Innlegg av Tore Larsen

Klarer vi å berge hubroen?

Publisert måndag 5. januar 2015

Hubroen er nesten borte frå Sogn og Fjordane, men vi håpar no å kunne berge dei få som er att. Mellom anna stiller Miljødirektoratet  midlar til rådvelde for sikring av farlege kraftliner, som er den viktigaste dødsårsaka for arten.

Hubroen er verdas største ugle, og ein art mange kjenner til sjølv om svært få har sett den. I Sogn og Fjordane var det framleis ein heil del hubro fram til 1980-talet, og særleg i kystkommunane kunne ein høyre hubroen si trolske roping nattetid utpå ettervinteren og våren. Men i tiåra som følgde forsvann fleire og fleire av desse fuglane frå hekkeområda, og dei siste ti åra er det berre funne hubroungar éin einaste gong her i fylket!

Heldigvis står det ikkje fullt så dårleg til som dette kunne tyde på, for hubroen er svært stillfarande og viser seg like sjeldan som den lagar lyd. At den heller ikkje byggjer reir, gjer den endå vanskelegare å finne og kartlegge. Men etter at Fylkesmannen no har sett i gang målretta undersøkingar av tidlegare kjente hubrolokalitetar, ser det ut til at det kan vere snakk om rundt 15 lokalitetar i Sogn og Fjordane der hubro har vore på plass i hekketida i løpet av den siste femårsperioden. Fram til 1980-talet reknar vi til samanlikning med at det kan ha vore 60-70 par i fylket.

På landsbasis er den viktigaste dødsårsaka for hubro straumgjennomgang når fuglen kjem borti kraftleidningar. Hubroen er spesielt utsett for dette fordi den har eit vengespenn på bortimot 1,8 meter, og fordi den ofte bruker kraftstolpar som sitjeplass når den er ute og jaktar i skumringa. I lokalnettet er det ofte så kort avstand mellom linjene på ein stolpe at hubroen kjem borti to linjer med vengene samstundes når den landar eller lettar.Altfor mange hubroar er funne daude under kraftstolpar. No skjer det rett nok ikkje slike funn så ofte lenger, men det skuldast nok dessverre berre at det er så få hubroar igjen.

For å berge hubroen er det likevel relativt enkle tiltak som trengst. Dersom ein isolerer den midterste linja på ein vanleg kraftstolpe i lokalnettet, blir avstanden mellom dei to ytre linjene så lang at hubroen ikkje kan kome borti begge. Ein kan også montere “fugleavvisarar” på traversen som held linene, og ein alternativ sitjepinne ute på ei av sidene.

Saman med kartlegginga av hubro-hekkeplassar som enno kan vere i bruk, er det gjort ei kartlegging av farlege stolpepunkt rundt desse områda. Det blir stilt midlar til rådvelde for nettselskapa, slik at dei kan bidra til å berge hubroen gjennom sikring av farlege stolpekonstruksjonar i hubroområde. Etter at vi no har fått meir kunnskap om kvar hubroen kan vere å finne i Sogn og Fjordane, har Fylkesmannen sendt informasjon til nettselskap her i fylket som har hubro i sine område, med oppmoding om å søke om midlar.

Fristen for slik søknad er 15. januar, og vi reknar med at alle viktige aktørar vil bidra til å berge ein av dei mest truga og mest myteomspunne artane i Sogn og Fjordane.