetrafikk må takast opp med kommunane. Dersom misnøya gjeld noko kommunen pliktar å følgja opp i samsvar med lov og forskrift, er det mogleg å klaga til Fylkesmannen. Det opp til kommunestyra å avgjera i kor stor grad det skal leggjast til rette for cruisetrafikk, men dei kan ikkje konkret  styra kor stor trafikken skal vera. Dersom det skal vera større høve til å stilla lokale miljøkrav, må det nasjonale regelverket opna for dette, i tråd med framlegga frå Sjøfartsdirektoratet.

Statleg samordning – eit spørsmål om kultur heller enn adresse?

Publisert onsdag 11. januar 2017

Då Jørgen Kosmo var riksrevisor sa han at mangelen på samhandling og på makt og mynde til å samordna, er den største forvaltningspolitiske utfordringa i Noreg. Både den første maktutgreiinga frå byrjinga av 80-talet og den andre som kom i 2003, sette søkjelyset på den sektorprega og oppsplitta staten. System og praksis er vorte meir retta mot å nå sektormål, mindre mot heilskap og å prioritera mellom ulike interesser.

Framveksten av sterkare spesialiserte direktorat er ei av årsakene. Slik forvaltninga ser ut i dag, kan me i tabloide ordelag seia at regjeringa har hovudansvaret for å samordna staten. Departement og direktorat har ansvaret for å gjennomføra sektorpolitikken. Fylkesmennene har ansvaret for å få kommunane til å gjennomføra og samordna statleg sektorpolitikk. Og kommunane skal på samordna vis gjennomføra den statlege sektorpolitikken ved å produsera gode velferdstenester.

Desse viktige samfunnsområda treng til dømes meir samordna innsats:

  • Utsette barn og unge, der særleg barnehage, skule, barnevern, og barne- og ungdomspsykiatri må samordnast
  • Folkehelse, som ikkje berre handlar om overvekt og fysisk aktivitet, men om å tenkja helse i alt me gjer
  • Klimaendringar, både å redusera utslepp av klimagassar og å planleggja for dei klimaendringane som alt er i gang, i alle sektorar
  • Samfunnstryggleik og beredskap, der erfaringar frå store kriser er at det som ofte sviktar, er informasjonsdeling og samarbeid på tvers av etatane som er involverte
  • Integreringsarbeidet, der flyktningteneste, barnehage og skule, psykiatri, folkehelse, arbeidstrening, språkopplæring, utdanning, tolketenester er viktige element

Videomøte mellom statlege etatar under flyktningekrisen i 2016.

Videomøte mellom statlege etatar under flyktningekrisa i 2016. Foto: Magne-Bjarte Hatlem/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

I arbeidet med regionreforma er det peikt på at når den regionale staten har mange ulike regionale inndelingar med ulike kontoradresser, er det vanskeleg å få til samordning. Ut frå dette er det gjort opprekningar av grenser og kontorstader. Opprekninga er nytta i debatten om korleis det regionale nivået skal sjå ut. Dette er ei lite nyansert tilnærming til ei viktig samfunnsutfordring.

Dei seks statlege verksemdene Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har samarbeidd tettast med dei siste åra, er, i uprioritert rekkjefølgje og med relevante regionkontor i parentes; Høgskulen i Sogn og Fjordane (Sogndal),[1] Vegvesenet (Leikanger), Nav (Leikanger), NVE (Førde), Politiet (Bergen frå 2016, Florø før 2016) og IMDi (Bergen). Sjølv om ikkje alle har hovudkontor same stad som oss, samarbeider me godt når det trengst. Dei som har adresse lengst unna oss, møter me kanskje tre-fire gonger i året andlet til andlet. Under kriser eller elles når det trengst, er video- eller telefonmøte det mest effektive.

Den kunnskapsbaserte måten å løysa problema med samordning på, er etter mitt syn å setja ord på kva område som mest treng samordning  og mellom kva verksemder samordninga valdar problem, og så sjå på konkrete tiltak for å løysa problema.

Endra kontorstad og  adresse kan vera eitt mogleg tiltak, men eg trur kultur og leiing, som 22. julikommisjonen framheva, er langt viktigare.


[1] Går frå 2017 inn i Høgskulen på Vestlandet med hovudsete i Bergen.

Næringsretta IT-utdanning til framtidsfylket

Publisert måndag 3. oktober 2016

Sogn og Fjordane treng ei næringsretta IT-utdanning på bachelornivå for å leva opp til tilnamnet framtidsfylket. No er utdanninga på god veg til å koma.

