Oddvar Flæte
Innlegg av Oddvar Flæte
Oddvar Flæte var fram til 15. juni 2011 fylkesmann i Sogn og Fjordane. Han er siviløkonom av utdanning, og arbeidde tidlegare i næringslivet. E-post, Heimeside

Direktoratisering

Publisert måndag 23. mai 2011

På 1990-tallet auka talet på direktorat og tilsyn sterkt. I perioden 2007-2010 hadde 39 direktorat  ein vekst i årsverk på 12,8 %. Da er det ikkje teke omsyn til omorganiseringar og nye etableringar.

Wikipedia definerer eit direktorat som eit statleg forvaltningsorgan som har myndigheitsoppgåver med heile landet som verkefelt. Alle tilsynsorgan blir rekna som direktorat.

Stortinget sine drøftingar og vedtak går først til departementa før det i mange tilfelle går vidare til eit direktorat. Direktoratet skal i si faglege rolle utvikle, forvalte og formidle kunnskapen om sitt fagområde/fagfelt.

Eit direktorat vil aldri makte å ha oversyn over lokale forhold. Derfor vil dei oftast stå for standardisering, forskrifter og reglar. Dei er eit mellomledd med mykje makt og tolking. Dei er opptekne av styring, risikovurdering og avviksrapportering. Og som mellomledd sklir dei ofte unna ålmenta sitt fokus.

Direktorata blir fagleg sterke på sine område. Men dei har verken som oppgåve å ivareta heilskapssyn eller ta særlege regionale omsyn. Tunellsynet gir utfordringar nedover til fylkesnivået og kommunesektoren.

Eg trur direktoratiseringa bør stanse opp. Fleire oppgåver bør gå direkte frå departement til dei regionale statlege ledda. Oppgåver som mange av direktorata har, bør overførast til fylka. Fylkesmannen skal gjennomføre dei vedtak som Storting og regjering fastset. Fylkesmannen skal utvise skjønn, men skal også halde seg innanfor den ramma som blir gitt. Eg meiner at oppgåver også bør overførast direkte til fylkeskommunane slik at dei reelt kan fungere som utviklingsaktør.

I mine 17 år som fylkesmann har vi fire gonger vore gjennom omfattande utgreiingar om fylkesnivået. Eg saknar eit tilsvarande skarpt lys på direktorata.

Ei undersøking som Difi la fram i vår tok føre seg Utdanningsdirektoratet si styring av Fylkesmannen. Det går fram av denne at det er ulikt detaljeringsnivå mellom sektorane i styringa, noko som blir stadfesta i ei undersøking gjort av NIBR i 2009.

NIBR meiner det førekjem ein viss konkurranse mellom sektorkreftene ”for å sikre sin styringslinje og sin krone helt ut”. Det blir hevda at denne utviklinga bidreg til auka detaljstyring av Fylkesmannen og i neste omgang kommunesektoren.

Fylkesmannen skal vere både sektormynde og samordnar av statlege føringar. Handlingsrommet til ein fylkesmann er likevel sterkt avgrensa. Berre innan miljøsektoren er det 70 sider med generell styringsinformasjon og 15 nye sider som er fylkesspesifikke.

Direktorata og tilsyna sin vekst fremjar verken ein god dialog mellom Stortinget og innbyggjarane eller kommunane. I Norge er vi opptekne av at kommunane skal vere ein grunnpilar i folkestyret. I dag står kommunane for mykje av gjennomføringa av det Stortinget fastset. Men ein god dialog føreset også at stat og kommunar behandlar kvarandre med respekt og med likeverd som mål. Og at gjensidig tillit får større fokus enn kontroll.

Fylkesmennene kan vere ein skilnad. Eit aktivt samspel med ein utviklingsorientert fylkeskommune kan vere ein skilnad. Desse to i aktivt samspel vil vere ein vinn-vinn-situasjon for eit fylke.

På kommunekonferansen i Balestrand den 30. mai vil nett balansen mellom statleg styring og kommunalt sjølvstyre stå sentralt. Kommunalministeren, KS-direktøren og rådmannen i Flora vil utfordre oss til felles tenking.

Læring og tilsyn med kommunane

Publisert tysdag 8. mars 2011

Eg har bladd i gamle papir og funne ei gild  formulering frå kommuneøkonomiproposisjonen i 2001: ”En forutsetning for modernisering og effektivisering av kommunal sektor er at den statlige detaljstyringen reduseres og at kommunen blir gitt større muligheter for selvstendig prioritering og valg tilpasset lokale forhold.”

