Nils Erling Yndesdal
Innlegg av Nils Erling Yndesdal
Nils Erling er fylkesmiljøvernsjef hjå Fylkesmannen. Han har utdanning frå Universitetet for miljø- og biovitskap, og har tidlegare arbeidd som m.a. vassdragsforvaltar og frilufts- og naturvernkonsulent. E-post, Heimeside

Fem år med vellukka lokal forvaltning av nasjonalparkane i Sogn og Fjordane!

Publisert tysdag 21. juni 2016

I år er det fem år sidan det kom på plass lokal forvaltning av nasjonalparkane og dei andre større verneområda. Medan det tidlegare var Fylkesmannen som var forvaltningsmyndigheit, vart det i 2011 etablert lokale nasjonalpark- eller verneområdestyre for alle dei fire nasjonal­parkane og andre større verneområde i fylket. Styra, som er saman­sette av kommune- og fylkes­politikarar, har ansvar for å ta vare på desse flotte naturjuvelane.

Styremedlemmar på tur til Sunndalssetra i Stryn. Foto: Maria C. Knagenhjelm.

Styremedlemmar på tur til Sunndalssetra i Stryn. Foto: Maria C. Knagenhjelm.

I Sogn og Fjordane omfattar ordninga fire nasjonalparkar, åtte landskapsvernområde og tre naturreservat. Til saman ni lokale styre har forvaltnings­ansvar for desse 15 verneområda – i tillegg til område i nabofylka Oppland, Buskerud og Hordaland. Fylkesgrensene er altså inga hindring!

Etter kommune- og fylkestingsvalet i 2015, er det no på plass nye styre for inneverande fireårsperiode.

Med ny ordning vart det oppretta lokalt plasserte forvaltarstillingar: Tre i Gaupne, ei i Aurland og ei på Sandane. I tillegg er nasjonalparkforvaltarar med kontor i Skjåk, Lom og på Geilo involverte i verneområde i Sogn og Fjordane. Forvaltarane har eit godt samarbeid seg imellom. Eg ønskjer spesielt å framheve fagmiljøet ved rådhuset i Gaupne. Her samarbeider nasjonalparkforvaltarane med to tilsette i Statens naturoppsyn. Luster kommune, som i mange år har hatt ansvaret for lokal forvaltning av natur­reservat og fuglefredingsområde, har dyktige fagpersonar som styrkjer dette miljøet.

Fylkesmannen hadde, på vegner av departementet, ei sentral rolle i å få på plass den nye ordninga, og vi er i dag arbeids­gjevar for forvaltarane. Eg ser at det er ein stor fordel at dei i det daglege arbeidet kan nytte det breie fagmiljøet hos Fylkesmannen – innan miljøfag, IKT og andre støttefunksjonar. Vi har også eit visst tilsynsansvar, ved at vi kan klage inn vedtak som styra gjer. I Sogn og Fjordane brukar vi svært sjeldan denne moglegheita. Når ansvaret for forvaltninga ligg til politisk oppnemnde styre, meiner eg det er viktig å ha stor tillit og respekt for styra sine avgjerder.

Ut frå eige inntrykk, og tilbakemeldingar frå styra, fungerer den lokale forvaltnings­ordninga svært godt. Dette vart også stadfesta på ei samling for nasjonalpark- og verneområdestyra tidlegare i år. Viktige suksess­faktorar er høg kompe­tanse, gode nettverk og betre til­gang på tilskotsmidlar. Sidan for­valtarane sit lokalt, har dei nær kontakt med grunn­eigarar og brukar­interesser.

Eg vil konkludere med at dei lokale styra har bidrege til at naturskattane våre har vore godt ivaretekne desse fem åra. Lokalpolitikarane har hatt stor motivasjon til å få grunneigarar, næringsliv og lokalbefolkning til å forstå verdien av vernet. Lokal forvaltning har skapt stoltheit og eigarskap til verne­områda. Ordførarane og andre lokalpolitikarar har i løpet av desse åra vorte svært gode ambassadørar for naturjuvelane i Sogn og Fjordane.

Felling av jerv – brutalt, men nødvendig?

