Solveig Mork Holmøyvik
Innlegg av Solveig Mork Holmøyvik
Solveig er kommunikasjonsrådgjevar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. E-post, Heimeside

Noreg sett frå Romania – kva kan vi lære?

Publisert onsdag 29. juni 2016

Ein delegasjon frå den rumenske tenketanken Expert Forum vitja Noreg i april for å lære meir om korleis offentleg forvaltning fungerer i det som ofte vert omtala som «verdas beste demokrati».

Dei var innom Fylkesmannen, Difi og Sogndal kommune her i fylket, og blant andre Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), Sivilombudsmannen og Transparency International Norway i Oslo.

F.v.: Anne Karin Hamre, Nicoleta Popescu, Gunnar Hæreid, Ana Otilia Nutu, Septimus Parvu og Cezara Grama.

F.v.: Anne Karin Hamre, Nicoleta Popescu, Gunnar Hæreid, Ana Otilia Nutu, Septimus Parvu og Cezara Grama.

I rapporten etter besøket dreg dei fram fleire såkalla “lærdomar” for eit velfungerande samfunn:

-       offentlege institusjonar må byggje opp tillit over tid

-       transparens og openheit må sikrast gjennom gode tekniske løysingar

-       eit fungerande system som forsvarar innbyggjarane sine rettar må på plass

-       systemet for offentlege løyvingar må endrast for å unngå korrupsjon

-       læring om innbyggjarmedverknad må inn i skulen

Rumenarane legg stor vekt på kor open og gjennomsiktig offentleg verksemd i Noreg er, samanlikna med heimlandet. «Noreg brukar eit interessant elektronisk verktøy som ser ut til å vere unikt i verda», er innleiinga på eit avsnitt om Offentleg elektronisk postjournal (OEP). Dei skildrar prosessen rundt innsynskrav, og nemner at i overkant av 1 million slike krav har vortne handsama sidan 2010.

Dei går vidare inn på korleis skattesystemet fungerer, korleis statlege midlar vert fordelte og kva som skjer dersom kommunane ikkje greier å forvalte desse midlane. Dei fortel om rolla til Fylkesmannen generelt, og om Fylkesmannen i Sogn og Fjordane spesielt. Særleg framhevar dei korleis fylket er langt framme når det gjeld å ta i bruk elektroniske løysingar:

“In Sogn og Fjordane are concentrated most matters concerning e-government given that the region has the human resources and a strong educational system focused on technology.”

Rumenerane er også opptekne av medverknad i offentlege prosessar, altså om innbyggjarane vert høyrde. Her tek dei utgangspunkt i den brennaktuelle kommunereformdebatten, og skildrar korleis det i nokre tilfelle kan bli aktuelt å slå saman kommunar på tross av folkemeininga.

Eit slikt besøk er nyttig for begge partar. Medan dei lærer om oss, lærer vi meir om oss sjølve. Hovudlærdomen for oss kan vere å ikkje ta for gitt at vi lever i eit (stort sett) velfungerande demokrati med openheit og tillit.

Rapporten frå Expert Forum etter besøket.

Les også blogginnlegget frå Gunnar O. Hæreid om tillit som ressurs for det norske samfunnet.