John Ole Vange
Innlegg av John Ole Vange
John Ole Vange er utdanningsdirektør hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Han er utdanna lærar, og har også arbeidd som IKT-konsulent og oppvekstsjef i Vik kommune. E-post, Heimeside

Kven eig barnehagen og skulen?

Publisert tysdag 19. april 2016

Når du eig noko ønskjer du å ta vare på og forvalte dette på best mogleg måte. Slik er det også når du er barnehage- og skuleeigar. For å lukkast må ein ha kunnskap om sektoren. Kunnskapen kan du skaffe deg på mange vis, men han vert best utvikla saman med andre.

For å leggje til rette for godt eigarskap tilbyr KS, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen programmet Den gode barnehage- og skuleeigar. Gjennom programmet set vi søkjelys på sentrale område og problemstillingar for utøvinga av  eigarrolla. Målsetjinga er å gi best mogleg tilbod i barnehage og skule – både for  miljø, trivsel og fagleg kunnskap.

Dei fleste barnehagane og grunnskulane i Sogn og Fjordane er eigde av kommunane, og dei fleste vidaregåande skulane er eigde av fylkeskommunen. Uavhengig av eigarform skal barnehage og skule drivast i tråd med lover og forskrifter.

Kva betyr det så at kommunen eller fylkeskommunen er eigar? Er det politikarane, kommuneadministrasjonen eller styrar/rektor som er «eigaren»?

Svaret er at det er politikarane som har rolla og ansvaret som eigar. Dette kan ikkje delegerast!

Eigaren skal:

-          bestemme struktur for tilbodet i kommunen

-          gi rammer for drifta slik at ho kan gjennomførast på ein forsvarleg måte i tråd med lover og forskrifter

-          gi føringar og målsetjingar for barnehage og skule

-          sørgje for rekruttering og vidareutdanning av personale

-          syte for tilgang og kapasitet på:

  • barnehagefagleg- og skulefagleg kompetanse på kommunalt nivå (rådmann)
  • Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Spesielt viktig er det at eigaren (politikarane) gir klart uttrykk for kva dei vil med opplæringstilbodet i kommunen sin. Realistiske målsetjingar er ein god start.

Det er viktig at eigaren held fast på målsetjingar og satsingar over tid, og viktigast av alt – at du som eigar viser interesse og set mål for skulen og barnehagen!

Mange vaksne slit med å kunne orientere seg i samfunnet

Publisert måndag 8. juni 2015

På grunn av dårlege ferdigheiter i lesing, skriving, rekning og bruk av IKT så har mange vaksne store utfordringar i dagleglivet.

PIAAC er den største internasjonale undersøkinga om dei vaksne sin kompetanse nokon sinne. Undersøkninga har målt kor gode vaksne i Noreg og 23 andre land er i lesing, talforståing og problemløysning med IKT.

Resultata syner mellom anna:

  • 400 000 vaksne i Norge manglar grunnleggjande ferdigheiter i lesing
  • 480 000 vaksne i Norge manglar grunnleggjande ferdigheiter i rekning (talforståing)
  • 800 000 vaksne i Norge manglar grunnleggjande IKT-ferdigheiter (problemløysning med IKT)

Bak tala er det einskildmenneske som har lågt utdanningsnivå. Dette gjer dei ekstra utsett ved endringar i arbeidsmarknaden og gir svak tilhøyrsle til arbeidslivet over eit livsløp. I dagens digitaliserte samfunn vil dei òg ha problem med å få utført naudsynte tenester.

Forsking syner at innbyggjarar med framandkulturell bakgrunn er overrepresenterte. Mange av flyktningane som er blitt busette i kommunane og har gjennomført obligatorisk introduksjonsprogram, har altså for dårlege grunnleggjande ferdigheiter.

For samfunnet er dette ei utfordring. Ein fersk OECD-analyse seier: « Norge må ta kompetansen bedre i bruk for å sikre konkurransekraften og velferden i fremtiden».

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen følgjer opp med å seie: «-Det finnes for mange eksempler på at folk med behov for å bedre sin kompetanse faller mellom to stoler. … Kompetanseutfordringen må løses lokalt».

Gjennom opplæringslova § 4A-1 har alle vaksne rett til grunnskuleopplæring. Opplæringstilbodet kan vere å få opplæring i ein eller fleire av dei grunnleggjande ferdigheiter. Ei slik opplæring treng difor ikkje å sikte mot vitnemål. 

