Innlegg av Gøsta Hagenlund

Avfall handlar om å ta gode val

Publisert fredag 6. oktober 2017

Haldningane våre til avfall endrar seg. Medan vi tidlegare har sett på avfall som noko vi må kvitte oss med, vil vi framover bruke ressursane i avfallet til nye produkt. Vi vil gå frå eit “bruk og kast”-samfunn, til å vere med å utforme eit “bruk og gjenbruk”-samfunn. Stikkorda er sirkulær økonomi, ombruk, materialgjenvinning og utvida produsentansvar. Vi er eit stykke på veg, men vil ikkje nå måla utan nye tiltak. Fram til 2020 er regjeringa sin ambisjon at vi skal auke gjenvinninga til 50 prosent av hushaldsavfallet. Klima- og miljødepartementet har no lagt fram tankar om avfall som ressurs. Dette krev deltaking både frå deg og meg, kommunane og næringslivet. Vi må også snu ei negativ utvikling. I 2010 materialgjenvann vi over 42 prosent av alt hushaldsavfallet, i fjor klarte vi berre 38 prosent.

Korleis kan vi då nå så høge mål på kort tid? Det handlar mykje om at kommunen legg til rette for gode tenester. Det handlar også om korleis produsentar tar ansvar for å utnytte ressursane når vara vert avfall. Og det handlar mykje om kva du og eg gjer med avfallet vårt. Korleis er handlekvardagen din? Til vanleg handlar eg ting eg meiner eg treng: mat, nokre kle, leiker til barnebarn, og år om anna telefon, maling til huset og slikt. Etter kvart endar mykje av dette som avfall! Kvar og ein av oss lagde 433 kg avfall i fjor, opp frå 424 kg i 2010 Dersom du er gjennomsnittleg god til å sortere avfallet, seier statistikken at du likevel sender 268 kg til forbrenning eller deponering. Mykje av desse restane kan nyttast til nye produkt.

Kvifor held nokre av oss fram med dårleg sortering? Er det blitt for tungvint? Gidd vi ikkje? Følgjer ikkje kommunen din opp? Vert du møtt med påstand om at “det nyttar ikkje”, “det vert for dyrt” eller at “det går likevel til forbrenning”?

Gode vanar startar tidleg. Foto: Johnny Syversen for LOOP

Gode vanar startar tidleg. Foto: Johnny Syversen for LOOP

Eg var nyleg i Nederland for å lære av deira erfaringar. Både Noreg og Nederland har gode gjenvinningsordningar, men Nederland materialgjenvinn allereie over halvparten av hushaldningsavfallet. Ambisjonane framover er likevel høge. Innan 2020 skal dei materialgjenvinne over 70 prosent og redusere restavfallet til 100 kg per innbyggjar. Vil dei nå det? Svaret er ja i distrikta og i dei mindre byane.

Her heime er det framleis nokre mytar om at plast bør deponerast eller brennast, då fråsortert plast “berre vert brent likevel”. No er teknologien og marknaden komne så langt at også fråsortert plast i det vesentlege vert materialgjenvunne. Det kan hende mest interessante er at materialgjenvunnen plast kan nyttast om og om igjen – utan at eigenskapane i nytt produkt vert dårleg.

For å få opp nivået på materialgjenvinning i Noreg, meiner regjeringa det er nødvendig å kjeldesortere matavfall og plast. Både Nordfjord- og Sognekommunane har henteordning for plast, og materialgjenvinn matavfallet ved SIMAS sitt anlegg i Festingdalen. Tilrådinga i St. Meld. 45 (2016 – 2017) er mellom anna å gjere dette obligatorisk for kommunane.

Kva kan du og eg gjere? Vi kan kjeldesortere meir. Vi kan be kommunen om betre henteordningar. Vi kan levere brukte kle. Vi må slutte å blande miljøfarleg avfall eller elektrisk/elektronisk avfall med restavfallet. Nokre av oss bør kan hende også handle mindre ting som går fort i sund? Kva vil du at kommunen skal gjere? Matbutikken?

Avfall er eit val. Godt val – kvar dag!

Hald Noreg reint! Bli med på Strandryddedagen 10. mai

Publisert måndag 28. april 2014

Tenk deg at du som 5-åring måtte ta på deg eit belte. Ikkje så rart, tenkjer du, det held buksa oppe og kan hende ser det fint ut. Men dette beltet må du ha på heile tida. Og det kan ikkje utvidast. Når du er 6 år vert det trongt. Når du er 8 år kan du ikkje ete så mykje, då det hindrar matinntaket. Når du er 10 år vert ryggraden bøygd. Om du ikkje får ta av beltet før du er 12 år, døyr du.

Tenk deg at medan du ventar på neste måltid, må du ete alle plastbitar du elles ser som liknar på maten din. Bitane kan vere så store at du kan bli kvelt, og dei kan sete seg fast i tarmsystemet ditt. Du kan likevel ikkje stoppe å ete før magen er vanleg full. Så får du ete maten din.

Dette er sanninga for fugl og andre dyr som døyr av marin forsøpling. Internett er diverre fullt av bilete av daude eller døyande dyr med store lidingar, ihelsvoltne, eller med avrivne lemmer. Kan hende døyr meir enn ein million sjøfugl årleg på grunn av plastsøppel. Og hundre tusen sel, oter, skjelpadder og niser døyr. Kor mange som set seg fast i garn eller vert forgifta av tilsetjingsstoff, veit ingen.

Måsekadaver i fjøra. Foto: Bo Eide/Hold Norge rent

Måsekadaver i fjøra. Foto: Bo Eide/Hold Norge rent

Den førre regjeringa omtalte marin forsøpling som eit problem ein må setje i verk meir systematiske tiltak for å løyse. Det er sett i verk tiltak for å hente fiskegarn og det vert arbeidd med internasjonale reglar. Men lite vert elles gjort utanom frivillig innsats. Eg finn få tiltak som kan forplikte industrien. Så då er det opp til frivillige organisasjonar, skjærgardstenesta (der dei finst), Statens naturoppsyn og du og eg.

Mange stader har grendelaget, velforeininga, lokale turlag, naturvernlaget, speidarane og andre organisert lokal ryddedag. Då ryddar dei tauverket frå oppdrettsanlegget, garnblåser, polske mjølkekartongar, Q-tipsen du skylte ut og tusenvis av andre små og større plastdingsar.

Her om dagen fekk Fylkesmannen kopi av brev frå ein kar som vil vere med å rydde i kommunen. Han ber om hjelp til ein søppelsekk og ein stad å få levert strandsøppelet. Kva kjem kommunen til å svare på det? Kommunen har ingen tilbod til organisasjonar og enkeltpersonar som set i verk tiltak. Kan hende set dei likevel pris på initiativet, og kjem med forslag til kven som kan hjelpe.  

For fleire stader er det von. Dei interkommunale avfallsselskapa Nomil og Simas vil hjelpe deg. Nordfjord folkehøgskule tok initiativ i fjor, fekk avtale med Nomil om søppelsekker, hentestader og “rydda ei strand” – ja, og meir enn det, ved Gloppefjorden. I Sogn vil SIMAS hjelpe speidarar og andre som spør, med mottak av søppelet. Det nyttar!

I år vonar Hold Norge Rent at 10 000 frivillige er med og ryddar ei strand. Har ikkje eit lokalt lag teke initiativ? Gjer det du! Meld interesse på www.holdnorgerent.no eller bruk fjesboksida Strandryddedagen. 10. mai er den store strandryddedagen i år. Delta, då vel!