Kåre Træen
Innlegg av Kåre Træen
Kåre Træen er prosjektleiar for kommunereforma hjå Fylkesmannen. Han arbeider og med kommuneøkonomi og interne prosjekt i embetet. E-post, Heimeside

Kommuneøkonomi i ubalanse – reservane minkar!

Publisert måndag 5. desember 2016

Kommunane er i sluttfasen av budsjettarbeidet for neste år og økonomiplanen for dei neste fire åra. Samanlikna med gjennomsnittet for landet gir framlegget til statsbudsjett for 2017 låg vekst for fleirtalet av kommunane i fylket. Dette har ulike årsaker; endringar i inntektssystemet, svak folketalsvekst eller at kommunen får eit lågare utgiftsbehov og derfor skal bli rimelegare å drifte. I tillegg får fleire av kraftkommunane store reduksjonar i inntekter frå kraftverksemder. Sjølv om kommunane har fått ekstra skatteinntekter i 2016, fører dette samla sett til at mange av kommunane våre har eit krevjande arbeid med å få til eit budsjett og ein økonomiplan i balanse.

God økonomisk planlegging og styring over tid, er ein viktig føresetnad for å skape ein berekraftig og sunn økonomi, og eit nødvendig grunnlag for å levere gode tenester til innbyggjarane. Lurer du på om kommunen din har fått til dette? Svaret skal du finne i rekneskapsbalansen til kommunen med utfyllande analysar og vurderingar i årsmeldinga. Balansen viser m.a. kor mykje eigendelar, midlar, fond, oppsamla underskot/overskot og gjeld kommunen har, som eit resultat av drifta over mange år. Særleg viktig er det at kommunen har klart å opparbeide seg ein buffer gjennom frie fond og at gjelda ikkje har blitt for stor samanlikna med driftsinntektene.

For kommunar som manglar midlar til å få budsjettet i balanse i 2017 og framover, registrerer vi at det er fristande for dei folkevalde å «kjøpe seg litt tid» gjennom å bruke tidlegare oppsparte midlar som står på frie fond i balansen. Dette er ei kortsiktig og dårleg løysing med bruk av eingongspengar, som berre utset problemet fordi kommunen framleis brukar meir midlar enn den har i løpande inntekter.

Fri driftsfond i prosent av inntekter

Kjelde: Kostra-tal konsern 2015

Slike kortsiktige løysingar reduserer eller tømmer kommunekassa for ein viktig og nødvendig økonomisk buffer. Kommunar bør ha ein buffer som utgjer minst 5 prosent av driftsinntektene. Kva kan skje når kommunen ikkje lenger har ein buffer i frie fond? Ikkje alt går som planlagt for kommunane heller, utgiftene kan bli høgare eller inntektene lågare enn budsjettert. I slike tilfelle er det nødvendig  å ha ein buffer, elles kan det fort bli raude tal i rekneskapen som seinare må dekkjast inn att i løpet av dei neste to åra. Klarer ikkje kommunen ei planlagt inndekning, er Robek neste stoppestad.

Vår erfaring er at kommunar som hamnar i Robek gjer det nettopp fordi det skjer hendingar som fører til at utgiftene aukar eller inntektene blir lågare enn budsjettert, og at kommunen ikkje har ein buffer til å møte slike hendingar. Derfor er det viktig at kommunane ikkje brukar opp sine økonomiske reservar i saldering av budsjettet, men at det må liggje att ein tilstrekkeleg buffer om det skulle oppstå noko uføresett som gjer det nødvendig å bruke av den!

Godt kommunereformval!

Publisert fredag 1. april 2016

Kommunane skal innan 1. juli fatte vedtak om samanslåing med andre kommunar, eller om kommunen skal halde fram åleine. I vårt fylke har 22 kommunar inngått intensjonsavtalar med andre kommunar og skal framover våren gjennomføre folkerøystingar og innbyggjarundersøkingar. Slike høyringar er rådgjevande og såleis ikkje bestemmande, men blir ein del av grunnlaget for avgjerda til dei folkevalde i kommunestyra.

Valdeltakinga i ei folkerøysting seier noko om resultatet er representativt for meininga i folket, og kor stor vekt dei folkevalde skal leggje på røystinga. Det blir derfor viktig at flest mogleg røystar. Nødvendig informasjon for dei folkevalde er utgreiingar og intensjonsavtalar med andre kommunar, eller utgreiing av korleis kommunen vil klare seg åleine. Dei må òg ta med seg meiningar og diskusjonar frå folkemøte, og formidling av kommunereforma gjennom media, når dei skal fatte si avgjerd om kommunesamanslåing.

