Anne Gro Fredheim
Innlegg av Anne Gro Fredheim
Anne Gro Fredheim er informasjonsrådgjevar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Ho er språkutdanna og har tidlegare arbeidd som omsetjar og journalist. E-post, Heimeside

Hjarteleg velkomne

Publisert tysdag 27. april 2010

Tretten nye statsborgarar deltok på statsborgarseremonien som Fylkesmannen arrangerte laurdag. I alt 78 nye statsborgarar var inviterte, alle desse har sidan august 2009 fått norsk statsborgarskap.  

Sogn og Fjordane treng alle som éin. Vi treng alle dei innbyggjarane vi kan få, og innvandrarar som busette seg i fylket i 2009 utgjorde faktisk bortimot halvparten av tilflyttarane til fylket. Helsinga til alle desse er ganske enkelt: Takk for at du kom! Takk, viss du vil bli verande her! 

Det er i den siste helsinga utfordringa ligg. Ingen kan skulde Sogn og Fjordane for å vere ein smeltedigel. Diverre treng ein ikkje komme særleg langvegs frå for å oppdage at det tek tid å bli skikkeleg integrert i lokalsamfunna våre. NRK fortalde i dag at Sogn og Fjordane har berre éin kommunestyrerepresentant med innvandrarbakgrunn. Det er sjølvsagt ikkje godt nok. Ansvaret ligg både hjå innvandrarane sjølve og vi som har vakse opp her.

Vi som har vakse opp her, må bli flinkare til å ta vel i mot og inkludere innvandrarar. For vi treng tankane, ideane, arbeidskrafta og mangfaldet dei nye innbyggjarane tek med seg. Dei som kjem hit, må tore å engasjere seg, tore å ta initiativ. Vi treng innbyggjarar som ser ting frå ein annan vinkel, og som stiller spørsmål ved inngrodde sanningar.

Dei 13 nye statsborgarane som deltok på seremonien i helga, har gjort Noreg til sitt land. Det tyder ikkje at dei skal gløyme verdiane og kulturen frå fødelandet sitt. Vi ber dei heller vere stolte over bakgrunnen sin, og bruke han til å skape gode, fleirkulturelle samfunn i fylket vårt. Vi treng lokalsamfunn der døra er høg og porten vid.

Bodskapen skal fram

Publisert torsdag 17. desember 2009

Fylkesmannen skal sikre at innbyggjarane får dei rettane og tenestene dei har krav på. Vi ønskjer å vere ein garantist for rettstryggleik. Ein føresetnad for demokrati og rettstryggleik er at folk forstår det språket vi nyttar. Fylkesmannen samarbeider tett med kommunane, og i løpet av eit år har vi også kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar. Det kan handle om skilsmisse, førarkortsaker, tilskotsordningar, ulike typar klagesaker, bygdeutvikling, erstatning etter rovviltskader og fri rettshjelp – for å nemne noko.  Dersom mottakaren ikkje forstår innhaldet i brev og dokument, har vi ikkje gjort jobben vår godt nok. Så enkelt – og så vanskeleg – er det.

Vi har mange tilsette med lange fagutdanningar. Felles for alle er at språket er den viktigaste arbeidsreiskapen vår. Vi skal skrive enkelt, poengtert og målretta. Difor sender vi tilsette på kurs for å heve den språklege kompetansen, og difor drøftar vi dagleg språk og formuleringar med kvarandre. Dei siste åra har vi jobba mykje med språket vårt. Språkarbeidet er likevel noko vi aldri kjem til å bli ferdige med. Vi ønskjer å skrive lett og kort, men må samstundes vere presise – også juridisk sett. Andre gonger strevar vi med balansen mellom nødvendig fagspråk og uheldig stammespråk.

Fylkesmannen er langt frå aleine om å ønskje at offentleg informasjon skal bli lettare å lese. Media er ein viktig mottakar for mykje av informasjonen vi sender ut, og kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas sa for kort tid sidan at den største språkutfordringa til NRK er å avbyråkratisere nyhendespråket. Alle fylkesmannsembeta har vore deltakarar i eit felles språkprosjekt det siste året, og som statlege etatar får vi også svært god hjelp frå Språkrådet. Nettstaden for betre og enklare språk i det offentlege er til stor nytte for oss som ønskjer å skrive rett og lett. Når kampen mot uforståeleg byråkratspråk er vunnen, skal du som mottakar bruke kortare tid på å forstå innhaldet i brev og dokument frå det offentlege.