Anne Kristin Eitungjerde
Innlegg av Anne Kristin Eitungjerde
Anne Kristin Eitungjerde er juridisk sjef hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. E-post, Heimeside

Kart over rettstryggleiken din

Publisert fredag 30. januar 2015

Det er ikkje alltid lett å orientere seg i jungelen av reglar som styrer kvardagen vår. Anten du er sakshandsamar i ein kommune eller ein innbyggar som ynskjer å søkje om noko, er det lett å snuble på vegen. Å ha rett til noko og det å få retten oppfylt går ikkje alltid hand i hand.

Utviklinga har over lang tid gått i retning av å gi stadig fleire rettar til einskildpersonar. Dersom du likevel ikkje får ta del i goda, anten fordi du eller den som skal avgjere saka ikkje veit korleis du skal gå fram eller kan nok om reglane, så blir rettane meiningslause. Rettstryggleik handlar difor i stor grad om lett tilgjenge til riktig regelverk, for både innbyggarar og dei som skal forvalte lova.

Fylkesmannen har tru på aktiv deling av kunnskap for å sikre rettstryggleiken din. Det gjeld informasjon både om kva du har rett til og korleis saksbehandlinga skal vere. Ny teknologi, og særleg internett, gjer det mykje enklare å gjere kunnskap om reglane tilgjengeleg på nye måtar for mange fleire menneske. Samtidig må vi sikre gode kart over terrenget, sidan ikkje alle aktørane på nettet har som mål å gi balansert og rett informasjon.

Rettstryggleik i offentleg sakshandsaming er ei nettside Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utvikla og som vi håpar kan vere til praktisk hjelp for alle som jobbar med saksbehandling i kommunane og publikum elles.

Sida inneheld informasjon om saksbehandlingsreglane i forvaltningslova og offentleglova. I tillegg til lenkjer til lover, forskrifter og rundskriv, finn du døme på vedtak, malar og rutinar og presentasjonar. Presentasjonane kan fritt vidareutviklast til eigen bruk.

I tillegg til informasjon om generell sakshandsaming finn du saksbehandlingsreglar innfor områda helse og omsorg, barnevern, barnehage og opplæring.

Nettsida er i startfasen, og Fylkesmannen tek gjerne imot innspel til forbetring og utvikling. Send slike meldingar til fmsfpost@fylkesmannen.no. Våren 2015 har vi som første steg plan om å utvide sida til å omfatte saksgang og regelverk knytt til byggesaker i kommunane.

Kvar er kvardagskommunen din?

Publisert tysdag 21. oktober 2014

Vi lever livet  vårt innafor ein heilt annan geografi enn før i tida, men kommunegrensene er stort sett dei same som for 50 år sidan.

Dei fleste av oss har eit forhold til staden vi er busett på – men kanskje eit litt fjernare forhold til sjølve kommunegrensa. Stundom veit vi ikkje kvifor grensa er trekt akkurat der ho går i dag. Var det trafikken på fjorden og manglande vegsamband som var årsaka, eller var det kulturelle band mellom bygdene som gjorde at dei skulle inngå i same kommune? Eller var det heilt andre omsyn som låg bak? Det vi i alle fall  veit, er at eit av hovudmåla med førre kommunereform på 1960-talet var å lage einingar som kunne handtere 9-årig grunnskule til alle born i Noreg. Verda har som kjent gått eit stykke fram sidan det.

Spørsmåla vi må stille i dag som innbyggarar i Sogn og Fjordane er: Er kommunen min i stand til å ta i vare mine og familien min sine behov – både i dag og om 25 år? Er kommunegrensa logisk for kvar eg lever mitt liv, og det eg forventar av ein kommune?

For å svare på dette må du tenke på samanhengen mellom kvar bur du, kvar du jobbar, kvar du handlar, kvar ungdomen din går på skule, kvar vennene dine bur og kvar du reiser på kulturelle arrangement. Med andre ord: Kvar og kva er kvardagskommunen din?