Etter folkerøystingar og innbyggjarundersøkingar må kommunar som er med i felles avtalar halde fram å samarbeide fram mot sak og vedtak i kommunestyra. Så sender dei saka til Fylkesmannen, som vurderer handsaminga og vedtaka, og innan 1. oktober gjer tilråding til departementet om framtidig kommunestruktur på grunnlag av:

Våren 2017 legg departementet fram ein proposisjon for vedtak i Stortinget om:

  • Ny kommunestruktur
  • Det folkevalde regionale nivået
  • Nye og endra oppgåver mellom forvaltningsnivåa

Endringane blir gjort gjeldande frå 1. januar 2020.

Kommunar som har gjort vedtak om samanslåing må halde fram samarbeidet og førebu mest mogleg av det som skal skje etter vedtaket i Stortinget våren 2017.

Når Stortinget har gjort vedtak om ny kommunestruktur, skal kommunane bestemme namnet på den nye kommunen, talet på medlemar i kommunestyret og velje ei fellesnemnd med andre tenlege fellesutval som skal førebu og gjennomføre samanslåinga. Fellesnemnda blir vald blant medlemane i kommunestyra og samansetjinga bør spegle innbyggjartalet i kommunane som slår seg saman, med minimum tre medlemar frå kvar kommune. Arbeidsoppgåver og fullmakter for nemnda skal fastsetjast av kommunestyra.

Det er meir enn 50 år sidan vi hadde ei større endring av kommunestrukturen. Mykje har endra seg sidan den tid, og slik vil det også halde fram med eit samfunn i endring. Derfor skal folkevalde vere med å ta ei historisk viktig avgjerd om framtidas tenestetilbod til innbyggjarane, samfunnsutviklinga, økonomi og lokaldemokratiet – enten i ein ny og større kommune, eller at dei meiner kommunen framleis kan klare dette ved å stå åleine. Før den folkevalde bestemmer seg, må ho eller han bruke godt den informasjonen som er utarbeidd og lagt til rette for avgjerda i kommunestyret. Så skal meiningane til innbyggjarane som kjem fram gjennom folkerøysting, innbyggjarundersøkingar, folkemøte og media vere til råd og hjelp for dei folkevalde. Til folkevalde og innbyggjarar – godt kommunereformval!

Kommunereforma – folkerøystingar og spørjeundersøkingar.

Eit framtidig inntektssystem tilpassa kommunereforma – viktig med kommunalt engasjement

Publisert tysdag 17. juni 2014

For å gje tenester til innbyggjarane får kommunane overført midlar frå staten gjennom eit inntektssystem. Systemet skal jamne ut ulikskap i utgifter og delvis kompensere for skilnader i skatteinntekter. Overføringane skal ta omsyn til om ein kommune er lett- eller tungdriven, og at det er store forskjellar på skatteinntekter mellom kommunane. Ei slik utjamning skal bidra til at alle kommunane blir sette i stand til å yte eit likeverdig tenestetilbod enten du bur i ein liten eller stor kommune. Systemet skal òg ivareta regionalpolitiske målsetjingar for busetnad og næringsliv. Dei største inntektene gjennom systemet er skatteinntekter og rammetilskot, omtalt som frie inntekter. Desse utgjer 76 prosent av dei samla inntektene til kommunane. For kommunane i Sogn og Fjordane utgjer frie inntekter i 2014 om lag 6 mrd. kroner.

Regjeringa vil gjennomføre ei kommunereform som skal føre til færre og større kommunar dei kommande åra. Kommunar som slår seg saman får eingongskompensasjon gjennom dekning av utgifter til sjølve samanslåinga og ei reformstøtte. I tillegg blir reduksjon av regionalpolitiske tilskot og basistilskot frå «gamal» kommune lagt inn i rammetilskotet til «ny» kommune. Dette inndelingstilskotet får den nye kommunen behalde i 15 år, før tilskotet blir trappa ned over fem år.