Statsvitar Øyvind Østerud som leia den store makt- og demokratiutgreiinga rundt tusenårsskiftet,  peikar på at tilsyna spelar ei stadig større rolle i forvaltninga. Endringa skjedde særlig på 1990-tallet.  – Ulike tilsyn har fått ein domstolliknande karakter der dei tolkar eit lovverk, sier Østerud. Og han legg til: – Der politikarane før dreiv med direkte styring, er det nå dei statlege tilsyna som har fått ein viktigare rolle.

Fylkesmannen  rapporterer til tolv departement og fleire direktorat og tilsyn. Der blir det lagt auka vekt på tilsyn – dei fleste i høve kommunale organisasjonar. I 2010 har vi utført 100 tilsyn retta mot det kommunale systemet. Metodikken som blir nytta er ulik.

Eg er oppteken av at tilsyn skal bidra til læring og endring hos tenesteytarane. Gode læringsprosessar handlar om mål, korrigering, rettleiing og ros. Det er få som trur at påpeiking av avvik åleine gir varig læring. Eg trur modernisering og effektivisering av kommunal sektor handlar om medvitne og lærande organisasjonar. Men det startar hos dei folkevalde. Det er dei som lagar lovene, gir høve til forskriftsstyring, krev tilsyn og vektlegg avvik.  Og det er dei som burde prioritere og seie kva dei vil vere opptekne av i si oppfølging.

Men noko blir borte på vegen frå Storting via departement via direktorat og/eller tilsyn via fylkesmenn til kommunane. Sjølve lærings- og utviklingsprosessen blir på vegen avløyst av eit fokus på å finne avvik. Direktorat og tilsyn er i mindre grad opptekne av korleis vi som underliggande organisasjonar skal bli betre. Dei er opptekne av styring, risikovurdering, rapportering  og at dei kan syte for å møte kritikk med avviksrapportering.

Den normative modellen fungerer truleg i avgrensa grad.   Eg trur ikkje Stortinget primært er opptekne av avvik. Eg trur Stortinget er meir opptekne av  at forvaltninga er lærande organisasjonar.

Eg trur både folkevalde, stat og kommune bør ha læring som rettesnor. Det er  forbetring som gir framgang og utvikling. Eg trur vi kunne ha redusert den statlege detaljstyringa ved at kommunane blir gitt større mulegheiter for sjølvstendig prioritering og val tilpassa lokale forhold. Eg trur det er for mange direktorat og tilsyn som utviklar tunnelsyn for sine fagområde. Heilskapssynet som både Storting og regjering skal stå for, har skrinne vilkår i eit direktorat.

Truleg ville kommunane fungere betre som tenesteleverandørar om vi fekk bidra meir til rettleiing og fornying enn kontroll og tilsyn. I det minste burde alle tilsyn ha høve til samstundes å gi rettleiing.

Da kunne vi markere 10-årsjubileet for kommuneøkonomiproposisjonen med: Ja, offentleg sektor vil stå fram også som ein lærande organisasjon!

Den gode vertskommunen

Publisert onsdag 29. desember 2010

Ein arbeidsgivar vil sjå til dei gode vertskommunane. Det skjer nå mykje godt arbeid i mange kommunar her i fylket.  Framtidsfylket er ein god pådrivar ved at dei syter for rekrutteringsmesser, syner næringsnettverka i fylket, syter for at trainee-ordninga fungerer og definerer seg sjølve med rette som grensebrytarar.

Men vi ser også at dei tre byane våre markerer seg på ein framifrå måte:

Flora som er blitt kåra som nr. to i landet til å ta vare på næringsutvikling. Aktiviteten kring oljebasen er sentral, men jammen er det utvikling også på andre område. Dyktige entreprenørar saman med ein aktiv fylkeskommune har bidrege vesentleg.

Førde har hatt ei storstila  dugnadssatsing på utvikling av sin by. Ei satsing der ei rad med privatpersonar har stått fram i ulike grupper og gitt nye og spennande tankar om byutvikling i brei forstand. Både visjon, omdømme og byforming er omgrep som dei torer å ta tak i og riste til eige bruk. Og vi møter eit meir samla og stolt Førde.

Måløy har nett nå  kanskje har det mest boblande næringslivet i fylket – ei omstilling der kunnskapen om sjø er blitt vevd saman med tenking kring datateknologi som gir heilt nye vekstretningar. Ein by der ordet kraftkrevjande industri har fått eit nytt innhald. Og ein by der dei trass i feilsteg, har klart å få fram dei positive kreftene.