Strukturen i kommune-Noreg i dag vart laga for eit liv på 60-talet. 60-talet vil dei fleste av oss meine var i gamle dagar. No treng vi moderne kommunar som tek opp i seg livet vårt slik vi lever det no. Då må kommunen spegle heile livet, slik at han blir i stand til både å planlegge godt, og levere tenester som du og eg treng – både no og i framtida.

Dersom du gjer deg opp ei meining om kva som er din kvardagskommune, så kan det hjelpe kommunepolitikarane når dei skal vurdere om det er behov for trekke opp nye grenser.

Oppmodinga må bli at du let stemma di bli høyrt i tida som kjem, og fortel politikarane kva som er akkurat din kvardagskommune!

Rett svar i rett tid

Publisert tysdag 26. august 2014

Fylkesmannen har gått gjennom kor lang tid vi brukar på å løyse og gi svar i sakene som kjem inn til oss. Resultatet er samla i serviceerklæringa vår. Det er naturleg nok ulik behandlingstid på ulike område, men oversikta vil enkelt vise deg kor lang ho vanlegvis er.

Fylkesmannen er oppteken av å gi god og rett informasjon om verksemda vår. Kvart år behandlar vi mange hundre saker som er viktige for minst like mange menneske. Vi har sjølvsagt som mål å vere både grundige og effektive i kvar enkelt sak, slik at folk ikkje bare får svar i rimeleg tid, men at svaret også er korrekt og forståeleg.

Sidan vi har mange saker til behandling, må vi til kvar tid gjere ei avveging av kor lang tid det er rimeleg å vente innanfor dei ulike områda – ut frå kor mange saker vi har til behandling og kor mykje dei vanlegvis hastar for den som ventar. Vi prøver så langt vi klarer å vere fleksible og behandle sakene raskare dersom det oppstår uventa behov for det.

Byråkratiet har kanskje tidlegare hatt eit rykte som litt treigt og nedstøva. Gjennom å gi informasjon om kva du kan vente deg, og ikkje minst kor lenge du må vente, ynskjer vi å bidra til ein positiv haldning  til og oppleving av det offentlege. Vi vil at du skal få vite kva vi kan tilby og korleis vi jobbar – og ikkje minst vil vi jobbe hardt for å halde det vi lovar. I vår bransje blir vi målte på kva vi til kvar tid klarar å levere, og det er difor viktig for oss å vere realistiske og etterrettelege i lovnadane våre.

Oversikta gir deg informasjon om kor lang tid det til vanleg vil ta å løyse saka di. Det kan hende vi må hente inn fleire opplysningar, eller det oppstår noko anna som gjer at vi treng noko lengre tid. Då vil vi kontakte deg. Du vil uansett alltid få melding frå oss dersom vi kjem til å bruke meir enn fire veker på å ta ei avgjerd.

Fylkesmannen er ein open organisasjon, og du kan når som helst ta kontakt med oss på e-post eller telefon dersom du har behov for det. Informasjon om kven vi er og korleis du får tak i oss finn du lett tilgjengeleg på nettstaden vår.

Behandlinga av saker hos Fylkesmannen er gratis, og vi gir deg sjølvsagt rettleiing innafor alle områda vi forvaltar dersom du treng det for å ivareta rettane dine.

Skalte eller forvalte – er Noreg best på rettstryggleik?

Publisert onsdag 28. mai 2014

Noreg er nyleg rangert som nr. 1 i verda på opa forvaltning. Kva betyr det, og korleis kan vi kjenne igjen denne gode plasseringa i din og min kvardag?

Organisasjonen The World Justice Project (WJP) spør 100 000 hushald og 2300 ekspertar i 99 land om deira opplevde rettstryggleik innafor åtte viktige område. Resultata vert samla i oversikta The WJP Rule of law index. Noreg er på topp når det gjeld  open forvaltning. Men, kva kjenneteiknar ei open forvaltning, og kvifor er det bra?

