Bjørg Eikum Tang
Innlegg av Bjørg Eikum Tang
Bjørg er seniorrådgjevar på helse- og sosialområdet hjå Fylkesmannen. Ho jobbar blant anna med folkehelse, individuell plan og universell utforming. Ho har lang fartstid som fysioterapaut, i tillegg til andre roller på helse- og sosialområdet i fylket vårt. Ho har studert helse- og sosialadminsitrasjon, og folkehelsevitenskap. E-post, Heimeside

Turvegar for alle

Publisert torsdag 6. mars 2014

For lite aktivitet er eit alvorleg folkehelseproblem i heile den vestlege verda. Alle har behov for aktivitet, uavhengig av funksjonsnivå. Aktiviteten skjer helst i nærmiljøet.  Nærleik til turvegen er avgjerande for å fremje bruk blant fleire grupper. I Sogn og Fjordane har vi rikeleg tilgang på fin natur å vere aktive i. Femten kommunar i Sogn og Fjordane har hausten 2013 kartlagt universelt utforma og sentrumsnære turstiar.

I rapporten Sentrumsnære turvegar er kvar turveg presentert over to sider. Kvalitet og særtrekk er omtala i tekst, bilete og kart. Det er kommunen som avgjer kva ambisjonsnivå dei vel å leggje seg på. Målet er at kvar kommune skal ha minst ein godt universelt utforma turveg sentralt i kommunen.

Fylkeskommunen og Fylkesmannen har etablert ei tverrfagleg samarbeidsgruppe for prosjektet. Kommunane har vald ein kontaktperson og ein aktuell turveg. Asplan Viak AS har i samarbeid med kommunane og samarbeidsgruppa laga omtalen av dei 17 turvegane i rapporten. Planen er å halde fram med arbeidet, slik at alle kommunar i fylket har registrert minst ein universelt utforma turveg.

Ein turveg er eit tiltak for offentleg bruk med allmenn nytte.  Målet er at fleire skal ha reelt høve til å kome seg på tur, og kunne nyte eit aktivt friluftsliv. Å arbeide for eit aktivt nærmiljø er ein av strategiane i den regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Eit mål i planen er at alle bu-miljø har lett tilgang til eit aktivitetsskapande nærmiljøanlegg og eit enkelt friluftsliv. I Regjeringa sin Handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge for  2009 – 2013 var det ein visjon at Noreg skulle vere universelt utforma innan 2025. Både Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen deler visjonen.

Prinsippet om at universell utforming skal ivaretakast i all planlegging, vart frå 2009 innlemma i formålsparagrafen for plan- og bygningslova.

Ved utarbeiding av turstiar skal prinsippa for universell utforming  i størst muleg grad følgjast. Utforminga skal vere brukande og tilgjengeleg for personar med ulikt funksjonsnivå, og tilpassa eit vidt spekter av individuelle behov. Ho skal vere lett å forstå, også for dei med kognitiv svikt.

Det er naudsynt med god forankring og god planlegging for at tiltaket skal vere vellukka. Om det er private eller offentlege grunneigarar eller  initiativtakarar, vil kommunen uansett ha ei sentral rolle. For å sikre utbygging og bevaring må kommunen ta med turvegen i arealplan eller reguleringsplan. Ulike tilskotsordningar krev og kommunal forankring og godkjenning.

Fleire økonomiske støtteordningar vil kunne nyttast. Tilskot kan vere aktuelt for til dømes planlegging, anleggsbygging, drift, vedlikehald, utvikling og arrangement på og ved turvegar.

Når turvegane er på plass, er det berre opp til oss sjølve. Ein tur om dagen er godt for helsa!

Folkehelsearbeid for eit friskare folk

Publisert måndag 17. desember 2012

Grunnlaget for god helse blir først og fremst skapt utanfor helsesektoren. Helsa blir mellom anna påverka av vårt eige val av livsstil. Føresetnadene for å oppnå god helse er heller ikkje likt fordelte. Skilnadene er knytte til arv, oppvekst, utdanning, jobb og sosial status. Tre av fire tapte leveår i vår del av verda skuldast ikkje-smittsame sjukdommar, som ofte er relaterte til livsstil. Folkehelsa er dermed i stor grad forma av faktorar som fysisk aktivitet, kosthald, søvn, stress, alkohol og tobakk. Like viktige, men mindre omsnakka, er kjensle av meining i livet og å ha nokon å vere i lag med. Å sikre barn og unge gode oppvekstvilkår med høve til inkludering, deltaking og meistring er ein viktig grunnpillar for god helse i framtida.

Folkehelsearbeid i kommunen
Helse blir skapt der folk bur og oppheld seg til dagleg og ikkje på eit legekontor. Kommunale tenester som barnehage, skule, samferdsle og kultur er dermed med å leggje grunnlag for helse, trivsel og meistring. Det er årsaka til at folkehelsearbeidet blir løfta ut av helsesektoren og inn på ansvarsområda til rådmannen og politikarane. Regjeringa legg våren 2013 fram ei stortingsmelding om tverrfagleg folkehelsearbeid. Målsettinga er å auke merksemda på korleis sektoravgjerder heng saman og å betre koordineringa av helsefremjande tiltak.

Oversikt og plan
Både fylkeskommunar og kommunar skal etter ny lov om folkehelse lage oppdatert oversikt over mellom anna oppvekst-, og levekår, helserelatert åtferd og helsetilstanden til innbyggjarane. Oversikten skal gi grunnlag for samfunnsplanlegging som skal fremje folkehelse og motverke sosiale helseskilnader. Fleire kommunar i Sogn og Fjordane har alt etablert frisklivssentralar, ei førebyggande helseteneste med tilbod om helsesamtale, fysisk aktivitet, kosthaldsendring og røykjeslutt. Frisklivssentralane skal og gje tilbod om kurs om meistring av depresjon og endring av alkoholvanar.

Sosial ulikskap
Sjølv med kunnskap om at utdanning, yrke og inntekt påverkar helsa vår, har vi så langt ikkje greidd å hindre at dei sosiale skilnadene i landet aukar. Vi ser aukande helseskilnader mellom grupper i befolkninga og variasjon i levealder. Men kunnskap, oversikt og planlegging kan leggje til rette for politiske val som betrar helsa til utsette grupper. Til dette arbeidet treng vi politikarar som prioriterer helsefremjande tiltak. Overvekt og rusmisbruk hjå folk er såleis ikkje berre eit problem for helsetenesta. Vi treng også politiske tiltak mot overvekt og negative følgjer av auka tilgang på alkohol og rusgifter i samfunnet.