Publisert onsdag 20. januar 2016

Gjennom NRK-serien «Villmarkas voktere» har heile folket fått innsyn i korleis Statens naturoppsyn (SNO) «tar ut» jerv, inkludert jervehi med ungar.

Det er verkar brutalt å ta livet av ville dyr på denne måten. Samstundes har Stortinget lagt føringar på kvar beiteinteressene skal prioriterast og kvar rovviltet, m.a. jerv, skal prioriterast. I heile rovviltregion 1, som Sogn og Fjordane er del av, skal altså beiteinteressene ha første prioritet. Dette inneber at det hos oss skal vere låg terskel for å felle skadegjerande individ av dei store rovdyra.

Heilt sidan tidleg på 1990-talet, då rovviltet vart eit problem i fylket – spesielt i indre delar av Sogn, er det jerven som har vore den desidert største skadegjeraren.

Etter eit svært ille år i 2014 med rekordtap av sau på beite, vart heldigvis 2015 langt betre. Hovudgrunnen til betringa var at SNO tok ut heile seks jervar på ettervinteren 2015.

Dersom vi skal unngå store tap til jerv i 2016 og i åra framover, må bestanden av jerv haldast på eit lågt nivå. Det er frå i år sett i gong eit forsøksprosjekt i Indre Sogn med å gjere lisensjakta på jerv meir effektiv. Dette er nødvendig for at vi skal få felt fleire jervar under tilnærma ordinær jakt, og slik unngå at SNO må bruke helikopter til uttak av jerv og gjere hiuttak.

Sidan 1.januar 2015 har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vore sekretariat for rovviltregion 1. Frå 1.januar i år har vi fått nye medlemer i rovviltnemnda. Frå Sogn og Fjordane er fylkestingsmedlemene Aleksander Øren Heen og Helen Hjertaas oppnemnde. I slutten av januar skal nemnda ha konstituerande møte, der dei m.a. skal velje leiar av nemnda. Eg reknar med at den nye nemnda vil halde fram arbeidet med å forvalte rovviltet i region 1 slik at beitenæringa blir minst mogleg skadelidande.

Naturmangfald i fare – hjelper det med kunnskap?

Publisert tysdag 25. november 2014

I FN-rapporten Global Biodiversity Outlook 4, som vart lansert under partsmøtet om naturmangfald i Sør-Korea i oktober, er konklusjonen tydeleg: Tapet av natur, artar og økosystem held fram, og det trengst ein stor innsats for å snu denne negative utviklinga.

Norge og dei andre medlemslanda i konvensjonen for biologisk mangfald, har vedteke 20 ambisiøse mål for å ta vare på naturmangfald og økosystem innan 2020.

Dette er et grunnarbeid for å sikre menneskenes eksistens og velferd. Det vil kreve innsats fra alle land og sektorer, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

I år er det fem år sidan Stortinget vedtok naturmangfaldlova. Med denne lova fekk Norge ei av verdas mest moderne lover om natur. Lova er viktig både for å ta vare på særskilt verdfull natur gjennom formelt vern, men også for å ta vare på naturmangfald i den daglege forvaltninga.

Ein ny rapport om praktisering av naturmangfaldlova  viser at lova fungerer som eit verkty for å ta vare på natur, og at det ikkje er store problem knytt til praktiseringa av lova. Rapporten viser likevel at det trengst noko klårgjering og presisering av reglane, og betre rettleiing om praktisk bruk. Det er vidare behov for meir kunnskap om kva slags naturmangfald som finst og verknader av tiltak på naturmangfald.

Kommunane er dei viktigaste aktørane for å planleggje og forvalte natur. Klima- og miljøministeren har i fleire saman­hengar under­streka kor viktig det er at forvaltning av naturen er basert på god kunnskap. Kunnskapsbasert forvaltning står svært sentralt både i natur­mang­fald­lova og i plan- og bygningslova.