Kort oppsummert kan vi seie at det avgjerande for pallplasseringa er 1) stabiliteten i dei offentlege systema og lovverka våre, og 2) at det er lagt godt til rette for at du kan delta i prosessar som handlar om deg sjølv.

Foto: Oskar Andersen

Foto: Oskar Andersen

Vi er ofte vande til å peike på det som ikkje fungerer skikkeleg. Dette kritiske blikket pregar oss både som privatpersonar og  som tilsette i forvaltninga. Og sjølvsagt skal vi vere opptekne av at rettstryggleiken skal bli endå betre. I nokre saker er det ikkje tvil om at forvaltninga bommar stygt, og set både rettstryggleiken og tilliten til det offentlege i fare. Vi ser at det gjerne er dei som har vanskar for å tale si eiga sak og er avhengige av andre si stemme, nemleg borna, som i ein del tilfelle blir mest skadelidande og ikkje får oppfylt rettane sine.

Likevel er det slik at forvaltninga i Noreg heile tida leverer store mengder gode avgjerder og tenester. Det er berre å sjå på all aktiviteten i kommunane våre – det er ikkje lite dei tek hand om av stort og smått. Tilsette i alle ledd sikrar rettstryggleiken vår gjennom god publikumskontakt i ekspedisjonen, systematisk arkivering, trygg og effektiv saksbehandling og god styring av tenestene – kvar einaste arbeidsdag. Og no viser altså ei verdsomfattande undersøking  at det ikkje står så verst til her på berget.

Då meiner eg det er på tide å slå fast at

  • - kommunane og resten av forvaltninga i Norge gjer ein god jobb, og at
  • - arbeidet ikkje er ferdig med førsteplassen, forvaltninga er ikkje betre enn den siste avgjerda

Gjer ein innsats for fellesskapen – bli verje!

Publisert tysdag 18. februar 2014
Svært mange oppfyller dei generelle krava for å verte verje. Den grunnleggjande motivasjonen for å ta på seg verjeoppdrag er engasjement, overskot og eit ønskje om å hjelpe. Det er difor ein fordel med livserfaring, kjennskap til offentlege instansar og god formuleringsevne
Fylkesmannen kan oppnevne deg som verge for barn eller voksne med behov for verge.

Du blir verje for personar som på ulike måtar og i ulik grad er ute av stand til å ivareta interessene sine. Det er mest vanleg å vere verje på det økonomiske området.

Verjemålsordninga har ein lang tradisjon i Norge. Verjene fyller eit behov som ikkje vert teke i vare på andre måtar, og dei utfører derfor ei svært viktig samfunnsoppgåve.

Etter verjemålslova må  du som er verje vere over 18 år, ha ordna økonomi og ikkje ha interesser som er i strid med interessene til den du er verje for.

Fylkesmannen oppnemner verjene, og treng verjer med ulik erfaring og bakgrunn. Det viktigaste er at du har overskot til å gjere ein ekstrainnsats for ein som treng det.

Oppdrag som verje vert godtgjort etter faste satsar. Meir informasjon om det å vere verje, er tilgjengeleg på Verjemålsportalen, www.vergemal.no

Ta kontakt med oss på epost eller telefon dersom du er interessert!

Kontaktinformasjon finn du her

Rett og gale – svart eller kvitt?

Publisert torsdag 7. november 2013

Byråkratar har vi ein del av i Noreg – også i Sogn og Fjordane. Om det er for få eller for mange av oss, er som kjent til politisk diskusjon. Vi er i alle fall sett til å forvalte regelverk og ressursar på vegner av storsamfunnet, og balanserer dagleg mellom ulike interesser – både private og offentlege.

Sjølv innanfor det offentlege er ulike interesser i spel – spesielt mellom stat og kommune. Kommunane viser jamt til at staten grip inn i deira rett til å forvalte dei lokale interessene, og dermed deira «frie skjønn» innanfor ulike sektorar.