Eg kunne ha nemnt fleire kommunar, men held meg til byane våre. Det har vore kraftige omstillingar som er all grunn til å beundre. Men det interessante er at rett nok har kommunane vore aktivt med, men det er samspelet med privatpersonar og næringsliv som har stått for mykje av opplegg og framdrift.

Eg trur det er viktig at vi lærer av byane våre. Kvifor har dei lukkast? Kva kan den einskilde kommunen lære for å bli like god. Korleis klarar dei å mobilisere enkeltpersonar og verksemder?

Når vi har Distriktssenteret i eige område, vi har kanskje også noko å lære av dei.

Eg trur at gode vertskommunar har ein aktiv dialog med verksemder og innbyggarar. Dei utviklar strategiar saman med innbyggjarane både for lokalsamfunnet, korleis kommunen kan bidra til vekst og utvikling i eksisterande bedrifter og leggje til rette for nye verksemder. Kommunen er både eit tenestesenter til beste for innbyggjarane og for dei som har verksemder der.

Klimatilpassing på timeplanen

Publisert måndag 15. november 2010

I dag blir det lagt fram ei offentleg norsk utgreiing om klimatilpassing, NOU10:2010 – ”Tilpassing til eit klima i endring”. Utvalet har vore samansett av fagfolk frå forvaltning, forsking og næringsliv. Eg  sjølv har hatt gleda av å leie utvalet.

Eit endra klima vil påverke kvar einskild av oss og samfunnet. Utgreiinga handlar om konsekvensane av klimaendringane og kva vi som samfunn kan gjere for å møte dei.

Klimaframskrivingar syner at vi må rekne med vesentlege endringar i klimaet dette hundreåret. Årleg middeltemperatur for Noreg er berekna å stige mellom 2,3 og 4,6 grader, med størst auke om vinteren og minst om sommaren.

Sjølv om kunnskapen om klimaet i framtida er usikker, veit vi nok til å konkludere med at samfunnsplanlegginga må ta høgde for at klimaet er i endring. Arealbruk eller langsiktige investeringar som ikkje tek omsyn til klimaendringar, vil kunne koste samfunnet  dyrt og setje menneskeliv og helse på spel.  God tilpassing i dag er difor ein føresetnad for eit mindre sårbart Noreg i morgon.

Infrastrukturen vår er utsett for vêr og vind, og vil vere sterkt utsett i eit endra klima. Meir intense og hyppigare vérhendingar, vil auke faren for hyppigare straumbrot, overbelasting av avløpsnettet og fleire skadar på vegar og hus. Delar av infrastrukturen vår, som til dømes vatn- og avløpssektoren, er i dårleg teknisk tilstand som følgje av manglande vedlikehald. Dette gjer særleg vatn- og avløpssektoren (lenke) sårbar for klimaendringar. Vedlikehaldsetterslep på fleire sektorar gjer oss ekstra sårbare for klimaendringar.

Men klimaendringar kan også by på nye moglegheiter. Innan primærnæringane, kraftsektoren, petroleumssektoren, reiselivet og sjøfarten vil klimaendringane gje høve til ny verdiskaping.

Samanlikna med dei fleste andre land, er Noreg likevel mindre utsett og betre rusta for endringane. Mange land vil både bli hardare ramma og ha mindre ressursar til å handtere konsekvensane.

Inngrep i naturmiljøet reduserer biologisk mangfald, leveområde og grunnlaget for ressursbaserte næringar. Auka temperatur, meir nedbør og surare hav vil diverre medverke til å forsterke den negative utviklinga.

Klimaproblemet er skapt av oss. Tilpassing til dei klimaendringane vil redusere samfunnet si sårbarheit. Utvalet meiner det bør vere ei tydeleg nasjonal styring av klimatilpassing, men at kommunane må vere sentrale og desse blir styrkte med både kompetanse og midlar. Vi trur at det er vesentleg at naturverdiar blir vektlagt. Og vi må ta vedlikehaldsetterslepet på alvor.

Barnevern 3

Publisert torsdag 23. september 2010

Ikkje trudde eg at eg skulle komme til å skrive tre bloggar om barnevern. Men det er faktisk tredje gongen eg må setje emnet på dagsorden. Denne bloggen er spekka med tal:

Oppsummeringa for første halvår 2010 i Sogn og Fjordane syner at fleire kommunar slit med å oppfylle fristane og har mange barn utan tiltaksplanar. I første halvår 2010 mottok 736 barn ulike former for hjelpetiltak. Det er ein auke på 68 barn i høve siste halvåret. Førde kommune toppar med 99 barn.

