Innlegg av Bjørn Harald Haugsvær og Torbjørn Takle

Raud suksess med smak

Publisert onsdag 11. mars 2015

Det starta i år 2000. Verdas best bringebær, friske fram til forbrukar. Verdas beste morellar, direkte frå trea og til butikk. Så enkelt, og så vanskeleg.

Bøndene i Sogn og Fjordane dyrkar ¾ av bringebæra i landet og halvparten av morellane. Førstehands omsetningsverdi er på kring 120 millionar kroner, og når kunden kjøper produkta i butikken er verdien over 300 mill.

Kvalitet krev nøyaktig arbeid og god logistikk. For at regnet ikkje skal øydelegge kvaliteten, er det plastdekke over morelltrea og bringebæra står i plasttunnelar. Dette krev kapital, men det løner seg å ha kontroll med sommarvêret.

Bæra må kjølast ned innan ein time etter plukking. Under den automatiske sorteringa vert kvar morell fotografert 27 gonger for å sikre rett kvalitet til forbrukar. Resultatet er ferske og gode bær som held seg i over ei veke.

Dei gode bæra kjem av ei langvarig og målretta satsing. For 15 år sidan vart Programstyret for frukt og bær oppretta i Sogn og Fjordane. Her møttest produsent, varemottakar, forsking, rådgjeving og forvaltning. Heile verdikjeda sette seg mål om å bygge opp produksjon av ferske bær med høg kvalitet i butikkane. Det vart henta inn kunnskap gjennom:

- studieturar for å sjå kva andre hadde gjort og korleis utfordringar vart løyste under andre himmelstrok
- forsking for å løyse praktiske problem
- arbeid med å få kunnskap fram til den som skulle gjere jobben
- nøyaktig arbeid på jordet
- plukkehjelp i sesongen.
- logistikk med kjøling frå hage til butikk

Og mykje meir.

Bringebær frå Sogn og Fjordane. Foto: Torbjørn Takle, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Bringebær frå Sogn og Fjordane. Foto: Torbjørn Takle, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

I 2010 fekk gruppa delta i Arena, eit utviklingsprogram for klyngjer med bedrifter som arbeider langs heile verdikjeda. Så langt er dette einaste arenaprosjekt innan landbruk – i seg sjølv eit kvalitetsstempel, og eit løft for den vidare satsinga.

Suksess krev hardt arbeid. Vinteren 2012/13 var kald og tørr med store frostskader. Våren 2014 gav frost i bløminga. Ein varm sommar gav rask modning og vassmangel for plantane. Slike problem må løysast og alle må følgje same plan.

Suksess krev produktutvikling. Singelfrosne bringebær blir like fine etter opptining. I Vik produserer TINE bringebærjus og i Lærdal var det i 2014 prøveproduksjon med bringebærlimonade. Ved å redusere oksygeninnhaldet på lageret kan frukta halde seg frisk i nesten eit heilt år.  Nye sortar bringebær og morellar må prøvast. Noreg har utvikla ein ny pæresort som vert planta både i utlandet og hjå oss. Framande vekstar som aprikos, tindved og hyll blir også testa.

Ein del av avlinga er ikkje eigna for butikksal, og då er det avgjerande at vi har Lerum og Balholm. Desse industribedriftene er viktige for å sikre avsetnad for heile avlinga. Her vert det laga syltetøy, saft og jus med råvarer frå Fjordfylket.

Samarbeid mellom alle aktørane i verdikjeda og god forståing av kva marknaden ynskjer er nøkkelen til suksess. Kvar for seg er alle aktørane små, men samarbeid gjev styrke. Også på dette området.