IT-forum Sogn og Fjordane sende i slutten av august eit notat til Høgskulen i Sogn og Fjordane med førespurnad om å oppretta ein studieplankomite, som altså skal laga ein studieplan for eit nytt bachelorstudium for næringsretta IT. Bakgrunnen er eit initiativ IT-forum sjølv har teke saman med næringslivet, og arbeidd med sidan 2014. Tankane bak er:

- IT får større og større plass i alt me gjer, både i privatlivet, i næring og i offentleg verksemd
- Studien «Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane» peikte i 2011 på at IT og digitalisering har størst potensial for verdiskaping i tida framover
- Sogn og Fjordane ligg frå før langt framme i å bruka IT
- Høgskulestudium rekrutterer gode hovud til fylket; rundt 40 prosent av studentane på grunnutdanningane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er frå fylket, medan halvparten av dei ferdige kandidatane vert verande i fylket etterpå
- Stor auke i søknader til IT-studium i landet siste åra
- Stor vilje frå regjeringa til å satsa på studieplassar innan IT
- Fleire IT-verksemder rundt om i fylket opplever suksess
- Mange eksisterande verksemder i fylket treng jamleg å tilsetja personar med IT-kompetanse
- Verksemder i fylket skal knyta relasjonar med studentane gjennom obligatoriske praksisopphald
- Utdanning innanfor IT legg til rette for å skapa nye verksemder, som kan liggja kvar som helst

Foto: IT-forumInitiativet har møtt stor velvilje i fylket. Høgskulen er positiv, og styret vedtok 29. september å oppretta studieplankomiteen. Stortingsbenken, fylkesordføraren og fylkesvaraordføraren støttar heilhjarta opp. Like eins har bransjen lova å stilla opp med praksisplassar, førelesingar og kanskje til og med tilskot til studieplassar. I tillegg har Innovasjon Noreg i to omgangar gjeve støtte til prosjektet med til saman 1,95 mill. kr, medan Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane så langt har innstilt at prosjektet skal få 1 mill. kr i støtte (før søknaden skal opp i styret).

Viktigaste utfordringar framover er:

  • - Å sy saman eit studium som tek opp i seg dei siste trendane innan IT og som gjer dei ferdige kandidatane attraktive for næringslivet
  • - Finansiering av studieplassar
  • - Rekruttering av studentar og lærekrefter

Me har stor tru på at me kjem i mål, i tett samarbeid med den nye Høgskulen på Vestlandet og næringslivet. Sogn og Fjordane treng ei IT-utdanning for å vera framtidsfylket.

Vi vandrar saman i samhandlingsfylket

Publisert tysdag 3. mai 2016

Ein seigliva myte om Sogn og Fjordane, er at me kranglar mykje, mellom regionar, mellom kommunar og mellom bygder. Rett nok kranglar me stundom, men neppe meir enn andre. Tvert imot er me særskilt gode til å samhandla på mange område.

Fylket vårt er blant dei beste på levekårsindikatorar som kriminalitetsrate, skuleresultat, fråfall i vidaregåande skule, gjennomstrøyming i høgare utdanning, arbeidsløyse, sjukefråvær og uføregrad, sosialhjelp, medikamentbruk, rus og levealder. Me er også langt framme i bruk av moderne IKT-teknologi.

Kva er det som særmerkjer fylket på desse områda? Ein faktor kan vera at dei viktigaste samfunnsaktørane arbeider tettare saman hjå oss, enn i andre fylke. Fylkesmannen har ei rekkje formaliserte samarbeid med andre samfunnsaktørar på mange område. Nokre døme er:

  • Forum for folkehelse, helse og omsorg, saman med regionråda, Helse Førde, høgskulen, fylkeskommunen, Nav, brukarrepresentant og samhandlingskoordinator
  • Forum for rus og psykisk helse, saman med Helse Førde, fylkeskommunen, RVTS, KoRus Vest, Stiftelsen Bergenklinikkene, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA), Nav Sogn og Fjordane, kommunerepresentant, Regionsenter for barn og unges psykiske helse og brukarorganisasjonar
  • Forum for skule og barnehageutvikling, saman med KS, høgskulen, Utdanningsforbundet og Skolelederforbundet
  • Læringsnettverk om mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, saman med kommunane og dels IMDi, Husbanken og Nav
  • Regionalt plannettverk, saman med fylkeskommunen og KS

Eit døme på at samarbeidsstrukturane fører til konkrete resultat, er IT-forum Sogn og Fjordane, der viktige aktørar mellom andre er fylkeskommunen, Vestlandsforsking, høgskulen, NHO, KS, Helse Førde, Kunnskapsparken, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Sogn og Fjordane Energi, Innovasjon Noreg, Sunnfjord Energi, Hydro Aluminium, Sogndal Fotball og Lerum.

