Korleis syte for god kvalitet i barnehagane?
Publisert måndag 12. april 2010Dei seinare åra har vi hatt ei omfattande barnehageutbygging. Frå 2003 til 2008 auka talet på barn som går i barnehage med nesten 30 prosent. I same periode har personalet auka med heile 40 prosent. Foreldrebetalinga er redusert med 40 prosent i kommunale barnehagar og 48 prosent i private sidan 02. Frå 2009 vart det lovfesta ein individuell rett til barnehageplass. Det har med andre ord vore ei rivande utvikling når det gjeld tilbod og pris.
Tida er no komen for å fokusere på kvaliteten av tilbodet. Stortinget vedtok nyleg meldinga Kvalitet i barnehagen, og mange tiltak er sette i verk. Regjeringa har definert følgjande som mål for kvalitet: Sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, styrkje barnehagen som læringsarena og alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap. Barnehagen sitt personale står sentralt, og meldinga seier det så sterkt som dette: ”Personalets faglige og personlige kompetanse er barnehagens viktigste ressurs og en forutsetning for at barnehagen skal være en god arena for omsorg, lek, læring og sosial utjevning.”
Tilsette i barnehagen er ei mangfaldig gruppe samansett av førskulelærarar, personar med anna pedagogisk utdanning, personar med barne- og ungdomsarbeidarfag frå vidaregåande skule og assistentar. Styrar og pedagogisk leiar har ansvar for at den pedagogiske verksemda blir planlagt, gjennomført, dokumentert og vurdert i tråd med føringane i barnehagelova og rammeplanen.
Korleis står det så til med kompetansen? I Noreg er 33 prosent av personalet pedagogar. Dette er noko mindre enn nabolanda våre Sverige (52) og Danmark (37). Departementet ønskjer å auke delen tilsette med barnehagefagleg og barnefagleg kompetanse. Noreg er det einaste av 25 undersøkte OECD-land som verken har 50 prosent pedagogar eller 80 prosent tilsette med barnefagleg kompetanse. Skal dette kunne skje, må vi truleg gjere noko med pedagognorma i barnehagelova sjølv om dette er ei minimumsnorm, vi må auke utdanningskapasiteten og vi må styrkje vilkåra for dei som har utdanna seg for arbeid i barnehage gjennom løns- og arbeidsvilkår, kvalitetsutvikling og rettleiing av nyutdanna.
Ei påtrengjande lokal utfordring er å fylle dei pedagogstillingane vi allereie har med kvalifisert personale. I Sogn og Fjordane i dag er ca. 12 prosent tilsette på dispensasjon. Variasjonen mellom kommunane er stor. 11 av kommunane har ingen midlertidige dispensasjonar, medan dei 15 andre varierer frå 5 til 31 prosent. Spørsmålet er om kreativiteten og innsatsen er stor nok hos barnehageeigarane. Er det umogleg å skaffe utdanna pedagogar, eller handlar det om mangel på menneskeleg og økonomisk ressursinnsats? Eg reknar ikkje med at nokon lenger meiner at alle er skikka til å passe barn, men eg lurer likevel på om dette er eit område som fortener meir merksemd dersom barna våre skal få gode vilkår for læring og utvikling den tida dei er i barnehagen.

