Grete Haugan
Innlegg av Grete Haugan
Grete Haugan er senioringeniør på miljøvernavdelinga, og arbeider m.a. med ureining og miljøproblem i industri og næring. E-post, Heimeside

O jul med ditt avfall…

Publisert tysdag 22. desember 2009

Auka velstand fører til auka forbruk, og auke i forbruket fører til at vi alle produserer meir avfall. I 2008 kasta kvar innbyggjar i Noreg 434 kg avfall, medan tilsvarande tal for 1992 var 237 kg. Også mengda av det farlege avfallet aukar frå år til år.

I jula når forbruket nye høgder, og under juletreet ligg det gåver av alle slag.

Mykje av det vi kjøper er godt emballert. Sjå på alt som ligg igjen på stovegolvet etter at gåvene er pakka ut – julepapir, gåveband, papp, isopor og plastemballasje. Mykje av dette kan gjenvinnast til nye materialar dersom det vert sortert og levert på riktig stad.

Mange julegåver inneheld stoff som gjer dei til farleg avfall når vi skal kaste dei. Kor mykje tenkjer vi på dette når vi handlar julegåver til borna og til bestemor?

Under juletreet har det dei siste åra lege mykje elektroniske og elektriske julegåver. Drillar, mp3 spelarar, mobiltelefonar, stegteljarar, ”blinkesko”, dokker som kan snakke og radiostyrte bilar. Og romjula og januar månad har tradisjonelt vore høgsesong for å kaste EE-avfall og batteri, i tillegg til enorme mengder plastemballasje, papp og papir. Eg ser at vi stort sett er flinke til å levere inn store, plasskrevjande elektriske apparat som TV, PC og vaskemaskiner til gjenvinning. Men mykje småelektrisk/batteridrive utstyr hamnar framleis i søppelsekkar, og vert deponert/brent som restavfall. Når EE-avfall og miljøskadelege batteri ikkje vert gjenvunne, tapar miljøet dobbelt opp. Metall og komponentar som kan brukast om att går tapt, dessutan kan miljøgifter i avfallet kome ut i naturen.

Eg er oppteken av at vi tenker miljø og bruksverdi når vi skal gi gåver. Dette kan vi gjere ved å velje nokre få produkt med god kvalitet framfor mange rimelege som ryk etter kort tids bruk. Då får vi mindre farleg avfall i heimane våre og mindre farleg avfall å kvitte oss med. Og skal vi alle ha som nyttårsforsett å bli flinkare til å levere avfallet på rett måte?

Eg vil få ynskje dykk alle ei god jul, med von om at 2010 vert eit godt år for gjenvinning av avfall i Sogn og Fjordane!