Synnøve Stalheim
Innlegg av Synnøve Stalheim
Synnøve er rådgjevar på miljøvernavdelinga, der ho arbeider med biologisk mangfald, framande artar. E-post, Heimeside

Lønn – til glede for nokon og hovudbry for andre

Publisert måndag 19. oktober 2009

Grana har dei seinare åra oppnådd mange spaltemeter med omtale. Diskusjonen har gått på om planting av gran er eit klimatiltak, eller om granplanting vil gjere vondt verre. Som økolog og fagperson innan biologisk mangfald må eg berre nemne at granplantefelt og ukontrollert frøspreiing frå desse felta truleg er eitt av dei største trugsmåla mot det biologiske mangfaldet i fylket.

Platanlønn er, til liks med grana, ein framand art i fylket vårt, men platanlønn har fått vesentleg mindre merksemd. Treslaget har dei seinare åra vorte relativt vanleg i fylket. Platanlønn vert rekna for å vere eit vakkert tuntre, og har vorte brukt både i hageanlegg og langs veg. Arten har vist seg å ha ei enorm spreiingsevne, og fortrengjer dessutan dei stadeigne treslaga og den opphavlege vegetasjonen.

Les resten av dette innlegget »