Svein Helge Steinsåker
Innlegg av Svein Helge Steinsåker
Svein Helge Steinsåker er rådgjevar i staben hos Fylkesmannen, og er m.a. prosjektleiar for stat - næring Sogn og Fjordane. E-post, Heimeside

Dialog som verdiskapar?

Publisert tysdag 26. februar 2013

Dialog og samarbeid var hovudtema då prosjektet stat – næring Sogn og Fjordane tidlegare denne månaden samla deltakarar frå privat og offentleg sektor til plan- og byggjesakskonferanse i Førde. Føremålet med konferansen var mellom anna å betre rolleforståinga mellom offentlege og private planleggjarar og næringsaktørar. Dialog, erfaringsutveksling og nettverksbygging vart av deltakarane framheva som svært viktige tiltak for å sikre oversiktelege og effektive plan- og byggjesaksprosessar. Det var også mange som understreka behovet for langsiktig, overordna planlegging og at alle partar involverer seg tidleg i planprosessane.

Betre dialog og er også eit gjennomgåande tema i regjeringa sin Strategi for økt innovasjonseffekt av offentlige anskaffelser, som vart lagt fram sist veke. Offentleg sektor i Noreg handla i 2011 varer og tenester for nær 400 milliardar kroner, og auka samarbeid mellom innkjøpar, leverandør og brukar vil venteleg kunne gi meir effektiv ressursutnytting og betre tenestekvalitet.

Omgrepet ”leverandørutvikling” inneber at det offentlege i større grad enn tidlegare skal leggje til rette innkjøpsprosessane slik at leverandørmarknaden vert både utfordra og utvikla. Auka dialog mellom kunde og leverandør kan, i tillegg til å utvikle lokalt næringsliv, også gi innspel til å utforme sjølve konkurransegrunnlaget på nye måtar.

Offentlege verksemder skal til dømes kjenne til langsiktige utviklingstrekk innanfor sine ansvarsområde, og dei totale innkjøps- og brukskostnadene for eit produkt skal leggjast til grunn ved innkjøp. Dette ”livssyklusprinsippet” gjer det enklare å sjå innkjøp av varer og tenester i eit nytt lys, og kanskje er det slik at tenester og løysingar frå det lokale næringslivet er både billigast og best i det lange løp?

Informasjonstilgang er avgjerande for å sikre effektive innkjøpsprosessar, og elektroniske kanalar vert stadig viktigare. Korleis kan ein gjere regelverket lettare tilgjengeleg og enklare å bruke for både kunde og leverandør? Når kjem ”AnskaffelsesAPPen”, og kan den bli utvikla her i fylket?

Betre samspel mellom offentleg og privat sektor i innkjøpsprosessane er altså eit tiltak for å stimulere til næringsutvikling og betre offentlege tenester. Målet med meir marknadskontakt er mellom anna å gi innkjøparen betre oversikt over kva som finst i marknaden, og kva som eventuelt kan utviklast. Men for å lukkast må vi også engasjere leverandørane:

Korleis kan næringslivet i Sogn og Fjordane finne løysingar som svarer til behova innanfor offentleg sektor, og i kva grad kan lokale verksemder bidra til å definere utviklingsbehova også på nasjonalt nivå? Etterspør det offentlege konkrete løysingar når vi eigentleg bør skildre føremålet? Og har kunden alltid rett?

Opne data skaper verdiar

Publisert torsdag 22. september 2011

I land som USA og Storbritannia har samspelet mellom openheitskultur og teknologiutvikling resultert i omfattande initiativ for å gjere offentlege data tilgjengelege. Slike trendar har ein positiv smitteeffekt, og gode døme og erfaringar frå det store utland har medverka til fleire spennande initiativ også her heime.

Offentlige verksemder sit på store mengder data, og utviklinga innan digital informasjonsteknologi gir oss no nye muligheiter for betre tilgang, deling og gjenbruk. Dette gir store muligheiter for næringsutvikling og verdiskaping. EU-kommisjonen estimerer faktisk at verdipotensialet for vidarebruk av offentlige data i Europa ligg på over 200 milliardar kroner.

For næringslivet bør det difor vere interessant å sjå nærare på korleis ein ved å kople saman ulike datasett kan utvikle nye applikasjonar, produkt  og tenester. Dette er eitt av mange spennande tema vi får høyre meir om på IT-forum sin konferanse i Balestrand neste veke.

Nøkkelen til vellukka vidarebruk av data er å gjere det enklare å finne og laste ned relevante datasett frå offentlig sektor. Det er difor særs oppløftande at Data.norge.no vart lansert som nasjonal datakjeldekatalog denne veka.

Data.norge.no skal på sikt gi ei samla oversikt over offentlige datasett som er tilgjengelige for vidarebruk, slik at  brukaren sjølv kan setje saman eksisterande datasett på nye måtar. Dette er nesten som å handle hos IKEA: Data.norge.no publiserer, medan kunden monterer sjølv.

Offentlige verksemder kan registrere sine eigne datasett i kjeldekatalogen, og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ser fram til å sjekke inn på dette datahotellet. Vi har også søkt om deltaking i eit toårig INTERREG-prosjekt, der vi ønskjer å sjå nærare på korleis vidarebruk av offentlige data kan bidra til innovasjon og samhandling.

Grunnprinsippet for å publisere data er at vi ikkje alltid veit korleis ulike datasett kan kombinerast og nyttast på nye og kreative måtar. Data som isolert sett er av liten interesse, kan få nytt liv i kombinasjon med andre typar data.

Både vegen og reisemålet vert til medan ein går. ”Kvar skal vi gå i dag”, spurte Kristoffer Robin? ”Ingen stader”, svarte Ole Brumm. Og så gjekk dei dit…