Innlegg av Per Steinar Stensland og Haavard Stensvand

Akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus

Publisert tysdag 16. september 2014

Akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus er i endring. Forskrift for akuttmedisinske tenester er i ferd med å bli revidert, og det blir stilt nye krav til legevakt og AMK.

Kommunen har lovbestemt ansvar for å yte innbyggjarane akuttmedisinske tenester døgnet rundt, og må organisere tenestene sine etter dette. I høyringsframlegget frå Helse- og omsorgsdepartementet er såkalla førsterespondartenester tatt inn som eit mogleg tilbod i kommunane. Om lag 50 kommunar i åtte fylke tilbyr i dag slike tenester. Vi meiner at det er trong for å avklare og tydeleggjere fleire sider ved desse nye tenestene; kven har ansvar for at tenestene er fagleg forsvarlege, korleis skal utgiftene dekkast og korleis kan kommunane eventuelt organisere slike tenester som del av den lokale omsorgstenesta?

Ambulanse. Foto: Jan Fredrik Frantzen, UNN

Ambulanse. Foto: Jan Fredrik Frantzen, UNN

Den nye forskrifta aukar kravet til kompetansen til lege i legevakt. Vikarlegar representerer det største kvalitetsproblemet i distrikta. Den nye forskrifta gjer unnatak for kvalitetskravet til vikarlegar,  dersom dei skal fungere i kortare tid enn to månader. Vi meiner at dette ikkje er haldbart. Krava til kompetanse hos ambulansepersonell er også auka. I distrikt der det er få utdanna ambulansearbeidarar vil ein trenge noko tid på å kunne stette dei nye krava.

Forskrifta inneheld nye krav til AMK når det gjeld telefonresponstid og trippelvarsling (vidareformidling av varsel frå den sentralen som fekk meldinga først til dei andre sentralane). Vi meiner at AMK må spele ei rolle som koordinator for dei totale helseressursane som er involvert i ei akutthending, uavhengig av om personellet kjem frå  helseføretaket eller  kommunehelsetenesta.

For å få til ei best mogleg  samhandling mellom spesialist- og kommunehelsetenesta, er det viktig at aktørane får tilstrekkeleg trening og øving. Krava på dette området har langt på veg vore ein sovande paragraf i den tidlegare forskrifta. Vi meiner ansvaret for å planleggje øvingar må tydeleggjerast og leggast til spesialisthelsetenesta.

Vi har ved mange høve, t.d. under  Dagmar, sett  at infrastrukturen i samfunnet er sårbar og kan svikte som følgje av uvêr og andre påkjenningar. Vi meiner at det er nødvendig å tydeleggjere ansvaret som både  kommunane og helseføretaket har med å planlegge pasienttransport m.v. når vegane stenger på grunn av uvêr, eller når mobiltelefonen eller naudnett ikkje fungerer. Slik planlegging må nok uansett skje gjennom eit samarbeid mellom nivåa, og forskrifta bør gje begge partane eit tydeleg pålegg om å setje i gang eit slikt arbeid.

Den nye forskrifta tydeleggjer kommunane sitt ansvar for akuttmedisinske tenester. Forskrifta vil føre til eit høgare kommunalt utgiftsnivå for legevakt og akuttmedisinske tenester enn før. Forskrifta vil kunne verke sentraliserande på desse tenestene. Sett frå distriktsperspektiv kan  dette bety tapte lokale ressursar, og i nokre tilfelle til lengre veg til akuttmedisinsk spesialkompetanse og hjelp. Vi meiner at forskrifta bør følgjast opp med tydelegare formulerte krav til maksimal responstid for ambulansetenestene.

God lokal forankring av akuttmedisinsk arbeid er god distriktsmedisin. Utfordringa er å finne ei lokal utforming som balanserer ansvar mellom helseføretak og kommunar.