Det er berre 42 prosent av norske kommunar som tilbyr opplæring i grunnleggjande ferdigheiter. I ei undersøking VOX har gjennomført, seier dei fleste kommunane som blir spurte, at den viktigaste grunnen til at dei ikkje tilbyr kurs i grunnleggjande ferdigheiter, er at det ikkje er etterspørsel.

Retten alle har til opplæring i grunnleggjande ferdigheiter, er lite kjent blant aktuelle deltakarar. Det er knytt mykje kjensler til å ikkje kunne lese, rekne og  bruke IKT på eit grunnleggjande nivå. Mange prøver å skjule dette for andre. Difor er det viktig at kommunane har gode rettleiingsrutinar og særskilt merksemd på denne gruppa. Det er som OECD-analysen seier, viktig for den enkelte. Men også for samfunnet er det viktig å heve nivået på grunnleggjande ferdigheiter hos dei vaksne som treng det.

Alle barn og unge har rett til eit godt læringsmiljø!

Publisert onsdag 25. februar 2015

Gjennom opplæringslova har elevane ein lovfesta rett til eit godt læringsmiljø. Med læringsmiljø meiner vi dei samla kulturelle, relasjonelle og fysiske forholda på skulen som verkar inn på eleven si læring, helse og trivsel. Det er også klare retningslinjer for korleis skulen skal gå fram dersom tilsette får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar.

Trass eleven sine rettar høyrer vi i media med jamne mellomrom om elevar som ikkje opplever eit godt læringsmiljø.

Arbeidet med eit godt læringsmiljø krev kontinuerleg merksemd frå både skuleeigar og skulen. Dette inneber at skulen må jobbe førebyggande, syte for at alle tilsette veit kva plikter dei har og setje i verk tiltak når det vert oppdaga  at elevar ikkje får oppfylt retten sin.

Sentrale myndigheiter har over mange år jobba for å redusere mobbing i norsk skule. Som del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet er Elevundersøkinga obligatorisk på 7. og 10. trinn og på første trinnet i vidaregåande skule. Elevundersøkinga kan nyttast frå og med 5. trinn. Men miljøet endrar seg ikkje med ei undersøking. Her er det viktig at skulen og skuleeigar tek tak i og følgjer opp resultata nøye, enten dei er «gode» eller «dårlege» for klasse, skule eller kommune.

Den første overordna analysen av resultata frå Elevundersøkinga 2014/2015 er klar, og NTNU har sett nærare på spørsmål om mobbing, krenking og arbeidsro. Samla sett viser undersøkinga ein positiv trend – nedgang i mobbing  og krenking og betring i arbeidsro. Detaljar for kvar skuleeigar (og skule) vert gjort kjende i mars. For den einskilde skulen skal ikkje resultata vera overraskande. Skulane har hatt tilgang til sine resultat frå det tidspunktet elevundersøkinga vart gjennomført. Det er ein føresetnad at skulen har analysert sitt resultat og alt er i gang med å jobbe for betring der det trengs.

Utdanningsdirektoratet har dei siste to åra gjennomført analysar av statistikk på nokre spørsmål i Elevundersøkinga for alle skular. Fylkesmannen har hatt dialog med aktuelle skuleeigarar og skular med bakrunn i resultata frå Elevundersøkinga. Det er frå Utdanningsdirektoratet også løyvd ekstra midlar som Fylkesmannen har nytta saman med nokre skuleeigarar for å setje i verk tiltak for å betre læringsmiljøet ved skulen. I tillegg er det oppretta eit eige rettleiarkorps som kan hjelpe skuleigarar til betre læringsmiljø. I tillegg er det utarbeidd informasjons- og hjelpemateriell som ligg på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

I Sogn og Fjordane følgjer vi dette opp på fleire måtar, mellom anna gjennom ei eiga samling om læringsmiljø i slutten av februar for rektorar og skuleeigarar. På samlinga vert det lagt opp til at vi skal kunne  lære av kvarandre. Målsetjinga er at innsats frå alle aktørar, uavhengig av rolle, skal gjere sitt for å sikre at læringsmiljøet for alle elevar er godt og såleis fremje helse, trivsel og læring!