Innlegg av Jon Anders Stavang

Bringebær til foredling – ikkje berre dessert

Publisert måndag 31. oktober 2016

Satsinga på produksjon av friske bringebær i korg (konsumbær) er ei suksesshistorie. Frå 2000 til 2015 auka produksjonen av konsumbringebær frå null til over ein million kilo. Produsentane i Sogn og Fjordane har vore leiande i denne utviklinga saman med grossisten BAMA.

Det var på Vangsnes i Vik kommune at bæra for alvor tok til å rulle. Gründerane i Sognabær investerte i plasttunnellar og sette inn ’Glen ample’-bringebær, fekk leveringsavtale med BAMA, og starta produksjonen. I dag leverer Sognabær mellom 150-200 000 kilo bringebær til konsum i sesongen, og Vik kommune kan med rette kalle seg Noregs bringebærkommune. Luster og Stryn er også store på bringebær og Sogn og Fjordane produserer 64 prosent av alle bringebær i landet.

Bringebærbonde Rikard Lysne. Foto: Torbjørn Takle

Bringebærbonde Rikard Lysne. Foto: Torbjørn Takle

Men medan marknaden for konsumbær er i vekst, er etterspørselen etter bær til syltetøy og andre foredla produkt meir stabil. Konkurransen med importerte bær av industrikvalitet er òg sterk. Og ønsket om norske bær i syltetøy er ikkje like sterkt som for konsumbær. Det er eit paradoks at det syltetøyet som inneheld minst bær og mest sukker og vatn, sel best i butikkane.

Ein gjennomsnittleg bringebærprodusent produserer gjerne halvparten til konsum og halvparten til industri. Dei som har tunell klarar å ha meir stabil produksjon og har meir konsumbær. Men alle produsentane er avhengige av å selje heile produksjonen sin. Når marknaden for industribær stagnerer, kan ikkje veksten halde fram utan at prisane på industribær går ned. Då vil totaløkonomien for bringebærprodusentane bli vesentleg svekt.

Næringa må difor ta grep. Nyplanting må reduserast. Dei produsentane som ikkje har dekkesystem for å verne bæra mot nedbør, må investere i dette for å auke mengda konsumbær og redusere mengda industribær. Dette vil også føre til jamnare produksjon og kvalitet, og meir stabile leveransar av både industri- og konsumbær. Nye norske foredla produkt med bringebær må utviklast og marknadsførast slik at etterspørselen etter industribær aukar. I tillegg må næringa leggje meir vekt på å få ned kostnadane ved handtering og innfrysing av industribæra.

Forbrukarane må også følgjast opp. Dei må stimulerast til å handle sunnare og meir smaksrike syltetøy med høgt innhald av bær. Det vil vere bra både for bonden og folkehelsa.

Hagebruket generelt og bringebærproduksjonen spesielt har hatt ei særskilt positiv utvikling sidan tusenårsskiftet i Sogn og Fjordane. No når marknaden stagnerer, vil innovasjon og marknadstilpassing vere viktig for å trygge og utvikle næringa vidare.