Når økonomien i  kommunereforma blir omtala, har det vore stor merksemd på dei nemnde økonomiske kompensasjonane.  Kva så med det store inntektssystemet?  I kommuneproposisjonen for 2015 står det at regjeringa legg opp til ein fullstendig gjennomgang av inntektssystemet fram mot 2017, og at gjennomgangen skal sjåast i samanheng med kommunereforma.  Kommunane kan nok ikkje rekne med at den samla ramma til kommunesektoren blir vesentleg auka. Endringar må då kome i ei omfordeling mellom kommunane.

Kva er viktig for kommunane i Sogn og Fjordane?  Halvparten av kommunane får småkommunetilskotet, til saman 74 mill. kroner. Åtte kommunar får  til saman 40 mill. kroner i distriktstilskot Sør-Noreg. Det er desse regionalpolitiske tilskota som inngår i inndelingstilskotet for kommunar som slår seg saman. Kjem dei regionalpolitiske tilskota til å overleve kommunereforma? Av kommunane våre er det berre seks som har skatteinntekter per innbyggjar som ligg over landsgjennomsnittet. Dei 20 andre ligg under landssnittet, noko som gjer at kommunane våre  i 2013 fekk ei netto inntektsutjamning på 123 mill. kroner 1 gjennom omfordeling av skatteinntekter. Graden på utjamninga og kor stor del skatteinntektene skal utgjere av samla inntekter, er derfor viktig for kommunane. Inntektene er og bestemte etter objektive kriteria, som skal utjamne om ein kommune er lett eller tung å drive.

Eingongsstøtte er eit godt bidrag til kommunar som vel å slå seg saman. Men det er likevel endringane i inntektssystemet som betyr mest. Ei omlegging får langtidsverknader, og har derfor mykje å seie for tenestenivået til innbyggjarane. Når gjennomgangen av inntektssystemet skal sjåast i samanheng med kommunereforma, blir det særs viktig at kommunane engasjerer seg og påverkar arbeidet med reforma!

1)      Kjelde: KS-prognosemodell

Har kommunane tilstrekkeleg økonomisk buffer?

Publisert fredag 22. november 2013

Kommunane er i sluttfasen av budsjettarbeidet for neste år og økonomiplanen for dei neste fire åra. For å sikre ein berekraftig økonomi som gir politisk handlingsrom for kommunen, må netto driftsresultat over tid vere positivt. Ein sunn økonomi tilseier eit årleg netto driftsresultat på tre prosent av driftsinntektene. Då kan kommunen setje av midlar på fond og sjølv finansiere eigne investeringar. Slike fond, omtala som frie fond eller disposisjonsfond, fortel òg om kommunen er økonomisk robust nok til å møte uføresette hendingar i framtida. Slik økonomiplanlegging er ikkje ulikt det vi som privatpersonar gjer, eller i alle fall bør gjere. Vi gjer lurt i å spare litt av inntekta vår, slik at vi har til uføresette hendingar, dersom kjøleskapet skulle ryke eller bilen må på verkstad.

For kommunar er det sagt at dei bør ha 5 prosent av driftsinntektene som økonomisk buffer. Gjennomsnittet for landet (utan Oslo) er 4,9 prosent. Kommunane i Sogn og Fjordane har berre 3,1 prosent av driftsinntektene, og talet har gått nedover1). Tala syner at det er stor skilnad mellom kommunane. Åtte kommunar i fylket var ved utgangen av 2012 utan frie fond. Det spesielle er at fleire av kommunane som har store inntekter frå kraftverksemd, og dermed har eit høgt inntektsnivå samanlikna med utgiftsbehovet,  har ingen eller lite med frie fondsmidlar. Dette gjeld kommunane Årdal, Lærdal og Høyanger, som til saman berre har 4,5 mill. kroner i frie fond. Som følgje av store underskot etter Terra, er Vik og Bremanger i same kategori. I motsett ende finn vi kommunar med lågare inntekter samanlikna med utgiftsbehovet, men som likevel har bygd seg opp ein solid økonomisk buffer. Døme på dette er Sogndal med 40 mill., Hornindal med 23 mill. og Eid med 19 mill. kroner i reserve.

Kva kan skje når kommunar ikkje har frie fond? Ikkje alt går som planlagt for kommunane heller, utgiftene kan bli høgare eller inntektene lågare enn budsjettert. I slike tilfelle er det nødvendig å ha ein økonomisk buffer, elles blir det fort raude tal i rekneskapen som seinare må dekkjast inn gjennom innsparingar og kutt i tenester til innbyggjarane. Klarer ikkje kommunen ei planlagt inndekning, er Robek neste stoppestad. Gjennom midlar i frie fond, kan kommunar  eigenfinansiere investeringar. Det betyr lågare utgifter til renter og avdrag,  og meir att til tenester for innbyggjarane. Kommunane har behov for omstilling og utvikling, og då er oppsparte midlar avsett på frie fond ei viktig kjelde til finansiering.