Behovet for kunnskap om kvar naturverdiane finst må dekkast gjennom kartlegging. Naturtypar som er spesielt viktige for å ta vare på mangfaldet av artar og økosystem, blir kartlagde i eit eige program som alle kommunane i Sogn og Fjordane har vore gjennom minst ein gong. På nettstaden til Fylkesmannen, har vi eigne temasider med oversikt over kartleggingar av naturtypar og artar i kommunane.  Visste du at du her kan finne alle dei kommunevise rapportane om kartlegging av biologisk mangfald i perioden 1999-2012? Dette omfattar til no 36 rapportar. Og at vi i Sogn og Fjordane har fleire av dei naturtypane som har fått status som utvald naturtype, og som med det er omfatta av gode tilskotsordningar? Dette gjeld slåttemark, slåttemyr og hole eiker.

Fylkesmannen skal i dagane 26. til 28. november arrangere ei samling for kommunane der hovudtema er naturmangfald og planlegging i Sogn og Fjordane. Eg vonar at vi på denne samlinga får god dialog med fagpersonar og andre tilsette i kommunane som arbeider med arealforvaltning og anna forvaltning av natur.

Nasjonalparkane og nasjonalparksentra i medvind!

Publisert torsdag 20. juni 2013

I desse dagar er det store markeringar ved to av dei tre nasjonalparksentra kring Jostedalsbreen. Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn markerer at det er 20 år sidan senteret vart opna. Fredag 21. juni stiller mellom anna statsråd Liv Signe Navarsete og miljøpolitiske talsmenn frå partia på Stortinget til ein miljø- og klimadebatt. Til den offisielle opninga av det nye Breheimsenteret i Jostedalen 24. juni kjem statsminister Jens Stoltenberg. Og ved Norsk Bremuseum i Fjærland vart det i mai opna ein pedagogisk leikepark med mammutar utanfor museet.

Det skjer såleis svært mykje positivt ved nasjonalparksentra for tida. Alle dei tre sentra er offentleg godkjende naturinformasjonssenter – autoriserte nasjonalparksenter – med eit årleg driftstilskot frå miljøvernstyresmaktene. Dei er verkeleg fyrtårn for informasjon om dei nasjonale og internasjonale naturverdiane som finst i Jostedalsbreen nasjonalpark.

Men kva med dei andre nasjonalparkane og andre viktige verneområde som vi har, spreidd rundt i fylket? Totalt er det 140 verneområde. Skjer det noko der?

Med god hjelp frå Miljøverndepartementet vart Norsk Sjøfuglsenter etablert på Værlandet i Askvoll i 2012. Dette er eit svært positivt bidrag for å informere om sjøfuglvern. I tillegg er senteret eit knutepunkt mellom menneske og kystnatur. Diverre har senteret enno ikkje fått endeleg godkjenning som offentleg naturinformasjonssenter.

I Utladalen Naturhus ved inngangsporten til Utladalen landskapsvernområde og Jotunheimen nasjonalpark, er det mange spennande arrangement og temautstillingar, i tillegg til at stiftinga står for omfattande skjøtsel av kulturlandskapet i dalen. Utladalen Naturhus samarbeider med Norsk Fjellmuseum i Lom, som er eit autorisert nasjonalparksenter.

I Nærøyfjordområdet er det ikkje etablert noko særskilt informasjonssenter om landskaps-vernområdet eller verdsarvområdet. Derimot har ei eiga stifting, Nærøyfjorden Verdsarvpark, som føremål å koordinere og samle innsatsen i verdsarvområdet. Samstundes bidreg stiftinga både til tilrettelegging for friluftsliv, informasjon og skjøtsel av kulturlandskap og eldre bygningar.

Statens naturoppsyn, SNO, har bygd seg opp med lokale oppsynsstillingar på fem ulike plassar i fylket. Desse lokale naturoppsyna gjer ein kjempejobb med praktiske skjøtsels- og tilretteleggingsarbeid i naturvernområda.

Sidan 2011 har det vore lokal forvaltning av nasjonalparkane og dei andre store verneområda. Lokal- og fylkespolitikarane sit såleis med ansvaret for å ta vare på verdiane i desse verneområda, og det er etablert stillingar som nasjonalparkforvaltar plassert lokalt. Vi ser at den lokale forvaltningsordninga fungerer godt. Viktige suksessfaktorar er høg kompetanse hos forvaltarane, godt nettverk mellom forvaltarane, betre tilgang på tilskotsmidlar, og sist, men ikkje minst, lokale politikarar som tek ansvar for verneverdiane.

