Innlegg av Ida Loftesnes Kvåle
Ida Loftesnes Kvåle er jurist og jobbar som trainee på juridisk avdeling hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. E-post, Heimeside

Stort behov for verjer i fylket – slik kan du hjelpe!

Publisert måndag 20. februar 2017

Ei verje sikrar interessene til og handlar på vegner av ein person som anten er mindreårig, eller som av andre grunnar treng verje. Vi har mange verjer som gjer ein svært god jobb, likevel treng vi fleire. Det er ei merkbar auke i søknadar og behov for verjemål i fylket, og behovet for fleire verjer aukar tilsvarande.

Vi har alle høyrt om eldrebølgja som er på veg. Ho kjem av stadig høgare levealder mellom anna grunna eit velutvikla helsetenestetilbod. Av erfaring veit vi at eldre, ofte sjukeheimspasientar og busette på bu- og omsorgssenter, utgjer ei stor gruppe verjetrengande. Dette kan bety at vi får fleire personar som av ulike grunnar vil ha behov for verje, i tillegg til dei yngre verjetrengande. Men, vi får òg fleire spreke og ressurssterke alderspensjonistar som kan ta på seg oppdrag som verjer.

Den grunnleggande motivasjonen for å vere verje er at du er engasjert, interessert og har eit ønskje om å hjelpe andre. Det er fleire som treng di hjelp og støtte, heime i di eiga bygd. Som verje fyller du eit behov som ikkje vert teke i vare på andre måtar, verjene utfører difor ei svært viktig samfunnsoppgåve.

Som verje for vaksne har du høve til å hjelpe andre som av ulike grunnar og på ulik måte ikkje klarar å ivareta sine eigne interesser i økonomiske og/eller personlege forhold. Folk er forskjellige, det same er verjeoppdraga. Nokre personar treng hjelp til å forvalte økonomiske midlar, handtere inntekter og utgifter, og sikre at husleige, straum og forsikring vert betalt. Andre kan ha behov for at du hjelper dei med å søkje om trygde- og sosialstønader, kommunale tenester som støttekontakt og sjukeheimsplass, eller å klage på offentlege vedtak. Våre verjer har difor variert bakgrunn og erfaring. Ofte kan livserfaring vere den beste erfaringa som verje. Verje må i tillegg ha ordna økonomi og vere skikka for det aktuelle verjeoppdraget.

Tilsette hjå Fylkesmannen følgjer opp og rettleier verjene.

Tilsette hjå Fylkesmannen oppnemner, følgjer opp og rettleier verjene.

Trur du dette kan vere noko for deg eller nokon du kjenner? Les meir om verjemål på www.vergemal.no, eller kontakt oss direkte.