Trass i eit krevjande arbeid med å få økonomien i balanse, viser det seg at fleire kommunar over tid klarer å spare seg opp midlar til ein økonomisk buffer, eigenfinansiering av investeringar og til å drive utviklingsarbeid. Men det er svært så ulikt korleis kommunane får til dette, utan at inntektsnivået mellom kommunane nødvendigvis forklarer ulikskapen. Målet må vere at fleire kommunar  blir flinkare  til å byggje opp ein økonomisk buffer. Slik økonomisk planlegging og styring gir kommunen betre kontroll over eigen økonomi, og kan medverke til at kommunen greier å stå på eigne bein – trygt utanfor Robek.

1) Kjelde SSB-statistikkbanken, Kostra-tal per 31.12.2012
Indikatoren viser disposjonsfond (frie fond) i prosent av brutto driftsinntekter i kommunerekneskapen. Disposisjonsfond er oppsparte midlar som fritt kan nyttast til finansiering både i drifts- og investeringsrekneskapen, og indikatoren kan seie noko om stor økonomisk buffer kommunen har for sin løpande drift.

Høg gjeld og låg rente – ei utfordring for kommunane

Publisert onsdag 31. oktober 2012

Kommunane er midt inne i budsjettarbeidet for neste år og økonomiplanen fram til 2016. Både administrasjon og politikarar opplever handlingsrommet som lite. Det er krevjande å få til eit budsjett i balanse.

Fleire av kommunane i Sogn og Fjordane har høg gjeld. Vi ligg over gjennomsnittet for landet, og vi har kommunar som ligg heilt i landstoppen når gjelda blir samanlikna med driftsinntektene. Ei slik samanlikning fortel oss at ein større del av inntektene til kommunen blir brukt til å betale renter og avdrag, og det blir mindre att til tenester for innbyggjarane.

Samla sett har kommunane og kommunale føretak i fylket 7,6 mrd. kroner i det vi kallar langsiktig gjeld, som er teke opp for å vere med å finansiere investeringar i eigedomar, anlegg, utstyr og maskiner. Fem år tilbake i tid var tilsvarande tal 5,5 mrd. kroner, ein auke på om lag 38 prosent. I same tidsrom, har driftsinntektene auka med 35 prosent. Ei slik utvikling over tid fører til at ein stadig større del av kommunale inntekter blir brukt til å betale renter og avdrag.

Gjelda varierer mykje mellom kommunane. Vi har eit omgrep som heiter gjeldsgrad[1]. Her blir netto gjeld for kommunane, medrekna kommunale føretak, målt opp mot driftsinntekter. I gjennomsnitt har landets kommunar (utan Oslo) ein gjeldsgrad på 74 prosent. Dei minste kommunane har som regel lågast gjeld. Kommunane Gulen, Balestrand og Aurland har alle ein gjeldsgrad på 40 prosent og under. Eit unnatak for denne typar kommunar er Lærdal med 102 prosent. I tillegg har kommunane Flora og Førde høg gjeld, med høvesvis 97 og 110 prosent i gjeldsgrad. Dette plasserer Førde på 22. plass av landets 429 kommunar. Flora kommune har i lengre tid hatt høg lånegjeld, og dette er ei medverkande årsak til at kommunen er i Robek.

Kommunane bestemmer sjølve, gjennom sitt eige finansreglement, kor mykje lån som skal ha fast rente og kor mykje lån som skal ha flytande rente. Ei undersøking i kommunane viser stor variasjon, nokre kommunar har ein høg del av lån til fast rente, medan andre har berre flytande rente. Fylkesgjennomsnittet på den kommunale gjelda er at to tredelar er lånt til flytande rente, og siste tredelen er fast rente. Slik sett vil endringar i renta relativt raskt påverke drifta til kommunane. Det at kommunane også har sjølvfinansierande investeringar, gjer situasjonen noko mindre vanskeleg. Flytande rente på kommunale lån er no godt nede på to-talet. Berre eit par gonger tidlegare i nyare tid har renta vore så låg. Kva er så verste scenarioet for kommunar med høg lånegjeld? Det er ikkje usannsynleg at renta aukar til ei normalrente på fire til fem prosent. Då forstår alle at det blir mindre pengar i kommunekassa til tenester for innbyggjarane. Noregs bank og Statistisk sentralbyrå omtalar ein gradvis auke av renta mot eit meir normalt nivå.