IT-forum har sidan Fylkesmannen tok initiativ i 1995, stått bak mange viktige satsingar som har kome fylket til gode. Samarbeidet har til dømes utløyst store breibandsmidlar til heile fylket. Siste store satsinga som er fullført (i 2014), er elektronisk utveksling av pasientopplysningar mellom sjukehus, legekontor og helse- og omsorgssektoren i kommunane. Så vidt me veit er Sogn og Fjordane framleis einaste fylke der alle kommunar har teke i bruk elektronisk meldingsutveksling på helseområdet. Satsingsområde framover er utbygging av breiband, ny IKT-utdanning til fylket og velferdsteknologi. Helsedirektoratet seier at Sogn og Fjordane er einaste fylket der alle kommunar har gått saman i eit felles prosjekt for å innføra velferdsteknologi, der altså prosjektleiinga ligg til IT-forum. I andre fylke og byar er satsinga spreidd.

Fylkesmannen skal, ut frå mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa, verka til gagn og beste for fylket, og ta dei initiativa som er påkravde. Denne oppgåva vert kalla initiativrolla til fylkesmannen, og følgjer av fylkesmannsinstruksen.

Me meiner at beste måten å utøva initiativrolla på, er å samarbeida med dei andre samfunnsaktørane på eit område. Me skapar dei beste samfunna når Vi vandrar saman, som Olav Stedje syng, ikkje kvar for oss.

Tillit – ein avgjerande ressurs for det norske samfunnet

Publisert tysdag 26. januar 2016

Saman med mellom andre British Council og Den amerikanske ambassaden i Romania, er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane partnar i eit demokratiprosjekt i Romania, sett i gang av organisasjonen Expert Forum. Prosjektet heiter Active Citizenship – a powerful instrument for enforcing rule of law in Romania, og er støtta av EØS-midlar og midlar frå Konrad Adenauer Stiftung.

I september 2015 og januar 2016 har eg halde innlegg for lærarar frå heile Romania på School for Democracy i Sinaia, for ungdomskuleelevar frå tre skular i Bucuresti og to skular i Timisoara, og for ein demokratiorganisasjon i Timisoara. I tillegg var eg, saman med minister for offentleg samråd og dialog Violeta Alexandru og statssekretær Radu Puchiu, hovudinnleiar på eit ope seminar i Bucuresti for journalistar, demokratiforkjemparar, statstilsette og andre. Mitt tema har vore dei norske reglane for medverknad i offentlege prosessar, innsyn og ordningar for å hjelpa svake grupper.

Teksten held fram under biletet.
Gunnar O. Hæreid - demokratiprosjekt Romania

Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid held innlegg om demokrati og tillit. Foto: Expert Forum.

Inntrykk frå andre land gjev grunn til å reflektera over kva som er bra med det norske samfunnet. Viktigaste lærdommen eg sit att med etter to turar til Romania, er kor grunnleggjande viktig tillit er for Noreg. Ei undersøking frå World Values Surveys (eit FN-organ) referert i  Sunnmørsposten viser at Noreg ligg i toppen i verda i tillit mellom privatpersonar. Ei undersøking frå OECD viser det same for tillit til styresmaktene.

Somme forskarar meiner at tillit er ein viktigare ressurs for oss enn oljen. Berre tenk på kva samfunn me kunne ha hatt dersom ikkje det store fleirtalet hadde ei grunnleggjande tru på at lover og reglar skal haldast, at skattar og avgifter går til felles gode, at korrupsjon er uakseptabelt, at avtalar om økonomiske verdiar skal haldast, og at politikarar og offentleg tilsette er til for å skapa eit betre samfunn.

Mangel på tillit gjer at me må ha vasstette system som fangar opp misbruk. Dersom Noreg hadde hatt ein lågare grad av tillit måtte til dømes Riksrevisjonen ha svulma opp til mange tusen tilsette for å gå gjennom kvar minste handling forvaltninga gjorde. Forvaltninga måtte i sin tur, for å få gjort like mykje, ha mange titusen fleire for å leggja til rette for Riksrevisjonen. Og kor mange skulle kontrollert Riksrevisjonen?