Samla har det altså skjedd ein formidabel auke i satsing på informasjon, tiltak og forvaltning knytt opp til nasjonalparkar og andre verneområde. Og dette skal vi vere takksame for.

Eg stiller likevel spørsmål om det kan gjerast meir for å synleggjere og ta vare på desse viktige naturverdiane – kronjuvelane i norsk natur. Nyttar vi moglegheitene godt nok til både å ta vare på verneverdiane og bruke denne eineståande naturen på ein måte som harmonerer med vernet, og som gjev både sosial, økonomisk og kulturell verdiskaping?

Nytt miljødirektorat, men kva med det regionale og lokale nivået?

Publisert måndag 12. november 2012

Sist fredag gjorde Regjeringa vedtak om å opprette eit samla miljødirektorat som erstatning for Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og ureiningsdirektoratet. Det nye direktoratet vil vere på plass 1. juli 2013, og få opp mot 700 tilsette.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell argumenterer mellom anna for at denne samanslåinga fører til meir slagkraftig gjennomføring av miljøpolitikken. Han viser også til at samanslåinga vil forenkle og betre styringsdialogen mellom departement og direktorat, og vidare til fylkesmenn og kommunar.

Det kan bli spennande med eit samla miljødirektorat. Både internasjonalt og nasjonalt er det to store miljøtema som peikar seg ut som dei viktigaste: Klimautslepp og naturmangfald.

Bruken av areal er avgjerande for både klimagassutsleppa og for ivaretakinga av naturmangfald. Eg er overtydd om at eit samla Miljødirektorat vil kunne handtere desse utfordringane på ein meir heilskapleg og effektiv måte.

Undersøkingar som Aftenposten har gjort viser at talet på tilsette i departement og direktorat aukar mykje. Talet på tilsette i miljødirektorata har også auka siste åra. Dette har mellom anna samanheng med sterk satsing på nye tiltak innan klima-, ureinings- og naturmangfaldområdet.

Samstundes har det skjedd etter måten lite på det regionale nivået. Og kommunane har i dag mindre samla miljøvernkompetanse enn for 20 år sidan då staten  øyremerkte tilskot til eigne miljøvernleiarar. Fylkesmannen og fylkeskommunen bidrar så godt vi kan til å heve og oppdatere plan- og miljøkompetansen i kommunane. Seinare denne veka skipar Fylkesmannen til ei samling innan plan og naturmangfald for kommunane. Responsen frå kommunane viser at det er behov for slike lærings- og erfaringsarenaer.

Viktige delar av det praktiske miljøvernarbeidet skjer på regionalt og lokalt nivå. Det er kommunane som er lokal planmyndigheit, lokal ureinings- og forsøplings­myndigheit, og kommunane handterer dagleg svært mange oppgåver som påverkar miljøet. På regionalt nivå har Fylkesmannen viktige oppgåver innan mellom anna forvaltning av verneområde, praktisk oppfølging av dei nye ordningane med utvalde naturtypar og prioriterte artar, ureiningstilsyn og rovviltforvaltning. Fylkeskommunen er regional planstyresmakt og har oppgåver innan melom anna friluftsliv og kulturminnevern.

Kan det vere von om at opprettinga av eit samla miljødirektorat betre vil vise at det trengst auka ressursar til eit godt regionalt og lokalt forankra miljøvernarbeid?

Vi treng marknadsføring av dei verna vassdraga!

Publisert måndag 26. mars 2012

Miljøvernstyresmaktene brukar for tida mykje ressursar på informasjon om, og forvaltning av, nasjonalparkar og andre viktige naturverna område. No i desse dagar er alle dei nye nasjonalpark- og verneområdeforvaltarane på plass i Gaupne, Fjærland, Sandane og etter kvart Aurland. I Sogn og Fjordane har vi i mange år hatt heile tre nasjonalparksenter i tilknyting til Jostedalsbreen, eit spennande sjøfugl­senter er under ferdigstilling på Værlandet i Askvoll, og det er løyvd statlege midlar til verdiskapingsprosjekt innan naturvern både i Luster, i Nærøy­fjorden og i HAFS-regionen.  Det har aldri tidlegare vore løyvd så mykje pengar til naturvernområda.