Totalt manglar 229 barn i fylket tiltaksplanar. Ja, dei manglar rett og slett ein plan frå kommunen for kva tiltak dei vil setje i gong! Det kom inn 383 nye meldingar dette halvåret. Meldingar om 383 barn som ikkje har det så godt som barn skal ha det.

Men kommunane svarar med 59 fristbrot – ein auke på 37 %. Og her er det Flora som toppar.

Statsbudsjettet for 2010 la til rette for 400 nye stillingar i det kommunale barnevernet. Dersom kommunane i Sogn og Fjordane hadde følgt opp, ville dette ut frå folketalet gi om lag 8 stillingar. Fylket kom samla ut med ein auke på 4,09 stillingar.

Barnevern slit med små kompetansemiljø der nærleik til brukarane ikkje berre er ein føremon. Hjå Fylkesmannen trur vi det er verd å sjå nøye på dei samarbeidsmodellane som vi finn i Hafs-området og kring Sogndal.

Sidan primo juni, har vi prøvt å stimulere Nordfjord med å løyve til saman 600.000 kroner dersom tre kommunar går saman om barnevern. Vi har lova å løyve 100.000 kroner når tre kommunar gjer vedtak om å starte opp ei utgreiing, 200.000 kroner når det er gjort vedtak om ei samarbeidsform og 300.000 kroner når samarbeidet tek til. Vi har forplikta oss til å sende pengane innan to veker etter at søknaden er komen inn og der kommunestyra stadfestar formelt at dei vil gå inn i desse prosessane.

I møte med einskildkommunar har vi understreka at det er viktig at dei har kapasitet til å følgje opp alle barn som kommunen har eit ansvar for, slik at vi ikkje får ein offentleg omsorgssvikt på toppen av vanskelege heimeforhold. Vi har informert om at Statens helsetilsyn planlegg landsomfattande tilsyn for 2011 der tilsynstemaet vil bli bortlagde undersøkingssaker. Og endeleg: I møte med kommunar har vi understreka kor viktig det er at barnehage, skule, barnevern og sosialtenesta kommuniserer godt.

Vi ønskjer å løyve midlar i heile fylket berre det er vilje til å byggje opp. Men vi treng vilje til samarbeid – til beste for barna.

Klare for ny giv

Publisert torsdag 9. september 2010

Det er eitt år sidan vi kasta oss ut i dei sosiale media – utan heilt å vite om dette skulle ende som eit mageplask eller ikkje. Det har vore både interessant og lærerikt. Vi har fått både ris og ros, og før sommaren var vi framleis usikre på om vi ville halde fram eller ikkje.

No har vi tenkt oss om. Vi har jamvel fått hjelp hjå Direktoratet for forvaltning og ikt til å sortere pluss og minus. Det er ikkje mange offentlege kontor i bloggverda, difor har vi stort sett måtta gå opp løypa sjølv. I løpet av dette året har vi lagt ut 53 blogginnlegg på fylkesmannsbloggen, og til saman har vi fått 163 kommentarar til desse innlegga.  Fylkesmannsbloggen har hatt om lag 11 400 unike gjester innom, det samla talet på besøk er i underkant av 52 000, og talet på sider som er viste er over 160 000.

Det er nettopp aktiviteten på bloggen som gjer at vi vel å halde fram. Målsetjinga med bloggen vil som før vere å formidle statleg informasjon, setje dagsorden og invitere til dialog. Vi lovar ikkje at vi greier å leggje ut noko nytt kvar veke, men nytt kjem det, og vi vil veldig gjerne at omverda engasjerer seg. Faktisk vil vi slå eit slag for å halde liv i dei gode debattane! Vi ser gjerne meir engasjement frå fagmiljøa i fylket, og vi vonar at fagmiljøa ikkje er redde for å komme på bana sjølv om det aktuelle blogginnlegget vårt ligg noko tilbake i tid. Ein tredel av dei som har blogga hjå oss, melder nemleg at respons på bloggen gjorde at dei fekk eit meir nyansert syn på saka. Ønsket om dialog – eller meiningsutveksling med håp om å skape forståing og å jamne ut motsetningar – er noko vi meiner alvor med.

God sommar!

