Gunn Helen Henne
Innlegg av Gunn Helen Henne
Gunn Helen Henne er overingeniør på miljøvernavdelinga, og arbeider m.a. med vassforskrifta, miljøproblem i industri og næring og ureining i sjø. E-post, Heimeside

“Alt vatn skal vere godt”

Publisert måndag 1. mars 2010

Stort sett tek vi godt vatn som ein sjølvsagt ting i Sogn og Fjordane.  Men vatn er faktisk ein knapp ressurs i verda, sjølv om vi til vanleg ikkje merkar så mykje til akkurat det her på nedbørsrike Vestlandet.  Vi registrerer likevel at det no blir meldt om den lågaste grunnvasstanden på 30 år  langs kysten. Her har alt mange mista vassforsyninga si.

Menneska nyttar vatn til rekreasjon, drikkevatn, matlaging, vasskraft, utsleppsstad for ureining og mykje anna. Godt vatn er ei investering i framtida, også her i fylket.

Men kva er eigentleg godt vatn? Klårt og fint? Greitt å bade i? Leveleg for fisk? Og kva veit du om vatnet der du bur? Vil du dele det du veit med oss?

Vassdirektivet frå EU er fastsett som forskrift i Noreg. Målet er at ”alt vatn skal vere godt”, innan visse tidsfristar. ”Godt” viser til livet i vatnet, innhald av miljøgifter, kjemisk kvalitet, og i nokre tilfelle også om det er nok vatn att (t.d. i samband med kraftutbygging). ”Vatn” er alle elvar, innsjøar, kystvatn og grunnvatn – frå minste sildrebekken til største fossefalla, frå grunnaste badevika til djupaste fjordane.

Stryn var først ute. No skal det gjerast ein stor jobb i resten av fylket med å få oversikt over kor godt vatnet er, kva som påverkar det, og kva tiltak som kan setjast inn dersom det ikkje er godt nok i dag.

Sogn og Fjordane vart eigen vassregion frå årsskiftet, med fylkeskommunen i ei samordnande rolle. Fylkesmannen har spesielt ansvar for miljøvern- og landbruksfaglege tilhøve. Også lokale interesser vil få ei viktig rolle.

Veit du om kunstige vandringshinder for fisk, eller stader med mykje groe og grønske, dårleg lukt eller anna ”miljøgriseri” i vatn, eller har det vore store endringar i vassmiljøet lokalt i løpet av manns minne?

Vi må alle spele på lag for å få fram den kunnskapen som finst om vatnet i fylket. Dette blir grunnlaget for lokale tiltaksplanar, som vidare skal samlast i ein forvaltningsplan for vatn for heile fylket. Vi treng innspela dine for å få eit godt resultat. Det blir etter kvart mogleg å sjekke på nettet om vi har fått med oss det viktigaste.

Lokalt engasjement er viktig for å få fram det ”alle veit” som bur i området, men som kan vere ukjent for oss i miljøvernforvaltninga som arbeider med å sikre at ”alt vatn skal vere godt”.