Dette er interessant, fordi staten si generelle oppfatning er at kommunen sitt frie skjønn nesten utan unntak får stor vekt i den statlege saksbehandlinga – når det er mogleg. Kva skuldast denne ulike oppfatninga?

FMSF-feb06-109

Omgrepet «fritt skjønn» er vanskeleg. Ofte trur folk at kommunane har større spelerom enn dei faktisk har i ulike saker. Men i mange tilfelle følgjer resultatet direkte av lova: Har du oppfylt gitte omstende så gir lova svaret av seg sjølv. Og det er berre eitt svar som er lovleg.

«Fritt skjønn» er det i prinsippet i dei tilfella der kommunen kan velje mellom løysingar innafor lovrammene; Har du A kan kommunen velje B eller C. Til dømes kan kommunen velje om eit areal skal regulerast til industri eller til bustader. Til vanleg er det likevel ikkje desse sakene som kjem på spissen mellom stat og kommune.

Dei siste åra har det vorte innført definerte og lovbundne rettar på stadig fleire område. Dei aller fleste vedtak kommunane gjer, gjeld slike lovbundne rettar, og ikkje fritt skjønn. Det er ikkje slik at kommunane er frie til å velje korleis dei vil tolke reglane, eller har eit fritt skjønn til å velje lokal løysing eller eigen norm innafor t.d. sosialhjelp, spesialundervisning, motorferdsel i utmark eller dispensasjonar etter plan- og bygningslova.

I slike saker blir det gjerne usemje fordi ulike partar og kommunane sjølve har sterke oppfatningar om kva som «må» eller «bør» vere rett norm eller nivå i deira kommune – ut frå lokale behov. I dag er ikkje slike argument relevante – og faktisk heller ikkje lovlege. Korleis kan ein gjere det rettsleg mogleg å ta slike omsyn – dersom det er det vi vil?

På den eine sida ynskjer vi likebehandling i like tilfelle, og på den andre sida eit fleksibelt regelverk som tek opp i seg behov for lokale løysingar og unntakstilfelle i spesielle situasjonar. Det kokar ned til at politikarar må peike på kursen gjennom lovverket. Det er politikarane som må endre lover som ikkje gir resultata eller fleksibiliteten dei ynskjer.

Vi byråkratar er sette til å forvalte dei reglane som landet har fått på grunn av dei politikarane du og eg har valt inn på Stortinget. Spelekorta er gitt i lover og forskrifter, og spelereglane er faste inntil dei blir endra av dei same politikarane.

Kort sagt: Det er lov å bruke hovudet som byråkrat, men alle skal følgje lova!

Barn har alltid rett

Publisert torsdag 24. oktober 2013

Tja, tenkjer du kanskje. Så gale er det vel enno ikkje blitt. Likevel er det sant: Barn har alltid rett til å bli tekne på alvor i alle saker som vedkjem dei. Spørsmålet er heller om vi vaksne har rett til å ikkje høyre etter.

I dag markerer vi FN-dagen. Eit av FNs hovudprinsipp er å verne om menneskerettane. Desse gjeld for alle menneske, og derfor sjølvsagt for barn. I tillegg har barna fått sine eigne rettar, som står i FNs barnekonvensjon.

Foto: FN-sambandet

Foto: FN-sambandet

Vaksne må hugse på at barndomen har ein verdi i seg sjølv, han er ikkje berre eit ventestadium for å bli vaksen. Barndomen legg rett nok grunnlaget for eit godt vaksenliv, men skal levast på eigne vilkår og vere god i seg sjølv. Hugsar de kor lang barndomen kjendest? Ein vanleg tysdag varte evig, og livet gjekk alltid i sakte tempo. Når tida går så seint må han i alle fall vere så god som råd!