I ei perfekt verd er kontrollordningar forstyrrande tidstjuvar. Men diverre skjer det misbruk, også i vårt samfunn. Rett nok laut nokre av tilhøyrarane i Romania trekkja på smilebandet då eg gjekk gjennom nokre av sakene som har vore omtalte i norske media siste åra med skuldingar om korrupsjon. Deira korrupsjonssaker er av eit heilt anna kaliber.

Kunsten er å finna balansen mellom kontrollsystem som sikrar at misbruk vert avdekt, og som samstundes ikkje gjev for stort effektivitetstap og byråkrati.  Offentleg forvaltning kan gjera sitt for å byggja tillit, ved å ta dei rette avgjerdene og sikra medverknad og innsyn i tråd med reglane. Kvar og ein av oss kan gjera sitt, ved å opptre ærleg og heiderleg.
Meir informasjon om prosjektet i Romania (informasjon på engelsk):

http://expertforum.ro/en/school-for-democracy-teaching-democracy-in-timisoara/

http://expertforum.ro/en/event/how-does-the-government-engage-in-communication-with-citizens-experiences-from-norway-and-romania/

Nasjonal dugnad for å busetja flyktningar!

Publisert onsdag 13. mai 2015

Kommunane i landet vert stadig flinkare til å ta imot flyktningar som har fått opphaldsløyve. I fjor vart heile  7 784 personar busette i landet, ein auke frå 5 486 i 2011 og 6 541 i 2013. Likevel sat det ved utgangen av mars framleis 5 226 personar, av dette 681 born, i norske mottak og venta på busetjing.

Dette var altså personar som har fått opphaldsløyve i Noreg. Dei ventar på å få seg ein eigen heim, på å kunna ta seg arbeid, på å kunna byrja på skule eller utdanning, eller rett og slett på å byrja på det nye livet sitt. I gjennomsnitt er ventetida no 9,1 månader frå flyktningen får opphaldsløyve, til han eller ho får flytta ut av mottak og til ein eigen heim.

Frå Syria opplever me den verste flyktningkatastrofen i verda sidan andre verdskrigen, der dei fleste lever i flyktningleirar i grannelanda. Noreg har vedteke å ta imot 1 500 kvoteflyktningar derifrå i  2015, og det har kome framlegg om å ta imot endå fleire.

Barne- og familieminister Solveig Horne sende i april ut brev til alle landets ordførarar og bad dei svara på kor mange flyktningar kommunen kan busetja i 2015 og 2016. Samstundes har regjeringa dei siste åra auka integreringstilskota som følgjer med kvar flyktning, og også auka tilskota Husbanken løyver til utleigebustader. I bloggen Vi må bli betre på busetjing og integrering frå januar 2014 har me gjort greie for dei vanlegaste grunnane til ikkje å ta imot flyktningar, og kva ordningar staten har for å bøta på desse. Som peikt på då, meiner kommunar som har systematisert busetjing av om lag 15 flyktningar årleg, at det løner seg økonomisk. Seinare har altså dei økonomiske ordningane vorte betra.

I ei tid der halvparten av kommunane i fylket har folkenedgang, medan folketalet vert ein stadig viktigare faktor i inntektssystemet til kommunane, kan busetjing av flyktningar vera ein måte å styrka tenestetilbodet i ein kommune. Det er neppe tilfeldig at dei kommunane som har høgast folkevekst i fylket, gjerne er dei som tek imot flest flyktningar.

Sogn og Fjordane kjem best ut for dei fleste levekårsindikatorane, som til dømes skuleresultat for grunnskulen, fråfall i vidaregåande skule, yrkesdeltaking, arbeidsløyse, levealder og livsstilssjukdommar. Ut frå dette burde me også ha dei beste føresetnader for å ta imot og integrera flyktningar som byrjar livet på nytt.

Kan me ta vår brorpart av den nasjonale dugnaden?

Best i verda på elektroniske helsemeldingar?

Publisert måndag 8. desember 2014

Sogn og Fjordane har, som første fylke utanom Oslo, klart å få til eit heilskapleg og sikkert system for elektronisk utveksling av pasientopplysningar mellom sjukehus, legekontor og helse- og omsorgssektoren i kommunane. Dette har me fått til ved å bruka dei sterke samarbeidsstrukturane mellom staten, fylkeskommunen og kommunane, og kopla dette med høg kompetanse på IT.