Stortinget har gjennom handsaming av fleire verneplanar vedteke vern av heile 388 vassdrag. 36 av desse vassdraga ligg i Sogn og Fjordane. Den norske vassdrags­naturen er eineståande i verdssamanheng. Det er nok å nemne døme som Stryne­vassdraget, Gaularvassdraget og Vettisfossen i Utladalen. Vassdragsvernet er primært eit vern mot kraftutbygging, men vernet inneber også at det skal takast spesielle omsyn ved andre typar inngrep.

Medan det for dei naturverna områda er eit godt etablert apparat for formidling og informasjon, er dette så og seie fråverande for dei verna vassdraga.

Kvifor skal det vere slik?

I Gaular kommune har det i fleire år vore arbeidd med å få dei verna vassdraga på dagsordenen. Ein av ideane har vore å få på plass eit nasjonalt senter for verna vassdrag i tilknyting til Gaularvassdraget. I år vert vegen over Gaularfjellet offisielt opna som ein av dei 18 nasjonale turistvegane i Noreg. Det ville såleis vore eit framifrå tidspunkt til også å setje fokus på verdiane som er i fosseheimen i Gaularvassdraget.

Eg har sjølv vore med i diskusjonar og planlegging i den lokale gruppa som har arbeidd med planar om eit nasjonalt senter for verna vassdrag. Gruppa har hatt god støtte og oppfølging frå kommunen, fylkeskommunen, vegstyresmaktene sitt nasjonale turistvegprosjekt og frå reiselivsnæringa. Det har også vore mange møte og anna kontakt med departement og politiske nøkkelpersonar sentralt.

Likevel er det vanskeleg å få forståing hos sentrale styresmakter for at vi må infor­mere og skape positiv merksemd om verdiane i dei verna vassdraga. Formelt sett er det Olje- og energidepartementet og NVE (Noregs vassdrags- og energi­direktorat) som har det overordna ansvaret for dei verna vassdraga. Eg meiner det er på høg tid at det i eit samarbeid mellom vassdrags- og miljøvernstyresmaktene vert satsa på meir marknadsføring av dei eineståande verna vassdraga våre!

Fjellfolk og naturopplevingar i verna natur

Publisert tysdag 14. februar 2012

I beste sendetid på sundagskvelden viser NRK1 for tida serien «Fjellfolk». Etter å ha sett første episoden, er det god grunn til å vere stolt av det programskaparane Arve Uglum og Torje Bjellås har laga.

Eg synest også vi kan vere stolte av at naturen generelt, og den verna naturen spesielt, i Sogn og Fjordane blir synt fram på ein framifrå måte. Vi har i den første episoden sett fjellfolk på bading og breklatring i Nigardsbreen naturreservat, på brevandring i Jostedals­breen nasjonalpark, på hjortejakt i flotte haustfargar i Mørkridsdalen landskapsvern­område, og vi har fått innblikk i drifta av ei turistforeiningshytte i utkanten av Jotunheimen nasjonalpark. I neste episode skal vi også få del i spennande padling på ein verdsarvfjord i Nærøy­fjorden landskapsvernområde.

TV-programmet viser både fjellfolk som har naturen som yrke, og fjellfolk som brukar naturen i fritida. Naturen og dei fleste verneområda i Sogn og Fjordane har plass til fleire av båe desse kategoriane av brukarar.

I den statlege satsinga av «Naturarven som verdiskapar» er det gode døme på korleis naturopplevingar i verna natur kan utviklast i samspel med næringsaktørar innan reiseliv, lokalsamfunn, forvaltning og kunnskapsinstitusjonar.

I Sogn og Fjordane har vi tre prosjekt som i ein femårsperiode får statlege tilskot til å skape gode døme på verdiskaping med natur som den viktigaste råvara:

  • I kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen: «Kystarven»

Sogn og Fjordane sin visjon for reiselivsutviklinga fram mot 2025 er «Berekraftige naturopplevingar i verdsklasse».

