Bjørn L. Tønnesen
Innlegg av Bjørn L. Tønnesen
Bjørn er no engasjert av Kunnskapsdepartementet i GNIST-prosjektet (kalt den store lærarsatsinga). Bjørn er utdanna aktuar (matematikk, statistikk, forsikringsmatematikk m.m.) ved universitetet i Oslo, og han var utdanningsdirektør hjå Fylkesmannen frå 1992 til august 2009. E-post, Heimeside

Eldreomsorg og asylpolitikk

Publisert tysdag 25. mai 2010

Bror min er fødd i 1937. Normalt skulle eg, eller ei eller ein med mine genar, blitt fødd rundt 1940 – 1941, men til liks med svært mange andre unge familiar fann foreldra mine ut at dei, på grunn av urolige tider og krig, fekk sjå tida litt an. Denne blandinga av storpolitikk og diskusjonar i heimen enda med at eg kom til verda i august 1944. Det var tydelegvis mange familiar som tenkte som foreldra mine, for talet på fødde var 62 241 i 1944, om lag 5000 fleire enn året før. Så gjekk det litt ned att i 1945, til jubelåret 1946 med nærare 71 000 fødde, det høgste talet så langt eg har greidd å finne statistikk for, dvs attende til 1735.Også i 1947 og 1948 kom det fleire enn normalt til verda, før det stabiliserte seg på vel 60 000 i mange år.

Dei store kulla på slutten av og like etter krigen kjem etter kvart til å banke på dørene i eldreomsorga i kommunane, og diskusjonen har alt gått i mange år om kor godt samfunnet er rusta til å ta i mot oss. No veit vi ikkje sikkert kor stort omsorgsbehovet vil bli, men ifølgje ein rapport frå Statistisk sentralbyrå blir den store utfordringa å skaffe nok helsefagarbeidarar med utdanning frå vidaregåande opplæring (hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar).

Korleis kan vi så sikre oss nok hender til å gje omsorg? For kort tid sidan hadde media oppslag der det kom fram at ein del av uføretrygdinga skuldast tap av arbeid. Er det mogleg å gje ein del av dei som mister arbeidet ei opplæring som kan gje grunnlag for arbeid i omsorgssektoren?

Dei siste åra har vi hatt stor arbeidsinnvandring, med svenskar og polakkar som dei største gruppene. Det kan vere dristig å basere seg på dette som ei løysing sidan mange land i åra framover får høg vekst i tal eldre. Men også andre innvandrargrupper er opplagt aktuelle for omsorgssektoren, på ulike nivå i hierarkiet. Særleg jentene søkjer utdanningar som helsefagarbeidar, sjukepleiar og lege.

Men så er det alle asylsøkjarane vi sender ut av landet. Ei ung afrikansk kvinne jobbar ved ein sjukeheim her i distriktet. Ho likar jobben og får gode tilbakemeldingar, men har no fått endeleg avslag på søknad om opphald og må reise i løpet av sommaren.

Mitt postulat er følgjande: Etter opprivande politiske diskusjonar blir det om 5-10 år bestemt at asylsøkjarar som er i gang med utdanning på omsorgssektoren eller som har fått arbeid, skal få opphaldsløyve. Det avgjerande argumentet viste seg å bli at vi treng alle hender som vil hjelpe oss.