Sogn og Fjordane blir stundom kritisert for å vera eit for lite fylke og å ha for små tettstadar til å kunna løysa oppgåver som krev høg kompetanse. Ofte handlar dette om mangel på kunnskap om kva me faktisk gjer her i fylket.

Førre veka kom det ei nyhendemelding om at Riksrevisjonen har peikt på at nasjonale målsetnader for elektronisk utveksling av helsemeldingar, ikkje er oppfylte. Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget tok tak i dette 25. november, og ber Stortinget påleggja regjeringa å gjera greie for korleis ikt-utfordringane i helsevesenet skal løysast.

I Sogn og Fjordane var elektronisk utveksling av helsemeldingar på plass i juni 2014 for alle 26 kommunane.

Mange faktorar gjorde dette mogleg. For det første var IT-Forum Sogn og Fjordane ei viktig drivkraft i prosjektet. Gjennom IT-forum er både offentleg verksemd og privat næringsliv med på laget. Både Helse Førde og kommunane hadde frå før gode erfaringar med liknande mindre, samarbeidsprosjekt gjennom IT-forum.

For det andre tok kommunesektoren, både ved KS og pilotkommunane Florø og Stryn, ei førande rolle. Dei to kommunane nytte godt av samarbeidsforumet «Vestlandsløftet», der også Bergen, Stavanger og Karmøy tok del saman med Helse Vest. For kommunane som kom etter, var det avgjerande at to kommunar hadde vist veg og gjort seg ein del erfaringar.

For det tredje såg også den regionale staten, ved Helse Førde og fylkeslegen kor viktig prosjektet var, og gjorde sitt for å motivera.   

For det fjerde fekk fylkesprosjektet statlege fornyingsmidlar gjennom Fylkesmannen og regionale utviklingsmidlar gjennom fylkeskommunen, som finansierte halvparten av prosjekterings- og gjennomføringskostnadene til kommunane.

Sist men ikkje minst sat Vestlandsforsking både med høg IT-kompetanse og kompetanse i å driva innovasjonsprosjekt. Begge delar var avgjerande føresetnader for å koma i mål. Vestlandsforsking er også sekretariat for IT-forum.

Gong på gong viser det seg at når fjordfylket går saman og bestemmer seg for å gjennomføra noko som krev høg kompetanse og godt samarbeid, så får me det til. Me er truleg best i landet på elektronisk utveksling av pasientopplysningar i helsesektoren, og kanskje til og med best i verda?

Kjelde: Meldingsløftet Sogn og Fjordane – Små og tett på!

Utan høgskulen stoppar fylket

Publisert måndag 10. november 2014

Høgskulen i Sogn og Fjordane utmerkjer seg med særs god gjennomstrøyming av studentar og god trivsel.  For fylket er likevel det viktigaste med høgskulen at så mange av dei som har fullført studium der, nyttar utdanninga si til å driva fjordfylket.

Kunnskapsministeren har sett strukturen for universitet og høgskular på dagsordenen. Bodskapen er at det er for mange universitet og høgskular i landet. Ut frå dette har alle universitet og høgskular fått i oppdrag å vurdera kven dei bør slå seg saman med.

Her som på dei fleste andre livsområde, er det sunt å tenkja nytt, på kva som kan gjerast for å få endå betre kvalitet. Og ofte er det fornuftig med større einingar. Få ønskjer å gå tilbake til slik det var før 1994, då fem høgskular i fylket slo seg saman til å bli Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Høgskulen har om lag 3 700 studentar og 300 tilsette. Både studentgjennomstrøyminga og forskingsaktivitetane er viktige, spesielt for vekstområda rundt Sogndal og Førde. Men høgskulen har store verknader for heile fylket. For rekruttering til dei grunnleggjande samfunnsfunksjonane er høgskulen ein avgjerande faktor, til dømes innanfor barnehage, skule, helse og omsorg.

Om lag 40 prosent av studentane på grunnutdanningane er frå fylket. Forskingsrapportar viser at ein endå større del, om lag halvparten av dei som utdannar seg ved høgskulen, buset seg i fjordfylket etter avslutta utdanning. Nesten 90 prosent buset seg på Vestlandet. For velferdsutdanningane vel heile  77,5 prosent å bli i fylket etter avslutta utdanning.