Publisert tysdag 29. juni 2010

Sommaren er endeleg her – og ferietida likeeins. Ferietid er fisketid, fjellturar, jordbær med is og lange, late dagar.

Ferietid gjer også at mange har mykje meir tid til å vere på nett, men bruk no endeleg ikkje for mykje av sommaren framfor skjermen! Fylkesmannsbloggen tek i alle fall ferie. Vi har blogga om stort og smått sidan hausten 2009, og nett no er vi i gang med å evaluere møtet vårt med sosiale medium. Når pærene mognast har vi avgjort om vi skal blogge vidare eller ikkje.

Nyt sommaren her og no – og hugs at vi er så heldige å bu i eit av verdas vakraste reisemål.

Lovbestemte planar – ulik evne til gjennomføring

Publisert tysdag 1. juni 2010

KS, fylkeskommunen og Fylkesmannen har gått i gjennom dei ulike plankrava som kommunane har lovkrav på. I ein sluttrapport går det fram at 15 plankrav er direkte heimla i lov eller forskrift. I tillegg eksisterer det også ei rekkje indirekte forventningar og krav til at kommunane har planar innan ulike sektorar og fagområde. Ikkje overraskande syner det seg at kommunen har eit ressursproblem. Dei fleste meinar sjølve at dei har tilstrekkeleg kompetanse.

Men svært få kommunar har spisskompetanse innan alle fagområde. Dette tilseier at det er små og ressurssvake kommunar som vil ha dei største utfordringane med å følgje opp krav og forventningar frå Storting og regjering.

I sum ligg folketalet i våre 26 kommunar på drygt 107.000 – 4000 færre enn Bærum.

Tala illustrerer at kompetanse- og kapasitetsgrunnlaget i dei minste kommunane og dei største vanskeleg kan samanliknast. Skoen trykkjer dermed ikkje likt i alle landets kommunar. I alle høve dersom lovkrav og forventningar til kommunen som forvaltningsorgan legg opp til at ”one size fits all”.

Undersøkinga vår syner at kapasiteten er for liten, kvaliteten kan betrast og at det er behov for betre samarbeid og læring.

På kommunekonferansen sist veke, la Høgskulen fram ei skisse til opplæringstilbod som var godt motteken. Hovudutfordringane som var identifisert var kommunal planstrategi, prosessleiing og klimatilpassing.  Det vart trekt fram behov både for prosesskunnskap, leiaropplæring, prosjektleiing og fagspesifikke område.

Planarbeidet blir ofte neglisjert til fortrengsel for det dagelege arbeidet. Men spørsmåla bli da også hengande:

Kva skjer med samfunnsutforming og arealplanlegging i ein kommune når utarbeiding av samfunnsdel og arealdel må vike for viktige daglege gjeremål?

Kva skjer med tryggleiken og tenestetilbodet i ein kommune som må prioritere mellom utarbeiding av smittevernplan eller lokale læreplanar for opplæring?

Korleis kan ressurssvake kommunar få fram gevinsten som ligg i gode planprosessar? Og korleis kan ein sikre at detaljplanar vert utarbeidd på lik line med overordna planverk?

Det blir altså betre – Høgskulen vil tilby opplæring, kommunane vil sjå etter samarbeidsløysingar. Kommunane ser alvoret ved at dei ikkje er gode nok på plansida og vår eigen høgskule stiller opp.

Men det alvorlege spørsmålet er dette: Lagar Stortinget lover som kommunane skal effektuere og som på sikt gir ulike rettar for innbyggarane?

Få ressursar til barnevern

Publisert tysdag 6. april 2010

Etter at statsbudsjettet vart lagt fram, skreiv eg ein blogg om at ramma til kommunane var auka slik at det ville gi rom for 400 nye stillingar i barnevernet, tilsvarande  7-8 stillingar i vårt fylke.

Når vi nå har gått gjennom budsjetta til kommunane, finn vi  nedslåande resultat. Det er samla budsjettert med ein auke på 3-4 årsverk samstundes som Vik og Bremanger har reduksjonar tilsvarande 1,5 årsverk. Regjeringa si føring med å auke rammetilskotet tilsvarande 7-8 årsverk , syner at lokale prioriteringar vil det annleis.

Utviklingstrekka i vårt fylke syner ein auke i tal barnevernssaker på 64 % sidan 1997. Sakene er blitt meir tidkrevjande og meir komplekse. Tal barn i alderen 0-20 år per saksbehandlar, syner eit gjennomsnitt for vårt fylke på 580,4 medan landssnittet er 477,7.