Eg vonar at TV-seriar som «Fjellfolk», statlege satsingar som «Naturarven som verdiskapar» og prioriteringane i reiselivsplanen for Sogn og Fjordane, kan føre til at vi kan utvikle det naturbaserte næringslivet samstundes som naturverdiane vert ivaretekne.

Vern av natur inneber altså at områda også vil kunne brukast eller vere tilgjengelege for fastbuande og besøkande. Reiselivsnæringa vil kunne bruke naturområda til verdiskaping og vekst, men i nasjonalparkane og andre verna område må bruken i endå større grad enn i naturen elles skje på naturen sine eigne premissar!

Ønskjer lokalpolitikarane eigentleg ein plan?

Publisert måndag 3. oktober 2011

Plan- og bygningslova legg opp til at utbygging primært skal skje på bakgrunn av godkjende planar og ikkje gjennom enkeltsaker lausrive frå arealbruken elles. I lova er slike enkeltsaker definerte som dispensasjonar.

Statistikken viser at kommunane her i fylket ikkje følgjer opp målsetjinga i plan- og bygningslova.

I perioden frå 2007 til 2010 var det ei kraftig auke i talet dispensasjonssaker som Fylkesmannen har fått på høyring. Medan vi i 2007 registrerte 201 saker, er tilsvarande tal i 2010 heile 334. Dette er ein auke på 66 %.

I den same perioden var det ein reduksjon på 15 % i talet på saker som gjeld kommuneplanar og detaljplanar.

I siste kommunestyreperiode er det berre 8-9 av dei 26 kommunane i fylket som har revidert kommuneplanen sin.

Påstanden min er at både kommunane og fylkesnivået brukar for mykje tid på dispensasjonar og for lite tid på overordna arealplanlegging. På ei samling for planmedarbeidarane i kommunane denne veka vil Fylkesmannen leggje fram ei skisse til korleis vi i fellesskap kan prioritere annleis. For å få til dette må vi også få med dei nye lokalpolitikarane.

Ofte opplever vi at administrasjonen i kommunen tilrår å leggje vekt på bindande arealbruk i vedteken plan, medan det politisk blir gjort vedtak om å gje dispensasjon. Dette gjeld ikkje minst i strandsona. Det kan sjå ut til at det er lettare å seie ja enn nei.

Er det slik at lokalpolitikarane våre heller ønskjer å ha fridom til gje dispensasjon i enkeltsakene  enn å vere bundne opp av ein plan?

Nasjonalparkane i siget

Publisert torsdag 17. mars 2011

I år etablerer vi lokale nasjonalparkstyre eller verneområdestyre for alle dei fire nasjonalparkane og andre større verneområde i Sogn og Fjordane. Styra, som er politisk samansette, har ansvar for å ta vare på og forvalte dei flottaste naturjuvelane våre.

Dei fleste kjenner til områda Jotunheimen, Breheimen, Jostedalsbreen og Nærøyfjorden. Her har vi nasjonalparkar, landskapsvernområde og verdsarvområde. Styra som no vert etablert vil òg få ansvaret for meir ukjende verneområde. Mellom anna Bleia natur­reservat med den sjeldne planten urvalmuen, og Nordheimsdalen naturreservat med eit mangfald av ulike furuskogtypar. Du finn nærare omtale av verneområda på Miljøstatus for Sogn og Fjordane.

Når Noreg sine fremste utøvarar innan ekstremsport i Oppdrag Sognefjorden i beste sendetid på NRK boltrar seg i spektakulær natur, skjønar vi at dette er god reklame. Det er også god reklame for Sogn og Fjordane når verneområda våre får svært god omtale på Miljøverndepartementet sin første store nasjonalpark­konferanse for dei nye styra.

Fylkesmannen skal no tilsetje fagfolk med rett kompetanse, og desse skal leggje til rette for at ordførarar og andre politikarar kan gjere ein god jobb i nasjonalparkstyra. Fagfolka (nasjonalparkforvaltarar eller verneområdeforvaltarar) skal ha kontor nært knytt til verneområda. Førebels er det avgjort at Norsk Bremuseum i Fjærland og Rådhuset til Luster kommune i Gaupne skal få nasjonalparkforvaltarar. Eg håpar og trur at Sogn og Fjordane vil få ytterlegare tre slike stillingar, plassert rundt om i fylket.

