Innlegg av Andreas Andersen Rusten

Eg trivst i Sogn og Fjordane

Publisert torsdag 19. mars 2015

Det var ikkje sjølvsagt at eg skulle flytte til Sogndal for å arbeide hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Eg er oppvaksen i distriktet utanfor Bergen, har studert rettsvitskap i Bergen og Cape Town, og har elles inga tilknyting eller familieband til fylket. Som jurist er dei største fagmiljøa å finne i dei større byane. Likevel tok eg sjansen, og eg har no budd seks månader i fjordfylket. Eg trivst i Sogn og Fjordane!

Før eg flytta nordover hadde eg danna meg eit bilete av eit traust og landleg fylke der folk bur langt frå kvarandre og livnærer seg av jordbruk og andre naturressursar. Innimellom dette skulle eg arbeide i ei byråkratiklynge i Leikanger kommune, og bu blant studentar i Sogndal. Det er i stor grad same inntrykk andre i omgangskretsen min utanfor fjordfylket har. Dette viser at fylket har eit image-problem å ta tak i.

Eg har eit årsengasjement hjå Fylkesmannen gjennom traineeprogrammet til Framtidsfylket. Her får eg erfaring frå dei ulike avdelingane og arbeidsoppgåvene som ligg til Fylkesmannen. På samlingane til Framtidsfylket arbeider vi både med sjølvutvikling og problemstillingar ein kan møte på som fersk arbeidstakar. Vi vitjar heile fylket, og møter både offentlege og private aktørar.

Erfaringane eg har gjort meg som tilflyttar og arbeidstakar er annleis enn kva eg på førehand såg for meg. Etter å ha budd her ei stund har eg fått erfare at fylket har mange dyktige fagfolk. Som nyutdanna jurist er det særs gjevande å kunne samarbeide med dyktige kollegaer i eit ungt arbeidsmiljø hjå Fylkesmannen. Med få innbyggjarar i fylket, kan vegen oppover karrierestigen vere kort og lærerik.

Eg vil også peike på kva private aktørar har fått til i fylket. Verksemder som Enoro, Ricco Vero, og Lerum leverer spanande og eksklusive varer og tenester. Vidare har gründermiljøet på Fosshaugane Campus gjort at Campus no skal utvidast for 50 millionar kroner for å leggje til rette for nye verksemder. Og du veit betalingsautomaten du nyttar på legekontoret? Den kjem ifrå Melin Medical på Sandane i Nordfjord.

Sogn og Fjordane scorar i landstoppen på undersøkingar som gjeld skulekarakterar, oppvekstmiljø og trivsel. Eit poeng frå arbeidskvardagen er mangelen av køkøyring både til og frå jobb. Som tilflyttar blir ein kjapt inkludert sosialt, og det er lett å finne seg til rette. Det er også kjekt og inspirerande at arrangement som Fjellsportfestivalen, Fres Festival, Vekao, og Malakoff Rockfestival blir stelt i stand.

Det er gjerne ein samanheng mellom det å ha det godt, og det å oppnå gode resultat i det ein driv på med. For min del er det  særleg nærleiken til den spektakulære naturen som er spesielt tiltrekkjande. Vi er privilegerte som har høve til å vandre på isbrear, padle i fjordane, klatre opp tinderekkjene i Jotunheimen, og gå ettermiddagsturar i natur som turistar betalar i dyre lag for å vitje.

Sogn og Fjordane kan ikkje konkurrere på dei same vilkåra ein gjer i dei største byane i landet. Vi må hugse på at det er mange grunnar til den auka sentraliseringa. Innbyggjarane ønskjer dei tenestene, arbeidsplassane, og sosiale tilboda som finst i byane. Ein må difor tore å satse på utvikling av dei naturlege sentruma som allereie finst i fjordfylket, slik at desse kan bli endå sterkare regionssentrum. Slik kan ein leggje til rette for ein attraktiv arbeidsmarknad, tilstrekkeleg med bustadar, og samstundes dekke sosiale og kulturelle behov. Desse elementa kan seljast i kombinasjon med dei gode oppvekstvilkåra, den gode trivselen, og den direkte nærleiken til naturen som særpregar fylket.