Kommunane sitt svar på dette er at dei legg bort fleire saker. Talet har auka kraftig frå 2008 til 2009. Medan snittet på landsplan er 18 %, er det hos oss 20,3. Nokre kommunar skil seg ut: Vågsøy legg bort 53 % av sakene, Førde 46 % og Flora 34 %. Altså tre av dei største kommunane våre.

Fylkesmannen i Oslo og Akershus gjekk gjennom saker som vart lagt bort hos dei og kom til at 65,5 % av desse burde ha vore undersøkt. Rettstryggleiken til barnevernsbarn vart ikkje respektert.

Kjennemerket i vårt fylke er skepsis til samarbeid over kommunegrenser, lite samarbeid på tvers av etatane, få eller ingen meldingar frå dei som burde vere viktige samarbeidspartar som helsestasjon, barnehagar, skule og helseteneste.

Dette fylket står for ei rad med gode haldningar og verdiar. Eg trur ikkje det er slik vi ønskjer at det skal vere. Derfor får  vi i fellesskap gjere eit krafttak for å hjelpe nokre av dei svakaste i samfunnet.

Fylkesmannen vil framover auke talet på tilsyn, utfordre til samarbeid på tvers av kommunegrenser ved også å yte midlar til utgreiing  og gi bøter til dei som ikkje overheld fristar.

Ein studie basert på registerdata frå 120000 barnevernsbarn syner at det går vesentleg dårlegare med desse også som vaksne. Mykje av grunnlaget blir lagt dersom vi ikkje tek arbeidet med barna på alvor.

Slik kan vi ikkje ha det her i fylket!

Ny sesong

Publisert fredag 26. mars 2010

Sjeldan har det lege betre til rette: Direkte opprykk til eliteserien.

Alt det ytre er på plass for Sogndal. Treningstilhøve, lovande lokale spelarar, trenarar med sterk identitet til klubben – og svake treningsresultat. Det siste er eit bevis på at her tenkjer laget langsiktig. Sist forsesongen gjekk godt,  gjekk det dårleg i serien. Sogndal er i rute.

Vi trufaste bur oss på ny sesong. Billettane er sikra til ut oktober. Det er utruleg kor optimistiske vi fast betalande  er ved oppstart. Medgangssupporterane kjem først når det lir mot sommar.

Sjølv har eg ladd opp med intense studiar av strategi og taktikk. Eg har late meg blende av eit analyseverktøy som syner alt du har gjort. Ikkje eit spark kan bortforklarast. (Takk og pris for at riksrevisor Jørgen Kosmo ikkje har fått tak i verktøyet.) Og om du trudde dommaren har blingsa, så kan du med stor visse etterpå slå fast – jau, dommaren hadde rett! Etter at du har skrike og meint det motsette på sidelina.

Trenaren festar alt på tape og kjem med forklaringar og tankar som det er vanskeleg å finne når vi sit på tribuna.

Fotball er ein av dei godkjende lidenskapane. Aggresjon, fortviling, glede og jubelbrøl kjem støytvis ut på ein kamp. Det er knapt noko så mange kan identifisere seg med, som eit fotballag som vinn. Men den ekte kjærleiken kjem fram når dei taper. Det har vore nødvendig å syne den dei siste åra.

Yngve, no fotballpresident, reiv seg tidvis i håret og sukka då han kommenterte økonomien. – Vi driv ein butikk der vi er heilt avhengige av godlunet og viljen til ei gjeng med ungsauer. Det er langt på veg dei som bestemmer kva botnlina vil syne.

Og så veit vi alle at det knapt er nokon anna enn nett desse gutane som kan marknadsføre fylket vårt betre. Gløym tenketank, Nils R. Når det går godt med Sogndal, er det ein fryd å kommentere fotball i Oslo. I Bergen er dei tvisynte, gler seg med oss når det går bra eller dårleg med Brann. Og det gjer det jo vanlegvis.

Sogndal sin mest trufaste sponsor har lagt alt til rette for opprykk i år. Styreleiar Kåre Lerum i Fjærlandsvegen har lova at bompengane er borte frå 20. november – 2 veker etter at vi har spelt siste kampen i førstedivisjon.

Neste sesong kan heile fylket samlast på Campus Fosshaugane. Slik sett er denne sesongen ein formalitet! Ranheim er første offeret –  5. april på vår eiga oppvarma heimebane.

Stao no pao!