For at ein barndom skal vere god, må barnet merke innverknad på eige liv. Barna sine meiningar er kloke og viktige. Barn veit sjølve kva som skal til for at livet skal vere bra. Vaksne har plikt til å spørje, lytte og til å la barna få gjennomslag. Dette gjeld både i familien og i samfunnet. Då må vi gjerne ofre nokre eigne interesser for ungane sin del. Storsamfunnet får dette sett på spissen i planlegginga si: Barn har mellom anna alltid rett til leikeplassar, og det er ikkje lov å planlegge dei vekk utan å lage nye som er like gode.

Barn har rett til å lære og utforske. For at dei skal lære, må dei ha det bra i barnehagen og på skulen. Foreldre og tilsette har plikt til å spørje korleis dei har det. Ungar skal ikkje tole meir enn vi ville tolt sjølve – fordi dei er barn. Faktisk er det slik at barn alltid har rett til å bestemme sjølve kva dei toler.

Vaksne i opplæringssystemet har òg plikt til å la ungane klage, og la andre vurdere om dei har det bra nok. Å la ungane bli høyrde betyr plikt til å sjå etter, spørje og plikt til å gripe inn. Ungane er prisgjevne at vaksne ser dei, handlar på deira vegner og set standard for rett og gale.

Men det er ei grense for alt. Marit Tusvik frå Høyanger fortel kva ei mor sa til barna sine:

Og ikkje putt
erter i nasen
mens eg er borte!
               Sa mor vår når ho gjekk.

Det hadde vi aldri
tenkt på før
så det gjorde vi.

Oppmoding for dagen: Gi barna rett!

Kjelder:
FN sin barnekonvensjon
Plan og bygningsloven
Barnelova
Opplæringslova


Er lova lik for alle i trivselsfylket?

Publisert onsdag 3. april 2013

Har du opplevd å ikkje få svar frå det offentlege, eller meiner du at saka di har blitt uforsvarleg teke hand om? Dersom du blir behandla dårleg av dei med makt, kan maktesløysa bli stor.

Rettstryggleiksløftet er ei satsing som Fylkesmannen har i 2013 for å auke merksemda kring grunnleggande reglar for korleis det offentlege skal behandle folk. Vi må skunde oss å seie at Fylkesmannen ikkje har grunn til å tru at folk i Sogn og Fjordane blir behandla spesielt dårleg, men vi er ganske sikre på at også trivselsfylket har ein del å gå på for å sikre rettstryggleiken for alle som treng hjelp av forvaltninga.

Det viktigaste er som oftast resultatet – at ein faktisk får ei teneste eller eit svar. Men vegen dit er av og til meir kronglete enn godt er – og opplevinga ikkje så bra som ho kunne vore med ein ryddig prosess.

Det er sjølvsagt at alle skal få sakene sine behandla rett og på same måten – uavhengig av kven dei kjenner, kva bakgrunn dei har eller kva saka gjeld. I røynda hender det at dette ikkje alltid skjer. Som oftast trur vi at årsaka ikkje er vond vilje, men at vi gløymer oss – eller ikkje har gode nok rutinar for å følgje reglane. Gjennom å setje søkelyset på grunnleggande rettar i heilt vanleg saksbehandling meiner Fylkesmannen at det er mogleg å auke rettstryggleiken monaleg.

Fylkesmannen kjem i 2013 til å halde opplæring og innlegg om dette både hos oss sjølve og for kommunane. Då set vi på dagsordenen tema som: Habilitet, krav til svar og førebels svar, varsel og rett til å uttale seg for partar, grunngjeving av vedtak, klageførebuing og klagebehandling. Vi vil i satsinga og opplæringa vår leggje spesielt stor vekt på retten innbyggjarane har til å reelt medverke til at deira eiga sak blir godt nok opplyst.

Mange av dei grunnleggande forvaltningsreglane er eigentleg sunn fornuft sett i system. Dei som har makt, skal behandle deg og meg skikkeleg, slik at vi kan forstå og akseptere avgjerdene som blir tekne. Men einige i utfallet treng vi ikkje alltid vere!