Høg gjeld er med på å redusere handlingsrommet til kommunen, særleg når det er sannsynleg at renta før eller seinare skal opp. Det har alltid vore slik at god økonomisk planlegging over tid løner seg, medan det er krevjande å rydde opp i raude rekneskapstal etter feilslått planlegging. For å sleppe å kome i ein situasjon der store innsparingar må takast på kort tid, bør kommunane legge inn høgare rente enn i dag i den komande økonomiplanen fram til 2016.

Kjelde for tal: SSB-statistikkbanken


[1]Gjeldsgrad: Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter for kommunen inklusiv kommunale føretak (KF). Netto lånegjeld er definert som langsiktig gjeld (eksklusive pensjonsforpliktingar) fråtrekt totale utlån og ubrukte lånemidlar. I totale utlån inngår formidlingslån og ansvarlige lån (utlån av egne midlar). Indikatoren omfatta dermed utlån der mottatte avdrag skal inntektsføres i investeringsregnskapet, i tillegg til innlån som skal avdras i driftsregnskapet.

Budsjett og økonomiplanar – innbyggjarane sitt engasjement

Publisert fredag 22. oktober 2010

Kommunen skal kvart år vedta eit budsjett og rullere ein fireårig økonomiplan. Dette er heimla i kommunelova. Forskrifter  for budsjettarbeidet har minimumskrav om økonomisk informasjon, informasjon som m.a. skal ut til innbyggjarane. Økonomiplanen har ikkje tilsvarande forskriftskrav, og kommunane står dermed noko friare i utforming av sine dokument.

For tenester som skule, omsorg, barnehage er det særlover som regulerer korleis innbyggjarane skal varslast og involverast i større enkeltsaker. Men betyr det at budsjett- og økonomiplanarbeidet er mindre viktig for innbyggjarane? Slett ikkje! Det er i prosessen fram mot vedtak i budsjett og økonomiplanar det blir gjort endringar og (om)prioriteringar i tenestene til deg og meg. Dokumenta i plan- og budsjettarbeidet gjev rammer og er i stor grad styrande for tenestenivået dei nærmaste åra.

Formannskapet sitt forslag til budsjett og økonomiplan skal leggjast ut til offentleg gjennomsyn i 14 dagar før saka går til kommunestyret. Bakgrunnen for dette er at innbyggjarane skal kunne kome med innspel og merknader før kommunestyret behandlar og gjer vedtek. Fylkesmannen går gjennom budsjett og økonomiplanar for alle kommunane i fylket, og gjennomgangen viser at det er store forskjellar i korleis kommunane gjev og framstiller informasjon til innbyggjarane. Slik må det til ei viss grad også vere, for det er ikkje eit mål eller krav at kommunane skal ha lik utforming av dokumenta.

Ei kartlegging av tal innspel og merknader som kommunane fekk for budsjett 2010 og økonomiplan 2010 – 2013 viser at talet ikkje er høgt. Til saman 115 innspel  fordelt på 26 kommunar, gjev eit snitt på 4,4 innspel per kommune. Lag og organisasjonar var dei klart mest aktive, deretter selskap/verksemder og til sist privatpersonar. Denne rekkjefølgja er ikkje overraskande, ettersom innspel knytt til visse type saker kan vere vanskelege å fremje som privatperson.

Ein uformell leik med tal viser at kommunane her i fylket av sine inntekter fordeler nesten 7 milliardar kroner til drift av administrasjon og tenester til innbyggjarane. For kvart budsjett og økonomiplan blir det gjort endringar  som påverkar tenestene til innbyggjarane. Kvifor er det då slik at kvar kommune i snitt får inn berre ei handfull innspel i dette viktige arbeidet? Er det vi som innbyggjarar som ikkje forstår at det er i budsjettarbeidet vi må komme på bana, eller er det kommunane som skriv dokumenta på ein slik måte at vanlege innbyggjarar melder pass? Og kva tykkjer politikarane om at det er så langt mellom innspela i dette viktige arbeidet?