Innlegg av Marit Lunde

Store skilnader i gjeldssituasjonen for kommunane i Sogn og Fjordane!

Publisert måndag 18. mai 2015

Høge investeringar kombinert med eit lågt rentenivå over fleire år, har ført til ei auke i den langsiktige gjelda for fleire av kommunane i fylket vårt. Ved utgangen av 2014 utgjorde samla gjeld for kommunane i fylket 8,8 mrd., mot 7,3 mrd. kroner ved utgangen av 2010. Det er store skilnader mellom kommunane, eksempelvis har Hornindal auka gjelda med 75,3 % og Hyllestad med 66,9 % dei siste fem åra, medan Lærdal måtte ta grep etter fleire år med auke, og har no ei moderat utvikling på 6,5 %.

Gjelda er teken opp for å finansiere investeringar i eigedomar, anlegg, utstyr og maskiner. For nokre av kommunane betyr auken at ein stadig større del av dei kommunale inntektene blir brukt til å betale renter og avdrag.  Kommunane sin handlefridom vert redusert, og det vert stadig mindre pengar att til tenesteyting til innbyggjarane, avsetning til fond og til eigenfinansiering av investeringar.

Langsiktig gjeld i prosent av brutto driftsinntekter er eit nøkkeltal som blir brukt for å måle kommunens gjeldsbelastning, dvs. kor store rente- og avdragsutgifter som blir belasta kommunens driftsbudsjett.  Delar av den langsiktige gjelda vert videreformidla som lån til privatpersonar og noko står att som ubrukte lånemidlar. Mykje av den langsiktige gjelda er nytta til investeringar innanfor vatn, renovasjon og avløp (VAR), der kommunane etter sjølvkostprinsippet får dekka desse kostnadene gjennom gebyr frå innbyggjarane.  Noko av gjelda knyter seg til lån der staten kompenserer delar av renteutgiftene og også i enkelte høve avdrag. Resten er gjeld som kommunen sjølv må finansiere.

I kommuneproposisjonen 2016 er gjeldsutviklinga spesielt omtala.  På landsbasis utgjer samla langsiktig gjeld i kommunesektoren ca. 410 mrd. kroner.  Tek ein hensyn til kompensasjonsordningar,  sjølvkostordningar og ubrukte lånemidlar,  utgjer summen som kommunane må dekke sjølve, ca. 250 mrd. kroner. Modellen nedanfor er utarbeidd av KMD og viser korleis gjelda er samansett og kor mykje den renteeksponerte delen utgjer.

Modellen er utarbeidd av KMD og viser korleis gjelda er samansett og kor mykje den renteeksponerte delen utgjer.

Modellen er utarbeidd av KMD og viser korleis gjelda er samansett og kor mykje den renteeksponerte delen utgjer.

Kommunane bør analysere gjeldsporteføljen sin for at både administrasjonen og dei folkevalde skal få eit nyansert bilde av korleis gjelda er samansett, og kor risikoutsett gjelda til kommunen er. Viktige faktorar for å vurdere risikoener befolkningsutvikling, utsikter til framtidig inntektsvekst, inntektsnivå og økonomisk handlingsrom.

Landssnittet for langsiktig gjeld i prosent av brutto driftsinntekter er på 98 %. Tilsvarande tal for Sogn og Fjordane er 86 %, noko som er svært positivt. Berre åtte av våre kommunar ligg over landssnittet.   Aurland har lågast gjeld med 45 %, medan Førde har høgast med 135 %. Det er ikkje dermed sagt at dei kommunane som ligg «på topp» har for høg gjeld – ein må sjå på samansetjinga og  vurdere kor stor del den risikoutsette delen i gjeldsporteføljen utgjer.  Dei av kommunane som har god kontroll og styring, positive driftsresultat, god likviditet og positiv folketalsutvikling kan ha høgare gjeld i periodar. Andre som slit med folketalsnedgang, og difor låge inntekter og lite likvide midlar, treng å analysere kor mykje gjeld som er forsvarleg å ha, og planlegge ut frå dette.

Vi oppfordrar difor kommunane om få inn meir utfyllande informasjon om gjeldsporteføljen og konsekvensar ved ytterlegare opplåning, både i budsjett- og økonomiplan.