Eg er overtydd om at dei nye forvaltarstillingane, og framfor alt dei nye styra, vil bidra til at naturskattane våre vert godt ivaretekne framover. Og eit godt samspel med dei fem – seks godt etablerte lokale naturoppsynsstillingar i fylket vil vere viktig. Oppgåvene er mange: Informasjon, skjøtsel, tilrettelegging og marknadsføring. Det vil også vere høve til å leggje til rette for verdiskaping knytt til næringsutvikling så lenge dette ikkje går ut over dei verdiane i nasjonalparkane.

Oppmodinga mi er: Sjå mulegheitene som ligg i verneområda. Sjå mulegheitene i dei lokalt forankra styra. Ver stolt av naturkvalitetane våre! Ved å forvalte naturområda våre for framtida, vil denne unike ressursen auke i verdi; eit stort ansvar og endå større mulegheiter.

Internasjonalt og nasjonalt naturmangfaldår – er vi med i Sogn og Fjordane?

Publisert onsdag 19. mai 2010

Året 2010 har FN peikt ut som internasjonalt naturmangfaldår. I Noreg blir dette følgt opp av Miljøverndepartementet og m.a. Direktoratet for naturforvaltning, Statens naturoppsyn og fylkesmennene.

I naturmangfaldåret blir alle oppfordra til å samarbeide og gjennomføre gode tiltak for naturen. Auka bevisstgjering om naturmangfald kan gje betre forståing for kva som trengst for å nå nasjonale og internasjonale mål.

Verda står ifølgje ein ny rapport frå Konvensjonen for biologisk mangfald overfor dramatiske endringar dersom vi ikkje raskt lukkast med å stoppe tapet av naturmangfald.

Miljøvernminister Erik Solheim har understreka at alle nasjonar og sektorar må gjennomføre nødvendige tiltak.

I samband med FN sin internasjonale biomangfalddag torsdag 20.mai, blir det ei rekkje lokale arrangement i heile landet. Her i fylket blir det tematur med skuleelevar i den rike lindeskogen i Flostranda naturreservat i Oppstryn.  

Fylkesmannen arrangerer tidleg i juni kurs for kommunane og andre om den nye lova om forvaltning av naturens mangfald (naturmangfaldlova). Kommunane er dei viktigaste aktørane for å planleggje og forvalte natur. Miljøvernministeren har i fleire saman­hengar under­streka kor viktig det er at forvaltning av naturen blir basert på god kunnskap. Kunnskapsbasert forvaltning står også svært sentralt i den nye natur­mang­fald­lova og i plan- og bygningslova. Eg håpar difor at dei som arbeidar med planlegging, landbruk, naturforvaltning og næringsutvikling i kommunane lærer seg mest mogleg om fag og regelverk knytt til natur og naturmangfald. Det er framleis plass til fleire på kurset i Førde 1. og 2. juni!  Vi held ope for påmelding ut denne veka.

På 1990-talet fekk kommunane øyremerkte midlar frå staten til eigne miljøvernleiarar. Dei siste åra har kommunane fått desse midlane til fri disposisjon. No er det knapt ein miljøvernleiar att i Sogn og Fjordane. Fleire er uroa for om kom­mun­ane våre prioriterer miljøvern generelt, og biologisk mangfald spesielt, høgt nok. Det viktigaste er etter mi meining ikkje om kommunen har eigen miljøvernleiar eller ikkje. Men kommunen må  – anten i eigen kommune eller ved bruk av inter­kommunalt samarbeid – ha tilsette med kunnskap og kompetanse. Vidare må det setjast av tid til å bruke denne kompetansen, og politikare må gjere seg nytte av kompetansen når dei skal fatte vedtak. Eg vonar såleis at lokalpolitikarane, spesielt no i naturmang­fald­året 2010,  ser ansvaret dei har for å ta vare på naturmangfaldet i kommunen sin.