Grunntanken bak etableringa av distriktshøgskulane på 60- og 70-talet var nettopp å skaffa kompetent arbeidskraft for å utvikla distrikta. Så langt er grunntanken  godt oppfylt i vårt fylke.

Samstundes er det viktig at me har ein høgskule som lyttar til næringslivet og innrettar utdanningstilbodet ut frå kva arbeidskraft fylket treng. Etableringa av eit nytt ingeniørstudium i elkraft i 2013, der kraftbransjen tok initiativ og gjekk inn med økonomisk støtte, viser at høgskulen er i stand til å ta slike signal. Likevel kan det tenkjast at samarbeidet mellom næringslivet og høgskulen kan bli tettare.

Strukturen for universitet og høgskular skal no opp til nærare vurdering. Då er det avgjerande for framtida til fylket at dei kvalitetane Høgskulen i Sogn og Fjordane har, vert godt sikra i ein ny struktur. Dersom høgskulen ikkje er i stand til å dekkja det meste av etterspurnaden etter arbeidskraft  i offentleg og privat sektor, stoppar fylket.

IKT-fylket Sogn og Fjordane

Publisert torsdag 25. september 2014

Den tjuande IT-forumkonferansen i Sogn og Fjordane står for tur i Førde 1. og 2. oktober. I år er velferdsteknologi, leverandørnettverk og breiband viktigaste tema.

IT-forum Sogn og Fjordane vart oppretta i 1995. Initiativet kom frå fylkesmann Oddvar Flæte saman med Jan Per Styve og Ivar Petter Grøtte frå Vestlandsforsking. IT-forum skulle vera eit breitt samarbeid og spleiselag for å fremja bruk av moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i næringsliv, offentleg sektor, opplæring og utdanning.

Sidan har IT-forum vore ein sterk pådrivar på området, og eit godt bilete på ein av dei viktigaste positive eigenskapane fylket vårt har; at me samlar oss for å nå felles overordna mål.

I representantskapet til IT-forum sit Helse Førde, Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Hydro Aluminium, Sogndal Fotball, Lerum, KS, høgskulen, fylkeskommunen, Vestlandsforsking, kunnskapsparken, Lotteri- og stiftelsestilsynet, Innovasjon Noreg, NHO og Fylkesmannen. Ingen andre fylke har fått til liknande samarbeid mellom næringsliv og offentleg sektor.

Sidan starten i 1995 har IT-forum stått bak mange satsingar, som til dømes:

  • - å vera pådrivar og koordinator for utbygging av breiband
  • - å vera pådrivar i opprettinga av nettstaden norge.no, som seinare vart kimen til Difi-avdelinga på Leikanger
  • - å fremja digitalisering av offentlege tenester
  • - å laga møteplassar for IT-verksemder på veg opp
  • - å stå bak eit formelle nettverk for leverandørar av IKT-tenester
  • - elektronisk utveksling av meldingar mellom legekontor, helse- og omsorgsteneste og sjukehus, der me sommaren 2014 som einaste fylke i landet har fått dette på plass i alle kommunar
  • - å fremja velferdsteknologi, altså å ta i bruk teknologiske verkemiddel for at eldre skal kunna bu lengre heime
  • - å auka bruken av IKT-verktøy i skulane
  • - å heva kvaliteten på nettsider i kommunane, mellom anna ved å leggja til rette for at innbyggjarane sjølve kan nytta tenester på sidene

Fylket vårt har mange spanande IT-verksemder på veg opp, til dømes Highsoft i Vik, Ocea Mercatus i Florø, Rocketfarm i Sogndal, Beat.no på Mjømna, Enoro i Dale, Avans i Dale, Melin Medical på Sandane, Serit Fjordane IT i Førde, Stryn, Gaupne og Sogndal, Bluefjords i Gaupne, LocalHost i Måløy, Gasta i Sogndal, Mediebruket i Førde, Enivest i Førde og på Sandane, Vik IT-Partnar i Vik, KvalitetsLosen i Høyanger og Agnitio i Årdal. I tillegg har Difi og Fylkesmannen landsomfattande oppdrag med digitalisering og med drift av nettsider for offentlege verksemder.

Til saman har fylket mange hundre høgkompetansearbeidsplassar innanfor IKT-næringa. Det er lita tvil om at næringa vil bli meir og meir viktig i framtida. På IT-forumkonferansen 2014 er alle velkomne til å ta pulsen på IKT-fylket.